Leirdalsboki

Framsida 1001-1800 1801-1900 1901-1950 1951-2000 2001-2050 Ymist



Velkomen til Leirdalsboki.

Ei utklippsbok um stort og smått som hev hendt i Leirdalen fram til i dag, og ogso litt frå bygderne og verdi rundt. Hev du meir stoff, eller du kann korrigera/supplera noko som stend her, send gjerne ein
Ei stor takk til alle som hev bidrege til boki!

Beste helsing Helge Leirdal.

Leirdalen

Leirdalen (skrivst Leirdal) finn du ei mil framum Gaupne (som ligg ved Sogne­fjorden i Luster kommune, Sogn og Fjordane). Dalen er ein sidedal til dalen som gjeng framyver mot Jostedalen. Den vel tri km. lange vegen upp frå hovudvegen er rimeleg bratt. Han startar på Leirmoøygarden og gjeng i sikk-sakk uppetter for so å fylgja fjellsida høgt yver elvefaret.
   Her er seks gardar, tri av deim (Hauglund, Pergarden og Anders­garden) er i full drift. Det er ikkje lenger dyr på Rasmus­haugen og Blokke­berg, og helder ikkje i Erik-Larsgarden der markerne blir leigde ut til naboarne. I Erik-Larsgarden bur det helder ikkje folk fast. Johans­haugen høyrer til Hauglund. Det er ogso ei liti stova og nokre hytter, og nett fyre du kjem upp, ein liten nedlagd gard (Leirmokleivi, som høyrer til Rasmus­haugen). Vidare frametter kjem du til Tunsbergdalen, som no er øyde-lagt (lagt under vatn), og den lange Tunsberg­dals­breden, som er ein del av Jostedals­breden.
   Her kann du finna forslag til turar.






 Trafikkmeldingar.




© www.leirdalsboki.no