Leirdalsboki



Anleggsdrifti

Ingen var vel særleg glade for at Tuns­berg­dalen no skulde raserast, men når fyrst so gale var, nytta sjølvsagt mange i Leirdalen høvet til å skaffa seg arbeid på anlegget.

Leirdalsvegen vart utvida i svingarne for å få upp dei svære anleggs­maskinerne, og på Leirmoøygarden vart det etter kvart bygd ei ny brei bru. Men ho vart av ein eller annan grunn aldri asfaltert, so ho er som eit vaskebrett å køyra på. Og rekkverki rustar i kapp med gamlebrui.

Anleggsvegen

Mange hadde vore redde for at anleggs­vegen skulde gå på hitsida, med alle ulemperne dèt vilde ført med seg, men han vart heldig­vis plassert på burtsida av elvi. Og det har vel i etter­tid vist seg å vera berre bra, då han gjer god nytte for seg. Rett­nok vart naturen skjemd av vegen, for fyrr var det veldig koseleg å gå etter den fine stigen der burte, og no er han øydelagd.

Fjellstølen

På Fjellstølen vart det uppsett brakke­riggar, og hytta til Blokke­berg vart leigd ut til an­legget. Det var ein liten kiosk på nedsida av vegen.

Anlegget

Dei bygde provisorisk veg til fremst i Tuns­berg­dalen, for å få tak i filter­masse og ein del morene. På Vasstølen sprengde dei ut hammaren og la storelvi gjenom, for at ho ikkje skulde grava seg ned då dei tappa ned vatnet. Dèt gjorde dei ved å sprengja ut ein tunnel under demningen og sleppa ut vatnet der, slik at dei kunde arbeida turr­skodd.

Stein fekk dei tak i frå stein­brot framan­for nausti, på burtsida av elve­oset og nedan­for brui. Samt frå tunnelarne og yver­laupet.

Yverlaupet vart bygd ekstra breitt, for å kunna ta i mot flaum frå Brim­kjedlen. Tunnelen ut frå yver­laupet deri­mot var full­stendig under­dimensjonert, og det måtte seinare rettast på.

Demningen vart liggjande som eit stygt kvitt sår frammi, det hadde vorte mykje penare um dei hadde hatt på jord og sådd i skog og lyng. Men det vilde dei ikkje, av di eventuelle lekkasjar då ikkje ville synt. Og det ville sjølvsagt ha kosta dei ekstra.

Dei spanderte ikkje for mykje jord då dei skulde rydda upp att etter seg heldr, men dèt vart etter kvart retta på so nokon-lunde.

Det vart etter kvart bygd tersklar nedyver i elvi, eller i det som var att av henne, for å segja det slik.

Er so damen trygg?

Tydelegvis ikkje, ettersom dei m├ątte til med ein kraftig forsterkning av han i 2016. Den vanlegaste årsaki til dambrot er overtopping under flaum.

Og flaum kann det bli um det byggjer seg upp ein stor innsjø i Brimkjedlen, og han so tappar seg ned ganske fort. Det kann ogso bli ei flodbylgje um det går eit stort ras eller skrede i ei fjellside.

Men med ekstra breitt yverlaup fær me tru at det går bra.

I Statkraft: Jostedalen kann me lesa fylgjande um Leirdøla kraftverk:

  • Nedbørsfeltet dekker 154 km².
  • Totalt magasinvolum: 173 millionar m³.
  • Høgaste/lågaste vasstand: 478/440 m. over havet.
  • Aggregatet har ei effekt på 110 MW.
  • Normalproduksjonen er 465 GWh/år.
  • Ved full drift blir det brukt 28.000 liter vatn i sekundet.
Vatnet hev byrja stiga...
Her hev vatnet byrja stiga...






© www.leirdalsboki.no

  Valid XHTML 1.0 Transitional