Leirdalsboki





Om Tunsbergdalen.

Av Johanne Leirdal.

Trekkstol
Trekkstolen.

Etter at det var slutt på stølsdrift (1933) i Haugen dyrka Ole J. Leirdal ca. 1 mål der framme og sådde til med gras­frø. Det vart gild avling i fleire år framover. Dette var vel den einaste “nylenda” i Tunsberg­dalen.

Men me kan berre tenke oss korleis det kunne sett ut om heile dalen hadde vorte drenert og dyrka. Me kan sjå og likna attåt Veitastrondi.

Likavel, det var Tunsberg­dalen slik som han var, som var berginga for leirdølene i gamal tid og fram til dei fekk dyrka meir og meir her heime.

I den tida måtte ein gå på med berre nevane og hand­reidskap for å få rudt ein åkerteig. Korn og poteter måtte til for å berge livet for seg og sine. Slåtten — det vart å sno seg rundt steinane med ljå og sigd.

Vassing
Men i Tunsbergdalen var det onnorleis. Der kunne ein breie seg og slå med ein ljå som var minst ei kvart lenger enn vanleg. Dess meir for dei klarde berge i Tunsberg­dalen, dess fleire dyr kunne forast over vinteren.

Ikkje berre i flati slo dei, men i skredene ogso. Som før sagt — etter kvart det vart dyrka meir heime — dabba det av med slåtten der framme. Siste somrane det vart onna, var etter at dei egentleg slutta, men det vart so liten avling heime at det var godt å finna nokre gode vintralass i Tunsberg­dalen. Gudrun og Ragnvald var vistnok dei siste. Det var i 1954. Dei gjekk då heimatt kvar kveld. Slik var det ikkje medan “gamlekarane” styrde.

I fjøla­skreppa måtte det pakkast nok mat for heile veka. Det var graut­mjøl, flesk, smør, ost, bygg­gryn, havre­gryn, eter, kaffi, sukker og salt. Ein kasse med flat­brød og ikkje å gløyme vete­kollen. Vete er inn­kokt myse, som vart brukt atåt grauten, til graut­emne og blanda med vatn til tyrste­drikka.

Løe
Kvar brukar hadde sine teigar med løe og ei lita hytte. Hyttene var små, gjerne berre 2,5 x 2,5m. Ein ovn med et kokehol, eit lite bord hekta fast til veggen. Senge­plassen vart markert med ein stokk slik at det var som ein binge der dei hadde litt høyrusk til bol og noko til over­breidsle. Der skulle alle få nattekvila (4-5 stk.). Som Margit seier: «Me låg amføttes, plent som grisene.» Men so snart det vart turt høy i ei løe vart det berginga. Då kunne det overnatte 12-14 stykker i same løa.

Teigane i Tunsbergdalen var Buskrea, Øyahaugen, Monsa­hans­grandane, Store­grandane, Råtalø­teigen og Tjødnene på vestsida av stor­elva; Vasstølen, Vasstølsli, Hole­grandane, Bjørkedott­myri, Løkafari, Tunsberg og Tunsberg­haugen på austsida.

Edvard på veg heimatt frå Tverradalen.
Slåttonna i Tunsbergdalen var spesiell på grunn av alt vatnet. I søylene slo dei ein skåre fram og so ein attende slik at den skåren kom saman med den første. So var det for kvin­folka å rake det saman og føre det mot turr­bredden, få det “på land” og breie det. Etter 2-3 dagar med godver og stell var det som regel turt. Verre var det om det vart berre ruskver, for denne storri var mest uråd å få til å henge i hes. Dei hadde også den årvisse flaumen å ta omsyn til.

Løene vart som regel for små, slik at det etter kvart vart mange høystakkar kring i dalen. Dette vart mange vintra­lass.

Å få Tunsbergdalshøyet heim i Leirdalen var ei såge for seg. Det måtte vere god is på vatnet og elvane, det var ein betingelse. Høyet der framme var ikkje so kraftig som heime­høyet, difor var det om og gjera å få det heim tidleg på vinteren, slik at ein fekk bruke litt av kvar sort.

Utanom slåtten vart Tunsberg­dalen ogso nytta til beite. Alle kalvar vart sleppte på Holegrandane, og dei gjekk ogso på Vasstølen og kringom. Uksane vart losa over store­elva og slepte på Store­grandane.

Hestar
Og so var det hestane. Det var mange som leigde beite åt hestane sine i Tuns­berg­dalen. Frå Sogn­dal, Hafslo, Vig­dal, Joste­dal og Leir­mo. Gods­eigar Knagen­hjelm leigde beite åt 10-12 hestar kvar sumar i mange, mange år. Han hadde ogso “gjetar” som såg etter dei fleire gonger i veka. Alle Leir­dals­hestane som var ledige gjekk ogso sjølvsagt der framme. Til­saman vart dette mange. Ein sumar var det over 80 stykke på beite i Tuns­berg­dalen.

Av dette forstår me at Tunsbergdalen var verdfull for Leir­dalen.

Det einaste ein hadde å halda vedlike var grindi i Vassurdi og kloppi over Vasstølsløken.

Pengane for beiteleiga vart i nokre år på slutten sett inn på bankbok. Dei vart nytta til å få telefon her til dalen.







© www.leirdalsboki.no

  Valid XHTML 1.0 Transitional