Vidare uppyver

1000

      UPP   NED
Christian Krogh

Vinland.

Vinland

I ÅR 1000 var islendingen Leiv Eiriksson den fyrste europear til å gå i land på amerikansk jord. Han kom fyrst til ein plass han kalla Helle­land, og so til Mark­land, og til sist til Vinland (dei fann vinbær der). Lands­mannen Bjarne Herjulvsson hadde upp­daga konti­nentet um hausten året fyrr som fyrste europear, etter å ha kome ut av kurs i skodda på veg mot Grønland. Men det kann ogso vera at dette skjedde so tidleg som i år 986.

Der vart bu­setnad i nokre år, men kon­fliktar med ur­innvånarane (kalla skrælingar og vill­menner: dei nytta skinn­båtar og budde i holor og jord­haugar) og den fæla ufjelge fram­ferdi åt Frøydis, Leiv si syster, gjorde slutt på det. Deretter vart det berre snøgge turar for å sanka timber og vinved og mòsur-tre.

Men, det kann vera at fyrste europearen som gjekk i land i Amerika var is­lendingen Are Maardsson so tidleg som år 893, og landet vart då kalla Kvit­manna­land, og ogso «Irland hitt mikla», då kaupmenner frå Irland fór til landet. Ein islendig, Bjørn Breid­vikinga­kappe, reiste so langt sud som til Florida eller Georgia, og budde der millom dei innfødde i 30 år.

0787

      UPP   NED

Englands-strandi.

N ORDMENNERNE, heitte vikingar, byrja uppsøka klosteri til skottarne og irarne. Det likte dei dårleg. Som ein ordhitten irsk sogeskrivar skildrar det:

„So med eitt ord — um der vøre hundrad stålsette hovud av jarn på ein hals, og hundrad kvasse, vituge, onnuge og utrøyttelege tungor av metall i kvart hovud, og hundrad måluge, høgtalande, utrøyttelege røyster på kvar tunga, so vilde dei ikkje kunna telja upp, melda eller segja ifrå um alt det vonde irane leid, både karar og kvende, læk og lærd, gamle og unge, adeleg og træl, av urett, skade og vald frå desse djerve, illslege, framande, heidne folki.“

Her fekk den katolske kyrkja att med eigi mynt: dei hadde terga på seg folk som var i stand til å taka att, og det med rentor.

0390

      UPP   NED

Vaktgjæser.

M EINER DU AT vakt­hundar er tingen? Pøh! Vakt­gjæser er det som skal til! Det meinte iallfall romarane i år 390 då gjæserne vekte vakt­mennerne og dermed redda borgi Capi­tólium frå gallarane.

Etterpå bar dei år­visst ei gås rundt i gatorne i ein ven bere­stol, og dengde hundarne.

0061

      UPP   NED

I djup svevn.

A postelgjerningarne

Frå 20. kapitlet:

7  Den fyrste dagen i vika var me saman og braut brødet; då heldt Paulus samtalar med deim, av di han vilde draga burt dagen etter, og han tøygde talen ut like til midnatt.

8  Det var mange lampor i salen der me var samla.

9  Men ein ung mann med namnet Eutykus sat i vindauga og var fallen i djup svevn, då Paulus drog samtalen so lenge ut, og i svevnen datt han ut og sturta ned frå tridje høgdi og vart teken upp livlaus.

      UPP   NED

Elisa.

A ndre kongebok

Frå 2. kapitlet:

20  Byfolki og sagde til Elisa: «Denne byen ligg lageleg til, som du herre ser. Men vatnet er vondt, og landet lid av fosterskot.»

20  Han svara deim: «Gjev meg ei ny skål, og legg salt i henne!» Dei so gjorde.

21  Gjekk han so ut til uppkoma og kasta saltet nedi med dei ordi: «So segjer Herren: «Eg gjer dette vatnet friskt, so det aldri meir skal valda daude og foster­skot.»»

22  Og vatnet vart friskt, og er det den dag i dag, soleis som Elisa hadde sagt.

23  Derifrå drog han upp til Betel. På vegen dit upp, kom nokre små­gutar ut or byen og tok til å hæda ho­nom og kal­la ho­nom: «Upp med deg, du snaud­skalle! Upp med deg, du snaud­skalle!»

24  Han såg seg ikring. Og då han vart var deim, lyste han våbøn yver deim i Herrens namn. Tvo binnor kom då ut or skogen og reiv sund tvo og fyrti av borni.

      UPP   NED

Onan.

F yrste mosebok

Frå 38. kapitlet:

8  Då sagde Juda med Onan: «Tak brorkona di heim til deg, og gift deg med henne, so du held uppe ætti åt bror din!»

9  Men Onan visste at borni ikkje skulde vera hans; og når han låg med enkja etter bror sin, let han det spillast på jordi, so han ikkje skulde gjeva bror sin avkjøme.

10  Og Herren tykte ille um det han gjorde, og laga det so at han og døydde.

      UPP   NED

Galmannskøyring.

A ndre kongebok

Frå 9. kapitlet:

20  Vaktmannen melde: «Han nådde deim og kjem ikkje attende. Køyrsla svipar på Jehu Nimsison; for han køyrer som ein galning.»

      UPP   NED

Husbygging.

F yrste kongebok

7. kapitlet:

1  Men på sitt eige hus bygde Salomo i trettan år fyrr han var ferdig med heile huset sitt.

2  Han bygde Libanon­skoghuset, hundrad alner langt og femti alner breidt og tretti alner høgt, på fire rader av ceder­stolpar og med ceder­bjelkar uppå stolparne.

3  Og det var tekt med cedertre uppyver loftsromi på stolparne, fem og fyrti i talet, femtan i kvar rad.

4  Der var bjelkelag i tri rader, og sjå­gluggar sat midt imot kvarandre i tri um­gangar.

5  Og alle dørerne og dør­stolparne var firkanta av bjelkar; og sjå­gluggarne sat midt imot kvarandre i tri umgangar.

6  So sette han upp sule­halli, som var femti alner lang og tretti alner breid; og det var ei sval fram­fyre henne med stolpar og troppar framum.

7  Og han sette upp høgsæte-halli, der han sat og dømde, doms­halli, og den var tilja med ceder­bord frå eine enden av golvet til den andre.

8  Og huset hans, som han budde i, i det andre tunet, innanfor forhalli, var bygt på same vis. Salomo bygde og eit hus, i likskap med denne for­halli, for Farao-dotteri, som han hadde teke til kona.

9  Alt dette var av kostesame steinar, tilhogne etter mål, skorne med sag på innsida og utsida, alt, like frå grunnen og til tak­listerne: og sameleis alt utanfor like til den store fyre­gards­muren.

10  Grunnmuren var lagd med kostesame og store steinar, steinar på ti alner og steinar på åtte alner.

11  Og ovanpå der var låg prydelege steinar, hogne til etter mål, og ceder­bjelkar.

12  Den store fyregards­muren rundt um var uppsett med tri umfar med til­hogne steinar og eitt umfar med ceder­bjelkar, på same vis som den indre fyre­gards­muren til Herrens hus og for­halli i huset.

13  Og kong Salomo sende bod og henta Hiram frå Tyrus.

14  Han var son åt ei enkja av Naftali-ætti, og far hans var ein mann frå Tyrus, ein kopar­smed. Han hadde i fullt mål visdom og vit og kunnskap til å gjera alt slag arbeid i kopar. Han kom då til kong Salomo og gjorde alt arbeidet hans.

15  Han laga dei tvo kopar­sulorne; attan alner var høgdi på den eine sula og ein snor på tolv alner rakk rundt um den andre sula.

16  So laga han tvo sule­hovud, støypte av kopar, til å setja på toppen av sulorne; fem alner var høgdi på det eine sulehovudet og fem alner høgdi på det andre.

17  På sule­hovudi, som stod på toppen av sulorne, var der krot, på lag som garn­moskar, kjedor til hengje­prydnad, sju på kvart sule­hovud.

18  Og han fekk til granat­eple, tvo rader rundt umkring attmed garn­krotet til å løyna sule­hovudi, og soleis gjorde han og med det andre sule­hovudet.

19  Sulehovudi på stolparne inni forhalli var på skap som liljor, fire alner.

20  På båe sulorne var det sule­hovud, ovanum og, tett innmed den tjukkare parten på den andre sida av garn­krotet. Og granat­epli var tvo hundrad, i rader rundt um på det andre sule­hovudet.

21  Og han reiste upp sulorne ved forhalli til templet; den sula som han reiste på høgre sida, kalla han Jakin, og den vinstre sula han reiste upp, kalla han Boaz.

22  I øvste enden var sulorne som liljor på skap. So vart då arbeidet med stolparne fullført.

23  Han laga og eit støypt hav. Det var ti alner frå den eine kanten til den andre kanten, heilt rundt og fem alner høgt, og ei snor på tretti alner gjekk rundt um det.

24  Under trømen på det rundt ikring var der kolo­kvintar, ti på kvar aln rundt um havet. Kolo­kvintarne gjekk i tvo rader, støypte i hop i ei støyping med havet.

25  Det stod på tolv uksar; tri snudde mot nord, tri snudde mot vest, tri snudde mot sud, tri snudde mot aust. Havet låg uppå desse, og alle snudde bakkroppen inn.

26  Tjukkleiken på det var ei hand­breidd, og kanten på det var laga som på eit staup, liksom ein lilje­blom. Det tok tvo tusund anker.

27  So arbeide han dei ti fot­stykki, av kopar. Fire alner var lengdi på kvart fot­stykki, fire alner var breiddi, og tri alner var høgdi på det.

28  Og fot­stykki var laga soleis: Dei hadde fyllingar, fyllingar millom hyrne­listerne;

29  og på fyllingarne - millom hyrne­listerne - var der løvor, uksar og kerubar, og det same på hyrne­listerne uppyver; nedunder løvorne og uksarne var der lauvverk som hekk nedetter.

30  Kvart fotstykke hadde fire hjul av kopar og åsar av kopar, og dei fire føterne på det hadde bere­stykke; bere­stykki var støypte på under balja; kvart hadde lauvverk på den andre sida.

31  Opningi på henne var inni krunestykket, som lyfte seg upp ei aln; i det var opningi rund og laga til underlag, halvonnor aln. På kanten der og var det bilæt-utskjeringar, men side­fyllingarne var firkanta, ikkje runde.

32  Dei fire hjuli sat nedunder fyllingarne, og hjul­tapparne stod fast i fot­stykket; kvart hjul var halvonnor aln høgt.

33  Hjuli var gjorde som vognhjul elles; og tapparne, falli, tralerne og navi, alt saman var støypt.

34  Det var fire bere­stykke på dei fire hyrno på kvart fotstykke; bere­stykki gjekk i eitt med fot­stykke.

35  Og uppå fot­stykket var der eit anna stykke, som var ei halv aln høg og heilt rundt, og øvst på fot­stykket sat handtaket og fyllingarne i eitt med det.

36  Og på flatsida av handtaki og på fyllingarne skar han ut kerubar, løvor og palmor etter som der var rom til på deim, og lauvverk rundt umkring.

37  Soleis laga han dei ti fotstykki; same støyping, same mål og same skap hadde dei alle.

38  Han arbeidde so ti kopar­baljor; kvar balja rømde fyrti ankar og var fire alner vid. Det var ei balja på kvart av dei ti fot­stykki.

39  Og han sette fem av fot­stykki ved sida av huset til høgre, og fem ved sida huset til vinstre. Havet sette han på høgre sida åt huset, imot sudaust.

40  Hiram arbeidde og oske­fati, og like eins skuflerne og skålarne, og soleis gjorde då Hiram ifrå seg alt det arbeid han ytte kong Salomo til Herrens hus; det var:

41  Tvo sulor og dei tvo kulorne på sulehovudi på toppen av sulorne, og dei tvo garn­kroti til tekkje yver dei tvo kulerunde sule­hovudi, som var på toppen av sulorne,

42  og dei fire hundrad granat­epli til båe garnkroti, tvo rader granateple til kvart garnkrot til tekkje yver dei kulerunde sule­hovudi på sulorne,

43  og dei ti fotstykki med dei ti baljorne uppå fot­stykki,

44  og so havet - berre eitt - med dei tolv uksarne under havet,

45  dessutan oskefati, skuflerne og skålarne. Alle desse ting som Hiram arbeidde åt kong Salomo til Herrens hus, var av blank kopar.

46  I Jordan-kverven var det kongen fekk deim støypte, i den faste jordi millom Sukkot og Sartan.

47  Salomo let alle desse tingi vera uvegne, for di det var slik ei ovmengd. Det vart ikkje utrøynt kor mykje koparen vog.

48  Salomo laga og til alle dei andre ting som skulde vera i Herrens hus: gull­altaret og gull­bordet, som skode­brødi skulde liggja på,

49  ljose­stakarne, fem på høgre og fem på vinstre sida fram­fyre koren, av skiraste gull, og blomarne og lamporne og ljose­sakserne av gull,

50  og fati, knivarne, skålarne, kannorne og glod­pannorne av skiraste gullet, dessutan gull­hengslorne til dørerne inst i huset, til det høg­heilage romet, og til hus­dørerne inn til tempel­salen.

⚜ ⚜ ⚜

Exodus 32: THE LAW from Nina Paley on Vimeo.

      UPP   NED

UFO.

E zekiel Buzison

1. og 10. kapitlet:

1  Det hende i det trettiande året, den femte dagen i den fjorde måna­den, då eg var mil­lom dei bort­førde att­med Kebar­elvi, at him­melen opna seg og eg såg syner frå Gud.

2  Den femte dagen i månaden - det var endå det femte året etter kong Jojakin vart burtførd -

3  då kom Herrens ord til Ezekiel Buzi­son, presten, i Kaldæar­landet att­med Kebar­elvi. Herrens hand kom der yver honom.

4  Og eg såg, og sjå, ei storm­flaga kom nordanfrå, ei stor sky og eld som kvervla seg i hop, med eit skin rundt ikring, og ut or honom, midt utor elden, tedde det seg eit­kvart nett som sylv­blanda gull.

5  Og midt der-utor kom det noko som liktest på fire livende. Og soleis var dei på skap: Dei hadde manne­skapnad.

6  Og fire andlit var det på kvart eitt av deim og fire vengjer på kvart eitt av deim.

7  Og føterne deira, dei var beine, og fot­bladi deira var som kalve­klauver, og dei glima som skinande kopar.

8  Og dei hadde manne­hender under ven­gjerne på alle fire sid­orne. Og med and­liti deira og ven­gjerne deira var det so­leis på alle fire:

9  Vengjerne deira nådde i hop, den eine med hin. Dei snudde seg ikkje når dei gjekk; kvart eitt gjekk beint fram.

10  Og deira andlit var som eit mannsandlit på skap, og alle fire hadde løve-andlit på høgresida, og alle fire hadde ukse-andlit på vinstresida, og alle fire hadde ørne-andlit.

11  Det var no andliti deira. Og vengjerne deira breidde seg ut ovantil. Med tvo av vengjerne sine nådde eitt livende i hop med hitt, og med tvo løynde det likamen sin.

12  Og kvart eitt av deim gjekk beint fram. Kvar åndi vilde ganga, dit gjekk dei; dei snudde seg ikkje når dei gjekk.

13  Og livendi såg ut som gløder i eld, brennende, som kyndlar å sjå til; elden for att og fram millom livendi, og det skein av honom, og ut or elden gjekk det ljon.

14  Og livendi for att og fram, nett som eldingar å sjå til.

15  Og eg såg livendi, og sjå, det var eit hjul på jordi innmed kvart eitt livende, og dei viste ut mot fire sidor.

16  Og hjuli såg ut nett som dei skulde vera gjorde av eit­kvart som liktest på krysolit, og alle fire var eins på skapnad, og det såg ut som dei var gjorde so at eitt hjul var inni hitt.

17  Til alle fire sidorne kunde dei ganga; dei snudde seg ikkje når dei gjekk.

18  Og hjulfalli var høge og skræmelege, og so var dei fullsette med augo rundt ikring på alle fire.

19  Og når livendi gjekk, so gjekk hjuli attmed deim, og når livendi lyfte seg frå jordi, so lyfte hjuli seg med.

20  Kvar åndi vilde ganga, gjekk dei, nett dit som åndi vilde ganga. Og hjuli lyfte seg med deim, for åndi åt livendi var i hjuli.

21  Når livendi gjekk, so gjekk dei, og når dei stod, so stod dei, og når dei lyfte seg frå jordi, so lyfte hjuli seg med, for åndi åt livendi var i hjuli.

22  Og uppyver hovudi på livendi var det noko på skap som ein kvelv, som under­full krystall å sjå til, utspana uppyver hovudi deira.

23  Og uppunder kvelven rette vengjerne deira seg beint ut, kvar mot annan. Kvart ein­skilt av deim hadde tvo vengjer som dei løynde likamen sin med.

24  Og eg høyrde ljomen av vengjerne deira, som ljomen av store vatn, som røysti åt den Allmegtige, når dei gjekk, ein ljomande gny som gnyen frå eit herlæger. Når dei stod stilt, let dei vengjerne siga.

25  Og det ljoma ei røyst upp­yver kvelven som var yver hovudi deira. Når dei då stod stilt, let dei vengjerne siga.

26  Og uppyver kvelven som var yver hovudi deira, var det noko som såg ut som safir­stein, på skap som ein kongsstol. Og uppå kongsstol-skapnaden sat det ein som liktest på eit menneskje.

27  Og eg såg noko liksom sylvblanda gull, sjåande til liksom eld med ein ljosgard ikring, frå det som var sjåande til å vera lenderne hans og so uppetter. Og frå det som var sjåande til å vera lenderne hans og nedetter såg eg noko liksom eld å sjå til, med eit skin rundt ikring.

28  Liksom syni av bogen i skyi på ein regndag, soleis var syni av skinet rundt ikring. Soleis var openberringi av Herrens herlegdom å sjå til. Og då eg fekk sjå det, fall eg ned på mitt andlit, og eg høyrde røysti av ein som tala.

1  Og eg såg, og sjå, på den kvelven som var yver hovudi på kerubarne, var det som ein safirstein, sjåande til på skapnad som ein kongsstol. Ein kunde sjå honom yver deim.

2  Og han sagde med mannen i linklædnaden: «Gakk inn millom hjuli, inn under keruben, og tak nevarne dine fulle med gløder av deim som er millom kerubarne, og strå deim yver byen!» Og han gjekk medan eg såg på.

3  Og kerubarne stod på høgre sida åt huset då mannen gjekk inn, og skyi fyllte den indre fyregarden.

4  Og Herrens herlegdom lyfte seg frå keruben og burt til dørstokken i huset. Og skyi fyllte huset, og glansen av Herrens herlegdom fyllte fyre­garden.

5  Og ljomen av kerubvengjerne høyrdest alt til den ytre fyregarden, som røysti åt Gud den allmegtige, når han talar.

6  Og det hende, då han baud mannen i linklædnaden og sagde: «Tak eld av den som er millom hjuli, millom kerubarne,» at han gjekk og stana attmed hjulet.

7  Og keruben rette ut handi si, millom kerubarne, burtåt elden som var millom kerubarne, og tok og lagde i nevarne på honom i linklædnaden. Og han tok imot og gjekk ut.

8  Og under vengjerne på kerubarne kunde ein sjå eitkvart på skap som ei manns­hand.

9  Og eg såg, og sjå, det var fire hjul på kerubarne, eitt hjul hjå kvar kerub. Og hjuli var sjåande til som krysolit-stein.

10  Alle fire såg likeins ut, og det var nett som eitt hjul skulde vera inni hitt.

11  Når dei gjekk, gjekk dei til alle fire sidorne; dei snudde seg ikkje når dei gjekk, for til den staden som hovudet snudde, dit gjekk dei; dei snudde seg ikkje når dei gjekk.

12  Og heile deira likam og deira rygg og deira hender og deira vengjer og hjuli var fullsette med augo rundt ikring - dei fire hadde kvar sitt hjul.

13  Hjuli, dei vart kalla «kvervel» so eg høyrde på.

14  Og det var fire andlit på kvar; det fyrste hadde kerub-andlit, og det andre eit mannsandlit, og det tridje eit løve-andlit, og det fjorde eit ørne-andlit.

15  Og kerubarne lyfte seg; det var dei livendi som eg hadde set attmed elvi Kebar.

16  Og når kerubarne gjekk, so gjekk hjuli innmed deim, og når kerubarne lyfte vengjerne sine til å hevja seg upp frå jordi, skilde heller ikkje hjuli seg frå deim.

17  Når livendi stod, so stod dei, og når dei lyfte seg, so lyfte dei seg med deim, for åndi åt livendi var i deim.

18  Og Herrens herlegdom gjekk ut frå dørstokken på huset og stod yver kerubarne.

19  Og kerubarne lyfte vengjerne sine og steig upp frå jordi medan eg såg på, då dei gjekk ut, og hjuli innmed deim. Og dei stana attmed inngangen åt øystreporten på Herrens hus. Og herleg­domen åt Israels Gud var uppe yver deim.

20  Det var dei same livendi som eg hadde set under Israels Gud burtmed elvi Kebar, og eg skyna at det var kerubar.

21  Og det var fire andlit på kvart eitt av dei fire, og fire vengjer på kvart eit, og eitkvart på skap som manne­hender under vengjerne deira.

22  Og skapnaden på andliti deira det var dei andliti som eg hadde set attmed elvi Kebar; soleis såg dei ut, og dei var det. Og kvart eitt av deim gjekk beint fram.

      UPP   NED

Pyramidarne.

Pyramidarne på Gizaplatået.

E g hev vore inne i mange grav­kammer i Egypt, og eg hev vore inne i Kheops­pyramiden tvo gonger. Pyramidarne vart IKKJE bygde for å vera grav­kammer.

Dei finst over heile verdi, ikkje berre i Egypt og Millom-Amerika. Dei aller største finn me i China: den største der er over dobbelt so høg som Kheops­pyramiden.

Den einaste grunnen for å setja upp slike kollosale bygg­verk, var at dei skulde gjera god nytte for seg i etter­tid. Det er svært sann­synleg at dei var kraft­stasjonar. Dei bygde små i byrjingi, og fleire og større etter kvart som kraft­behovet auka (større byar). Pyramidarne trekte elektrisitet ned frå lufti, og av og til vart det synleg (lynnedslag i toppen). Dei produ­serer litt straum den dag i dag, men dei er ikkje tilkopla. Leid­ningarne som ein gong var, er for­lengst vekke, bortsett frå nokre restar. Og dei var nok ogso det svake punkter, for når dei rauk inni pyra­midarne var det heilt uråd å koma til for å reparera (dei gjekk inni det som feil­aktig blir kalla lufte­sjakter).

Dette var attende i ut­gamal tid, og dei var sann­synleg­vis i drift heilt til dei vart liggjande under vatn eller ein leidning rauk. Som me sér på biletet var det berre toppen på den eine pyra­miden som so­vidt stakk upp or vass­flata, og dermed unn­gjekk havets krefter.

— 9550

      UPP   NED

Ragnarok.

D ET SKJEDDE ei ver­dens­om­spen­nande kata­strofe ved at jord­skorpa vreid seg og skipla koni­nenti og produ­serte ekstreme flod­bylgjor og kolossale vindar. Og jord­skjelv og vulkan­utbrot so vold­somme at det er uråd å forestilla seg. Mest alt liv vart ut­radert. Millom anna Atlantis enda upp på havets botn.

Seks dagar tok det. På den sjuande byrja det roa seg att.

Dette var ei "synde­flod", men ikkje den me nor­malt tenkjer på — ho skjedde for rundt 7000 år sidan.

Dette skjer med jamne mil­lom­rom, og me er i våre dagar tett innpå eit nytt ragna­rok. Kvar gong tek dei enorme flod­bylgjorne med seg jord og stein og rusk og rask slik at dei er som ein tjukk graut, og etter­let seg meir eller mindre tjukke lag. Bileti er frå Amerika og Afrika. Klikk på dei for å sjå nærare.

Inkje fyre­varsel feng du — og det er like greit, for sjan­sarne for yver­leving er eks­tremt småe. So det er lite ein kann gjera for å bu seg. Rett­nok trur ein at brå endring (reduk­sjon) i jord­magne­tis­men kann vera ein indika­sjon, samt ein kraftig auke av kriminali­teten, spesielt vald­tekter, samt kannibalisme, noko forsøk med mus hev vist. Dei var tri månader i eit svakt magnetfelt, og dei fekk ogso kreft i heile kroppen og musklarne byrja gå i uppløysing. Og krimi­nali­teten i våre dagar saman­likna med på 60-talet, vel...

Det ein trur skjer er at laget den tunne jord­skorpa vår ligg på er nokon­lunde fast ved normal jord­magne­tisme, men ved redu­sert magne­tisme går laget yver til å bli meir flytande. Og ved at me ikkje er i balanse (is­kappa på Grøn­land t.d.) byrjar me so å skreia rundt i meir og meir vold­som fart. Med ekstreme farts­vindar og vatnet i havi som fossar inn yver land. Om­trent som eit hus som stend på leire i bratta i vass­kanten: når leira blir flytande seglar huset av­garde, lufti pistrar rundt øyro og vasspruten står. Og det skjer brått.

Kontinenti blir pressa mot kvar­andre so hardt at dei dannar nye fjell­kjedor: desse låg gjerne fyrr på havsens botn; flod­bylgjor so svære at dei kann gå tvert yver heile USA; jord­skorpa sprikk upp so ein ser rett ned i raud­glødande lava; vindar so vold­somme at dei fær orkanar til å sveipa mild bris. Mindre enn ein prosent av alt liv yver­lever, og meste­parten av det vesle som er att stryk med etter­på. For kor­leis skal ein finna mat etter slikt eit ragna­rok? Det er berre dei som hev havna i nær­leiken av ekvator som vil greia seg. Der vil dei ikkje frysa i hel, og dei vil finna frukt på trei. Fær me tru.

      UPP   NED

Eple?

F yrste mosebok

Frå 2. og 3. kapitlet:

15  Og Herren Gud tok mannen og sette honom i Eden til å dyrka og varna hagen.

16  Og Herren Gud sagde mannen fyre og baud: «Du må gjerne eta av alle trei i hagen.

17  Men det treet som gjev vit på godt og vondt, det må du ikkje eta av; for den dag du et av det, skal du døy.»

1  Men ormen var sløgaste av alle villdyri, som Herren Gud hadde gjort, og han sagde med kona: «Kann det vera råd at Gud hev sagt, at de ikkje må eta av alle trei i hagen?»

2  Og kona sagde med ormen: «Me kann eta av frukterne på trei i hagen,

3  men frukti på det treet som er midt i hagen - «den,» sagde Gud, «må de ikkje eta av og ikkje røra; for då skal de døy.»»

4  Då sagde ormen med kona: «De skal ikkje døy.

5  Men Gud veit vel at den dag de et av frukti, skal augo dykkar opnast, og de skal verta liksom Gud og skyna godt og vondt.»

6  Og kona såg at treet var godt å eta av, og tykte det var ein hugnad for augo, og eit gildt tre, med di det kunde gjera ein klok. So tok ho av frukti og åt, og gav mannen sin og med seg, og han åt.

⚜ ⚜ ⚜

God Is Male from Nina Paley on Vimeo.

      UPP   NED

Lilith.

P Å JORDI FANST det rike gull­forekomstar. Og det var gullet dei kom etter; kjemporne: Enki og halvsysteri Ninki og arbeids­stokken deira. Seinare kom ogso halvbroren Enlil. Men det vart etter kvart trong for meir arbeidskraft, so dei vilde skapa ein slave­rase. Fyrst skapte dei Adam ved å bruka sine eigne gener, dei skapte honom i sitt bilete. Og so Lilith på same måten. (1. Mose­bok, 1-27: So skapte Gud menneskjet i si likning, i Guds likning skapte han det, til kar og kvinna skapte han deim.) Men — Lilith var tverr og vanske­leg so det ikkje var måte på, og som straff vart ho dømd til den verste straff noko menneskje kunde fenga: ævelegt liv på Jordi. Ikkje vanske­leg det, dei berre stoppa den bio­logiske klokka hennar.

Det neste forsøket på å skapa eit dame­men­neske gjorde dei på ein annan måte, kloke av skade: dei la Adam i nar­kose (Då let Herren Gud ein tung svevn koma på mannen) og tok eit side­bein frå honom som grunn­lag Og Eva vart til. Det gjekk noko betre. (1. Mosebok, 2-22: Og Herren Gud bygde ei kvinna av det side­beinet han tok av mannen, og leidde henne fram til honom.)

Ettersom tusundåri gjekk vart Enlil “jødarnes” hevngjerrige gud, og Enki vart då guden til alle oss andre. Enki tykte godt um menneski og gav oss kunn­skap og visdom. Men dette likte Enlil dårleg, so han bad “jødarne” utrydda folket til Enki, mot å få gull og rikdom i byte. Og dei hoppa på det med liv og lyst, og byrja svart­måla Enki alt dei var gode for, kalla honom Djevelen og Satan og Lucifer og det som verre var, og at alle dei som fylgde honom, alle oss "ureine", me som er dyr i manne­skapnad, skulde koma til Hel.

Og “jødarne” driv på, let seg ikkje stoppa av noko. Rik­dom hev dei opp­arbeidd seg so det ikkje er måte på, og dei er ikkje redde for nokon. Bort­sett frå Lilith (לילית). Henne er dei livande redd. At ho lever den dag i dag er vel heller tvilsamt, men heilt sikre kann dei jo 'kje vera. Dei trur ho er ein natt­demon, ei gudinne, som kjem nattes­tid og drep dei nyfødde borni deira.

⚜ ⚜ ⚜

NB! Ikkje alt i denne bolken treng vera heilt rett, då dette hende for svært mange år sidan, og dei gamle skrifterne kann tolkast på ymse vis. Sjå meir her:

The Anunnaki Creation Story

Og når me no snakkar um gudinnor; Eivør Pálsdóttir:

Og Guðrið Hansdóttir:

Vidare nedyver

Til toppen