Leirdalsboki





Trafikk.

Litt um å køyra i og rundt Leirdalen.

Av Helge Leirdal.


   Leirdals­vegen er smal, men fin å køyra då asfalten for det meste er i bra stand. Du treffer sjeldan på store køyretøy, bortsett frå mjølke­tankbilen um morgonane og av og til voldsomt breide traktorar. Og kanskje strøbilen når det er glatt. Diverre kjem han nesten alltid etter at folk hev reist på arbeid, um han i det heile kjem. Og det er det inkje gagn i. Ein upplever gong på gong spegelglatte vegar nedyver den altfor bratte vegen um morgonane, og ikkje reint fåe hev krast bilarne sine upp gjenom åri. Ein gong måtte eit turfylgje gå (skreia på skorne) hellt ned til Leirmoøygarden avdi sjåføren ikkje torde ha dei med i bilen. Han rekna med at han kom til å køyra utfor og drepa seg på det livsfårleg glatte føret. Medan anleggsdrifti dreiv på var det ikkje måte på kor godt sanda det var, men etter dei var ferdige vart det same elendet att.
   På Leirmo­øygarden må du vera varsam når du køyrer ut på hovud­vegen, då det er dårleg sikt fram­yver. Det går ogso an å fyrst køyra yver gamle­brui.
   Sumarstid må du passa deg for bubilarne og turist­bussarne; dei kjem ofte midt i vegen.
   Pass på at du hev gode bremser, og bruk pigg­dekk um veteren.



Kort

  1. Når det er rundt null grader kann det vera svært glatt her. Senk farten i god tid fyrr du skal inn på hovud­vegen.
  2. På sein­veteren kann det her detta is ut i vegen.
  3. Um våren kann det vera store telehiv her.
  4. Her kann du treffa på hjort.
  5. Her kann du treffa på sauder.
  6. I tunnelen kunde du treffa på køyretøy som var so høge at dei måtte køyra midt i vegen. Men det er no i ferd med å bli ordna.
  7. Her manglar det støypekant.
  8. Når Joste­dalselvi er flaum­stor, kann det her stå vatn i vegen.
  9. Her er det rasfårleg.









© www.leirdalsboki.no