Leirdalsboki

Framsida 1001-1800 1801-1900 1901-1950 1951-2000 2001-2050 Ymist




Eit innblikk i skiidretten dei første etterkrigsåra.

Hardhausane frå Leirdalen.

Av Terje Hasle Joranger.


- “Me laga treningsbakkar i Leirdalen. Elles laga me bakkar i alle fjell, til og med høgt oppe i Solsete over 800 meter over havet. Me bar skia på ryggen, og lagde bakkar i fjell­sida. Som regel hoppa me ein 33-34 meter i bakkane.”

Dei som fortel dette er Johannes, Kristen og Sverre — alle med Leirdal til etternamn. Desse karane frå grenda Leir­dalen byrja på same tid å tevle i hopp og langrenn for Jostedal Skilag i lags– og krinsmeisterskap dei første åra etter krigen. Denne artikkelen handlar om leir­dølene, og forteljinga deira vil vere med på å gje oss eit inn­blikk i korleis det var å drive idrett i bygdene våre for 50 år sidan.

Gode skitilhøve i Leirdalen.

Grenda Leirdalen ligg høgt og fritt til i om lag 375 meters høgd, og ligg i eit sidedalføre vest for Jostedøla om lag 11 kilometer nordvest for administrasjons­staden Gaupne. Gjen­nom mange generasjonar har leirdølene hatt eit sjølv­bergings­hushald der dei sjølve lagde mest mogeleg av det dei trong. Skia brukte dei i mange samanhengar, frå snarefangst til å hente lauvrauk om vinteren. Alt arbeidet ute og inne gjorde leirdølene hardføre, og styrke i lag med skibruk la tilhøve godt til rette for at det vaks fram gode skiløparar i grenda. Tilhøva i dalen oppunder Såta og i nær­leiken av Tuns­bergdals­breen gav i tillegg gode tilhøve for gode og stabile snøvintrar med snø­føre frå sein­haustes til langt utpå våren.

I grenda Leirdalen bur det i dag fleire karar som var aktivt med som skiløparar dei første åra etter krigen. Johannes Leirdal (f. 1924), Kristen Leirdal (f. 1922) og Sverre Leirdal (f. 1920) var saman med Kristoffer Leirdal (f. 1921, d. 2000) med i lags– og krinsrenn frå 1946 og fram til byrjingi på 1950-talet. Kristen deltok i hoppkonkurransar, dei andre tre i både hopp og langrenn. Alle tre var langt framme i klassene sine, og alle vart premierte.  Johannes fekk premie i alle renna han deltok i, med berre eitt unnatak.

Dei gode treningstilhøva for ski kom godt med i samband med bjørnejakta i dalen på byrjinga av 1950-talet. Ein slagbjørn tyranniserte på den tida saueeigarane mellom Hafslo, Veitastrond, Gaupne og Leirdalen. Etter fleire freist­nader på å ta bjørnen vart han felt av Sverre Leirdal etter ein spanande jakt i Tunsbergdalen i mai 1956. Det var den siste bjørnen som til no er vorten felt i Sogn og Fjordane.

Korleis reagerte eit slikt miljø på at fleire av unggutane trena med noko så “unyttig” som å gå på ski på fritida?  Reaksjonane var delte. Dei tre karane seier dei ikkje kunne trene så folk såg det, men dei trena ein del i måneskinet om kvelden. Fleire av dei eldre var likevel interesserte. Mellom anna hadde Edvard P. Leirdal, far til Kristen, delteke på skirenn på Austlandet. Han hadde reist frå bygda i 1916 og kjøpte seg gardsbruk på Austre Toten, men kom att med familien i 1941 for å ta over heimebruket i Leirdalen etter foreldra sine.  Der tevla og Kristen åra før han vart konfirmert i 1937.

Ungdomane i Leirdalen laga si eiga langrennsløype som gjekk frå tunet og inn til Øystølsbakken og vidare til Kvite­sand og Buskreda til Øyahaugen. Der snudde løypa, og gjekk heimatt om Vårstølen. Dei brukte denne løypa då dei byrja med merkjesrenn etter krigen, og målte då opp løypa med snor. Som regel var rennet på 10 kilometer, 5 kilo­meter fram til Øyahaugen og 5 attende.  Det siste merkjes­rennet gjekk i samband med eit lagsrenn i 1991. Same året vart Bjønnarennet halde i Leirdalen som følgje av snømangel inne ved Nigardsbreen. Merkjesrenna var for folk i alle aldrar, men det var spesielt moro for dei av den eldre generasjonen som tidlegare hadde vore aktive hugsar dei.

Jostedal Skilag.

Leirdalskarane var medlemmer i Jostedal Skilag, eit lag som og hadde medlemmer frå Vigdalen og Alsmo. Tilhøva låg til rette for det. Sjølv om desse grendene formelt låg i Gaupnesokni, var avstanden til Gaupne om lag like lang eller lenger enn til grendene i Jostedalen. I Jostedal Skilag førte dei gode snøvintrane til stor aktivitet i skiøvingar som langrenn og hopp. Dette var då og noko leirdølene sette pris på. Dei trena som regel hopp i Fossøybakken, men stadene der dei la langrennstreninga kunne variere meir. Det hendte dei la denne treninga til både Krundalen, Fossøyane, Kreken og Leirdalen.

Ein gong hadde Jostedal Skilag treningsleir framme ved hotellet ei heil veke, mimrar Johannes, Kristen og Sverre. Kloke hovud i laget hadde kome på ideen om å kringkaste mellomtidene over telefon, og hadde lagt inn ei telefonlinje i ungdomshuset.  Høgtalaranlegget var tilkobla telefonlinja slik at publikum skulle få del i det som skjedde.  Johannes i Dalen refererte tidene, og kom på same tid med karakteristikkar av løparane som folk synest var moro­same.

Frå Vigdalen hugsa dei idrettsfolk som Martinus Bøen; Ingel Vigdal og Konrad Vigdal. I Jostedalen hugsar dei spesielt gode utøvarar frå Gardsgrendi med Kåre Gards­haug, Kåre Nedrelid og seinare Lars Halveg. Dei to med førenamnet Kåre vart kalla “Kårekarane”.  Johannes Leirdal hadde særleg mange tøffe duellar med Kåre Gardshaug. Andre gode skifolk var Leonard Kastet og Kåre Vigdal. Hans Espe frå Jostedal var ein god hoppar, men tevla for eit idrettslag i Høyanger sidan han arbeidde på aluminiums­verket der. Han omkom seinare under ombygjinga av Årdal Verk.

Jostedal Skilag gjekk seinare inn under Jostedal ldrottslag, og vart den mest aktive gruppa der. Forutan ski dreiv laget på den tida og med friidrett ein kort periode etter krigen. Friidrett dreiv dei med på Hesjevoll. Dei første åra etter krigen tevla dei m.a. innanfor disiplinane 100, 400 og 1500 meter, lengde– og høgdehopp og tresteg.  Fotballbane hadde dei elles på Elvøy. Om me samanliknar med naboen i sør, Gaupne Idrettslag, hadde idrettslaget i Jostedal ein større aktivitet innan skisporten enn i Gaupne.  Det kom av at Jostedal hadde meir stabile snøvintrar enn Gaupne som låg tett ved fjorden. Elles var det aktive skilag i både Hafslo, Luster og Fortun.

Leirdalskarane deltok i renn som vart haldne mange stader. Dei hugsar dei var med på renn i Årdal, på Hafslo, på Mollandsmarki, i Dalsdalen og på Jøng i Luster, på Lereimstølen i Sogndal, i Høyanger og i Fjærland.

Eit mangfald av idrettslag.

Gaupne hadde eit godt fotballag, særleg i åra før krigen, minnest Johannes, Kristen og Sverre. Dei hugsar at Thomas Haglund, Anders Stegegjerdet, Edvard Strand og Lille­svangstu-brørne med førenanma Knut og Anders var med på fotballaget. Eit år vart dei jamvel krins­meistar. Det fanst jamvel eige skilag på Røneid på den tida. Trass i at det kunne vere mangel på snø i dalbotnen fanst det ein del gode hopparar i dei to skilaga på 1940-talet. Jakob Molland, Lars Stegegjerdet, Sigurd og Erik Haugen, Bernhard og Anders Øvrebø og Anders Nybø. Thomas Haglund var og skihoppar. Før krigen hadde dei skirenn på Jargolane vest og opp for Engjadalen der det låg meir snø.

På Indre Hafslo var det eige idrettslag då krigen slutta. Både Torvald, Per og Øystein Sviggum, Tomas Feet, Karl Morken og Torvald Morken deltok i tevlingar på ski på den tida, minnest leirdalskarane. Dei hugsar dei var med på eit krinsrenn som Indre Hafslo Idrettslag stod for. Det tok til ved ungdomshuset Ljosvang, og gjekk derifrå over på Morkasida og vidare til Øyna. Dei snudde på Heggmyrane, og gjekk attende på nordsida av Dalselvi ned til Lambhaug og mål ved ungdomshuset. Som regel gjekk ein løypegjeng i førevegen for å brøyte løypene. Dei kunne gå i tre spor etter kvarandre for at løparane i tevlinga skulle få betre stavfeste.

Stor deltaking i lokale renn etterkrigsåra.

Det var stor deltaking i hopp og langrenn i åra rett etter krigen. Det var no lovleg å arrangere meisterskap i eit fritt land, og det smitta over på talet på deltakarar.  Johannes hugsar m.a. at det deltok over 100 skiløparar i krins- meisterskapen i Årdal i 1947. Då var det med heile 40 personar i klassen hans. Krinsmeisterskapen gjekk under namnet "Sognarennet", og gjekk på omgang i sogna­bygdene. Det var bygdene frå Høyanger og Vik og innover som deltok i tevlingane. Den første vinteren etter freden vart det halde i Fjærland. Fjærlendingane var gode skiløparar, og dominerte stort i ski og hoppsporet åra etter krigen, minnest Johannes Leirdal. Han hugsar Magnus Mundal var god på Sognarennet i 1946.

Krinsrenna var på den tida oppdelt i tre klassar, klasse A, B og C. Dei tre beste i kvar klasse gjekk opp til neste.

I 1950 vart "Sognarennet" halde i Jostedal, og det mar­kerte eit høgdepunkt for skiping av skirenn i den indre delen av Sogn etter krigen. Bygda hadde satsa mykje på eit slikt arrangement, og det deltok då og mange personar i dei ymse klassene. Mellom anna deltok mange frå Høyanger og Årdal, to stader som fekk mange innflyttarar frå andre stader i landet i samband med industrireisinga. Mange framande namn var heilt i toppsjiktet, men det var fjærlendingane som gjorde reint bord i seniorklassen det året. Anders Øygard vann 17 km langrenn, Odd Mundal vann 30 kilometeren, medan Magnus Mundal vann den kombinerte øvinga og Tor Mundal sigra i spesial­hopp­rennet.

Skiutstyret vart betre etterkvart.

Det var vanskeleg å få tak i skiutstyr under krigen, men situasjonen betra seg rett etter krigen då produksjonen av skiutstyr tok seg opp att. Dei tre leirdalskarane minnest at dei av og til brukte stavar som dei hadde laga til av eit tre. Trinsene, eller kringlene som dei kalla det, batt dei fast til trestaven. Trestavar var ikkje så sterkt som kjøpestavane, og det var tyngre å bruke.

Langrennski av typen Østby var mest brukte, hugsar karane. Denne skitypa var mjuk. Dei nytta likeins bindingar av merket Rottefella. Hopparane brukte mykje skimerka Madshus og Toppen, hugsar Kristen. Han meinar dei brukte bindingar av merket Huitfeldt før krigen. Stranlminga var på sida, og lærreimene var festa i bøylar framme på skia. Ei reim gjekk over vrista, ei anna over tåa. Seinare kom Kandaharbindingen med vaier og fjør rundt hælen og stramming framme.

Kristen hugsar hopparane nytta Rekord til smurning, men seinare fekk dei hand om hopplakk. Dei som dreiv med langrenn hadde smurning av merket Østbye eller Brattlie. Smurningen var oppdelt i Mix og Medium, den første for kald, turr snø og den andre for kram, mildare snø.

I byrjinga konkurrerte leirdølene med tunge ski. Johannes Leirdal hugsar han gjekk på 2,25 meter lange hickoryski under eit renn på Mollandsmarki. Sverre Leirdal fekk låne ski av Samuel Vigdal, og minnest han kjøpte det same merkjet seinare. Seinare fekk brørne hand om spesialski. Det var den dåverande formannen i Jostedal Skilag, Harald Fossøy, som skaffa Johannes og Sverre ski. Han var til god hjelp, då det var vanskeleg å få tak i ski på den tida. Sverre og Kristoffer Leirdal var dei første frå Leirdalen som var med på renn i Jostedal, og nytta då kjøpeski i hickory med kandahar­bindingar. Kristen Leirdal har framleis dei gamle hoppskia i heil hickory liggjande på garden. Den neste generasjonen på garden, sonen Anders, fekk nytte dei ei tid medan han var yngre.

Kommunikasjonane.

Det var ofte tungvint å ta seg fram frå Leirdalen og fram til treningsfelta i Jostedalen. Bil fanst det ikkje i grenda på 1940-talet. Karane ok difor ned bakkane på kjelke eller dei tok sykkelen fatt med skia mellom beina ned til hovud- dalføret. Derifrå tok dei beina fatt fram til Jostedalen. Ein gong dei skulle trene framme i Sperl­øyane var det svært kaldt, minnest dei. Då dei kom fram til Alsmo måtte dei ringe etter lastebil. Det var då Arvin Tvedt som henta dei og køyrde dei til staden dei skulle trene.

Dei gongene dei skulle vera med i skitevlingar i bygder som låg langt vekke måtte dei som regel reise ein eller fleire dagar i førevegen. Til Årdal måtte dei reise dagen før. Båten tok dei frå Hotlebryggja i Gaupne til Årdalstangen. Då dei deltok i krinsmeisterskapen i Fjærland i 1946 tok det og lang tid med båt. På vegen attende kom dei i land med båten i Sogndal, og fekk skyss med buss inn til Gaupne. Elles fekk dei skyss med sjusetaren til rutebil­sjåføren, Håkon Elvekrok, då dei skulle på renn som var langt vekke.

Dei var ikkje redde for å gå langt, desse karane. Johannes kan hugse han gjekk aleine fram til Leirdalen etter eit hopp­renn i Blombakken på Mollandsmarki. Då var det om lag 20 minusgrader og fint måneskin, minnest han. Dei andre leirdølene overnatta hos Bertha Sviggum i Marifjøra.

Venskap og miljø talte mest.

Til slutt fekk dei tre karane spørsmål om kva dei i ettertid sit att med av personleg verdi etter tevlingane dei var med på i ein kvardag som var prega av mykje arbeid og slit. Det var kameratane som eg fekk som talde mest, meinte Johannes. Han heldt fram: — Eg fekk gode kameratar, og det var eit godt miljø kring oss. Venskapet betydde mykje. For å få eit godt miljø i eit idrettslag er det viktig å sam­arbeide og ikkje bli fornærma om ein opplever tap av og til. Det er berre å halde fram, meinte han.

Leirdalskarane har opplevd ei tid der kommunika­sjonane ikkje var så utbygde som dei var i dag og der dei måtte gå lange avstandar for å vera med på skirenn. Dei minnest tunge og lange skitypar med stavar som det hendte dei sjølve laga av tre. Dei har opplevd ei tid der treninga var eigentreriing og der dei trena i tillegg til harde arbeidsøkter på garden.  Men dei opplevde også ei tid med godt miljø og kameratskap, med mykje moro ute i den frie naturen. I dag vert born og ungdom i idrettslaga frakta rundt i bilar eller bussar frå heimen til tevlingsstaden, gjerne av foreldre som er interesserte i at borna deira får oppfølging heimanfrå. Dei deltek som regel med lett skiutstyr i glas­fiber, og med ein trenar som har laga eit eige trenings-opplegg til borna.

Slik kan me oppsummere noko av utviklinga som har skjedd innanfor sporten sidan Johannes, Kristen, Kristoffer og Sverre Leirdal konkurrerte for over 50 år sidan. I dag lever me i ei tid der me føler at tida susar av garde og der me vert bombardert av ulike typar påverknad frå TV, radio, mobiltelefonar og internett. I ei slik raskt skiftande tid vil det vere ein sjanse for at fortid og tradisjonar vil vere tema som ikkje vert omtala, i verste fall gløymde. Såleis er det ein fare for at me vert historielause. Difor kan det vere sunt at me av og til stoppar opp og tenkjer på kva desse karane opplevde i ei tid utan dei moderne hjelpemidla som me har i dag.


Julehelsing frå BJØNNAPOSTEN 2000.

Artikkelen er gjeve att her med løyve frå forfattaren.






© www.leirdalsboki.no

  Valid XHTML 1.0 Transitional