Attende
Elektrisk
LYKTER
Riksmål English




D2S 35W 4200K

Det er enkelt å koma til på vinstre sida, medan det er svært trongt på den andre sida.

   Varseltrekant Varseltrekant

Dersom det er småungar i lokalet: Kanskje vil dei prøva å setja på plass att batteri­klemma medan du driv på frammi motor­rommet.


Skifting av pærer i hovudlyktene
  1. Plasser bilen i eit turt og støvfritt lokale.
  2. Ta alle rutene litt ned. Opna bakloket og panseret.
  3. Kopla frå batteriet (VIKTIG!!!). (Opna det vetle loket på vinstre sida i bagasjerommet, vipp opp den blå låsehendelen, ta av batteriklemma og plasser henne godt vekk frå batteriet.) Ikkje lat att bakloket.
  4. Dra av fremste del av pakningen som går rundt motorrommet.
  5. Ta vekk plastdekseli over kvar lykt. (Trekk opp firkanten på kvar plugg, og ta ut pluggane.)
  6. Ta på vinylhanskar.
  7. Ta av det store loket bak på lykti.
  8. Vri av høgspentdelen (leidningen vil bli automatisk fråkopla).
  9. Vri av låseringen.
  10. Ta ut pæra.
  11. Plasser den nye pæra inn i låseringen (TOP klokka 11) med den kvite pinnen vendande ned.
  12. Hald i bakarste del av pæra og set henne VARSAMT på plass, pass på at sokkelen på pæra går inn i dei tvo hakki.
  13. Hald pæra stødig på plass medan du skrur til låseringen.
  14. Vri på plass høgspentdelen (med den raude delen vendande ned).
  15. Set i leidningen.
  16. Set på loket.
  17. Monter plastdekseli over lyktene.
  18. Set på att gummipakningen.
  19. Kopla til batteriet.
  20. Vent minst eitt minutt fyrr du skrur på tenningen; og vent deretter minst eitt minutt fyrr du startar bilen.
  21. Kontroller at alle ruter går heilt ned og heilt opp.
  22. Dersom du hev soltak, sjå instruksjonsboki.
  23. Still inn klokke, dato og ute­temperatur.

Dersom du no hev gjort alt rett er du fortsatt blant oss.

NB! Føler du deg usikker, overlet du jobben til verkstad, slik som anbefalt i instruksjonsboki. Men, dersom jobben blir korrekt utført, og det ikkje er feil på høgspentdelene, so burde det vera bra trygt. Avdi:

  • Batteriet er fråkopla.
  • Lyktene er avslegne, og dermed fråkopla.
  • Det går ikkje an å ta av høgspentdelene utan at leidningane dett ut.
  • Det går ikkje an å setja i att leidningane so lenge høgspentdelene er fråkopla.

Når ei pære byrjar gje misfarga ljos, gjerne raud-rosa, må ho bytast. Pærene finst i mange prisklassar, frå kr 198,- for 2-pk. Søk på «D2S Xenonpærer». Det er truleg ikkje lurt å kjøpa dei billegaste pærene.





Låseringen og bakenden av pæra.

Denne tappen skal stå i denne stillingen når høgspentdelen er fråkopla.

Dersom du ikkje får på att høgspentdelen, kann det vera avdi den gulkvite plastdelen inni er ute av stilling.



Opp

Rådi på desse sidene fylgjer du heilt og fullt på eige ansvar
leirdalsboki.no is in no way affiliated with Automobiles Citroën

 © leirdalsboki.no 


Valid XHTML 1.0 Transitional