beredskap i heimen 


Skip to content, navigation.


  • Heim
    Framsida
  • Vatn
    Tyrst?
  • Mat
    Svolten?
  • Varme
    Frys du?
  • Ljos
    Sér du i myrkni?
  • Brann
    Korleis unngå?
  • Anna
    Noko du treng?
  • Ymist
    Litt av kvart

Mat

• Ha ekstra MAT i huset. Med lang haldbar­heit. Hermetikk (pluss boks­opnar som fungerer utan straum), fryse­turka, ris, spaghetti, knekke­brød, kjeks etc. Gjerne mat som kann etast som han er, utan å måtta varmast upp.
• Pass på at mat­lageret ditt "rullerer": at du set varerne med best dato bakarst i skåpet.
• Ved langvarig straumbrot må maten som er lettast bederveleg (i kjøle­skåp og frys) etast upp fyrst.
• Eit stort matlager kann ogso vera greit å ha dersom du brått skulde fenga veldig dårleg råd (du vil då iallfall ikkje svelta i hel med éin gong;).
• Kva gjer du med frysen om straumen blir lenge vekke? Ikkje opna loket, og senk temperaturen so mykje som råd i rommet der frysen står. Trekk ut støypselet og pakk frysen godt inn i dyner, isopor eller annan isolasjon.

Matlager
Pass på at du ikkje blir sitjande med eit svært mat­lager som ingen orkar eta. Kjøp berre inn GOD mat! Og pass på haldbar­heits­datoen.

Oppvarming
Det kann vera greit å ha ein liten primus i bakhand (må berre brukast utan­dørs).

© 2012 leirdalsboki.no     Rådi på desse siderne fylgjer du heilt og fullt på eige ansvar.