Leirdalsboki

Framsida 1001-1800 1801-1900 1901-1950 1951-2000 2001-2050 Ymist




BRIMKJELEN
— EIN EVENTYRINNSJØ I TUNSBERGDALSBREEN.

Av Odd H. Handeland.

Lenge har me gått og snakka om Brimkjelen. Sett på bilete derifrå, høyrt andre fortelja om denne fascinerande natur­opplevinga i breheimen. I fjor vår kom Oddvar Stege­gjerdet nedatt frå ein tur i Brimkjelen. Han hadde vore saman med nokre ingeniørar der oppe i høve utbygginga av Leirdals­vassdraget. Ikkje mange dagane etter denne turen var kanskje ein av dei største av Stegegjerdets komposi­sjonar vorte til — nemleg “VÅR I BRIMKJELEN”, ein springar skriven for trekkspel. Takka vera ingeniør Arild Palmstrøm er nå notene til denne festlege låten komen i salg ved Musikk-Huset A/S, Oslo.

Me skjøna at denne Brimkjelen måtte virka sterkt på dei som opplevde den, og bestemde oss for å freista gjera eitkvart med «prosjektet». Såleis reiste to mann, pluss førar til Brimkjelen i førre veka. Turen vart i alle deler vellukka, og opplevingane svarte langt over for­vent­ningane.

Før me gir oss på vegen, er det vel rett å fortelja litt om denne Brimkjelen, kva det ligg i dette ordet.

Fleire stader i Noreg har det laga seg innsjøar i sjølve is­breane. Desse innsjøane har det til felles at dei demmer opp for mykje vatn i sommarhalvåret, medan dei om vinteren nærast er turre. Deler av breen, på storleik med bustadhus, og over det, “kalvar” ned i innsjøen, og om vinteren ligg desse kolossane som store steinsette risar, spreidd ikring på botnen. Slike bredemte innsjøar har også det fellestrekk at dei valdar flaum. Når vassnivået og trykket vert høgt nok, sprengjer vatnet seg gong under isbreen, og så får vatnet meir og meir passasje, og tilslutt tømest bassenget relativt fort, i ein mildversbolk.

Tidlegare har me skreve om Leirmobrua. I det høve var me og innpå dei store flaumane i Leirdøla, til sine tider har dei vore så alvorlege at det har sett nifst ut. Det skjer altså ei magasinering av vatn i desse Brimkjelane — og tøming og fylling kan skje fleire gonger årleg, men då helst utover ettersommaren, i sterk varme. Kjem der ein ispropp i “tunnelen” der vatnet renn, kan ein få ny oppdemning.

Brimkjelen i Tunsbergdalsbreen har valda flaum mange gonger. Den alvorlegaste som dei nå hugsar var flaumen i 1926. Då vart det slik flaum i Leirdøla at den vart hugsa lenge ennå. Slike mengder med morene og stein vart ført nedover Leirdøla, og ut i elveløpet til Jostedalselva, at gardane på Alsmo så og seia vart liggjande under vatn. Han gamle Lars i Leirdalen fortel at han skulle køyra etter riks­vegen framover mot Alsmo under denne flaumen, og då gjekk vatnet til like oppunder setet på kariolen. Ein stad var det så gale at han laut spenna frå, og hesten fekk sømja.

I 1906 vart det bygt ei flott kvelvingsbru over Leirdøla, den brua sto like ovanfor den som nå står der, og som nå er vorten for gamal, og har måtte vika for den nye brua ved Leirmo. I denne storflaumen i 1926 for denne kvelvings­brua, som bygg­arkitektonisk skal ha vore eit flott syn. Fyrste gangen dei skjøna at ein Brimkjel held på å laga seg, var i 1896. Då vart flaumen i Leirdøla mykje større enn til vanleg. Dei tre fyrste åra etter 1896 vart det og merkeleg stor flaum, og klimaks kom i 1900, då ein storflaum kom. Dei fortel at ei bru i Leirdalen, som hadde til då ste der i 100 år, vart teken i denne flaumen. Men altså, sjølve giganten av flaumar i Leirdøla kom i august 1926, då elva gjekk så totalt over sine breidder. Forskarane meiner at på denne tida var Brimkjelen omlag 100 meter djup, og at mellom 25 — 30 millionar kubikk­meter vatn var oppdemt der inne. At dette vert flaum og skade, når slike kvanta kjem laus, er ikkje til å undrast over.

Den dag i dag har ein flaumar frå Brimkjelen. Men så med andre brearmar, så og med Tunsbergdalsbreen — den har trekt seg attende, og volumet av Brimkjelen har minka, så nå har han berre vore halvparten av det han ein gong var, ein anslår volumet til ca. 8–10 mill. kubikkmeter. Vanlegvis gjer ikkje desse årvisse flaumane noko skade lenger.

Vår ekspedisjon besto seg av ein stk. filmfotograf, ein reportar og fotograf, og ein kjent­mann. Denne kjent­mannen ber namnet Øystein Leirdal, og høyrer til desse stødige karane som veit kva dei fer med.

Me må for alt i vera ikkje gløyma vår allianse med Kristoffer Leirdal, som stilte hus, seng og mat til dis­posisjon for karane, så lenge moroa varde. Me er Kristoffer stor takk skuldig for hans gjest­friheit, og det same må seiast til Brita, eller «Bonden» som far hennar kallar henne, ho hadde laga vafler, og kokt nydeleg kaffi, og hadde fyrt opp i stova så brefararane ikkje skulle forkoma. Det er uvandt å ferast når ein har slike hjelpes­folk.

Tunsbergdalen er lang. Den er omlag 8 km, og brearmen er 10 km. Brimkjelen ligg omlag halv­veges innpå Tuns­berg­dals­breen.

Han Øystein hadde snøscooter, og innover dei endelause flatene i Tunsbergdalen bar det i 30 — 40 km/t. Fotoutstyr og anna gods låg på kjelken. Det var vorte dag då me for av stad. Klokka var innpå 0900 og det var flott vêr, med ei anande sol over frosne fenner. Det var gresseleg kaldt i den skyssen til Øystein. Me heldt skjerf og lovottar om munn og nase, og innetter bar det. Elghunden Hector såg me berre som ein prikk, der han kom tvibøksande etter oss, med friskt mot, og sugen på naturopplevingar, han med.

Vel innkomne til enden av Tunsbergdalen, der kan me sjå Tverradalen, der Leirdølene har hatt støl i uminnelege tider.

Sjølve oppstigningen opp på breen er litt bratt, men det gjekk bra. Kondisjonen var ikkje så dårleg likevel, så det gjekk sikkert og støtt framover breplatået. Som før nemndt hadde me utrusta oss med alle slags cameraer, det var “levande film”, det var svert kvitt for S/SA, det var slides i 35 mm, og 6x6 — Jau, pikajor, her skulle lagast bilete.

Etterkvart viste det seg å ingen ende ta, dette platået. Som avveksling trefte me ein einsam anleggsarbeidar, som på frivakta hadde teke seg ein skikkeleg skitur, han hadde vore oppåt Brimkjelen. Det er «løge» med snø og sol — isbre — blå himmel, avstandane vet so løgne — me gjekk og me gjekk, men ikkje kom me nærare den barrieren me rekna med me skulle innpå. Nei, så plutseleg viste det seg ein liten sidedal, på venstre handa, då me kom innover. «Der inne ligg Brimkjelen», seier vår fjelltrygge førar. Kva, var det ikkje anna? Ei hole av is og snø? Nåja, ta det med ro, her kan dukka opp mykje enno, men tvilen var sådd — kanskje dette STORE — denne BRIMKJELEN berre var tullprat frå oversanselege personar? Men nei, så minnest me jo forografia, nei, her måtte vera noko meir, einkvan stad. Og om det var! Øystein braut av vestover og snart tok det til å halla nedover mot kanten av Brimkjelen. Det heile tok form, og landskapet fortalde oss akkurat kva som ville syna seg om litt. På kanten av Brimkjelen står me, og ser nedi den eventyrlege Brimkjelen. Dei store is–klossane på den turr­lagde botnen har gull–gylte toppar frå ei varmande og dalande mars–sol.

Kolossane der nede lagar trolske skuggar, og det bryt i blått og i kvitt, og intenst sollys. For eit syn. Ei anna verd! Kvar for oss tek me denne mektige Brimkjelen i augnesyn. Etterkvart går det jo opp for samtlege at sola den går, om me står, så i ein rivande fart kjem alt som kan kallast apparat opp or sekkene. Fra alle vinklar skal her takast bilete. Her skal skiftast film, sola held på å reisa sin veg for denne dagen, oij, Gud naoe om me ikkje får gjort erendet vårt, — sprakande farge­reportasjer i «VI MENN» og all ting, åååh — hjerna fablar om uana media som vil lovprisa slike bilete. Stakkars Øystein må springa hit og dit — snart skal han posera for unge hr. Bergum, som med sin Bollieu filmar på harde livet, — snart er det «stils» som skal takast, jau, i sanning, han Øystein i Leirdalen fekk veta seg til. Men han tok det pent.

Sola dalar meir og meir. Bjørn formanar om at nå vert det berre blått og blått, og ikkje gagn i fleire foto. Jau, jau, fyren har jo rett, men skulle det ikkje gå an å få den toppen der, med sitt gullforgylte hovud? Den siste skuggen, og dei siste streif av dei livgjevande og varmande solstrålene, gir oss eit siste prov på kva for eit fantastisk land me lever i der naturopplevinger i urørd natur ennå finst i rikt mon.

Brimkjelen er ikkje noko verande stad etter at sola har gådd ned. Då vert det mest uhyggjeleg der nede, og tanken på å måtte vera der inne i mørke og kulde, får oss til å pitla oss opp i bakken, der sola ennå held til. Med velgjort arbeid set me oss så ned, og thermos og vørterøl­kaka med brimost og kaviar kjem fram. Me set å ser ned i Brimkjelen, og har fått orkester­plass. Før avreisa hadde filmfotografen og Luster­korrespondenten ein større disku­sjon om kva ein skulle ha utanpå skorne. Ein må nemleg kle seg som om ein skulle på polferd. Det er stygg­kaldt innetter Tunsbergdalen, og likeeins nedatt–turen, med “hardt skrei” er ein til dels kald oppleving. Under­teikna hadde fått formaning av Stege­gjerdet om å nytta plast­posar utanpå. Det var basen! Bjørn hadde meir tru på raggsokkar, av den lange sorten, og trekte det utanpå skistøvlane. Og nå skal det ikkje haldast tett lenger! Plast­posar er ikkje til anna enn å gjera formastelse i! Meinar du ikkje at då ein skulle ut på gå–tur, med foto­apparat, så kom foten pluseleg borti noko stein­hard skavlsnø. Der låg, eller rettare sagt skreidde korres­pondenten nedover mot eit gjel der låg. — Hemn — nei, der fekk ein plutseleg tak med stativet, og så vert det liv også denne gongen. Altså: Niks plastposar til overtrekk. Han med ull­sokkane hang som ein katt på isen — og meir estatisk såg det og ut, det tek seg liksom ikkje ut å gå å vaia med «S–Laget» rundt beina, eller kva det no måtte stå som reklame på posen. Ein annan ting er at plastposar er ypperlege å nytta som tøfler, i sel og hytter, der ein kanskje må ut og inn i eit ståande tak — der kan plastposar gå an.

Då det viste seg at ingen i ekspedisjonen hadde klokka på seg, og sola for lenge sidan var komen over zenit, fekk me det pluseleg travelt med heimturen. Øystein kom fram med sølvvoksen, og meinte at den ville hjelpa på farten — jaudi gjorde den det ja, tenkte at nå kjem slutten, der ein med overragen last for nedover, han med filmapparat sto att og filma det heile, men til all lukka fekk han ikkje med dei verkelege senar, men dei gjekk nå meir på personleg­domen og –––.

Elghunden Hector påny som ei stripe attom oss — han rekna vel med at dette berre vart ein oppmjukningstur, for han såg ut til å ikkje vørja å vera trøytt — tross i gonga i kilometer etter kilometer.

Der for skituppen inn i ein ishard skavl. Nå, der for Land­sem Spesial ad undas! I hardaste sinne vart det til at ein ville halda fram med den gale skyss — nytt nederlag, nå var skia flekt opp etter heile sin lengde. Tolmodet var slutt, og skia fekk banen sin, og berre bindingane kom heimatt — det ligg noko tre­flisar att der inne på Tuns­bergdals­breen. Til all lukka så var det berre ein halv kilometer att å gå, og då var det snøscooter å lita på. Øystein stilte sine ski til disposisjon, og Hector tok plass på sleden, og ville køyra seg, han med. Og så, i stor fart, for me heimetter Tuns­berg­dalen, så frostdrev og snø­krystalar fauk om oss — me hadde vore ein liten tur til Brim­kjelen — ein tur me aldri vil gløyma.

Sogningen / Sogns Avis 37 1976.


Artikkelen er gjeve att her med løyve frå forfattaren.






© www.leirdalsboki.no

  Valid XHTML 1.0 Transitional