Leirdalsboki





Leirdalen og Tunsbergdalen.

Av Inger Marie Leirdal.
(Kjelder: Lustraboka og Lars & Brita.)

FORORD.

Emnet er valt avdi eg har stor interesse for utviklinga i mi eiga heimbygd gjennom tidene. Under arbeidet vart eg betre kjend med stad­namn, særleg i Tuns­berg­dalen. Eg ser det også som ein verdi å få skriva ned namn på teigar, stølar og liknande. Desse namna har vore nytta i mange menneske­aldrar. Men dersom dei ikkje vert skrivne ned, vil mange av dei verta gløymde når dei eldre menneska vert borte.

Når Tunsberg­dalen vert ned­demd, fell namna ut av bruk der framme. Men dei er likevel verdt å ta vare på, som eit minne om den tida naturen låg urørd og tiltrekkande i Tuns­bergdalen.

LEIRDALEN.

Leirdalen er ein sidedal til Joste­dalen. Han ligg ca. 300 meter over havet og ligg nær breen. Dette er dalen prega av, både når det gjeld natur og voksterliv. Både i nord og vest reiser fjella seg høgt over dal­botnen. I sør er fjellet slakt og skog­kledd heilt til toppen. Både i nord og vest har fjell­sidene skog­grense eit godt stykke nede i fjell­sida. I tidlegare tider låg Jostedals­breen nedover fjellet i nord og vest, men no er breen berre synleg på toppen av fjellet i vest, framanfor Hest (nordvest). Det er to fjelltoppar som reiser seg høgt over dei andre. Asbjørnsfjell eller Nosi, som vi seier, ligg i sørvest og er 1610 meter over havet. Det er fint terreng i området, og det er såleis flittig brukt ski­terreng. Om sommaren er det heller ikkje uvanleg å møta folk i fjellet her. Hest ligg i vest og er 1597 meter over havet. Dette er òg eit ettertrakta ski­terreng i påske­helga. Hest er kjenne­merket på Leir­dalen. Fjellet er også tydeleg synleg frå Gaupne, som ligg vel 1 mil unna.

Gjennom Leirdalen renn Leir­døla eller Leira som ho heitte tidlegare. Ho renn ut frå Tunsbergdals­vatnet. Elva går i store svingar som har arbeidd seg opp gjennom tidene. Ho deler dalen i to, men det er busetjing berre på den eine sida. Nedanfor elveoset er ein fin foss som heiter Huldre­hus­fossen. Nokre hundre meter nedan­for er ein annan foss, Fjell­støls­fossen, som ein ser frå Leir­dalen.

KORLEIS DALEN HAR FÅTT NAMNET LEIR­DALEN?

Det fyrste namnet på Leir­dalen var Øydegarden. Det var truleg fordi dei som kom hit, kom til ein folketom stad. Men namnet Øydegarden tyder òg på at det har vore ein aud gard her då det kom innflyttarar. Dette er uklart. Etter det ein veit vart Øyde­garden privat­gods til ein fut frå Flahamar i Luster. Det varte ikkje lenge før dalen skifte namn. Elva som renn gjennom dalen heitte Leira på den tida. Dette namnet hadde truleg kome av at ho førte med seg så mykje leire frå Tunsberg­dalen. Ho har òg gjeve dalen namn og Leir­dalen har vore namnet heile tida etterpå.

ÅRSAKER TIL TILFLYTTINGA.

Grunnen til at folk kom til Leirdalen, var truleg mangel på jord på heim­staden. Det var òg mange som kjøpte opp jord på den tida og som hadde leig­lendingar. Leirdalen låg bra nær og hadde god jord.

TUNSBERGDALEN.

Tunsbergdalen er ein milelang dal som ligg framanfor Leir­dalen. Det går sti og kløvjeveg fram til Tuns­berg­dalen. Vegen frå Leirdalen går over Øystels­myra, fram over Bak­sela­bakken, over Naust­myrane og fram til Store­vatnet. Her deler vegen seg i to.

Tunsbergdalsvatnet

Terrenget i Tuns­berg­dalen er flatt, og det er bratte fjell på begge sider. Over dei lange flatene i dalen renn fleire elvar som kjem frå Tuns­bergdals­breen, den største brearm til Joste­dals­breen. Tuns­bergdals­breen ligg fremst i Tuns­berg­dalen. Nedst i Tuns­berg­dalen ligg Tuns­berg­dals­vatnet. Det er delt i to med ein smal hals imellom. Nedanfor halsen kallast vatnet Storevatnet og framanfor Vesle­vatnet. Vesle­vatnet vert stengt av ein høgning i land­skaptet som heiter Øya­haugen. Framan­for denne haugen ligg det lange flatar. Der vart det drive slåttonn om somrane for ca. 40 år sidan. No ligg berre løene og dei små hyttene som onne­folket budde i, att. Flatene er delte i mange teigar av elvane. Desse har kvar sitt namn frå den tida det vart drive jord­bruk her.

Lengre framme i dalen vart det drive to setrar tidlegare. Den eine ligg nede på flatane og heiter Tuns­berg­haugen. Den andre ligg oppe i fjell­sida, vest for breen. Denne setra heiter Tverra­dalen og ligg ved enden av ein sidedal til Tunsberg­dalen. Denne dalen er tydeleg graven ut av breen. Det ligg mange morener her, og fjellet er heilt blank­slipt. Frå Tverra­dalen går det to elvar ned i Tuns­berg­dalen. Dei kan vera nokså store somme tider på året, og har såleis vore til stor hindring for folket på setra der oppe.

Det går veg framover Tunsberg­dalen frå Naustet. Han følgjer Store­vatnet langs Vass­urane, men kryssar dalen lengre framme. Når folket drog med dyr fram­over, tok dei oftast den vegen. Men når dei reiste åleine, tok dei båt frå Naustet til Øyahaugen. Det var lettare å gå derifrå.

Storevatnet er 36 meter djupt på det djupaste. Det er uklårt, fordi elvane fører med seg leire frå Tuns­berg­dalen og blandar i vatnet. Men Vesle­vatnet er klårt og fint. Det ligg framanfor utlaupet til elvane og unngår all leira. Vesle­vatnet er fint fiske­vatn, og om sommaren kan det verta fiska fin fjellaure her. Når det er varmt ver og det lir utpå sommaren, er det fint å bada i Vesle­vatnet.

Om sommaren er det vanlegvis mykje folk her, med båtar og fiske­utstyr. Det er ei fin form for avslapping. Her er fredeleg, og det finst ikkje ein motorbåt enno som bryt stilla. Ingen har vilja hatt motorbåt her framme.

Elvar i Tunsbergdalen


Teigar i Tunsbergdalen


SKOG OG JORD.

Dei vanlegaste tresortane er bjørk, åre, raun og osp. Desse treslaga finst i alle fjellsider i Leirdalen. Men berre fjell­sida i sør er dekka med lauv­skog heilt opp.

Barskog er det mindre av. Det finst ein del på den fjellsida der vegen kjem opp til Leirdalen, i aust. Der er både eine og gran, men for det meste er det fure. Oppe i Leirdalen er det no utplanta granfelt mange stader. I Tunsbergdalen finnst ikkje barskog, med unnatak av nokre einerunnar. Etter at stølsdrifta slutta i Tuns­berg­dalen, har det i vegen frå Øya­haugen og fram­over vokse tett med vier. Heile flatene frå Vesle­vatnet og framover er tett­vokse med vier og det er såleis vanskeleg å ta seg framover dalen for ukjende folk. Jorda i Tunsbergdalen er mykje av silt og grande. I Leirdalen er det god dyrkings­jord, og det er her dei beste forut­setningar for jord­bruket er.

DYRELIV OG FUGLELIV.

I tidlegare tider var det eit yrande fugleliv. I fjellet i Leirdalen og i Tunsberg­dalen var det mengder av rype. Det fanst og ein god del orrfugl. Ørna kunne ein sjå av og til, men det var likevel heller sjeldan. Av små­fugl­artar fanst ei mengd. Dette gjaldt både flyttfuglar og fuglar som var her heile året. Kråke og skjor har vore vanlege fuglar like til no. Men fugle­livet har endra seg mykje gjennom åra. Ryper finst mest ikkje lengre. Det same gjeld for orrfuglen. Det er heller ikkje så mange småfugle­artar, og av dei som er att er det fåare i talet. Svale, erle, trast, stare og gråsporv er dei vanlegaste artane av småfuglar.

Det vart drive mykje jakt på fuglane før, særleg ryper. Gutane dreiv dette som sport, og dei kunne fanga eller skyta mange ryper i løpet av vinteren. Men dét er neppe nokon grunn til at rypa er nesten forsvunnen.

Dei vanlegaste dyreartane var hjort, rev, hare, ikorn, mårkatt og røysekatt. Bjørnen gjekk her i mange år. Den siste vart skoten i 1956 av Sverre Leirdal. Bjørnen hadde då gjort så stor skade på saueavlingane, at saue­eigarane fann det som den einaste utveg å skyta han. Hjorten trivst godt i Tunsberg­dalen, nærare bestemt i Bjørke­dotten. Men han fér og andre stader og av og til kan vi sjå han nede på enga.

Det vart drive mykje harefangst og røysekatt­fangst tid­legare, men det er slutt på no.

Reven er vel det vanlegaste villdyret. Han fer og tuskar, og dei ser spor etter han mange stader heilt ned til husa om vinteren. Det gjeld sjølvsagt dersom det er utlagd åtl til han, noko som ikkje er uvanleg enno.

KONTAKT MED NABO­BYGDENE.

På grunn av dårleg veg og seine framkomst­middel var det heller liten kontakt med nabo­bygdene. Den einaste form for kontakt var handelen. All handel føre­gjekk på Røneid. Dei sa dei skulle til sjøss. Dei køyrde med hest og måtte reisa tidleg om morgonen. Varene dei hadde med var smør, ved, poteter og liknande. Smøret leverte dei salta i fyrstninga. Då trong dei ikkje til Gaupne så ofte. Seinare leverte dei usalta smør og då vart det vanleg med ein tur til “sjøss” kvar veke. For varene bytte dei til seg kaffi, sukker, gryn og sirup. På turen til Gaupne var dei alltid innom Øya­gjerdstova, som ligg på Øyagjerdet ved hovud­vegen til Jostedalen. Stova vart driven av Brita Øya­gjerdet som dei kalla henne. Ho heitte Brita Leirmo. I Øya­gjerd­stova kjøpte dei kaffi som dei hadde til nista si.

Rundt juletider kom det alltid hallingar på besøk til Leirdalen. Dei kjøpte sauer hos gardbrukarane. Sauene skulle alast opp i bygda til jonsok. Då kom hallingane att og reiste med heile saueflokkane. Dei kom berre til Bjønsøy når dei skulle henta sauene. Etter gamal vane førte gard­brukarane alle dyr som skulle ut av bygda, til Bjønsøy. Bjønsøy ligg også ved hovud­vegen til Joste­dalen.

GARDANE OG HUSDYRA.

Leirdalen vart delt i tre hovud­gardar som vi høyrer om alt i 1612. Det var Pergarden, Larsgarden og Anders­garden. Gardane skifte ofte eigar den fyrste tida. Det var òg på denne tid at namnet Øydegard vart endra til Leirdalen, etter elva Leira.

På 1700-talet er nokre hus­manns­plassar nemde. Hola vart hus­manns­plass under Lars­garden, og Sølfest­haugen, Ras­mus­haugen og Johans­haugen under Anders­garden. Seinare vert Gruvle­bakken hus­manns­plass under Anders­garden òg. Alle desse plassane vart kjøpte og drivne som sjølv­stendige gards­bruk.

På alle gardar var det hestar, og hesten vart brukt både sommar og vinter. Om sommaren vart han brukt i onna, og han gjorde såleis arbeidet lettare for onnafolket. Til dyrking var han og nyttig. Om vinteren måtte høyet fraktast frå alle småløene rundt omkring. Dette vart rekna for fint arbeid både for folket og hestane. Oftast var det vinterføre og fin snøveg, og på denne tida av året var det heller ikkje så travelt for gard­brukarane.

Dei vanlege husdyra var ku, sau, gris og høns. Tidlegare var det geiter på gardane og, men ingen hadde særleg mange. Utpå våren vart sauene sleppte til fjells. Kyrne fekk koma på vårstølen, som låg langt nede i dalen, og snøen gjekk difor tidleg der. Seinare på sommaren bar det på fjellstølen. Her var budeine saman med dyra heile sommaren. Det gjaldt å ha dyra ute lenge, for det var lite med fór. Då dei buførte heim att frå fjellstølen, var dei på vårstølen att.

FOR OG FORSANKING.

I Leirdalen vart høyet slått og hesja, og turrhøy var såleis vanleg fòr om vinteren. Då slått­onna var over i Leir­dalen, drog gard­brukarane og familiane deira til Tuns­berg­dalen. Graset vart seinare utvokse her, og det passte bra. Det var ofte vått gras med leire i, for elvane gjekk over og reduserte verdien i det med all leira som vart liggjande att. Onna i Tuns­berg­dalen var den seigaste og alle grua seg til ho.

Etter at høyet var kome i løene i Tunsberg­dalen, bar det på lauving. Lauv var godt fòr, og dyra fekk mykje lauv om vinteren. Det vart lauva særleg mykje bjørk, åre og raun. Ospelauv var heller ikkje uvanleg. Bjørk og åre vart lauva så tidleg på ettersommaren som mogeleg. Til lauving brukte dei snel. Lauv­kjervane vart sette til tørk og deretter lagra i store lauvrauk. Dei vart køyrde heim på gardane utpå vinteren, når snøen og veret gjorde det mogeleg. Etter at lauvet var oppete vart kvistane (troset) brote saman til trosbuntar og brukt til ved.

BÆRSANKING.

Kvar haust var alle mannfolka på bærsanking. Dei hadde dei eldste borna med seg. Grunnen til at det var mannfolka som sanka bær, var at konene og dei yngste borna var på stølen. Det var helst blåbær og tyttebær dei sanka. Det var mykje bær og dei kunne plukka i tønnevis. Bæra frakta dei til Gaupne og selde dei på butikken. Det var viktig å få tak i mykje bær, for desse gav ei lita ekstraintekt til huslydane. Bærteigane låg ikkje langt unna, og det var felleseige, så alle plukka på same stadene. Bæra gjekk til butikken, det var sjeldan dei tok av noko til bruk for seg sjølve. Dei tykte ikkje at dei hadde råd til det. Dersom dei tok av litt, vart det i tilfelle laga sylte som dei brukte i julehelga og andre høgtider, og det var helst når dei hadde gjester at dei tok fram sylte­tøyet.

STØLAR OG STØLSDRIFT.

Tidleg om våren drog konene og dei yngste borna på stølen med kyrne. Dei buførte, som vi seier. Alle kjelar, bøtter, stampar og ystekollar vart frakta på stølen. Her vart kyrne mjølka. Mjølka vart ysta, og mysa kokt. Kokt myse vart kalla væta. Ho brukte dei til graut og annan mat i staden for mjølk. Smøret vart kinna på stølen. Saupet som dei fekk vart også brukt til drykk. Det vart laga både brunost og kvitost på stølen, men den vanlegaste var gamal­osten. Når vi tenkjer på stølslivet no, førestiller vi oss kanskje at rømme og helle­kaker var kvardags­kost, noko som langt frå var tilfelle.

I sela kunne det vera svært koseleg. Fyrst kom ein inn i eit skot. Der var det kokering og der vart osten kokt. Så kom ein inn i selet. Det vanlege inventar var to-tre skamlar, nokre stolar og eit bord. Senga var ofte kort og brei. Separatoren var plassert inne i selet. Ei enkel fjøl utgjorde hylla i selet. Innanfor sjølve “stova” var det òg ei lita bu. Der var kinna plassert. Veggene hadde mange hyller kvar, for ostane vart lagra i denne bua. Bak døra eller på ein eller annan vegg hang mange reiskaper som dei brukte når dei ysta eller kinna.

Fjøset var anten i kjellaren, eller det var påbygt ved sida av selet. Ingen hadde fjøset i ein bygning for seg. Støls­livet varte like til september månad, eller kanskje enno lengre dersom veret tillet det om hausten.

NEDSTE OG ØVSTE TROA.

I Nedste Troa var det to sel. Det eine høyrde til Ras­mus­haugen. Det andre høyrde til Hauglund. I Øvste Troa var det også to sel. Eit var under Larsgarden og eit høyrde til Pergarden. Båe desse stølane var vårstølar og såleis i drift tidleg om våren og seint på hausten. Det var konene på gardane som var på stølane, men det hende at dei eldste døtrene tok seg av stølsdrifta så nær gardane. Dyra gjekk saman på felles­beite.

FJELLSTØLEN.

På Fjellstølen var det eit sel som høyrde til Anders­garden. Korleis denne stølen har fått namnet er uvisst sidan han vart brukt som vårstøl når dei andre hadde buskapane sine i Øvste og Nedste Troa. Stølen vart driven berre kort tid. Stor­haug hadde vore vårstølen til Anders­garden. Etter ut­skiftinga vart det bygd eit nytt sel på Fjellstølen, fordi Nedste Troa hadde vorte eigedom til Anders­garden.

For å koma til Fjell­stølen må ein over elva og det vart bygd bru til Fjell­stølen. Brua har ofte vore i dårleg stand og ho har falle ned to gonger. Men ingen har omkome, sjølv om det har vore både folk og dyr på brua når ho har falle ned. No skal brua rivast for godt, og erstattast med ny.

SKARET.

Skaret ligg langt oppe i fjellsida og vart nytta til fjellstøl. Her var fleire sel, eit til­høyrde Anders­garden og eit til­høyrde Leirmo, ein gard som ligg ved hovud­vegen til Jostedal.

NONHAUG.

Nonhaug ligg også høgt oppe i fjellsida og vart brukt om sommaren. Stølen låg fint til og hadde utsikt over Leir­dalen, Tuns­berg­dalen og Vig­dalen. Vegen opp til Non­haug er bratt og han har mange særeigne namn, blant anna Kjerring­steget, Lasse­holet og Ilage.

TUNSBERGHAUG OG TVERRADALEN.

Tunsberghaug og Tverra­dalen heitte stølane i Tuns­berg­dalen. Desse vart òg brukt sommars­tid. Tuns­berg­haug tilhøyrde Haug­lund; Tverra­dalen tilhøyrde Lars­garden og Per­garden.

UTSKIFTINGAR.

Etter ynskje frå ein av gard­brukarane i Leirdalen vart det utskifting i 1946. Mange av dei andre gardbrukarane vart misnøgde med dette og i 1947 vart det over­utskifting. Mykje av jorda hadde vore felles­eige som dei brukte til beite. Dette var ei hindring for dei som ville dyrka meir jord. Teig­blanding hadde også gjort gardane tung­drivne. Såleis var utskifting naud­synleg.

Gardane vart samla og felles­beita vart delte. Dette kunne vera urettferdig på mange måtar. Når teigane skulle samlast til kvar gard var det uunngåeleg at somme gardar fekk flatlendet, medan andre vart heller bratte. Men etter utskiftinga i 1947 har det ikkje vore noka endring på gardsbruka. Sølfesthaugen vart flytt og husa vart sette opp ved Per­garden og fekk namnet Haug­lund. Elles vart det lite forandring av plasseringa på husa.

Leirdalen før utskiftinga


Leirdalen etter utskiftinga


LEIRDALEN 1975.

Det har gått føre seg ei rivande utvikling i Leir­dalen dei siste åra. Alle stølane er nedlagde. Dalen har fått bilveg, som vart ferdig i 1963. Hesten, som hadde vore heilt naudsynleg til transpost av varer og til dyrkingsarbeid, er bytt ut med bilar og traktorar. Den siste hesten reiste frå Leirdalen i 1973.

Gardane er oppdyrka på nytt. Beita er dyrka og gardane er såleis større. Like­vel er dei for små til at ein familie kan leva av inn­tekta. Gard­brukarane har arbeid ved sida av garden. Dette er ganske greitt å skaffa seg, fordi det har nettopp starta anlegg i dalen. Tuns­berg­dalen skal ned­demmast, og arbeidet er alt i gang med å byggja ny veg på andre sida av elva. Vegen vart mest ferdig hausten 1974. Det krevst ny bru, og ho er snart ferdig. Demningen skal vera ved elveoset framanfor Leir­dalen. Han skal vera 28 meter høgre enn vassflata på vatnet er no. Heile Tuns­berg­dalen vert såleis sett under vatn. Berre Tverra­dalen kjem over vass­flata. Kva følgjene av utbygginga vert, er uvisst. For gardane er det dårlege framtids­utsikter, fordi mykje av beita som er att blir øydelagde av den nye vegen.

Bygdefolket kan i alle til­felle gleda seg over dei åra som er til­bake­lagde. Dei har levd fritt og i godt sam­arbeid med kvar­andre. Den nære kontakt med naturen gjev avkopling og ro om ein ynskjer det. Bygde­folket sin framtids­draum er at Leir­dalen ikkje blir ramma av sentraliseriga slik at dalen vert fråflytt, men at ut­viklinga i bygde­samfunnet må få halda fram i den retning ho går no.

* * *






© www.leirdalsboki.no

  Valid XHTML 1.0 Transitional