Leirdalsboki

Framsida 1001-1800 1801-1900 1901-1950 1951-2000 2001-2050 Ymist




Den skumle Leirdøla.

Av Per Birger Lomheim.



Per Birger Lomheim er avdelingsingeniør hjå Statens veg­vesen, og er veg­vesenet sin museums­kontakt, det vil seie å ha ansvar for verne­verdige vegar og bruer og veg­relaterte kultur­minner i Sogn og Fjordane.



Eg vil i denne julehelsinga fokusere på ein del av den historiske samferdsla gjennom Jostedalen. Den einaste kommunen og prestegjeldet i Sogn som ikkje grensar til sjøen. Det var berre eit samband og det var over fjell, gjennom tronge juv og over elvar. Stiane og vegane var det so som so med, men dei vart etterkvart utbetra og bygde i pakt med utviklinga. Jostedalen har lange tradi­sjonar som ferdsleåre over Handspiki til Sjåk, og over Jostedalsbreen til Oldedalen, Lodalen og Oppstryn. Den aukande ferdsla gjennom Jostedalen tvinga fram ein betre veg. Det vart etter kvart bygd vegar og bruer. Dette skapte visjonar om utvikling og voner i vonløysa. Men vegar og bruer hadde eit usikkert liv. I dette tøffe landskapet stod naturkreftene i kø for å sprengja bort både vegar og bruer. Plutseleg var livsnerva borte.


Gamlevegen over Leirdøla?

Dei gamle vegane gjennom Jostedalen er i dag historiske kultur­minner. Her finn vi dei eldste køyre­vegane på nord­sida av Sogne­fjorden, og dei er bygde etter det franske prinsipp: Rette linjer og murte vegkantar før 1850, og seinare ombygde vegar etter Chausse­perioden 1850 — 1912. Gamle­vegen over Hauk­åsen er fantastisk. Men kvar går gamle­vegen over Leirdøla? Det har vi inga spor etter. Det er eit mysterium som eg vil prøva å gje eit lite svar på. Då eg oppdaga eit gamalt krokikart over Leirmo, fann eg ut at vegen hadde gått ein annan stad enn det eg hadde tenkt meg. Terrenget ved Leirmo/Leirdøla er forandra mange gonger og på mange måtar opp gjennom tidene.


Flaum 6. august 1900.

Trebruene over Leirdøla var svake, lite robuste for den skumle Leirdalselva. Flaumane gjekk ofte, og repara­sjonane av skadane var meir eller mindre årviss. Det var ein større flaum i 1889 som skada trebrua. Åra 1896/97 vart det utført ein større hovudreparasjon på brua. Denne brua stod lenger nede enn dagens bru over Leirdøla.

Så kom den store flaumen den 6. august 1900. Elva voks på eit par timar til ein usedvanleg storleik. Elva braut seg nytt leie, skar seg gjennom hovudvegen nedanfor brua, over det gamle elveløp og øydelagde vegen i ein lengde av 300 meter. Etter dette vart den gamle brua ståande på turt land utan skade. Men Jostedalen var avstengd og utan sam­band. Det vart straks oppført ei provisorisk bru over det nye elveløpet og med tilstøytande vegar til ein kostnad av kr. 588,36.


Plan om jarnbru 1901.

Seinare utarbeidde amtsingeniøren ein plan med overslag for permanent bru over det nye elveløpet med tilstøytande vegarbeid. Forslaget hadde ein kostnad på kr. 12.000,- som amtsingeniøren ville føra som vedlike­hald. Fylkes­tinget budsjetterte kr. 9.000,- i 1901, men alt i 1902 løyvde dei kr 5.700,- til eit nytt bruprosjekt. Etter ein grundig under­søking av forholda ved det nye elve­løpet har vegdirektøren saman med fylkes­veg­styret funne det rettast no å ikkje bygga ei dyr jarnbru, men flytta den gamle trebrua til den nye bru­staden. Men arbeidet vart ikkje sluttførd, for i august 1903 kom det ein ny flaum som tok den provisoriske brua med tilstøytande vegar. Amts­ingeniøren måtte vurdera prosjektet grundigare.


Kvelvingsbrui på Øygarden

Kvelvingsbru år 1906.

Flaumen i 1903 raserte den provisoriske brua og dei tilstøytande nybygde vegane. På grunn av dette og frykta for nye flaumar måtte ein bygga elveforbygging i ein lengde av 350—400 meter på kvar side av elva ovanfor brua. Dette var ikkje sikkert nok og prisen ville verta van­vittig stor. Det vart så planlagt ny bru så langt oppe i elva at ein skulle vera trygg for einkvar breflaum.

Den nye brustaden hadde fjell på begge sider og det vart planlagt ei steinkvelvbru med 16 meters spennvidde. Kvelvet skulle dessutan leggast så høgt at det kom over alle antatte storflaumar.

Kostnadskalkyle: Ny bru med tilstøytande vegar kr. 11.500,- + unytta midlar som er disponible kr. 1.700,-.

Planen vart lagt fram for vegdirektøren som ved skriv datert 18. desember 1903 gav positiv tilbakemelding. Saka vart handsama i Luster kommunestyre 22. mars 1904. Dei var ikkje like oppmuntrande for framdrifta. Kommunestyret ville utsetta bygging av ny bru, og dei ville ikkje ta på seg utgifter til grunn og gjerde på den nye vegstrekningen over Leirmo. Luster kommune ville ikkje betala for grunn og gjerde då vegen berre hadde interesse for Jostedalen. (PS: — hadde Røneid bru inverknad her!!) Men amtet var av anna meining. Som motsegn vart det kravd at naudsynt elveforbygging måtte hovudsakleg vedlikehaldast av kom­munen då det også vernar om jordeigedommane.

Tilrådinga frå kommune­styret gjorde saka vanskeleg. Pros­jektet måtte ut­setjast anten ein valde det eine eller det andre alternativ. Linje­spørsmålet var ikkje avklara, heller ikkje grunn­spørsmålet. Dette måtte vera i orden før Stor­tinget kunne gje løyving. Dessutan måtte amtet risikera å få ein del ut­gifter til vedlikehald av den midler­tidige brua, som også kunne bli ramponert av eventuelle flaumar.

Planen om ny kvelvingsbru vart fremja på nytt av amts­ingeniøren ved skriv av 30. mars 1904. Prosjektet vart godkjent av vegdirektøren og det fekk tilslutnad av amts­tinget med 1/4. Kostnadsoverslaget lydde på kr. 13.700,– og det stod att kr. 1.700,– av gamal tildeling. Stortinget gav innstilling på kr. 12.000,– for termin 1905—06 med klausul om grunn og gjerde. Dersom dette ikkje kom i orden, ville pengane alternativt gå til veganlegget Berg­heim — Reed i Breim. Det høyrer med til historia at Luster kommunestyre gav garanti.

År 1906 stod ny Leirdøla kvelvings­bru ferdig med køyre­breidd 2,5 meter. Den skulle stå til evig tid. Joste­dølene hadde fått ei sikker bru forbi det umogelege. Ei bru for framtida og utvikling og ei bru for fridom til å koma og gå sikkert over.


Ny flaum 10. — 14. august 1926.

Ved breflaumen i august 1926 vart store delar av hovud­vegen mellom Gjertøy og Alsmo skada og den mektige Leirdøla bru vart bortriven. Jostedalselva vart oppdemt og store delar av vegen mellom Leirdøla og Alsmo vart sett under vatn. Det vart straks oppførd ei solid, provisorisk bru på den gamle brustaden og dei gamle framkomstvegar vart sett i stand for fylket si rekning. Kostnadsoverslaget for delplanane I høve omlegging var: 300 meter ved Gjertøy for 23.000,-, 920 meter ved Leirmo + provosorisk bru for kr. 46.500,- og heving av vegen mellom Leirdøla og Alsmo i høve oppreinsking av elva for kr. 95.000,- mot ¼ distrikts­tilskot.


Stålfagverksbru 1934.

Det synte seg snart at det var naudsynt å få oppført ei ny permanent bru over Leirdøla. Sumaren 1933 var det atter ny flaum som truga vegen. Den tilstøytande veg til den provisoriske bru tok til å rasa ut, og det måtte gjerast straks­tiltak for å redda framkomsten til Joste­dalen. Dette sette fart i bru­arbeidet som vart opp­starta hausten 1933. Over­slag­summen på kr. 46.000,– vart godkjent av Stor­tinget i 1934 og ny fagverks­bru stod ferdig alt same året, før turist­sesongen byrja sumaren 1934.

Denne stålfagverksbrua står den dag i dag som eit kultur­minne om det som skjedde. Den har ei spenn­vidde på 37 meter og 2,8 meter køyrebreidd. Arbeidet med brua vart utførd av firma Alfr. Andersen. Det gamle brukaret etter kvelvingsbrua er idag godt synleg på oppsida av stål­fag­verks­brua.

Den 21. september 1935 vart parsellar av veganlegget mellom Gjertøy og Alsmo avlevert til vedlikehald av distriktet som hovudveg. På denne avleverings­forretninga møtte ass. ingeniør Ese, frå Luster kommune, ordførar Anders Molland, tidlegare ordførar Hermann Prestegård, lensmann S. Vike og Anders T. Molland.

Kostnadsoverslaget på 141.000,– (kr. 95.000 + 46.000,–) sprakk ikkje. År 1936 var rekneskapen for veganlegget mellom Gjertøy og Alsmo ferdig. Om­legging av 4085 meter veg og ny bru over Leirdøla kosta då tilsaman kr. 140.943,73.

Ein må leggja til at denne gongen fekk garantisaka for om­legging av parsellen Gjertøy — Alsmo samrøystes god­kjenning i Luster kommunestyre den 12. april 1927, og den 2. mai 1927 vart saka handsama av fylkestinget på vanleg måte.


Ny betongbru 1975.

Ny betongbru vart bygd over Leirdøla i 1975 i høve kraft­utbygging. Fagverksbrua av 1934 var ikkje dimensjonert for dei forventa transportbehova. Ein må såleis i dag føla seg temmeleg privilegert når ein kan skilta med to bruer over ei elv som har sett våre forfedrar utanfor samfunnet i lange periodar.


Sterke må vi bygga bruene våre, så etterkommarane kan vandra dei etter oss.


* * *


Julehelsing frå Bjønnaposten 1999.

Artikkelen er gjeve att her med løyve frå forfattaren.





© www.leirdalsboki.no

  Valid XHTML 1.0 Transitional