Attende
Bremser
BREMSEKLOSSAR
Flatnorsk English

SKIFTING BREMSEKLOSSAR

  1. Heis bilen opp til øverste stilling.
  2. Sikra hjulene på den andre sida.
  3. Løys loket på hydraulikk­tanken.
  4. Løys hjul­boltane.
  5. Jekk opp.
  6. Ta av hjuli og legg henne under sida på bilen som ekstra sikring.
  7. Bilete 1: Hekt laus bremseslangen frå braketten.
  8. Bilete 2: Bruk tvo fast­nyklar og skru ut dei tvo boltane som held bremse­kloi.
  9. Lirk og bend av bremse­kloi og legg henne på eit stødig underlag.
  10. Bilete 3: Reingjer og press/skru inn stempelet.
  11. Skrap/fil reine spori dei nye glide­skinnene skal ligga i og set desse på plass.
  12. Set i klossane.
  13. Set på bremse­kloi og skru henne fast med nye boltar.
  14. Bilete 1: Press bremseslangen på plass att i braketten.
  15. Set på hjuli.
  16. Slepp (jekk) ned bilen.
  17. Stram hjulboltane med korrekt moment.
  18. Skru fast loket på hydraulikk­tanken.
  19. Set bilen i normal køyrehøgd.
  20. Ta ein køyretur og ta nokre kraftige ned­bremsingar utan å stoppa heilt.
  21. Etterstram hjul­boltane med korrekt moment.

Bremsebelegg
Min.tjukkleik: 2 mm.

Bremseskive
Min.tjukkleik: 20 mm.

Feste bremseklo
Stramming: 35 Nm ±3.

Feste caliper
Stramming: 108 Nm ±10.

• Stramming av hjul­boltar, både på lett­metall­felg og stål­felg: 90 Nm ±10.



Opp

Rådi på desse sidene fylgjer du heilt og fullt på eige ansvar
leirdalsboki.no is in no way affiliated with Automobiles Citroën

 © leirdalsboki.no 


Valid XHTML 1.0 Transitional