Høyrer du berre på norsk radio? Prøv t. d. Tuneln og få tilgang på radio frå heile verdi.
Ein eldre brukar hadde fenge ny radio, som hadde fullt av småe dusteknappar som ogso var uråd å sjå (svart-svart). Det vart berre elende, og det var snakk um å kasta heile skiten. I gamle dagar hadde radioarne store tydelege knappar, med god tilbakemelding (du både kjende og høyrde og såg at du hadde pressa ned ein knapp), og var lette å bruka for alle. Ikkje slik no til dags.
Løysingi vart å festa eit mjukt plastlok yver knapparne, der det var påskrudd ein treplugg som nesten tok borti den eine knappen som var aktuelt å bruka. Dermed vart det uråd å koma borti nokon av dei andre knapparne. Loket var frå emballasjen til nokre småskruar, og ein høveleg stor muttar vart brukt som "stoppskive".
“Du — eg hev akkurat kjøpt meg ein utgamal radio, han er frå femtiåri trur eg, so no skal eg setja meg ned og storkosa meg med gamle radioprogram!”