Leirdalsboki



2001–2050

2011  2021


2001

Stabburet som fyrr hadde stade på Johanshaugen, var uppattsett i tunet i Hauglund.

Det var no fem hestar i Leirdalen; tvo i Andersgarden og Hauglund, og ein i Pergarden.

På Haugen fekk dei seg ny traktor, ein New Holland.

Åm friti å litt ao kårt.
Da va nett vårte nye veg åpp i Leirdadl, å ikkje so leinje siao straumen kåm helde. So ein kann gått seia atte aori rundt 1960 va dao ein jikk ifrao gammadle te nye ti. Bilveg å straum ha mykje å seia før trivsedl. Da va vel ikkje so mykje friti å snakka åm pao ditta bel, adle hadde garadn å ta seg ao, å nåken hadde  

2002

Turgåing.
Ein av dei finaste turane var fram den lange flate Tunsbergdalen. Enten fram til vatnet, fram på Vasstølen, eller fram heile dalen. Men det var då, og ikkje no. Og ein kunde ganga etter den fine stigen på burtsida av elvi. Han er ogso øydelagd. So skal ein gå på flata no, blir det stort sett  

2003

Solsete

Vegen upp i Leirdalen vart utvida, og i det brattaste partiet vart det laga ny, flatare veg. I samband med dette vart det ogso laga til parkeringsplassar frå husi på Blokkeberg og heilt heim til Løken, ved at vegen vart utvida.

Det kom ut ei flott bok; Leirdalen - ei perle i Luster. Forfattaren var Kåre Øvregard. I denne boki tek han særskilt for seg korleis dei onna i gamle dagar. Det er ogso mykje om kraft­utbyggjingi.

2004

Høyvending

RAS  Det kom eit svært ras rett ved opningen til Røneidstunnelen (mot Marifjøra).

2006

Leirdalen Bre og Juv

Forhausting

2007

Hus.
Her kann du sjå korleis hus hev kome og gått.  

Traktorar Traktorane på Blokkeberg.
Frå vinstre • Nuffield Universal 3 –57 • Leyland 384 –70 • Leyland 262 –76 • Leyland 262 –77
• Leyland 704 –81 • Nuffield 460 –63.
I tillegg tvo restureringsobjekt; Leyland 255 –74 og BMC Mini –67.
Traktorar Traktorar

Stauraløe Stauraløa på Andersgardgjerde.

KRAFTUTBYGGJING  Det var no byrja bli snakk um at sideelvarne frametter Jostedalen skulde leidast inn i Tunsbergdals­magasinet, og at demningen i samband med det skulde hevast tvo meter. I tillegg skulde Vigdalselvi byggjast ut, og leidast inn i ein ny kraftstasjon på Myklemyr. Det var ogso snakk um at Engjadalselvi skulde leggjast i røyrer.
   — Ikkje mykje rennande vatn å sjå etter kvart... men maaange kraft-kr-kr-kr...

Det var no tri gardar som hadde sauder, Andersgarden hadde deim på hitsida, og Blokkeberg og Rasmus­haugen på burtsida.
   Tri av gardarne hadde nautabeist, det var Andersgarden, Pergarden og Hauglund.

2008


Veg via Leirdalen?

LUSTER: Vegnemnda for Veitastrondvegen hadde møte med fylkeskommunen og vegkontoret den 9. september i år. I møtet var dei kommunale representantane oppmoda til å jobba for å få Veitastrondvegen inn i Nasjonal Transportplan, som skal behandlast i 2009. Det vart også prata om eit anna traseval for vegen enn dagens. Tunnel frå Veitastrond over til Leirdalen/Gaupne vart trekt fram, eit alternativ som Sognekraft snusa på då planane for Årøy kraftverk vart utarbeidd for om lag 30 år sidan.

Sogn Avis 6 30/9 2008. 

2011


Neddotti løe

Um kvelden 25. og natti til 26. desember var det eit ovseleg uvêr, faktisk det verste i manns minne. Taket yver siloarne på nyefjøsen i Andersgarden bles av, taket bles av fjøsen på Blokkeberg, det vart skader på taket til Erik-Larsgardfjøsen, og løda til Andersgarden (i Myri) bles ned (biletet). Det bles mange tre yver vegen mest heilt frå Leirmoøygarden og upp. Straumen vart vekke i fire dagar, og fasttelefonen kom aldri att.

2012

Siste sauerne

Klokka seks um morgonen onsdag 7. mars vart siste sauerne i dalen levert.

  Dei fekk sauer att i Pergarden.

2013

Erik-Larsgarden.

Natt til 20. november kl 00:41 var det jordskjelv i Tunsbergdalen, litt nordaust for Såta og 5-6 km ned i grunnen. (Ikkje ved Leirmohovden, slik det står i aviserne.) Det hadde styrke tri, og merkast godt heime i dalen.

2014

LÆRDALSØYRI.  I januar gjekk det ein fælsleg eldskade yver Lærdalsøyri. 40 bygningar, derav 17 bustadhus, brann ned til grunnen. Men — so vel var berga alle livet.

Trafikk.
— Leirdalsvegen er smal, men fin å køyra då asfalten for det meste er i bra stand. Du treffer sjeldan på store køyretøy, bortsett frå mjølketankbilen um morgonane. Og strøbilen når det er glatt. På Leirmo­øygarden må du vera  

2015


2016

Ungkar Stendig nye måtar å nytta rundballar på, her på Alsmo.


2017

2018

Leirdalen
Det er lett å sjå kvar Soli tek mest um våren. Biletet er teke den 10de mai.

Hjortar
Nedover mot Leirmo­øygarden kann ein ofte støyta på firbeinte.

2019

Nonhaug.

Ikkje ofte ser me Nonhauggrovi so stor (15de september).

2020

Du veit, forkjølelse og influensa og slikt er jo noko som kjem med jamne millom­rom. Me er vande med det. So ogso denne veteren. Men no var det visst noko ekstra, endå viruset som no kom var langt mindre fårleg enn mykje me hev fenge fyrr. Men no fann brått myndig­heiterne ut at dei skulde laga mykje styr. Dei stengde alle skularne, og tvinga millom anna ogso alle frisørane til å stenga. Og so byrja ogso mange andre foretak å låsa dyrrane. Og myndigheiterne byrja setja folk i fjortan dagars hus­arrest/isola­sjon, heilt i strid med menneske­rettarne. "Kommunane i Sogn og Fjordane sende i etter­middag ut melding om at alle som kjem til Sogn og Fjordane etter reiser i Oslo, Agder, Roga­land, Viken, Vest­fold og Tele­mark, Inn­landet, tid­legare Horda­land og tid­legare Sør-Trøndelag vert pålagd heime­karantene i 14 dagar etter an­komst." Og brot på karantene­reglarne: kr 20.000 i bot eller fengsel i 15 dagar!! Les meir i Som åri gjeng.


Feit kjemikaliestripe yver Leirdalen. Me ser faktisk ogso her akkurat kvar dei starta.
Og dagen etterpå var det sjølvsagt [giftig] budleregn.


Me gjeng no inn i ei ny liti istid (2020 til 2053), noko som vil begrensa matproduksjonen.
 

2021

Myndigheiterne fortsette med co­rona­svindelen ogso dette året. Og fleire og fleire hjerne­vaska sauer byrja gå med maske, som ikkje vernar mot noko som helst. Å ganga rundt med maske er tvert i mot helse­skadeleg.

Steinsprang nedom Leirmokleivi.




Forrige side       Til toppen av sida       Neste side

© www.leirdalsboki.no