André Gustave Citroën


Faren dauda då Citroën var seks år gamal, og mori overtok då eineansvaret for uppfostringi og for firmaet. I tiårsalderen uppdaga han Jules Verne, noko som sikkert hadde betydning for hans seinare yrkesval.

Citroën hadde godt humør, var klarsynt og hadde stor entusiasme. Han var ein glimrande leiar og organisator, og sørga godt for arbeidarane sine. Men han hadde nok eit litt for uanstrengt forhald til pengar, noko som kanskje var medvirkande til konkursen rett fyrr han dauda.


Kjelde: Citroen.com—History