Attende
Bremser
BREMSEKLOSSAR
Flatnorsk English

SKIFTING BREMSEKLOSSAR

  1. Heis bilen opp til øverste stilling.
  2. Sikra hjulene på den andre sida.
  3. Løys loket på hydraulikk­tanken.
  4. Løys hjul­boltane.
  5. Jekk opp.
  6. Ta av hjuli og legg henne under sida på bilen som ekstra sikring.
  7. Bilete 1: Skru ut bolten (10mm) som held braketten (på biletet er bolten fjerna).
  8. Bruk tvo fast­nyklar (13 og 17mm) og skru ut dei tvo boltane som held bremse­kloi.
  9. Lirk og bend av bremse­kloi og legg henne på eit stødig underlag.
  10. Bilete 2: Reingjer og press inn stempeli.
  11. Skrap/fil reine spori dei nye glide­skinnene skal ligga i og set desse på plass.
  12. Bilete 3: Set i klossane (om berre den eine hev leidning skal han på innsida).
  13. Set på bremse­kloi og skru henne fast med nye boltar.
  14. Bilete 4: Press leidningen forsiktig inn i strekk­avlastningen med eit stort flatt skru­jern.
  15. Bilete 5: Legg leidningen på plass der pilene viser og kopla til.
  16. Bilete 6: Set ein blind­plugg (plast/gummi) i den andre kontakten om du hev leidning på berre eine bremse­klossen.
  17. Bilete 1: Set i att bolten som held braketten.
  18. Set på hjuli.
  19. Slepp (jekk) ned bilen.
  20. Stram hjulboltane med korrekt moment.
  21. Skru fast loket på hydraulikk­tanken.
  22. Set bilen i normal køyrehøgd.
  23. Ta ein køyretur og ta nokre kraftige ned­bremsingar utan å stoppa heilt.
  24. Etterstram hjul­boltane med korrekt moment.

Bileti er frå førarsida framme.

Bremsebelegg
Min.tjukkleik: 3 mm.

Bremseskive
Min.tjukkleik: 28 mm.

Feste bremseklo
Stramming: 30 Nm ±2.

Feste caliper
Stramming: 115 Nm ±10.

• Stramming av hjul­boltar, både på lett­metall­felg og stål­felg: 90 Nm ±10.



Opp

Rådi på desse sidene fylgjer du heilt og fullt på eige ansvar
leirdalsboki.no is in no way affiliated with Automobiles Citroën

 © leirdalsboki.no 


Valid XHTML 1.0 Transitional