Leirdalsboki

Framsida 1001-1800 1801-1900 1901-1950 1951-2000 2001-2050 Ymist



Pao tampen...

Satsar på
sporty turisme

Av Ragnhild Myklemyr


LEIRDALEN: Håvard Evjestad kan tilby guiding for deg som ikkje er redd for å bli blaut på føtene. I år får nemleg turistane høve til å skli ned fossefall.



Namn:
Håvard Evjestad
Alder:
24 år
Bustad:
Leirdalen
Pao tampen fordi:
Han tek turistane med på guida turar i urørt natur, og er no i gong med tredje sesong med firmaet Leirdalen Bre og Juv.


-Kva tilbod kan Bre og Juv tilby turistane?
-Det er blant anna mogeleg å bli med på fisketur i Tunsbergdalsvatnet med båt, som er ein av mine favorittar, samt brevandring på Tunsbergdalsbreen og juvvandring i Leirdøla. Det er eit nytt tilbod som er mykje etterspurd. Som dei andre tilboda, kan også juvinga tilpassast både familieturar og for dei som likar meir utfordring. Me har fått gode tilbakemeldingar på turane.
-Kven kjem på slike turar?
-Det har vore mest nederlendarar, men me merkar ei auka interesse blant nordmenn og spesielt lokalfolk.
-Kva er spesielt med Bre og Juv sine turar?
-Noko av det som er spesielt med turane er at dei går til meir avsidesliggjande stader, med lokale guidar som har god kunnskap om området rundt og historia tilknytt staden.
-Korleis ser sesongen ut til no?
-Me har merka bra med førehandsbestillingar, og meir spørsmål rundt dei ulike turane enn tidlegare år. Det er tydeleg at me har blitt meir etablerte, og at folk finn oss lettare no. No har me til dømes nye nettsider oppe og går, der folk finn informasjon om turane og bilete.
-Korleis er den perfekte sommardagen for deg?
-Det må vera ein skyfri dag på fjorden med gode venner, deretter grilling og volleyball på kvelden.
-Dersom du er guide for ein dag, kva vil du syne fram frå heimstaden din?
-Då ville eg synt fram Tunsbergdalsbreen i Leirdalen med båttur og brevandring.
-Kva gjer du for miljøet?
-Eg sorterer bos, men må nok innrømme at eg kunne vore betre på det.
-Kvar går årets første ferie?
-Eg har vore ein tur til Hamar og besøkt systera mi, og det er nok kanskje det som blir av ferie i år. Eg håpar sjølvsagt at det blir mykje fjellturar og guiding framover!

— Sogn Avis 24 25/6 2008 —



© www.leirdalsboki.no

  Valid XHTML 1.0 Transitional