Leirdalsboki

Framsida 1001-1800 1801-1900 1901-1950 1951-2000 2001-2050 Ymist




Turgåing.

Av Helge Leirdal.

  Dersom du ikkje er lokalkjend, kann det vera vandt å vita kor du skal starta turen. Her fyl difor ei kort yversikt.
  Dueskardet – Solsete. Gakk upp i Kleivi (Leirmokleivi), gjennum tunet der og vidare burtyver. (Parkering eit stykke lenger uppe, i svingen forbi den store muren.)
  Leirmohovden. Køyr yver brui og upp på flati. Stopp rett fyrr det går nedyver att. Der byrjar vegen, men han er ikkje heilt lett å finna. (Parker godt ut i vegakanten.)
  Nonhaug. Start eit lite stykke nedanfyr der du kjem til dyrka marker. (Parker godt ut i vegakanten uppå flati, men ikkje framfyr grindar.)
  Skardet – Hest. Når du hev kome nesten uppåt damen tek du vegjen som gjeng mot vinstre. Vidare uppyver bak selet. (Parker her, eller framfyr damen.)
  Holten – Solsetnosi. Gakk yver damen og upp på høgre sida av hytta. (Parker attmed damen.)
  NB! Dersom du hev bil med katalysator, må du ikkje parkera yver turt gras.



  Ein av dei finaste turane var fram den lange flate Tuns­berg­dalen. Enten fram til vatnet, fram på Vasstølen, eller fram heile dalen. Men det var då, og ikkje no. Og ein kunde ganga etter den fine stigen på burt­sida av elvi. Han er ogso øyde­lagd. So skal ein gå på flata no, blir det stort sett etter bil- eller traktor­vegjer. Men vil ein gå i bratta, er det rikeleg med mogeleg­heiter.

Holten — Solsete — Kleivi.

  Her kann du velgja millom tvo vegjer. Den som vart nytta i gamle dagar, startar uppanfyr hytta til Per­garden. Her var det fyrr sel og fjøs. Vegjen går nokso bratt upp­etter i byrjingi, i tidt gran­skog, og svingar so av framyver, og blir noko flatare. Her møter han vegjen som kjem upp frå damen, det er vel den som blir mest nytta i dag. Han startar på høgre sida av hytta som ligg rett uppom damen, og gjeng nokso bratt upp­etter til han når den andre vegjen. Eit lite stykkje lenger uppe kjem me til Holten. Her er det eit fint sva­berg me kann sitja på, med vid­felt utsyn til Leir­dalen. Og ein stor stein me kann ganga upp på, og fenga fint utsyn framyver Tunsberg­dalen. Her kann det vera fine kvelds­stemningar. Ta gjerne ein kvelds­tur upp på Holten midt­sumars og få med deg sol­nedgangen!
  Vidare fortset vegjen stup­bratt upp­etter, og so vekslar det på å gå bratt og halv­bratt upp­etter ei god stund, til dess me er uppe på Langur­strupen. Her må me berre stoppa litt og sjå på utsikti. Ho er ikkje vid­felt, men me sér langt nedyver og langt heim­etter. Me sér rett ned Lang­uri, med stup­bratte fjell­sida hengjande yver oss til vinstre, og Myri med garden Blokke­berg langt der nede.
  Vegjen gjeng so heilt utpå stupet eit lite stykkje, det er omtrent som du kjenner suget frå av­grunnen. Men like etter er me uppe på høgfjellet, all skogen er brått vekke, og me er uppe på flati. Lyng, ein bråte med små og store steinar, og små idylliske vatn. Veldig pent. «Hovud­vegjen» fortset framyver, og fylgjer ein den, so må ein jo berre ein avstikkar upp på Solset­nåsi, her er det vidfelt utsyn! Spesielt heim­etter mot Gaupne. Men gå ogso varsamt ut på kanten slik at du ser ned på Alsmo, det er beint ned!

Mot Hest

  Men me svingar av til høgre og fyl ein lite synleg veg i retning Solsete. Må ogso nett ned og beundra utsikti ut yver Leirdalen, men dette er slett ikkje å anbefala! Du må i alle høve vera svært varsam.

Solsete
Tufterne på Solsete, rundt 1970.

  Det er rimeleg flatt burtetter, og eit godt stykke å gå. Vel burte på Solsete, set me oss og tek ei matykt. Me sér atterstødor av seli, då fleire av tufterne fortsatt er godt synlege, og me sér ogso restarne av muren. Skulde etter segjande vera til vern mot bjørnen. Ein eller annan funksjon må han jo hatt. Utsynet er det slett ikkje noko å segja på her heldr. Dette var stølen til Alsmo og husmennerne på Leirmo, og ein kann trygt segja at dei hadde lang og bratt stølsveg.

Solsete
Solsete.

  For no skal me verkeleg bratt nedyver, det går umtrent rett nedetter fjell­sida eit godt stykke, og vegjen er umtrent uråd å finna. Umsider er me nede på flati, og her svingar me rett til vinstre, og snart er me nede i Due­skardet. Ein idyllisk og fin dal, med eit sel med fjøs under utpå ein svaknaus. Tilhøyrande Leirmo­kleivi, og seinare Ras­mus­haugen. Eit stykkje burtanfyr, med ut­syn ned mot Alsmo, låg det fleire sel, på Brende­haugarne.

Dueskaret
Selet i Dueskardet, rundt 1970.


Dueskaret
Selet i Dueskardet, rundt 1975.

  Men so måtte det sjølvsagt koma eit svært kraft­spenn tvert gjennom idyllen, og no sér det reint grysjelegt ut her! Og selet er heller ikkje noko vent syn lenger.
  Vidare nedyver gjeld det å ganga rett, vegjen går tett i fjellsida til høgre. Han går på glatte svabergi, og fleire stadar er det so bratt at det er murt opp tropper.
  So er me komne so langt ned at me sér burt i Leirdalen, og då er det ikkje langt att fyrr me er burte i Leirmokleivi. Ein skikkeleg fin rundtur. Og hugs — det går an å ganga andre vegjen ogso! (Berre hugs å setja på skylapparne og skuggje­huva gjennum Dueskardet;)

Skardet — Nonhaug.

  Vegjen startar i Storhaug, eller nedanfyr, rettare sagt, attmed selet til Anders­garden. I «gamle dagar» starta han eigentleg på Øystels­myri der me gjekk burtetter dei fine svabergi og yver den gamle flotte trebrui. Der kom me so til selet til Anders­garden på Fjell­stølen, og so vidare forbi Hauglund sitt. Forbi ein idyllisk krok av elvi, og uppetter ein fin skråning og so upp til det andre selet til Anders­garden.
  Vegjen går rimeleg bratt heile vegjen uppyver til hytta (selet) til Andersgarden. Ho ligg fint plassert, med eit praktfullt utsyn. Framanfyr og litt lenger uppe kann me ogso sjå tufti etter Leirmoselet, og litt lenger uppe tufterne etter Andersgard­selet.
  Vidare uppyver fyl me eine Skardgrovi, og eit stykke uppe kjem me til eit djupt far i fjellet, med ein ikkje so liten kulp der grovi renn nedi, må sjåast! Me tek so av uppyver mot vinstre, no hev me inkje veg å gå etter, og det er litt steinete. Eit godt stykke uppyver finn me att ein veg. Han går burtyver til me ser ned på Nonhaug, og so ber det rett nedyver. Der kjem me inn på ein annan veg, den fører upp på høgdi, med små idylliske vatn.

Oppanfor Nonhaug

  Men so er me snart nede på Nonhaug. Dette var stølen til husmennerne. Fyrr stod her mange sel (me ser fire tufter), men alle er vekke, undateke Hauglundselet, som endå står i fin tilstand. Samt ei nybygde hytta tilhøyrande Haugen. Stølen ligg på ei fine flata med flott utsyn utyver Leirdalen og framyver breden. Me ser tilogmed burt i Vigdalen.
  So går det nedyver svabergi til høgre for selet, og yver grovi. Litt lenger nede kjem me forbi hytta til Pergarden. Det går bratt nedyver, i tjukke skogen. Me kryssar traktor­vegjen, og er snart nede ved gjerde til Blokkeberg. Vegjen fylgjer so gjerdingen til me er nede ved anleggsvegjen. Fyrr utbyggjingi kunde me no ha ganga etter den fine stigen som gjekk nedetter på høgre sida av elvi. Burtetter flata og upp reina, og so til vinstre mot gardarne. So gjennum granerne og ned reina, forbi tjødni og løa, og yver strengabrui.

Hest.

Hest

  Dette kann me godt kalla ein dagstur, då det er langt å gå, og trælsamt, ettersom det er nokso mykje stigning. Me går upp i Skardet, og so på skrå burtetter fjellsida. I byrjingi kann me fylgja vegjen som går burtetter der, men etter kvart må me ta av uppetter. Her er berre lyng og stein, og det kann vera litt ulendt av og til. Komne burt til nedste delen av Hest, kunde me no gått rett upp, men vel å ikkje gjera det, då det kan vera litt rasfarleg der. I staden vel me å gå nett nedom og burt på sida som vender framyver. Der går me upp ein lang grusrygg, fyrr me byrjar uppstigingi. Her er det bratt, og dei siste meterane er det nesten litt kliving. Men so er me uppå, og kann byrja gå uppetter den lange ryggen; me går på store steinblokker. Det er stup ned på båe sider, og på høgre sida ligg ein liten brede. Etter langt om lenge nermar me oss toppen, som er dekka av snø. Her tek me oss ein pause, og kann sitja å sjå milevidt i alle retningar.
  Me byrjar so å kliva ned frå Hest, ned på fjellet som går millom Leirdalen og Veitastrondsvatnet. Her er det breitt og flatt burtetter, fint å gå. Utsikti er storslagen til båe sider. Etter ei lang stund er me komne so langt burt at det går an å taka seg ned, og me tek sikte på Nonhaug.

Brimkjedlen.

  Me startar med båt frå damen. Svingar nett burtum Buskrea, og fortset so vidare framyver. Vatnet er umtrent ei mil langt, so det tek ei stund. Snart svingar dalen til vinstre, med Tverradalen rett fram, og breden til høgre. Nesten framkomne, sler me av på farten, og prøver å halda det gamle elvafaret, slik at me ikkje skal gå på grunn.
  Me passar på å bitta båten godt, fyr utan den kjem me oss ikkje heim att! So startar me å gå uppetter svabergi, og er snart uppe på flati. Her ser me Tunsbergdalsbreden framfyr oss. Elvi susar forbi djupt nedi gjelet. Nesten burtåt breen går me forsiktig yver noko som ser ut som ein stor bratt grusrygg, men det er is under.
  Me spenner på oss stigjarni. Dei hev som i gamle dagar ti piggar under, men no i tillegg ogso tvo som stikk framyver, til klatring. Det forutset at ein hev heilt stive sko. Men me hev ikkje behov for å klatra frametter her, det er berre å spasera, og av og til gå rundt eller stiga yver sprikker. Det er svak stigning heile vegen, og me går på skrå mot vinstre innetter.

Brimkjelen

  Snart ser me ein dal opna seg i fjellsida til vinstre, og me står framfyr Brimkjedlen. Her er alltid spanande å koma fram, for ein veit aldri kvat som ventar. For ein del år sidan var heile dalbotnen dekt av fantastiske istårn, no er det berre litt innmed iskanten. Men dette vil kunna endra seg att. Det som skjer er at avløpet frå dalen tettar seg att under breden, slik at heile dalen blir fylt med vatn. Breden kalvar ut i denne innsjøen, og når presset blir so stort at avlaupet opnar seg att, blir dalen tømt fyr vatn i laupet av kort tid. Istårni blir so standande att som store hus nedpå flati. Og me fær flaumen frå Brimkjedlen. Legg merke til nedmed demningen, at overlaupet er laga ekstra breidt, nettupp fyr å kunna taka i mot den ovstore vassmengdi som då vil koma.
  Me tek oss ein tur ned i kjedlen, det er lett å koma seg ned på høgre sida. Det er ein spesiell stad, ein heilt inne­lukka dal, med breden som stengjer med ein stor isvegg ved utgangen. Og kor ofte hev du sétt ein bredport der vatnet renn inn i staden for ut?

Brimkjelen


Andre turar.

  Du kann ganga upp til Leirmo­hovden og fylgja vegjen som går rundt toppen, å gå upp på sjølve toppen er ikkje særleg spanande. Men hugs å gå utpå stupet ned mot Leirmo­kleivi, her er det fint utsyn. Men som alltid, pass på å ikkje ramla ned! Du kann ogso ganga upp til Leirmo­hovden frå Leirmo, og so ned att i Leir­dalen. I staden fyr å køyra når du skal ned på Leirmo, kann du ganga, og då fylgja gamle­vegjen so mykje som det går an.

  Asbjørnsnåsi er eit fint turmål, her er det kortast å gå upp på Nonhaug. Men du kann ogso ganga upp i Skardet og nedatt på Nonhaug, so blir det ein slags rundtur.

  Vil du ha deg ein kort kveldstur midtsumars, kann du ganga upp på Holten eller Nonhaug, eller upp i Skardet. Fint utsyn utyver Leirdalen, og fager kveldshimmel fram­yver breden.





© www.leirdalsboki.no

  Valid XHTML 1.0 Transitional