ET SKJEDDE TVO mord på Baneheia i Kristiansand, og tvo gjerningsmenner vart dømde for ugjerningen. Men den eine, Viggo Kristiansen, hadde vasstett alibi (telefonen). Og statistikk frå USA viser at i 98% av tilsvarande saker er det berre éin gjerningsmann. Kristiansen vart likevel dømd, og vart det mest hata menneske i Norge. Kanskje ogso i dag, trass i at me no ogso hev fenge Breivik-figuren.
EN 22DE MAI vart Anne Orderud Paust og foreldri myrda på garden Orderud i Sørum. Anne, som tidlegare jobba for Johan Jørgen Holst (sannsynlegvis ogso myrda, i 1994) hadde fyrr dette vorte utsett for fleire attentatsforsøk. Og mannen hennar døydde berre nokre vikor fyrr av forgifting ("akutt kreft").
Per Kristian Orderud, Veronica Orderud, Kristin Kirkemo og Lars Grønnerød vart dømt til 21, 21, 16 og 18 års fengsel for medvirking.
RINSESSE DIANA omkom i ei trafikkulukke i Paris, eitt år etter skilsmissa frå prins Charles. Dette vekte stor sorg over heile verdi, då ho var svært godt likt av alle.
Men "ulukka" var berre skodespel. Ho måtte vekk frå offentlegheiti, og gjorde det på denne måten, slik som mange andre. T.d. Marilyn Monroe, Michael Jackson o.s.b.
Ho hev i alle år etterpå vore svært aktiv med å gjera livet for vanskelegstilte ungar betre.
Dersom du er på Twitter vilde du kanskje vera interessert i å fylgja @SnowWhite7IAM. Men — no fær me sjølvsagt beskjeden: Account suspended
EN 25DE JANUAR vart ein forskningsrakett sendt upp frå Andøya, russarane trudde det kunde vera angrep med atomvåpen, og verdi var atter ner atomkrig.
Eller? (Nei, trur'kje det...;)
EN 19DE APRIL gjekk det av ei bilbombe i Oklahoma City som øydela Alfred P. Murrah Federal-bygningen. 168 vart drepne og 680 skadde.
MEN – ei bilbombe kunde umogeleg øydelagt bygningen på denne måten. Sprengkrefterne må ha kome innanfrå. Og fyrr nokon fekk undersøkt bygningsrestarne vart bygningen teken ned og frakta til ei ørken, og der passa på av vepna vakter.
Og naturlegvis var der ein bombedrill berre timar fyrr eksplosjonen...
ORIG VART medlem av EU den 24de juni. Bak ryggen på det norske folk.
Kva, FOLKEAVSTEMNINGEN den 28de november, det folket sagde nei? Ein bryr seg då ikkje um slikt, må vita.
Y HOVUDFLYPLASS skulde byggast på Hurum, men det vart lagt fram vêrdata som viste at det var ein fullstendig ueigna plass. Gardermoen derimot, var rette staden! Siv.ing. Jan Fredrik Wiborg gjekk hardt i mot dette, og sa det var forfalske data.
Og so mista han livet ved at han datt ut frå eit glas på eit hotell i København. Han hadde kasta seg rett gjenom eit tvo-lags termopanglas, noko som krev ei voldsom kraft. Hev du sétt slikt!
Etter ein knallhard omkamp fekk Arbeidarpartiet pressa gjenom at flyplassen skulde plasserast på Gardermoen.
![]()
ORLAGSSJEFEN i Aschehoug vart skoten utanfor heimen sin i Holmenkollåsen. Det vart kopla til at han hadde gjeve ut "Sataniske vers".
Han vart skoten midt i ryggen tri gonger med svært tett samling. Våpenet var ein .44-kalibra Dan Wesson-revolvar. Patronerne var ekspanderane jaktammusjon, spesiallaga for å drepa. Det var ingen vitner.
Han vart skoten medan han stod i hagen sin for å ringa etter bilhjelp: han hadde eit punktert dekk. Men bilen hadde reservehjul, og det er ei enkel sak for ein vaksen mann å skifta hjul. Det vilde teke fem minuttar.
Han vart liggjande lenge og ropa etter hjelp: kvifor ringde han ikkje etter hjelp; han hadde ferdatelefonen i handi då han vart skoten.
Ambulansepersonellet forstod ikkje at pasienten var skoten fyrr han var komen inn i ambulansen.
Forlagssjefen yverlevde. Noko produsenten av patronerne tykte var svært underleg; dei tok tilogmed kontakt medan han låg på sjukehuset for å prøva finna ut av det.
25 år etterpå vart tvo personar sikta for ugjerningen.
Me veit det blir lagt ned eit stort arbeid for at sverta muslimarne (som er erkefiendarne til "jødarne"), og så splid millom folkegruppor.
![]()
ILFERJA SCANDIAVIAN STAR på veg frå Oslo til Frederikshavn vart utsett for fleire mordbrandar natt til 7de april, noko som førde til at 159 menneske mista livet. Eit augevitne såg godt kledde mannskap med ferdigpakka koffertar gå ombord i ein redningsbåt, dei var millom dei fyrste til å forlata skipet. Desse nekta å hjelpa passasjerarne, medan resten av mannskapet gjorde ein heroisk innsats for å redda liv.
Norske myndigheiter hev i ettertid vore SVÆRT ivrige til å påstå at ingenting kriminelt hadde skjedd. Politiet fann utruleg nok heller ikkje ut at rederiet hadde fenge forsikringsverdien på skipet DOBLA veka fyrr... her sér me fals og fusk so det held i lange tider!
EN 26DE APRIL skjedde det ein kraftig eksplosjon i atomkraftverket Tjernobyl i Ukraina. Den påfyljande branden sende store mengder radioaktive partiklar upp i lufti, og desse vart spreidde yver store deler av Europa.
Ogso i deler av Norge, noko som førde til at sauderne måtte nedforast i åresvis etterpå, ettersom dei vart radioaktive når dei gjekk på beite. Det var spesielt soppen dei åt som var ekstra radioaktiv.
Men so er spursmålet: er radioaktiv stråling so fårleg som dei vil ha oss til å tru? Mykje tyder på at litt stråling berre er bra, då det skjerpar immunforsvaret. Me veit ogso at bestråla mat held seg frisk mykje lenger, kanskje gjeld det same for oss? Virus og andre uhumskheiter vil nok ikkje trivast so godt inni oss um me er litt radioaktive. For 100 år sidan drakk dei radioaktivt vatn avdi det skulde vera helsebringande. Men mykje stråling er naturlegvis ikkje so heldig, då blir ein brend. Det er som med solskin, litt er bra, for mykje kann drepa deg.
![]()
Og rundt reaktoren i Чорнобиль? Jo, dyre- og plantelivet stortrivst, og det same gjerer dei fåe menneski som vart verande att.
Alt pratet um livsfårleg radioaktiv stråling er stort sett berre skremselspropaganda.
GB STARTA bedragerioperasjonen “Menneskeskapte klimaendringar”, og SN hev sidan bidrege med sitt.
Lat oss berre slå fast ein gong for alle: CO₂ hev absolutt INKJE innverknad på klimaet! Trass i ein haug stokk dumme politikarar som prøver fortelja deg noko anna. Og trur du ikkje på religionen deira skrik dei upp i andlite på deg: "Fyyy, du er ein klimafornektar!! Du er eit dårleg menneskje!! Gå og gøym deg under ei torv!!"
Men — det finst reelle menneskeskapte klimaendringar — ved at dei sprøyter ut svineri frå fly for offisielt å endra vêret! Men dei hev andre og langt skumlare hensikter. Ein av dei er å dempa solljoset; laga eit "filter", slik at me ikkje fær den livsviktige informasjonen me skal hava frå Soli. I tillegg blir me fora med lygner um at me må "verna" oss mot Soli; med svineriet dei kallar solkrem. Dette dei driv med vil ogso føra oss inn i ei ny istid. Og vindmølleparkarne blir ogso brukte til vêrmodifikasjon. Dei hev lite å gjera med straumproduksjon.
Dei nyttar fly som på utsida ser ut som passasjerfly når dei spreider kjemikaliarne sine. Hadde dei havt nokonlunde reint mjøl i posen vilde dei naturlegvis brukt transportfly.
![]()
Som me ser kjem kjemikaliarne her ut frå vengjetupparne. Hadde det vore kondensstriper vilde dei naturlegvis kome frå motorane (merka med raude strek på biletet). Det er forøvreg lett å sjå skildnaden: kondensstriper løyser seg upp nesten med det same, kjemikaliestriper blir hengjande lenge.
Eit firma som driv openlyst med dette er Nawmc (nawmc.org). Sameleis Kina som pøsar ut enorme mengder små metallpartiklar i lufti både frå bakken og frå fly for å skapa regn. Det er ogso heilt vanleg å sleppa ut små metallstrimler frå fly for at vêrradarane skal sjå kva veg luftmassarne beveger seg.
Flybensinen inneheld ogso no (JP8) mykje meir metallpartiklar:
Jet A (ppb) JP8 (ppb) Aluminium 0 9360 Magnesium 0 5840 Strontium 12 351 Titanium 100 1056 Vil me etter kvart alle måtta byrja gå med vernemaskor?
The Army has admitted only to using blowers to spread the chemical [zinc cadmium sulfide], but Brindell recalled a summer day playing baseball with other kids in the street when a squadron of green Army planes flew close to the ground and dropped a powdery substance. She went inside, washed it off her face and arms, then went back out to play. BUSINESS INSIDER
EN 26DE SEPTEMBER trudde russarane at fem rakettar med kjernefysiske stridshovud var på veg mot landet deira. Men, takka vera at éin mann (Stanislav Yevgrafovich Petrov) heldt hovudet kaldt, unngjekk verdi ragnarok. Hadde russarane svart på det dei trudde var eit angrep, hadde halvparten av USA's befolkning vorte utsletta i fyrste angrepsbylgja. Alt liv hadde etter kvart vorte ende, og Jordi hadde vorte til ei ørken. Blir me fortalt.
Skal me tru på det? Me kann leggja merke til at hovudpersonen uppførte seg på nøyaktig same måten som han som liksom var fyrste mann på Månen. Tverr og vrang, og svært lite interessert i å snakka med media. Ein blir gjerne slik når ein blir tvinga (av staten) til å fortelja ei slik lygn, og måtta halda fast på denne lygni livet ut.
Biletet her er frå ein kort film som ofte blir vist, for å syna kva som skjer når ei "atombombe" eksploderer. Men sjå korleis trei står i fine rekkjor: dette er berre ein modell, og ein del av svindelen.
LATTFORMI ALEXANDER Kielland kantra og 123 menneske omkom. Årsaki til havariet var tilsynelatande feil bruk, ettersom ikkje alle ankerfesti vart nytta, noko som førde til at plattformi vart sliti sund.
Men det kann ogso vera at plattformi vart utsett for sabotasje, ved at eine foten vart sprengt.
ETT FYRR påske var det tvo tyskarar som dreit seg godt ut i Fjærland: dei reiv ned fjordspennet med jagerflyet sitt. Dette førde til at fjærlendingarne vart straumlause i fleire vikor. Pilotarne fekk skote seg ut i aller siste liten, og berga dermed livet.
E HEV FENGE høyra at alle var i arbeid med lik løn, alle fekk det dei trengde o.s.b. Men lat oss taka Romania: Staten sytte slett ikkje for at du fekk arbeid; var du arbeidslaus i meir enn tvo vikor vart du sett seks månader i fengsel. Og når du kom ut att hadde du tvo vikor på deg til å skaffa deg arbeid elles var det rett i fengsel att. So rett: det var ingi arbeidsløyse. Og du fekk rasjoneringskort på det du trengde av mat, men maten måtte du skaffa deg sjølv. Det betydde endelause timar i kø kvar bidige dag, og kanskje fekk du tak i det du trengde, og kanskje ikkje. Ein kilo kaffi tilsvarde ei månadsløn. Um tvo personar stod og prata kunde du vera sikker på at minst ein av dei var ein angivar. Folki vart ikkje handsama som menneske, livet bestod utelukkande av å arbeida, stå i kø, sova, og sitja i fengsel.
ERRORISTSTATEN ISRAEL myrda ein uskuldig mann på Lillehammer den 21de juli. Han vart skoten med ikkje mindre enn 12 skot attmed kona (som var umhender i sjuande månaden) på opi gate i eit byggjefelt. Gjerningsmennerne rømde sudover saman med sine medskuldige — i alt var dei minst 15. Fem av desse hamna i fengsel, men slapp ut etter kort tid. Dei tvo som sat lengst etter mindre enn tvo år. Dei vart i praksis dømde meir som soldatar enn dråpsmenner, noko som vekte sterke reaksjonar.
Mossadfolki dreit seg ut noko so voldsomt på Lillehammer, at dei fortsatt fær nervøse rykningar når dei blir minna um det.
![]()
E HEV vorte fortalt at dei fyrste menneski landa på Månen, åtte år etter at president Kennedy i 1961 sagde: «...before this decade is out, of landing a man on the moon and returning him safely to the Earth.»
Men — hev du hug til å sjå korleis den fyrste “månelandingen” verkeleg var? Det kann du sjå her. [Fjerna av YouTube enno ein gong — fær sjå um me finn ein ny versjon.]
Me kann trygt slå fast at det ikkje hev vore menneske på Månen. Det hev heller ikkje vore menneske i nærleiken av Månen, alle astroNAUTarne/kosmoNAUTarne hev halde seg nokso nær jordoverflata. Fornuftigt nok. Um dei i det heile hev vore upp i frå. Dei er nemleg skodespelarar som læst flyga i verdsrommet.
I 1969 (og ogso i dag) vilde det vore komplett utåd for ein astroNAUT å bli send til Månen, so det einaste mogelege var å simulera dei manna måneferderne.
Skulde dei likevel klart å gjenomføra desse umogelege ferderne vilde astroNAUTarne ikkje overlevd, og uansett fenge massive stråleskadar. Det hadde heller ikkje vorte serleg til bilete, då filmarne vilde vortne øydelagde (film toler heller ikkje røntgenstrålar).
Hev du ikkje lurt på kvifor desse manna måneferderne brått tok slutt, og kvifor astroNAUTarne som liksom hadde vore på Månen fekk slike store psykiske plager i etterkant? Og kvifor russarane, som var lenger komne teknisk, aldri sette ned folk på Månen? Og kvifor ingen den dag i dag, so myket som 40 år etterpå sender folk til Månen?
Sjå tri prov på at dei aldri hev vore verken på eller i nærleiken av Månen med noko som helst:
1. Dei vilde teke med seg ei gastar stjernekikert i staden for ein av desse bilarne sine, slik at me hadde fenge fantastiske astrobilete (det er visstnok ingen atmosfære på Månen).
2. Månen syner godt frå Jordi. Jordi syner voldsomt godt frå Månen, avdi ho er so mykje større. Sjå biletet. Men nesten aldri vart ho med på bileti og filmarne (og då knøttliti og merkeleg) endå ho alltid vilde hengja rett over deim (dei landa jo alltid på framsida av Månen, kvifor aldri på baksida??).
3. Dei vilde sett att eit kamera som filma Jordi 24 timar i døgnet, slik at me no kunde gått inn på Nasa sine sidor og få sjå Jordi i sanntid når me vilde. Og kvifor hev dei aldri etter Apollo-ferderne gjort det? Dei påstår at dei hev sett ned bilar på Mars, so å setja ned eit kamera på Månen skulde vel då vera rett so enkelt?
Men sjølv um dei hadde klart å plassera eit kamera på Månen, vilde dei nok ikkje synt oss noko. Då vilde me jo fenge sett korleir Jordi verkeleg ser ut. Kanskje ligg t.d. Frisland der den dag i dag? For Frisland var fortsatt å finna på korti etter at dei store landmassarne på Nordpolen vart vekke.
"Måneferderne" er eit fantastisk eventyr, og berre det. Me hev ogso mange bilete som prov. Men ikkje det med hunden på: det er forfalska. Hunden og ballen er limt inn; det ser me på at dei hev ein annan komprimering enn resten av biletet. Men det er svært godt laga. Og biletet av hunden er truleg teke på same stad og i same vinkel, avdi skuggarne passar perfekt. Men kva med dei andre? Og studer gjerne "månelandaren" på eit høguppløyseleg bilete: du vil sjå at han ser ut til å vera klatta saman av tvo tiåringar.
Og kvifor fann dei på dette? Jo, dei rana jo til seg forskrekkeleg mykje pengar frå skattebetalarane berre for å produsera nokre elendige filmstubbar.
All re-entries since 1961 are hoaxes! You are going too fast and do not know your speeds, positions and directions at any moment and cannot adjust anything, as you do not have the means to do it.
The re-entry was an integral part of the 1957-1991 US/USSR fake 'space race', i.e. simple propaganda. The Russians just said it was dead easy and the Americans agreed. But it was and is impossible.
![]()
O HEV ME det ekte — hemmelege — romprogrammet; truleg starta rundt 1850. Med svære romskip av den typen me ser i romfilmar og -seriar. Med base inni Månen og på Mars og so vidare. Dei flyg ikkje i verdsrommet; men gjenom sokalla ormehol. Og mange typar utomjordiske: ein del av desse er i våre auge monster som brukar menneski som mat og slavar. Noko dei hev gjort til alle tider.
«We already have the means to travel among the stars, but these technologies are locked up in black projects and it would take an Act of God to ever get them out to benefit humanity... Anything you can imagine, we already know how to do.» Ben Rich (former Lockhead director).
![]()
RANKRIKE BYRJA med prøvesprengingar av "atombombor" i Stillehavet. Dei som skulde bivåna dette måtte naturlegvis snu seg med ryggen til og lata att augo, slik at dei ikkje skada synet... og so fekk dei sjå bilete og filmar av hendingarne etterpå. Problemet er berre at alle bileti og filmarne er FALSKE... som alle andre av "atombombe"-sprengingar... Sjå t.d. filmar der "soppen" breier seg utover millom skyer som er HEILT upåvirka... ein vilde kanskje tru at skyerne flytta litt på seg når dei vart utsette for slik ei kraft... ;)
Det finst mange "atombombor" verdi over, for dei er jo veldig kjekke som skremselspropaganda: for å halda vanlege folk permanent redde. Men ikkje ei einaste fungerer, og dei hev aldri gjort det. Og dei kostar jo forskrekkeleg mykje pengar, pengar dei stakkars skattebetalarane blir avkrevde (eller rettare sagt frårana).
Dei er svært so løyndomsfulle um dei ekte våpeni sine, medan "atombomborne" fortel dei viljugt vekk om: kor mange, kvar dei er osb. Er det ikkje løge? Det er rett og slett propaganda! Løgn!
Og me som ikkje trur på løgnerne deira, oss ler dei av. Voldsomt. Men me høyrer tydeleg ein nervøs undertone i låtten.
![]()
Her sér me kva som dukkar upp um me "vrir" litt på biletet... det er "klypp og lim".
![]()
Det som vart sprengt på desse "prøvesprengingarne" deira var rett og slett forferdeleg svære stablar med dynamitt.
ENNE BOKI VART skrivi i 1963, kom ut dette året og vart fjerna av CIA året etter. Fyrst i 2016 fekk folk lov å sjå kva ho inneheldt — men visstnok berre 20% av innhaldet! Som du kann lasta ned frå CIA (pdf). Men hugs — boki du lastar ned er den sensurerte versjonen, og dermed kanskje ikkje mykje verd. Den originale versjonen skal visstnok vera på 284 sidor, ikkje 55. Men dette er noko usikkert. Og ettersom CIA er minst like løgnaktige som Nasa, kann det jo godt vera at alt dette berre er noko dei hev fabrikert sjølve.
Nytt: No finn du ny versjon av boki her. Men denne kom ut i 1993. Og skal tru um ikkje CIA hev vore innblanda her ogso... for dei let henne passera. So den informasjonen dei ikkje vil lata oss sjå er altso ikkje med i denne boki. Me fær vona at den opprinnelege versjonen frå 1965 dukkar opp og blir spreidd fyrr dei rekk å reagera.
LEVAR OG LÆRARAR reiste på "picnic" saman med ei dronning og ektemannen hennar 10de oktober. Dronningi tok med seg ti av ungarne ut or augnasyn; dei var sju gutar og tri gjentor i alderen seks til fjortan år.
Ingen hev sett desse ungarne sidan.
Dei er ikkje dei einaste sakna der i landet: 50.000 ungar hev forsvunne frå 80 indianarskular i Canada. Og dei hev so lang funne 31 massegraver med barnelik i nærleiken av skularne.
RESIDENT KENNEDY vart skoten. Og som me ser var det sjåføren som utførde ugjerningen. Etter denne tid vart alle nyutnemnde presidentar i USA tekne med inn i eit tomt konferanserom og vist denne filmen. Dermed forstod dei kva som venta um dei ikkje var lydige.
KTOBER: Den kalde krigen var visstnok på sitt aller verste, og USA og Sovjetunionen var ner atomkrig. So vart me iallfall fortalt.
![]()
LLUMINATIGRUPPA THE BEATLES vart danna. Formålet var å avkristna ungdommen, og få dei til å starta ein utsvevande livsstil, med narkotika og satanisme som stikkord.
Ein livsstil som resulterte i mange uynskte svangerskap, og påfylgjande abortar. Noko gruppa flåsar med på dette biletet; utkledde som lækjarar dekka av foster.
![]()
EN AFROAMERIKANSKE syerska Rosa Parks nekta å gi frå seg setet sitt til ein kvit person på ein buss, noko som gjorde at ho blei arrestert og bøtlagt. (Ho var ikkje den fyrste som gjorde det, men den fyrste som fekk stor merksemd.) Dette førde til ein 382 dagars lang boikott av busselskapet, og medvirka til at det offisielle raseskiljet i USA vart uppheva.
Dette var forøvreg berre ein liten del av det store arbeidet ho gjorde for borgarrettarne i dette skakkøyrde landet.
P-REGJERINGEN vedtok å brenna ned og tvangsevakuera Finnmark på same måte som tyskarane hadde gjort, i tilfelle krig med Sovjetunionen. Men folket fekk naturlegvis ikkje vita um dette, vedtaket vart halde strengt hemmeleg.
![]()
EI FYRSTE 22 grønlandske borni vart tvangsflytta frå heimarne sine, som eit eksperiment: dei skulde fordanskast! Og kven var det som utførde ugjerningen? Jo, den danske staten og Redd Barna! Den danske raudekrossen var ogso med på det. Og dei fortsette med dette heilt fram til 1976! I byrjingi var det heller ikkje tilsyn med heimarne borni kom til. 1600 born!
Ei som fyrst etter seks år endeleg fekk treffa att mor si kunde ikkje snakka med henne, avdi ho forlengst hadde gløymt det grønlandske språket. For det hadde ho jo ikkje fenge lov til å bruka i Danmark!
Og når borni endeleg fekk koma heim til Grønland venta eit nytt sjokk: dei måtte bu på barneheim! Og fekk heller ikkje der lov til å prata anna enn dansk! Og dei fekk berre sjeldan lov til å vitja familiarne sine!
Desse grovt kriminelle handlingarne var gjort i beste meining — visstnok.