Leirdalsboki

Framsida 1001-1800 1801-1900 1901-1950 1951-2000 2001-2050 Ymist



Er Jordi flat?

Av Helge Leirdal.

Logo Sameinte nasjonar.

Naturlegvis trur du ikkje Jordi er flat, slik som logoen til SN (United Nations) viser. Men søker du på «Flat Earth» på YouTube finn du ei mengd med filmar som er svært over­tydande i dan leid. So dette må me sjølvsagt finna ut av, og det må gjerast over vatn, som jo er i vater. Og me treng lang avstand, t.d. Skjolden — Eikjastrondi, som er omtrent 19,6 km i luftlinje. Om me då står tett nedåt vass­flata i Skjolden skulde me ikkje kunna sjå nokot nedom ca. 24 meters høgde på Eikja­strondi. Men om Jordi er flat skulde me kunna sjå heilt ned i fjøre­steinarne dersom fjorden er still.

Eikjastrondi

Her sér me Eikjastrondi frå Fagerneset. Dersom Jordi er ei kule, skulde me frå Skjolden ikkje kunna sjå nokot nedom den raude streken.

Eikjastrondi

Og her er resultatet. So Jordi er nok ikkje flat likevel.









© www.leirdalsboki.no


 

  Valid XHTML 1.0 Transitional