Leirdalsboki

Framsida 1001-1800 1801-1900 1901-1950 1951-2000 2001-2050 Ymist



Stovehusi.

Av Helge Leirdal.

Alle husi var lafta, med bordkledning på utsida. Inne var vanlegvis veggerne kledde i dei rommi som vart nytta til dagleg.

I fyrste etasje var husi stort sett oppdelte i kjøken, kammers, stove og gong. Somme stader var det ogso spiskammers. Dei daglege opphaldsrommi var kjøken og kammerset. Stova vart berre brukt til fint; i jolahelgi og når ein hadde gjestabod. Difor vart det jo ekstra stas når ein skulle inn dit, ogso for dei som budde i huset. Det var ogso ei finstove i andre etasje i tri av husi, like stor og rett yver hi. Kanskje berekna på gamlefolki? Stoverne var ljose og fine, med fire glas, tvo på kvar yttervegg. På Blokke­berg var glasi krysspostvindauge med sprosse i nedste råma; kalla empirevindauge. I Erik-Larsgarden hadde gamlehuset for det meste glas med tvo råmer og åtte småe ruter i kvar råme, kalla barokk- eller rokokko­vindauge.

Ingen hadde tropp ned i kjellaren, ein måtte ut for å koma inn der.

På Blokkeberg var den ytste kjellaren plassen der ein vaska klær, baka flatbrød, kjølte ned mjølki, kokte grisamat, og so burtetter. I rommet innafor vart det lagra hermetiserte matvarer, slik som bær på Norgesglas. I inste rommet vart poteterne lagra. Og dei havna der på ein litt spesiell måte:
   Inne i gongen i fyrste etasje, tett burtmed stovedøri, var der ei liti luke i golvet. Frå den gjekk det ei skrå sjakt ned i “patekjedlaren”. So sette dei ei slags renne nedi der, og bar poteterne inn i gongen og tømde deim nedi. Var jo praktisk, men det vart kanskje ikkje so reint inni gongen etterpå. Men det brydde vel ikkje karfolki seg so mykje om, det var ikkje dei som måtte vaska.
4 ruter    Når ein skulle inn i den gongen, måtte ein forresten passa seg litt. For, fyr å få inn litt ljos, hadde dei nemleg laga til ei smal glasrekkje med fire ruter i yver døri. Dette førde til at døropningen vart so låg, at var ein av nokonlunde vanleg høgd, so skadla ein uppi um ein ikkje hugsa å bøyga seg, når ein trødde yver dørstokken. Det var helst når ein var på veg ut at det small.
   Då “skuret” var bygd, vart både døri og glasrekkja yver fjerna, men det vart til at ein gjekk og bøygde seg når ein gjekk gjennum der likevel, i mangfoldige år etterpå.
   Det vart slutt på å bruka luka i golvet i gongen ein gong på sekstitalet, og det vart i staden laga ei renne i muren ute, på heimsida. Men ho vart ikkje brukt so lenge, og so vart det til at ein bar poteterne inn i kjellaren og tømde deim. Men det røynde på ryggen, for det var lågt under taket, og ein måtte gjennum tri endå lågare døropningar.

Alle brukte vedomnar til uppvarming og matlaging fram til dei fekk straum på slutten av femtitalet. Veden vart oppbevart i ein vedakasse attmed omnen. Kassen hadde hengsla lok, og var dermed fin å sitja på. Heitt og godt var det jo ogso der. Katten likte seg derimot best under omnen.

I eldre tider var det vanleg at ein nytta stova både som opphaldsrom og til vanleg matlaging. Kjøken var vanlegvis for kald til å kunna opphalda seg i, særskildt vetterstid. So det er helst i nyare tid at stova vart gjort om til finstove.







© www.leirdalsboki.no

  Valid XHTML 1.0 Transitional