Leirdalsboki





Silotak flaug nærare 50 meter.

LEIRDALEN: Restar av silotaka ligg strødd minst 50 meter frå fjøsbygningen.

Av Sigrid Svartefoss.

   – Eg var sjølv med og sette opp fjøsen og rekna med at han stod støtt. Ramma er festa med ni millimeter flatjarn, likevel tok stormen taka på dei to siloane. Det viser kva krefter som har herja her juledag om kvelden, seier Anders Leirdal.

Hardast.
   Leirdals­bonden er ikkje åleine om å ha fått skader på bygningar, men han er desidert den som er hardast råka i den vesle grenda. Taket er òg flekt av den gamle fjøsen.
   – Eg såg ikkje at silo­taka var reist med vinden før eg kom ut, seier leirdals­bonden. [Han vart ståande lenge og sjå på skadarne, og so sa han: – No blir det ikkje godt å få oppor silo.]
   Taket på den eine av siloane har floge og gått inn for landinga nær 50 meter lenger borte. Bygnings­delane ligg spreidd rundt på bøen, og eitt av silo­taka har lagt seg opp på fjøs­bygget. Flygande bygnings­delar slo hol i taket på den 30 års gamle fjøs­bygningen, men kyrne ser ikkje ut til lata seg merka av stormen. Bygnings­delar frå gamle­fjøsen har slege hol i kledningen på bustadhuset, og delar av taket er flekt av her og der. Ei uteløe har vinden lagt flat.
   – Utrulege krefter har vore i sving. Her i dalen kan det vera veldige kaste­vindar som kjem att frå fjellet. Nord­vesten er verst, men juledag tykte eg det blæs frå alle retningar. Både naboen og eg meiner me har opplevd verre vind enn der var sundag kvelden, men det var skikkeleg vind ja, seier Leirdal, og smiler midt opp i alvoret. Bord­kledningen var godt festa i betongen, men denne kvelden heldt det ikkje.
   – Sjå korleis boltane er bøygde og slitne av. Me får trøysta oss med at korkje menneske eller dyr har kome til skade, seier Leirdal. I går var det framleis kraftig vind og snø­føykje.

Utan kraftfôr.
   – Når eg ser korleis fjøsen til han Anders er øydelagd, forstår me litt av kva krefter som har herja, seier ordførar Ivar Kvalen, sjølv bonde, og forstår vel kva vanskar bøndene får.
   – Korleis skal du få opp silo­fôret etter øyde­leggingane?
   – Eg har tenkt å bruka skog­vinsj og silo­grabb til å få opp fôret. Naboar har vore flinke til å koma med rund­ballar. Kraft­fôr får beista greia seg utan i nokre dagar, seier Leirdal.

På omgang.
   I Leirdalen har dei heller ikkje straum og telefon, og det er høgst uvisst når dei får att straumen. Bøndene i Leirdalen og Vigdalen deler på ein mjølke­maskin med aggregat som dei køyrer med. Slik får dei mjølka kyrne sine.
   I fjøsen til Leirdal står 33 kyr, av dei ti som mjølkar. I gamle­fjøsen står sauene, og ein hest.
   – Korleis reagerer dyra?
   – Hesten er redd vind, men kyrne og sauene var rolege, seier Anders Leirdal.
Han har full­verdi­forsikring, òg på avbrot for levering av mjølk.
   – Forsikrings­mannen sa i haust at han aldri hadde vore i Leirdalen. No har eg ringt og sagt at han får ta seg turen hit, seier Anders Leirdal.





— Sogn Avis 28/12 2011 —





© www.leirdalsboki.no

  Valid XHTML 1.0 Transitional