Det starta i 1851 med produksjon av kunstige blomstrar med metallstilk, i Paris.
Bilproduksjonen starta i 1897. Og fabrikken gjorde det glimrande i nokre år, mykje takka
vera gode resultat i billaup. Men so gjekk det i nedyverbakke, og firmaet kom
på rett kjøl fyrst etter at
André Citroën tok yver styringi. Det vart likevel aldri som fyrr, og i 1925 kjøpte Citroën
Automobiles Mors. Men det vart aldri laga fleire Mors-bilar etter det.