Leirdalsboki





Leirmoøygarden.

Av Helge Leirdal.

øygarden


Leirmoøygarden er knyte­punktet millom hovud­vegen og Leir­dals­vegen. Det er vel heller uvisst kva namnet kjem frå, men kann det ein gong ha vore ein gard her, som so er vorte liggjande aude? Og visserleg finn me tufter heilt ned­med stor­elvi.

Det som er sær­merket her, er gamle­brui. Ein drusteleg stål­konstruksjon som reiser seg høgt i lufti, og som sikkert i si tid verka temmeleg over­dimensjonert på ein slik smal bygdar­veg. Men dei ville vel setja upp noko som verkeleg skulle halda, etter at den berre 20 år gamle stein­kvelvings­brui vart teki av flaumen i 1926.

Brufundament
Restarne etter stein­kvelvings­brui, på heim­sida.

Hovudvegen vart bygd i 1890-åri, og der vart då upp­sett ei trebru et stykke nedanfyr dei som står i dag. So vart den flotte stein­kvelvings­brui uppsett i 1906, ein sér fortsatt restarne av henne nett uppan­fyr stålbrui. Den for so i stor­flaumen frå Brim­kjedlen i 1926, og det vart oppsett ei provisorisk trebru. Jarnbrui vart so uppsett i 1934, og gjorde god nytte for seg heilt fram til anleggsdrifti starta. Då fekk dei trong for ei breiare bru, og nyebrui vart bygd. Til glede for mange yrkessjåførar, ettersom det var ein heller skarp sving akkurat der ein køyrde innpå gamlebrui på heimsida. Dei som hadde stor buss eller lastebil måtte sikta godt.

Vognhusi.

Fyrr det vart køyre­veg til Leir­dalen, i 1963, var vogn­husi gode å ha. Det var tvo doble, tilhøyrande Hauglund og Per­garden, og Larsgarden og Haugen, og tvo enkle. Dei tvo doble stod tett innåt kvarandre på nedsida av vegjen. Vogn­huset i Andersgarden står på uppsida. Vogn­huset til Blokkeberg vart seinare flytta upp i Leirdalen og vart etter kvart nytta som staura­hus.

Mjølki.

«Mjelkerampen» var i bruk frå 19__ til 19__. Det var vanleg­vis Øystein og Sverre som hadde mjølkekøyringi. Dei tok kvar si veke, måndag til laurdag. På slutten var det berre Øystein som køyrde. Mjølki vart send til meieriet i Sogndal i «mjelkekådla», som fanst i tvo storleikar, 20 og 30 liter. Dei var merka med tresifra nummer. Spesielt den største var nok tung å få upp i karmen. Måndag kveld måtte dei i tillegg ned på Øygarden att fyr å henta tom­kollar; og so var det fyr alle til å vaska i full fart slik at dei hadde noko å ha kveldsmjølki i. Det måtte vaskast og skolast grundig, med «Bas» og «Bramin». Vart ikkje meieri­­folki nøgde med kvaliteten på mjølki, fekk ein raud lapp på kollane. Det hadde naturleg­vis vore skamfullt. Det var mykje arbeid med mjølki, millom anna måtte ein stå og stampa i henne med ei slags sleiv; ei lang metall­stong påmontert ei rund skive med hol i, fyr å kjøla henne ned.

Den gamle hovudvegen.

Tak deg ein spasertur etter den fine gamle­vegen på heim­sida (yver nyebrui og rett til vinstre), der han fyl elvereina. Lang og snorrett, til han brått blir vekke, der han vart teken av elvi i 1926.

Han dukkar upp att eit stykke lenger burte godt nede i skråningen, med fin mur på uppsida og stabbe­steinar på nedsida. Men berre 10-12 meter. For so å dukka opp att enno lenger borte, her vel 30 meter lang.

Den gamle Leirdalsvegen på Leirmo­øygarden kann du ogso fylgja eit stykke. Du går forbi det vetle huset på høgre sida og so til vinstre. Her fylgjer du det gamle elve­faret.

Trehus






© www.leirdalsboki.no

  Valid XHTML 1.0 Transitional