Leirdalsboki

Framsida 1001-1800 1801-1900 1901-1950 1951-2000 2001-2050 Ymist



Om Tunsbergdalen.

Av Johanne Leirdal.


Trekkstol
Trekkstolen.

Etter at det var slutt på stølsdrift (1933) i Haugen dyrka Ole J. Leirdal ca. 1 mål der framme og sådde til med gras­frø. Det vart gild avling i fleire år framover. Dette var vel den einaste “nylenda” i Tunsbergdalen.

Men me kan berre tenke oss korleis det kunne sett ut om heile dalen hadde vorte drenert og dyrka. Me kan sjå og likna attåt Veitastrondi.

Likavel, det var Tunsbergdalen slik som han var, som var berginga for leirdølene i gamal tid og fram til dei fekk dyrka meir og meir her heime.

I den tida måtte ein gå på med berre nevane og hand­reidskap for å få rudt ein åkerteig. Korn og poteter måtte til for å berge livet for seg og sine. Slåtten — det vart å sno seg rundt steinane med ljå og sigd.

Vassing Men i Tunsbergdalen var det onnorleis. Der kunne ein breie seg og slå med ein ljå som var minst ei kvart lenger enn vanleg. Dess meir for dei klarde berge i Tunsbergdalen, dess fleire dyr kunne forast over vinteren.

Ikkje berre i flati slo dei, men i skredene ogso. Som før sagt — etter kvart det vart dyrka meir heime — dabba det av med slåtten der framme. Siste somrane det vart onna, var etter at dei egentleg slutta, men det vart so liten avling heime at det var godt å finna nokre gode vintralass i Tunsbergdalen. Gudrun og Ragnvald var vistnok dei siste. Det var i 1954. Dei gjekk då heimatt kvar kveld. Slik var det ikkje medan “gamlekarane” styrde.

I fjøla­skreppa måtte det pakkast nok mat for heile veka. Det var graut­mjøl, flesk, smør, ost, bygg­gryn, havre­gryn, eter, kaffi, sukker og salt. Ein kasse med flat­brød og ikkje å gløyme vete­kollen. Vete er inn­kokt myse, som vart brukt atåt grauten, til graut­emne og blanda med vatn til tyrste­drikka.

Løe Kvar brukar hadde sine teigar med løe og ei lita hytte. Hyttene var små, gjerne berre 2,5 x 2,5m. Ein ovn med et kokehol, eit lite bord hekta fast til veggen. Senge­plassen vart markert med ein stokk slik at det var som ein binge der dei hadde litt høyrusk til bol og noko til over­breidsle. Der skulle alle få nattekvila (4-5 stk.). Som Margit seier: «Me låg amføttes, plent som grisene.» Men so snart det vart turt høy i ei løe vart det berginga. Då kunne det overnatte 12-14 stykker i same løa.

Teigane i Tunsbergdalen var Buskrea, Øyahaugen, Monsa­hans­grandane, Store­grandane, Råtalø­teigen og Tjødnene på vestsida av stor­elva; Vasstølen, Vasstølsli, Hole­grandane, Bjørkedott­myri, Løkafari, Tunsberg og Tunsberg­haugen på austsida.

Edvard på veg heimatt frå Tverradalen. Slåttonna i Tunsbergdalen var spesiell på grunn av alt vatnet. I søylene slo dei ein skåre fram og so ein attende slik at den skåren kom saman med den første. So var det for kvin­folka å rake det saman og føre det mot turr­bredden, få det “på land” og breie det. Etter 2-3 dagar med godver og stell var det som regel turt. Verre var det om det vart berre ruskver, for denne storri var mest uråd å få til å henge i hes. Dei hadde også den årvisse flaumen å ta omsyn til.

Løene vart som regel for små, slik at det etter kvart vart mange høystakkar kring i dalen. Dette vart mange vintra­lass.

Å få Tunsbergdalshøyet heim i Leirdalen var ei såge for seg. Det måtte vere god is på vatnet og elvane, det var ein betingelse. Høyet der framme var ikkje so kraftig som heime­høyet, difor var det om og gjera å få det heim tidleg på vinteren, slik at ein fekk bruke litt av kvar sort.

🐂 Utanom slåtten vart Tunsbergdalen ogso nytta til beite. Alle kalvar vart sleppte på Holegrandane, og dei gjekk ogso på Vasstølen og kringom. Uksane vart losa over storeelva og slepte på Storegrandane.

Hestar 🐎 Og so var det hestane. Det var mange som leigde beite åt hestane sine i Tuns­berg­dalen. Frå Sogn­dal, Hafslo, Vig­dal, Joste­dal og Leir­mo. Gods­eigar Knagen­hjelm leigde beite åt 10-12 hestar kvar sumar i mange, mange år. Han hadde ogso “gjetar” som såg etter dei fleire gonger i veka. Alle Leir­dals­hestane som var ledige gjekk ogso sjølvsagt der framme. Til­saman vart dette mange. Ein sumar var det over 80 stykke på beite i Tuns­berg­dalen.

Av dette forstår me at Tunsbergdalen var verdfull for Leir­dalen.

Det einaste ein hadde å halda vedlike var grindi i Vassurdi og kloppi over Vasstølsløken.

Pengane for beiteleiga vart i nokre år på slutten sett inn på bankbok. Dei vart nytta til å få telefon her til dalen.







© www.leirdalsboki.no

  Valid XHTML 1.0 Transitional