Attende
Ekseriør
HJULER
Flatnorsk English


Skifting av hjuler

Å ta av ei hjul:

  1. Set bilen i høgaste stilling.
  2. Løys loket på hydraulikktanken.
  3. Sikra at bilen ikkje kann trilla fram- eller bakover.
  4. Ta av plastdekselet over hjulboltane med det svarte verktøyet D.
  5. Løys boltane.
  6. Jekk opp bilen.
  7. Skru ut dei fire nederste boltane med det gule verktøyet C. Hald mot nedre del av dekket med skosålen medan du skrur ut den siste. Hekt ned hjuli.

Å setja på ei hjul:

  1. Hekt på hjuli og hald mot nedre del av dekket med skosålen. Vri hjuli til du ser boltholi og set i ein bolt med det gule verktøyet C. Set i resten av boltane.
  2. Stram boltane (ikkje alt for hardt).
  3. Slepp (jekk) ned bilen.
  4. Stram boltane med momentnykkel.
  5. Skru til loket på hydraulikktanken.
  6. Kontroller lufttrykket.
  7. Ta ein snøgg køyretur og etterstram boltane med momentnykkel.
  8. Set på plastdekselet med det breiaste feltet A mot det smalaste feltet B på felgen.

• Dekktype: Michelin Primacy.

• Stramming av hjul­boltar, både på lett­metall­felg og stål­felg: 90 Nm ±10.

• Ha for vane å setja den "merkelege" bolten nærast ventilen. (Du må nytta adapter for å kunna skru på denne.)

• Kontroller at bremse­klossane hev til­strekkeleg med belegg og at bremse­skivene er blanke på båe sider.

• Bruk ventilhetter av plast, ikkje metall.



Opp

Rådi på desse sidene fylgjer du heilt og fullt på eige ansvar
leirdalsboki.no is in no way affiliated with Automobiles Citroën

 © leirdalsboki.no 


Valid XHTML 1.0 Transitional