Leirdalsboki





Den skumle Leirdøla.

Av Per Birger Lomheim.


Per Birger Lomheim er av­delings­ingeniør hjå Statens veg­vesen, og er veg­vesenet sin museums­kontakt, det vil seie å ha ansvar for verne­verdige vegar og bruer og veg­relaterte kultur­minner i Sogn og Fjordane.



Eg vil i denne jule­helsinga fokusere på ein del av den historiske sam­ferdsla gjennom Joste­dalen. Den einaste kommunen og preste­gjeldet i Sogn som ikkje grensar til sjøen. Det var berre eit samband og det var over fjell, gjennom tronge juv og over elvar. Stiane og vegane var det so som so med, men dei vart etter­kvart utbetra og bygde i pakt med utviklinga. Jostedalen har lange tradi­sjonar som ferdsleåre over Handspiki til Sjåk, og over Jostedals­breen til Oldedalen, Lodalen og Oppstryn. Den aukande ferdsla gjennom Joste­dalen tvinga fram ein betre veg. Det vart etter kvart bygd vegar og bruer. Dette skapte visjonar om utvikling og voner i vonløysa. Men vegar og bruer hadde eit usikkert liv. I dette tøffe landskapet stod natur­kreftene i kø for å sprengja bort både vegar og bruer. Plutseleg var livs­nerva borte.


Gamlevegen over Leirdøla?

Dei gamle vegane gjennom Joste­dalen er i dag historiske kultur­minner. Her finn vi dei eldste køyre­vegane på nord­sida av Sogne­fjorden, og dei er bygde etter det franske prinsipp: Rette linjer og murte veg­kantar før 1850, og seinare ombygde vegar etter Chausse­perioden 1850 — 1912. Gamle­vegen over Hauk­åsen er fantastisk. Men kvar går gamle­vegen over Leirdøla? Det har vi inga spor etter. Det er eit mysterium som eg vil prøva å gje eit lite svar på. Då eg opp­daga eit gamalt krokikart over Leirmo, fann eg ut at vegen hadde gått ein annan stad enn det eg hadde tenkt meg. Terrenget ved Leir­mo/Leir­døla er forandra mange gonger og på mange måtar opp gjennom tidene.


Flaum 6. august 1900.

Trebruene over Leirdøla var svake, lite robuste for den skumle Leirdals­elva. Flaumane gjekk ofte, og repara­sjonane av skadane var meir eller mindre årviss. Det var ein større flaum i 1889 som skada tre­brua. Åra 1896/97 vart det utført ein større hovud­reparasjon på brua. Denne brua stod lenger nede enn dagens bru over Leir­døla.

Så kom den store flaumen den 6. august 1900. Elva voks på eit par timar til ein used­vanleg stor­leik. Elva braut seg nytt leie, skar seg gjennom hovud­vegen nedan­for brua, over det gamle elveløp og øydelagde vegen i ein lengde av 300 meter. Etter dette vart den gamle brua ståande på turt land utan skade. Men Joste­dalen var avstengd og utan sam­band. Det vart straks oppført ei provisorisk bru over det nye elveløpet og med til­støytande vegar til ein kostnad av kr. 588,36.


Plan om jarnbru 1901.

Seinare utarbeidde amts­ingeniøren ein plan med overslag for permanent bru over det nye elveløpet med tilstøytande veg­arbeid. For­slaget hadde ein kostnad på kr. 12.000,- som amts­ingeniøren ville føra som ved­like­hald. Fylkes­tinget bud­sjetterte kr. 9.000,- i 1901, men alt i 1902 løyvde dei kr 5.700,- til eit nytt bru­prosjekt. Etter ein grundig under­søking av forholda ved det nye elve­løpet har veg­direktøren saman med fylkes­veg­styret funne det rettast no å ikkje bygga ei dyr jarnbru, men flytta den gamle trebrua til den nye bru­staden. Men arbeidet vart ikkje slutt­førd, for i august 1903 kom det ein ny flaum som tok den provisoriske brua med til­støytande vegar. Amts­ingeniøren måtte vur­dera prosjektet grundigare.


Kvelvingsbrui på Øygarden

Kvelvingsbru år 1906.

Flaumen i 1903 raserte den provisoriske brua og dei tilstøytande ny­bygde vegane. På grunn av dette og frykta for nye flaumar måtte ein bygga elve­forbygging i ein lengde av 350—400 meter på kvar side av elva ovanfor brua. Dette var ikkje sikkert nok og prisen ville verta van­vittig stor. Det vart så planlagt ny bru så langt oppe i elva at ein skulle vera trygg for einkvar bre­flaum.

Den nye bru­staden hadde fjell på begge sider og det vart planlagt ei stein­kvelvbru med 16 meters spenn­vidde. Kvelvet skulle dessutan leggast så høgt at det kom over alle antatte stor­flaumar.

Kostnadskalkyle: Ny bru med tilstøytande vegar kr. 11.500,- + unytta midlar som er disponible kr. 1.700,-.

Planen vart lagt fram for veg­direktøren som ved skriv datert 18. desember 1903 gav positiv til­bake­melding. Saka vart handsama i Luster kommune­styre 22. mars 1904. Dei var ikkje like opp­muntrande for fram­drifta. Kommune­styret ville utsetta bygging av ny bru, og dei ville ikkje ta på seg ut­gifter til grunn og gjerde på den nye veg­strekningen over Leirmo. Luster kommune ville ikkje betala for grunn og gjerde då vegen berre hadde interesse for Joste­dalen. (PS: — hadde Røneid bru inverknad her!!) Men amtet var av anna meining. Som mot­segn vart det kravd at naudsynt elve­forbygging måtte hovud­sakleg vedlike­haldast av kom­munen då det også vernar om jord­eigedommane.

Tilrådinga frå kommune­styret gjorde saka vanskeleg. Pros­jektet måtte ut­setjast anten ein valde det eine eller det andre alternativ. Linje­spørsmålet var ikkje avklara, heller ikkje grunn­spørsmålet. Dette måtte vera i orden før Stor­tinget kunne gje løyving. Dessutan måtte amtet risikera å få ein del ut­gifter til vedlike­hald av den midler­tidige brua, som også kunne bli ramponert av eventuelle flaumar.

Planen om ny kvelvings­bru vart fremja på nytt av amts­ingeniøren ved skriv av 30. mars 1904. Prosjektet vart godkjent av vegdirektøren og det fekk tilslutnad av amts­tinget med 1/4. Kostnads­overslaget lydde på kr. 13.700,– og det stod att kr. 1.700,– av gamal til­deling. Stor­tinget gav inn­stilling på kr. 12.000,– for termin 1905—06 med klausul om grunn og gjerde. Dersom dette ikkje kom i orden, ville pengane alternativt gå til veg­anlegget Berg­heim — Reed i Breim. Det høyrer med til historia at Luster kommune­styre gav garanti.

År 1906 stod ny Leirdøla kvelvings­bru ferdig med køyre­breidd 2,5 meter. Den skulle stå til evig tid. Joste­dølene hadde fått ei sikker bru forbi det umogelege. Ei bru for fram­tida og ut­vikling og ei bru for fridom til å koma og gå sikkert over.


Ny flaum 10. — 14. august 1926.

Ved bre­flaumen i august 1926 vart store delar av hovud­vegen mellom Gjertøy og Alsmo skada og den mektige Leirdøla bru vart bort­riven. Jostedals­elva vart opp­demt og store delar av vegen mellom Leirdøla og Alsmo vart sett under vatn. Det vart straks oppførd ei solid, provisorisk bru på den gamle brustaden og dei gamle framkomst­vegar vart sett i stand for fylket si rekning. Kostnads­overslaget for del­planane I høve om­legging var: 300 meter ved Gjertøy for 23.000,-, 920 meter ved Leirmo + provosorisk bru for kr. 46.500,- og heving av vegen mellom Leirdøla og Alsmo i høve opp­reinsking av elva for kr. 95.000,- mot ¼ distrikts­tilskot.


Stålfagverksbru 1934.

Det synte seg snart at det var naud­synt å få oppført ei ny permanent bru over Leirdøla. Sumaren 1933 var det atter ny flaum som truga vegen. Den tilstøytande veg til den provisoriske bru tok til å rasa ut, og det måtte gjerast straks­tiltak for å redda fram­komsten til Joste­dalen. Dette sette fart i bru­arbeidet som vart opp­starta hausten 1933. Over­slag­summen på kr. 46.000,– vart godkjent av Stor­tinget i 1934 og ny fagverks­bru stod ferdig alt same året, før turist­sesongen byrja sumaren 1934.

Denne stålfagverks­brua står den dag i dag som eit kultur­minne om det som skjedde. Den har ei spenn­vidde på 37 meter og 2,8 meter køyrebreidd. Arbeidet med brua vart utførd av firma Alfr. Andersen. Det gamle brukaret etter kvelvings­brua er idag godt synleg på oppsida av stål­fag­verks­brua.

Den 21. september 1935 vart parsellar av veganlegget mellom Gjertøy og Alsmo avlevert til vedlikehald av distriktet som hovudveg. På denne av­leverings­forretninga møtte ass. ingeniør Ese, frå Luster kommune, ordførar Anders Molland, tidlegare ordførar Hermann Preste­gård, lensmann S. Vike og Anders T. Molland.

Kostnadsoverslaget på 141.000,– (kr. 95.000 + 46.000,–) sprakk ikkje. År 1936 var rekneskapen for veg­anlegget mellom Gjertøy og Alsmo ferdig. Om­legging av 4085 meter veg og ny bru over Leirdøla kosta då tilsaman kr. 140.943,73.

Ein må leggja til at denne gongen fekk garanti­saka for om­legging av parsellen Gjertøy — Alsmo samrøystes god­kjenning i Luster kommune­styre den 12. april 1927, og den 2. mai 1927 vart saka hand­sama av fylkes­tinget på vanleg måte.


Ny betongbru 1975.

Ny betong­bru vart bygd over Leirdøla i 1975 i høve kraft­utbygging. Fag­verksbrua av 1934 var ikkje dimensjonert for dei forventa transport­behova. Ein må såleis i dag føla seg temmeleg privilegert når ein kan skilta med to bruer over ei elv som har sett våre for­fedrar utanfor sam­funnet i lange periodar.


Sterke må vi bygga bruene våre, så etter­kommarane kan vandra dei etter oss.


* * *


Julehelsing frå Bjønnaposten 1999.

Artikkelen er gjeve att her med løyve frå forfattaren.





© www.leirdalsboki.no

  Valid XHTML 1.0 Transitional