[www.bt.no]

Sikker på at det var to gjerningsmenn

Tidlegare AUF-leiar i Sogn og Fjordane, Kjetil Klakegg Bergheim (23), er heilt sikker på at det var to gjerningsmenn med skytevåpen på Utøya fredag ettermiddag.

AV: per marifjæren

Publisert: 25.jul. 2011 (16:25) Oppdatert: 25.jul. 2011 (16:33)

Klakegg Bergheim var leiar for ungdomsorgansiasjonens fylkeslag i to år fram til 2009, og har vore på Utøya ei rekke gonger tidlegare. Han fortel den same dramatiske historia som så mange andre av dei som overlevde massakren. Klakegg Bergheim var blant dei som flykta hals over hovud frå hovudbygget då skytinga starta.

På plassen like utanfor bygget såg eg ein person urørleg på bakken, fortel han. - Eg sprang vidare over idrettsbana på øya og ned mot området der talane plar bli heldne. Oppe på bakken der passerte vi yttelegare to livlause kroppar på bakken.

Vel forbi sceneområdet passerte han ei løe, og han traff like etter ein bekjent frå fylkeslaget i Sogn og Fjordane. Ein flokk ungdommar kom springande mot dei, men Klakegg Bergheim drog med seg venen i motsett retning.

Eg meinte vi hadde betre sjanse til å gøyme oss dersom vi ikkje var så mange, seier Klakegg Bergheim.

Dei to gøymde seg først i eit buskas i ein skråning, ikkje så langt frå stien som går rundt øya. Etter kvart innsåg dei at ein person som kom på stien, lett ville oppdage dei. Derfor starta dei leitinga etter ein betre gøymestad, inne bak dei tette greinene på eit gammalt tre.

Greinene vaks liksom ned i jorda, og var eit brukbar skjulestad, seier han. – Eg fekk ringt far min, og vi heldt lina open i den tida vi sat der. Halvannan time var det, ifølgje telefonloggen.

Der inne i lauvverket sat dei to musestille og høyrde på dramaet og tragediane som utspant seg rundt om på øya. Faren fortalde at gjerningsmannen var iført politiuniform.

På eit tidspunkt kom også ein tredje person inn på gøymestaden deira. Klakegg Bergheim kjenner ikkje identiteten til vedkommande, men registrerte seinare at også han hadde klart seg.

I løpet av dei nesten to timane inne på gøymestaden var dei heilt overtydd om at det ikkje kunne vere berre ein gjerningsmann.

Eg høyrde tydeleg at det kom skot frå ulike sider av øya på same tid, fortel Kjetil Klakegg Bergheim. – Eg veit fleire som har registrert det same. Skrika kom også frå ulike retningar. Så eg er heilt overtydd om at det var to gjerningspersonar. Det må det ha vore.

Klagegg Bergheim og dei to andre vart aldri oppdaga av gjerningsmannen, og kom ut i lyset først då dei var overtydde om at det var trygt – og at politifolka dei såg verkeleg var politifolk. Sjølv vart han henta av far sin på Sundvollen natt til søndag, og er no heime i Florø i trygge omgjevnader. Han gruer seg no til namnelistene som skal kome, og fryktar at mange vener og kjente skal figurere der.

Framleis har han det blå bandet rundt venstre handleddet, som fortel at han har betalt kontigenten for årets sommarleir.

Eg er oppteken av at dette ikkje skal endre oss, korkje som einskildpersonar eller samfunn. Vi må ikkje dyrke det som no har skjedd i all ettertid, seier Kjetil Klakegg Bergheim.



[www.bt.no]
bt

BT hev no teke vekk denne artikkelen. Kvifor det???

http://www.bt.no/innenriks/article2543358.ece