Maserati starta i 1914 i Bologna, Italia, med racing som hovudinteresse.
Det var skiftande eigarskap upp gjenom åri, og i 1968 kjøpte Citroën Maserati.
I perioden Citroën stod som eigar vart det produsert ein del modellar med Citroën-delar, samt
at Citroën laga sin eigen SM med 6-sylindra Maserati-motor.
Bora (1971) var ein tvo-setar med midtmontert V8-motor og Citroën-bremsar.
Hydraulikken vart ogso brukt til heving/senking av lykterne og førarsetet, samt justering av pedalplasseringen.
Merak (1972) var ein tvoplusstvo-setar med midtmontert V6-motor (den same som vart brukt i SM, men på tri liter)
og Citroën-bremsar. Ratt og dashboard var ogso i byrjingi det same som i SM.
Khamsin (1973) var ein tvoplusstvo-setar med frontmontert V8-motor og Citroën-bremsar, samt Diravi og hydraulisk clutch.
I 1973 vart Maserati yverteke av den italienske staten, og det var deretter fleire eigarar, som Fiat og Ferrari.