Leirdalsboki

Framsida 1001-1800 1801-1900 1901-1950 1951-2000 2001-2050 Ymist




9/11.


Av Helge Leirdal.

11. SEPTEMBER 2001 vart det meldt om terroråtak på World Trade Center i New York. Den offisielle fram­stillingi går ut på at fire passasjer­fly vart kapra, og tvo av deim vart flogne inn i kvart sitt tvilling­tårn slik at dei kollapsa. Og so datt bygning 7 ned ei stund etterpå av seg sjølv. Det tridje flyet vart floge inn i Pentagon, og det fjerde, som var berekna på The White House eller The Capitol Building, styrta. Rundt 3000 menneskje omkom.
   Det som truleg skjedde var at det kanskje vart flogne fjern­styrde passasjer­fly inn i tvilling­tårni og so vart båe bygningarne rivne ved kontrollert sprenging. Deretter vart ogso bygning 7 riven, ei god stund etter at BBC melde at bygningen hadde kollapsa. Korleis kunne BBC vita at bygning 7 ville detta ned lenge fyrr? So vart det tridje [fjern­styrte] flyet (eller helst ein rakett) floge inn i den mest folke­tome delen av Pentagon, og det fjerde flyet skote ned. Det er å håpa at ingen omkom, men dét er nok diverre lite truleg. Men me fær tru at talet på omkomne er langt lågare enn det offisielle talet.
   Kvifor dei vilde riva bygningarne er ikkje so godt å vita, men byggi var jo utruleg stygge, og so fekk myndigheiterne ekstra påskot til å bekjempa terrorisme utanfor landet sine grenser. Og for å gjera alt dette mykje meir truverdig, byrja dei truleg produsera des­informasjon, hovudsakeleg be­ståande av at ingen passasjer­fly var involverte; og at det i staden vart nytta bomber/­rakettar. Og at det var eit militær­fly som flaug inn i bygning tvo. Og at det fjerde flyet var so høgt oppe at passasjerarne umogeleg kunde ha kunna brukt telefonarne sine. So – ver klar over at svært mange av konspirasjons­teoriarne som flyt rundt på Internet kann vera produsert av amerikanske myndig­heiter.



Ver alltid skeptisk til det du lés, ser og høyrer på Internet, ogso på denne sida. Det same gjeld fjernsyn, aviser og andre trykksaker. Det er mykje meir lygn og bedrag enn du er klar over.



Lenker

 Science of 9/11





© www.leirdalsboki.no

  Valid XHTML 1.0 Transitional