Leirdalsboki

Framsida 1001-1800 1801-1900 1901-1950 1951-2000 2001-2050 Ymist



Bjørnejakt i Leirdalen -56.

Av Sverre Leirdal.

Det var den 24-5-56. Eg tok ein tur fram til Stor­haug­knubben so me kalla vesle Stor­haug­knubben for å sjå um eg såg spor etter bjørnen. Det er ca. 2 km frå Leirdalen. Det var seint om kvelden, og spor var å sjå. Bjørnen hadde kome ned Skarmarkene, ned til Tuns­bergdals­vatnet og vidare framover Tunsbergdalen. Eg gjekk no heimatt so fort eg kunde og fekk kontakt med Georg Fossøy på telefon. Han kontakta so dei andre på laget, som var Anders Aasen, Kristen Aasen, Lars Fåberg, Lars Kronen og Olav Baggetun. I Leirdalen var det Johannes Leirdal, Kristen Leirdal, Kristoffer Leirdal, Øystein Leirdal og meg. Det var jaktlaget.

Me samlast so i Leirdalen den 25-5-56 tila om morgonen. Me reiste fram Tunsbergdalen, gjekk på høgre sida av dalen sett frå Leirdalen. Bjørnen gjekk på venstre sida av dalen.

Me vart enige om at me skulde gå til Tunsberg, cirka 8—9 km frå Leirdalen. Det trudde me at bjørnen òg hadde gjort; og det var akkurat det han gjorde. Han hadde reist upp i skogen på Tunsberg.

Kva skulde me so gjera? Det hadde gått snøskre på både sider av Tunsberg. So me vart enige om at 2 mann skulde gå upp på snøskredene, ein på framsida og ein på heimsida for å sjå um bjørnen hadde reist heimover eller framover. Då det ikkje var spor å sjå, var me sikre på at bjørnen var i skogen på Tunsberg. Me vart so enig om at me måtte setja 3 mann på heimsida av Tunsberg og 2 mann på framsida, og ein mann sto att nedi flata for å sjå om bjørnen muligens rømde til fjels. Me var soleis 5 mann som gjekk heilt øverst i skogen og byrja å jaga. Dei huga og skreik og bråka so valdsamt at bjørnen trekte nedover mot flata. Men han følde skogen langt ned; men so kom han smygande ut frå skogen og mot ei ur, ikkje so svært langt frå den som sat på post aller nederst. Men bjørnen snudde igjen og inn i skogen att. Anders Aasen som sat nederst skaut på bjørnen, men bjørnen var då komen i skogkanten, og han vart so vidt råka i ryggen. Avstanden frå der Anders sat og til bjørnen var ikkje 500 meter som står henta frå «Sogn og Fjordane» 1956; kanskje ein 0 for mykje.

Men då fekk bjørnen fart på seg, fòr inn i skogen og ned i flati og tvers over Tunsbergdalen i ein voldsam fart. Bjørnen kan springa fort. Då var det mange som skaut på han, men avstanden var lang og farten stor, so bjørnen vart ikkje råka av skota.

Bjørnen sprang so heimover same veg so han for fram. Bjørnen sprang so langt me såg han, ikkje rusla heimover dalen som står i «Sogn og Fjordane» frå 1956.

Kva skulde me so gjera. Me vart fort samla att nede ved flata. Me vart fort enige om at nokon måtte reisa heimover at fortast muleg for kanskje å koma føre bjørnen lenger heime. — Ja, me so gjorde, me var 3 mann so la av gårde so fort me kunde; det var Anders Aasen, Kristen Aasen og meg. Me gjekk på ski og delvis på føtene, då det var bart enkelte plassar heimover. Då me var komne heimom vatnet, på Naustmyrane som det heite, var bjørnen rett over på andre sida av vatnet. Han prøvde då å dra til fjels på ein plass som me kalla Histugmarka. Det var svært bratt der, og sola hadde tina bra på snøen, so han sokk djupt i snøen og plutseleg snudde han heilt om og rett ned igjen og heim langs vatnet.

Me vart enige om at Kristen Aasen reiste ned til Osen der vatnet renn ut i Leirdøla. — Ja, han so gjorde, og bjørnen kom som me tenkte. Kristen skaut, og bjørnen datt og låg heilt stille ei god stund. Kristen var då sikker på at han var daud, og tok soleis ut skoti som var att i geværet. Då han såg på bjørnen att var han i full fart heimover igjen. Det viste seg at han hadde treft bjørnen i underkjeften, so han var like sprek. Eg og Anders Aasen var komne heim til brua over Leirdøla då me høyrde at Kristen skaut. Det var lang avstand frå Kristen til bjørnen, kanskje 500 - 600 meter, so det var godt gjort å treffa.

Eg og Anders Aasen for så oppover. Anders fann ein plass oppved Glennene som det heiter. Eg reiste lenger heim og noko høgre og sette meg på ein plass nær Budeiesva som det heite. Trøytt og sleten som dei andre karane også var. Då eg hadde sett meg, såg eg bjørnen kom på ein plass som no heite kuflata, nokre hundra meter lengre framme. Men han vart fort burte att då terrenget var kupert. Men så byrja Anders Aasen å skyta. Då var eg sikker på at Anders skaut bjørnen. Men eg sat no der, og plutseleg såg eg skogen lea på seg. Det var tett småskog og bjørnen brøytte seg fram, so eg hadde god tid og sat klar. Plutseleg såg eg han kom over ei gro, først kom hovudet til syne og så heile bjørnen. Avstanden var då ca 30 - 40 meter. Eg sikta so godt eg kunde midt i brystet, var heldig og fekk full treff, og bjørnen datt. So var det å skjota det signalet som var avtalt, 3 skot med jamne mellomrom. Anders var då ikkje sein om å koma upp og me fekk då sjå nærare på bjørnen.

Bjørnen hadde 4 heile føter då han kom til meg. Som det står i «Sogn og Fjordane» vart bjørnen råka av eit skot i ein fot og drog eine foten etter seg, men det stemmer ikkje. Bjørnen hadde fire heile bein då me fekk han heim til Leirdalen. Det einaste me såg var ei lita riv i ei av putene under eine framfoten, noko som bjørnen truleg fekk då han rømde heim Tunsbergdalen.

Eg og Anders rusla so i møte med resten av laget, dei trudde oss ikkje då me sa at bjørnen var dau.

So var det å få bjørnen heim. Me måtte dra han nokre hundre meter ned mot elva og over brua. Eg hadde ein trekjelke i vårstølselet nær der me skaut bjørnen, so det gjekk greit det. Ein av oss reiste heim i Leirdalen og spurde Lars Leirdal om han kunde henta bjørnen for oss, og det var ikkje nei. Han kom og me la bjørnen på tresleden og kjøyrde den heim i Leirdalen.

Dette er akkurat slik det gjekk for seg.







© www.leirdalsboki.no

  Valid XHTML 1.0 Transitional