Leirdalsboki





Trafikk.

Litt um å køyra i og rundt Leirdalen.

Av Helge Leirdal.


   Leirdals­vegen er smal, men fin å køyra då asfalten for det meste er i bra stand. Du treffer sjeldan på store køyretøy, bortsett frå mjølke­tankbilen um morgonane. Og strøbilen når det er glatt. Diverre kjem han nesten alltid etter at folk hev reist på arbeid. Og det er det ikkje mykje gagn i.
   På Leirmo­øygarden må du vera varsam når du køyrer ut på hovud­vegen, då det er dårleg sikt fram­yver. Det går ogso an å fyrst køyra yver gamle­brui.
   Sumarstid må du passa deg for bubilarne og turist­bussarne; dei kjem ofte midt i vegen.
   Pass på at du hev gode bremser, og bruk pigg­dekk um veteren.



Kort

  1. Når det er rundt null grader kann det vera svært glatt her. Senk farten i god tid fyrr du skal inn på hovud­vegen.
  2. På sein­veteren kann det her detta is ut i vegen.
  3. Um våren kann det vera store telehiv her.
  4. Her kann du treffa på hjort.
  5. Her kann du treffa på sauder.
  6. I tunnelen kann du treffa på køyretøy som er so høge at dei må køyra midt i vegen.
  7. Her manglar det støypekant.
  8. Når Joste­dalselvi er flaum­stor, kann det her stå vatn i vegen.
  9. Her er det rasfårleg.









© www.leirdalsboki.no

  Valid XHTML 1.0 Transitional