Leirdalsboki

Framsida 1001-1800 1801-1900 1901-1950 1951-2000 2001-2050 Ymist




Ein tur til Tunsbergdalen

Me starta i Myri, elder Blokke­berg, som garden eigentleg heiter. Namnet kjem frå Blokke­berg­haugen. At garden til dagleg blir kalla Myri, skuldast at det fyrr dyrkingi låg ei stor myr her, so dette namnet er altso mykje eldre en garden. Vegen utetter mot elvi er av «nyare» dato; han er rundt 150 år gamall. Gamle­vegen gjekk rett gjenum der eldste stova stend no, og utetter det som no er dyrka marker. Det er lett å sjå når ein stend heimfyr løken, ein ser at vegen tek ein sving til vinstre når han kjem ut til tunet, medan han fyrr gjekk mesta beint.

So kom me til den fyrste av dei tvo bruerne i Leirdalen, Strengja­brui. Ho gjekk yver elvi utanfor Myri og burt i Grindodn. Der burte låg ei liti løa tilhøyrande Anders­garden. Brui var ei hengje­bru av vaier og netting, med tvo planke­rekkjer som ein gjekk på. Det svaia fælt, og artigt var det. Dette var no elles ikkje venaste staden i Leir­dalen, då han vart brukt som bos­plass. Det vart tømt bos nedetter skråningen heilt burt til brui. Ein sa at ein køyrde boset «på elvi». Ein spanande stad for ungarne. Seinare vart boset dekka til med steinar.

Strengja­brui var svært so komfortabel no då, mot då ho var ny. Det var gamle-Anders som bygde henne, og ho bestod då berre av tri vaierar som var spende jamsides yver elvi. Og so sette han seg på ei fjøl og drog seg yver med henderne!

Litt lenger ute, i Jell­bakken (tyder bakke med skrinn vokster), var det ikkje dyrka på nedsida; på fellesen. Der var haugar og kollar, grov grus og stein, busker og tre, og ørsmåe vatn. Her var det vanlegvis jonsok­feiringi gjekk fyre seg. Det var ein koseleg og lun stad, med elvi brusande forbi nedanfyr. Det låg restarne av eit svært tre der; det prøvde me å brenna upp kvart år, men det var utruleg seigliva. På uppsida var det laga til dam, der ungarne var og bada rett som det var. Det hende ungarne byrja bada litt for tidleg på året òg, og då var ikkje foreldri alltid heilt gode då dei kom og henta deim heimatt. (Det gneistra i augerne på fa'ren då han kom, var det ei som sa.) Damen låg fint til, men det var eit problem at grovi som forsynte han med vatn sumetider hadde lite vass­føring.

På vinstre sida var gjerde til Rasmushaugen, med hytte og ei stor løe. Deretter gjerde til Andersgarden. På den halvparten som var utmark, brukt til beite for kyrne, stod det eit lite staurahus og ei løe. Løa var bygd på tufti til selet som fyrr stod her, og som no var flutt burt på Fjellstødlen. Gamle­brui gjekk i si tid yver elvi her, og ein såg tufterne etter fleire sel og restarne av den store muren som fyrr gjekk rundt heile gjerde. Den muren såg me ogso på høgre sida der gjerde til Erik-­Lars­garden låg, med ei stor løe midt på. Heilt yverst låg selet og den ned­dottne fjøsen. Nett utanfyr låg selet til Per­garden, og restarne av fjøsen. På uppsida var der inn­gjerda utmark, nytta til beite. Dei bygde på dette bel hytte, og reiv selet. Uppyver herifrå gjekk vegen upp til Holten og vidare til fjells. Når ein kom ned att med beist her, fylgde ein vegen på uppsida av gjerdingen ut til grindi. Nedpå gjerde hadde dei ei stor løe, som låg attmed ein svær stein. På ned­sida av vegen låg gjerde til Haug­lund, med hytte og stor løe. Løa hadde opprinneleg vore løedelen til fjøsen på Sølfest­haugen. Nedmed elvi her hadde kvedn­husi stende.

Når me so kom ut til avkøyrslerne på gjerdi i Per­garden og Haug­lund, vart det litt løgje. For der gjekk me vidare i tri-fire meter breid utmark, med steinar, tre og ulende, der vegen svinga seg fram frå eine kanten til hin. Og på båe sider var der dyrka marker. Til endes på den kom me til grindi. Og no var det me kom ut i naturen. Øystels­myri låg framfyr oss, med tjukke gran­skogen uppan­fyr, og elvi i ein vid boge rundt nedom. Her stod den andre brui, ei flott gamall trebru, nokso lang, ho stod på mange stokkar i elvi. Det var grind i båe endar.  Ein følte ærefrykt kvar gong ein gjekk yver; det var ein flott konstruksjon. Vegen burt til brui gjekk på sva­bergi. På burt­sida låg selet til Anders­garden, dei hadde òg eitt frammi Storhaug, og millom desse låg Hauglund sitt; det hadde skråtak. Alle tri hadde fjøs under.

Yver Øystels­myri gjekk vegen meir eller minder synleg, her kunde ein bli blaut på føterne um ein ikkje passa seg. Vegen delte seg fyrr me kom til granerne. «Gamle­vegen» gjekk på ned­sida, og heilt ut på elve­skråningen eit stykke. Der var det litt skummelt; elvi fråda forbi rett nedanfyr, og vegen heldt på å rasa ut.

«Nye­vegen» gjekk rett upp i granerne; der vart det brått myrkt og mystisk, alle ljodar vart dempa. Me høyrde knapt at me gjekk; vegen var dekka av eit tjukt lagt med barnåler. Bratt upp­yver gjekk det, millom mòse og lyng, til me kom upp på høgdi, der vegen gjekk trongt og krokut fram millom tre og steinar. Litt lenger framme gjekk det ein stikkveg ned til gamle­vegen; på skrå heim­etter. Det var enno ein veg her lenger uppe, men han vart helst berre brukt av beisti.

Etter å ha runda ein sving og gått gjenum skogen eit lite stykke, opna Tunsberg­dalen seg fram­fyr oss. Lyng­kledd og små­kupert, og mest ikkje eit einaste tre. Fine moltemyrar var det kvar ein såg.

Tunsbergdalsvatnet

Her gjekk vegarne saman att, og so dukka vatnet upp, spegel­blankt og vakkert, det var reint som me vart berg­tekne. Fjell­siderne og grøverne spegla seg so vent, bruset frå elvi vart veikare og veikare bakum oss, og snart var det heilt stilt. Me ana berre Buskrea i det fjerne, ei humle i lyngen, ein fugl, våre eigne steg. Alt var so stilt og fredeleg. Vegen gjekk stundom uppå, stundom djupt nedi. Der det var vorte for djupt, var det byrja på ny veg på kanten attmed.

Me gjekk forbi “Kvile­steinen”, ein flat stein som låg høveleg til i vega­kanten, og fram til ei grov som hadde laga eit djupt far ned­yver. Der ho rann ut i vatnet, var det ei vik inn­etter. Der pleidde Andersane å ha båten sin. Etter­som dei ikkje hadde naust, hadde gamle-Anders hatt for vane at han rodde fram Storelvi og lagra båten under ein hidler um veteren.

Nausti i Tunsbergdalen

Vegen fortsette framyver, og so dukka nausti upp. Fyrst felles­naustet til Haugen og Haug­lund; det var i stein og tre, med halvrusta bylgje­blekk uppå. Inni hadde dei kvar sin båt. Og so naustet til Myri; det var minder, i stein og tre, med torv­tak. Båten var måla i mange gilde fargar. Båtarne var av tre, og vart rodde. På dette bèl vart òg naustet til Erik-­Lars­garden uppsett. Det var av tre, med flatt bylgjeblekk­tak, og stod millom dei tvo andre.

Nausti til Larsgarden og Myri

Det blir fortalt at ein gong millom 1915-20 vart alle nausti sopa langt upp på Naust­myri av ei svær flod­bylgje. Det var på sein­vetteren, då det gjekk ei svær snø­skrede på hi sida av vatnet. Ho gjekk gjenum isen, og laga ei flod­bylgje som braut seg upp att på hitsida.

Grindi i Vassuri Vidare framyver kom me forbi fine molte­myrar, og no byrja det å smalna av. Fram­fyr oss låg Vass­urdi, ei svær, svart urd, som nådde upp nesten heile stup­bratte fjell­sida. Urdi gjekk rett i vatnet. Svære stein­blokker stakk upp or vassflata ut­etter. Der var ein mur med restarne av ei grind i, fyrr vegen byrja vri seg millom steinarne gjenom urdi. Her var det trolsk! Det var helder ikkje fritt for at me keik upp­yver for å sjå um det kom eit svært beist dundrande! Men urdi var bra trygg; ho hadde nok fått frå seg det meste. Det såg me på at ho var so myrk.

Tunsbergdalen

Det gjekk upp, det gjekk ned, inn og ut, millom steinar store som hus, og so låg flata fram­fyr oss. Der stakk det upp ein stor, flat stein, med plass til mange upp-å. Stor­elvi flaut lyd­laust forbi inni kjørri eit stykke burtan­fyr. Vidare upp på Vasstølen, ein svær åsrygg, som hadde sin like på andre sida av dalen; heiter Øya­haugen. Nett som Vass­urdi hev Lang­urdi på hi sida av fjellet. Her opna Tunsberg­dalen seg framfyr oss i heile sin breidde, det var som me måtte snu hovudet att og fram for å få med oss alt. Heilt flatt so langt auga nådde bein­strakt fram­etter fyrr dalen svinga mot vinstre; elvi som bukta seg frametter, ei mengd med løkar; lyng, busker, myrar, grassletter; og so stilt, so stilt. Nedpå flati såg me noko løgje; restarne av ei togbane med trekk­stol som hadde gått yver stor­elvi! Her nede hadde det ogso fyrr vore ei klopp yver sideelvi som rann tett innåt Vasstølen.

Nausti

Men no kom me oss ikkje lenger her. Me reiste ned att til nausti, drog ut båten og byrja ro utyver det store vatnet. Nausti vart mindre og mindre bak oss; duren frå Buskrea auka etter kvart som me kom nærare. Her sette me garn, og kasta steinar for å skræma fisken i fella. Og fisk vart det; store fine aurar. Vidare fram­yver, lyden av årane let høgt då det elles var stilt rundt. Det såg ut som me skulde ro oss på land, men so gleid båten gjenum ei smale vik, og Vetle­vatnet opna seg fram­fyr oss. Nesten trill rundt, med bratte fjell­sida upp til vinstre, Øya­haugen framan­fyr, og tett skog og kjørr mot elvi på høgre sida. Me kunde sjå aurarne hoppa og spretta etter flugor og my.

Uti med oteren, og ro rundt og rundt. Fiskarne var mindre, men like gode. Me gjekk i land i ned­kant av Vetle­vatnet og upp­yver nokre bakkar under fjell­sida, no skulde det steikast aure! Her var me på gamle tufter; me såg restarne av selet og løa som hadde høyrt til Blokke­berg.

Og so skulde me fram­yver Tuns­berg­dalen. Me batt båten godt nedan­fyr Øya­haugen og byrja gå. På Øya­haugen var der ein lun leir­plass millom høge lodd­rette fjell­knausar. Der stod ei rusta omns­pipe millom stein­blokkerne.

Det var fint å gå fram­etter, som å spasera på eit stove­golv.

Ei av løene og selet i Tunsberghaugen

Me gjekk lenger en langt, og kom etter kvart forbi tri løer, og burtan­fyr elvi låg Tunsberg­haugen, med eit sel gøymt inni skogen. Fyrr låg det enno eit sel der. Det gjekk fint an å vada elvi her, var ho ikkje for stor.

Tunsbergdalen

I gamle dagar slo dei gras kvar sumar, difor var det mange løer og sel rundt omkring i dalen.

Og so hadde me enden på dalen fram­fyr oss, med Tverra­dalen upp til vinstre, og Tuns­berg­dals­breden til høgre. Ein lang og rimeleg flat bred­arm frå Joste­dals­breden. På vinstre sida eit stykke frampå låg Brim­kjedlen, ein inne­klemd sidedal med flotte istårn. Vetters­tid var dette eit ynda tur­mål.

Uppyver mot Tverra­dalen fekk me fint utsyn mot breden, og mot dalen under oss. Vegen gjekk upp­yver på vinstre sida. Nesten uppe måtte me yver Tverra­dals­elvi, me hoppa på steinarne, for brui var det berre nokre stokkar att av.

Pergardselet i Tverradalen

Vel uppe kom me fyrst til selet i Per­garden, og so Erik-­Lars­gard­selet. Dette hadde fyrr høyrt til Myri.

Larsgardselet i Tverradalen

Burtan­fyr låg det gamle Erik-­Lars­gard­selet, neddotte.

Gamle Larsgardselet

Me sette oss og tok ei mat­ykt, det var fint å sitja og sjå ned­yver dalen og frametter breden. Men me fekk liksom ikkje sèt nok heim­etter, for dalen gjorde ein brå sving og kutta ut­synet. Lurte litt på namni, her me sat uppi det som fyrr vart kalla Tvær­dalen. Tuns­berg­dalen skulde vera uppatt­kalla etter Tuns­berg, eit berg på vinstre sida lenger nede. Og breden skulde ogso vera uppatt­kalla etter same berget, for heitte han ikkje upphaveleg Tunsberg­breden? Og Tuns­berg­dalen rekna ein fyrr starta trast framan­fyr vatnet, som upp­rinneleg heitte Leirdals­vatnet? Eller?

Her hadde det nok vore mykje liv i gamle dagar, men no var det so stilt, so stilt. Det var som alt heldt pusten, og berre venta på at vatnet skulde koma sigande sakte fram­etter, for til slutt å fylla heile den vakre Tuns­berg­dalen med kjøvande, iskaldt bred­vatn...

Etterord.

...Og den tid skulde koma. Men Tuns­berg­dalen hev vore gjenom mykje, og slett ikkje sét slik ut som han gjorde på denne turen alltid.

Upprinneleg, etter at isen hadde trekt seg upp i Leir­dalen og so nesten fram dit han er i dag, var vel heile Tuns­berg­dalen ein stor innsjø. Men etter kvart fylte elvi upp dalen med masse, og det vart land lenger og lenger heim­etter. Til slutt vart det slik som no, med Store- og Vetle­vatnet. Men elvi vilde fortsetja å renna, og ein gong inn i framtidi vilde Store­vatnet vorte heilt vekke.

Og kanskje vil breden ein gong byrja auka att, og sopa Tuns­berg­dalen, demningen og heile Leir­dalen ned på Leirmo­øygarden. For so å trekka seg attende att, og skapa ein ny Tuns­berg­dal. Slett ikkje utenkjande, han hev gjort det fyrr.

* * *






© www.leirdalsboki.no

  Valid XHTML 1.0 Transitional