Leirdalsboki

Framsida 1001-1800 1801-1900 1901-1950 1951-2000 2001-2050 Ymist




Turgåing.

Av Helge Leirdal.



  Ein av dei finaste turane fyrr var fram den lange flate Tuns­berg­dalen. Enten fram til vatnet, fram på Vasstølen, eller fram heile dalen. Men det var då, og ikkje no. Og ein kunde ganga etter den fine stigen på burt­sida av elvi. Han er ogso øyde­lagd. So skal ein gå på flata no, blir det stort sett etter bil- eller traktor­veger. Men vil ein gå i bratta, er det rikeleg med mogeleg­heiter.

Holten — Solsete — Kleivi.

Klikk på symbolet oppe t.h. på kartet for å få det i full­skjerm, og for å sjå kvar vegen gjeng. Vegerne er inn­teikna slik om­trentleg. Her kann du ogso velja um du vil sjå terrenget som bilete eller kart.

  Her kann du velgja millom tvo veger. Den som vart nytta i gamle dagar, startar uppan­for hytta til Per­garden. Her var det fyrr sel og fjøs. Vegen går nokso bratt upp­etter i byrjingi, i tett granskog, og svingar so av fram­yver, og blir noko flatare. Her møter han vegen som kjem upp frå damen, det er vel den som blir mest nytta i dag. Han startar på høgre sida av hytta som ligg rett uppom damen, og gjeng nokso bratt upp­etter til han når den andre vegen. Eit lite stykkje lenger uppe kjem me til Holten. Her er det eit fint sva­berg me kann sitja på, med vidfelt utsyn til Leir­dalen. Og ein stor stein me kann ganga upp på, og fenga fint utsyn framyver Tuns­berg­dalen. Her kann det vera fine kvelds­stemningar. Ta gjerne ein kvelds­tur upp på Holten midt­sumars og få med deg sol­ned­gangen!
  Vidare fortset vegen stup­bratt upp­etter, og so vekslar det på å gå bratt og halv­bratt upp­etter ei god stund, til dess me er uppe på Lang­ur­strupen. Her må me berre stoppa litt og sjå på utsikti. Ho er ikkje vid­felt, men me sér langt nedyver og langt heim­etter. Me sér rett ned Lang­uri, med stup­bratte fjell­sida hengjande yver oss til vinstre, og Myri med garden Blokke­berg langt der nede.
  Vegen gjeng so heilt utpå stupet eit lite stykkje, um du vel den til høgre, det er omtrent som du kjenner suget frå av­grunnen. Men like etter er me uppe på høg­fjellet, all skogen er brått vekke, og me er uppe på flati. Lyng, ein bråte med små og store steinar, og små idylliske vatn. Veldig pent. «Hovud­vegen» fortset fram­yver, og fylgjer ein den, so må ein jo berre ein avstikkar upp på Solset­nåsi, her er det vidfelt utsyn! Spesielt heim­etter mot Gaupne. Men gå ogso varsamt ut på kanten slik at du ser ned på Alsmo, det er beint ned!

Mot Hest

  Men me svingar av til høgre og fyl ein lite synleg veg i retning Solsete. Må ogso nett ned og beundra utsikti ut yver Leir­dalen, men dette er slett ikkje å anbefala! Du må i alle høve vera svært varsam.

Solsete
Tufterne på Solsete, rundt 1970.

  Det er rimeleg flatt burt­etter, og eit godt stykke å gå. Vel burte på Sol­sete, set me oss og tek ei matykt. Me sér atter­stødor av seli, då fleire av tufterne fortsatt er godt synlege, og me sér ogso restarne av muren. Skulde etter segjande vera til vern mot bjørnen. Ein eller annan funksjon må han jo hatt. Utsynet er det slett ikkje noko å segja på her heldr. Dette var stølen til Alsmo og hus­mennerne på Leirmo, og ein kann trygt segja at dei hadde lang og bratt stølsveg.

Solsete
Solsete.

  For no skal me verkeleg bratt ned­yver, det går umtrent rett nedetter fjell­sida eit godt stykke, og vegen er umtrent uråd å finna. Umsider er me nede på flati, og her svingar me rett til vinstre, og snart er me nede i Due­skardet. Ein idyllisk og fin dal, med eit sel med fjøs under utpå ein sva­knaus. Tilhøyrande Leirmo­kleivi, og seinare Ras­mus­haugen. Eit stykkje burtan­for, med ut­syn ned mot Alsmo, låg det fleire sel, på Brende­haugarne.

Dueskaret
Selet i Dueskardet, rundt 1970.


Dueskaret
Selet i Dueskardet, rundt 1975.

  Men so måtte det sjølvsagt koma eit svært kraft­spenn tvert gjenom idyllen, og no sér det reint grysjelegt ut her! Og selet er helder ikkje nokot vent syn lenger.
  Vidare nedyver gjeld det å ganga rett, vegen går tett i fjellsida til høgre. Han går på glatte sva­bergi, og fleire stadar er det so bratt at det er murt opp tropper.
  So er me komne so langt ned at me sér burt i Leirdalen, og då er det ikkje langt att fyrr me er burte i Leirmo­kleivi. Ein skikkeleg fin rundtur. Og hugs — det går an å ganga andre vegen ogso! (Berre hugs å setja på sky­lapparne og skuggje­huva gjennum Due­skardet;)

Skardet — Nonhaug.

  Vegen startar i Stor­haug, eller nedan­for, rettare sagt, attmed selet til Anders­garden. I «gamle dagar» starta han eigentleg på Øystels­myri der me gjekk burt­etter dei fine sva­bergi og yver den gamle flotte tre­brui. Der kom me so til selet til Anders­garden på Fjell­stølen, og so vidare forbi Haug­lund sitt. Forbi ein idyllisk krok av elvi, og uppetter ein fin skråning og so upp til det andre selet til Anders­garden.
  Vegen går rimeleg bratt heile vegen upp­yver til hytta (selet) til Anders­garden. Ho ligg fint plassert, med eit prakt­fullt utsyn. Framanfor og litt lenger uppe kann me ogso sjå tufti etter Leirmo­selet, og litt lenger uppe tufterne etter Anders­gard­selet.
  Vidare uppyver fyl me eine Skard­grovi, og eit stykke uppe kjem me til eit djupt far i fjellet, med ein ikkje so liten kulp der grovi renn nedi, må sjåast! Me tek so av uppyver mot vinstre, no hev me inkje veg å gå etter, og det er litt steinete. Eit godt stykke upp­yver finn me att ein veg. Han går burt­yver til me sér ned på Non­haug, og so ber det rett nedyver. Der kjem me inn på ein annan veg, den fører upp på høgdi, med små idylliske vatn.

Oppanfor Nonhaug

  Men so er me snart nede på Non­haug. Dette var stølen til hus­mennerne. Fyrr stod her mange sel (me ser fire tufter), men alle er vekke, undateke Hauglund­selet, som endå står i fin til­stand. Samt ei nybygd hytte tilhøyrande Haugen. Stølen ligg på ei fin flate med flott utsyn ut­yver Leir­dalen og fram­yver breden. Me ser til­og­med burt i Vig­dalen.
  So går det ned­yver sva­bergi til høgre for selet, og yver grovi. Litt lenger nede kjem me forbi hytta til Pergarden. Det går bratt nedyver, i tjukke skogen. Me kryssar vegen, og er snart nede ved gjerde til Blokke­berg. Vegen fylgjer so gjerdingen til me er nede ved anleggs­vegen. Fyrr ut­byggjingi kunde me no ha ganga etter den fine stigen som gjekk ned­etter på høgre sida av elvi. Burt­etter flata og upp reina, og so til vinstre mot gardarne. So gjenom granerne og ned reina, forbi tjødni og løa, og yver strenga­brui.


Hest.

Hest

Klikk på symbolet oppe t.h. på kartet for å få det i full­skjerm, og for å sjå kvar vegen gjeng. Ruta er inn­teikna slik omtrentleg. Her kann du ogso velja um du vil sjå terrenget som bilete eller kart.

  Dette kann me godt kalla ein dags­tur, då det er langt å gå, og trælsamt, etter­som det er nokso mykje stigning. Me går upp i Skardet, og so på skrå burtetter fjell­sida. I byrjingi kann me fylgja vegen som går burtetter der, men etter kvart må me ta av upp­etter. Her er berre lyng og stein, og det kann vera litt ulendt av og til. Komne burt til nedste delen av Hest, kunde me no gått rett upp, men vel å ikkje gjera det, då det kan vera litt ras­farleg der. I staden vel me å gå nett nedom og burt på sida som vender fram­yver. Der går me upp ein lang grus­rygg, fyrr me byrjar upp­stigingi. Her er det bratt, og dei siste meterane er det nesten litt kliving. Men so er me uppå, og kann byrja gå upp­etter den lange ryggen; me går på store stein­blokker. Det er stup ned på båe sider, og på høgre sida ligg ein liten brede. Etter langt om lenge nermar me oss toppen, som er dekka av snø. Her tek me oss ein pause, og kann sitja å sjå mile­vidt i alle retningar.
  Me byrjar so å kliva ned frå Hest, ned på fjellet som går millom Leirdalen og Veita­stronds­vatnet. Her er det breitt og flatt burt­etter, fint å gå. Utsikti er stor­slagen til båe sider. Etter ei lang stund er me komne so langt burt at det går an å taka seg ned, og me tek sikte på Non­haug.

Brimkjedlen.

  Me startar med båt frå damen. Svingar nett burtum Bu­skrea, og fort­set so vidare fram­yver. Vatnet er umtrent ei mil langt, so det tek ei stund. Snart svingar dalen til vinstre, med Tverra­dalen rett fram, og breden til høgre. Nesten framkomne, sler me av på farten, og prøver å halda det gamle elve­faret, slik at me ikkje skal gå på grunn.
  Me passar på å bitta båten godt, for utan den kjem me oss ikkje heim att! So startar me å gå upp­etter sva­bergi, og er snart uppe på flati. Her ser me Tuns­berg­dals­breden fram­for oss. Elvi susar forbi djupt nedi gjelet. Nesten burtåt breen går me for­siktig yver noko som ser ut som ein stor bratt grus­rygg, men det er is under.
  Me spenner på oss stig­jarni. Dei hev som i gamle dagar ti piggar under, men no i tillegg ogso tvo som stikk fram­yver, til klatring. Det forutset at ein hev heilt stive sko. Men me hev ikkje behov for å klatra fram­etter her, det er berre å spasera, og av og til gå rundt eller stiga yver sprikker. Det er svak stigning heile vegen, og me går på skrå mot vinstre inn­etter.

Brimkjelen

  Snart ser me ein dal opna seg i fjell­sida til vinstre, og me står framfor Brim­kjedlen. Her er alltid spanande å koma fram, for ein veit aldri kvat som ventar. For ein del år sidan var heile dal­botnen dekt av fantastiske istårn, no er det berre litt innmed is­kanten. Men dette vil kunna endra seg att. Det som skjer er at avløpet frå dalen tettar seg att under breden, slik at heile dalen blir fylt med vatn. Breden kalvar ut i denne innsjøen, og når presset blir so stort at av­laupet opnar seg att, blir dalen tømt for vatn i laupet av kort tid. Istårni blir so standande att som store hus nedpå flati. Og me fær flaumen frå Brim­kjedlen. Legg merke til ned­med dem­ningen, at overlaupet er laga ekstra breidt, nett­upp for å kunna taka i mot den ovstore vass­mengdi som då vil koma.
  Me tek oss ein tur ned i kjedlen, det er lett å koma seg ned på høgre sida. Det er ein spesiell stad, ein heilt inne­lukka dal, med breden som stengjer med ein stor isvegg ved utgangen. Og kor ofte hev du sétt ein bred­port der vatnet renn inn i staden for ut?

Brimkjelen


Andre turar.

Leirmohovden.  Klikk på symbolet oppe t.h. på kartet for å få det i full­skjerm, og for å sjå kvar vegen gjeng. Vegerne er inn­teikna nokso nøyaktig. Her kann du ogso velja um du vil sjå terrenget som bilete eller kart.

  Du kann ganga upp til Leirmo­hovden og fylgja vegen som går rundt toppen. Gå ut­på stupet ned mot Leirmo­kleivi, her er det fint utsyn. Men som alltid, pass på å ikkje ramla ned! Du kann ogso ganga upp til Leirmo­hovden frå Leirmo, og so ned att i Leir­dalen. I staden for å køyra når du skal ned på Leirmo, kann du ganga, og då fylgja gamle­vegen so mykje som det går an.

  Asbjørnsnåsi er eit fint turmål, her er det kortast å gå upp på Nonhaug. Men du kann ogso ganga upp i Skar­det og nedatt på Non­haug, so blir det ein slags rund­tur.

  Vil du ha deg ein kort kvelds­tur midt­sumars, kann du ganga upp på Holten eller Non­haug, eller upp i Skardet. Fint utsyn utyver Leirdalen, og fager kvelds­himmel fram­yver breden.





© www.leirdalsboki.no

  Valid XHTML 1.0 Transitional