Leirdalsboki

Framsida 1001-1800 1801-1900 1901-1950 1951-2000 2001-2050 Ymist



Stølsdrift i Haugen.

Av Johanne Leirdal.


I Tunsberghaugen
I rutete skjorte: Gunhild Aasestøl (Gurina).
Dei andre veit me ikkje kven er.

So vidt me veit har det aldri vore fastbuande folk i Tuns­bergdalen. (Me ser då burt frå segni om Thora Tuns­berg.)

Men liv og ferdsel var det i dalen alle årstider. Den tid det var stølsdrift i Tunsberghaugen — fram til ca. 1933 — måtte det masse ved til. Det var sikkert ein heil jobb, for dei som var leigarar av stølen.

Det var tidleg vår i haugen. Alt sist i mai kunne bufeet og budeiene komme.

Det var to sel — Leirmoselet og Elvøyselet. Det var to budeier i kvart sel og kvar budeie hadde ca. 65 gjeiter og nokre kyr.

Ein prat med Anna Øyen (f. åsastøl):

Ho var budeie der framme to somrar, saman med syster si — Sigrid. Dei var i Elvøyselet. I det andre selet var det ein sommar Jon og Sigurd Hesjevoll som stelte.

Anna seier at det var ein rett triveleg støl. Godt med beite og gjeitene mjølka detetter. Dei var fine til å “gå heim”. Kom ved firetida om morgonen. Det tok ca. to timar å mjølke kvar gong. Det vart mange timar arbeid då det var so mykje mjølk at dei måtte yste om kveldane ogso, og koke inn mysa langt utover natta.

Det vart lange og seige dagar — men triveleg. Heldigvis at ingen vart sjuke, seier Anna.

Dei fiska — brukte ein sekk og jaga fisken inn i. Hadde overflod av den sorten.

Av og til kom heile hestafølgjet i rakande tvibyks fram til dei. Det var eit flott syn å sjå, men dei var ikkje særleg velkomne åt tråi.

Frå ca. 26. mai til langt ut i september vart det mange veker. Ikkje snakk om å komme heim ein tur — men det var no slik det var for budeiene. Men dei fekk no besøk av og til, so dei fekk fylgje med heime.

Me forstår godt at det vart mykje arbeid for arbeids­gjevaren og. Utanom å sørge for veden, skulle osten kløvjast heim. Georg Vigdal fortel at dei gjorde fleire turar å kløvja heim i Leirdalen der dei pakka osten i kassar, som dei hadde laga sjølve. Dei vart kjøyrde til Gaupne og sende med båten til Bergen. Det var brunosten som vart send. Prisen dei fekk for kiloen kunne vere ca. 1,50 kr.

Kvitosten vart omsett heime. Ein del gjekk til Leirdølene som betaling for ved og leige av stølen.

Brunosten måtte ogso voksast før dei frakta han heim frå stølen. Ei djup gryte med smelta parafinvoks måtte til. Den eine halvdelen vart først duppa, so snudd til voksen var stivna, før resten vart gjord ferdig.

Det eine selet, fortel Georg Vigdal, vart bygd av far hans — kjend som vigdølen. Han brukte stølen frå ca. 1910 og nokre år framover til han leigde vekk selet sitt til Elvøy-karane. So vart han der igjen dei siste åra fram til 1933. Det andre selet vart bygd av Jon Leirdal (kjend som Jon i Øverli). Han selde sidan selet sitt til Melcior Leirmo.







© www.leirdalsboki.no

  Valid XHTML 1.0 Transitional