Leirdalsboki

Framsida 1001-1800 1801-1900 1901-1950 1951-2000 2001-2050 Ymist



Anleggsdrifti


Ingen var vel særleg glade for at Tunsbergdalen no skulde raserast, men når fyrst so gale var, nytta sjølvsagt mange i Leirdalen høvet til å skaffa seg arbeid på anlegget.

Leirdalsvegjen vart utvida i svingarne for å få upp dei svære anleggsmaskinerne, og på Leirmoøygarden vart det etter kvart bygd ei ny brei bru.

Anleggsvegen

Mange hadde vore redde for at anleggsvegjen skulde gå på hitsida, med alle ulemperne dèt vilde ført med seg, men han vart heldigvis plassert på burtsida av elvi. Og det har vel i ettertid vist seg å vera berre bra, då han gjer god nytte for seg. Rettnok vart naturen skjemd av vegjen, for fyrr var det veldig koseleg å gå etter den fine stigen der burte, og no er han øydelagd. Men det hadde vel kanskje etter kvart kome traktorveg der burte likevel.

Fjellstølen

På Fjellstølen vart det uppsett brakkeriggar, og hytta til Blokkeberg vart leigd ut til anlegget. Det var ein liten kiosk på nedsida av vegen.

Anlegget

Dei bygde provisorisk veg til fremst i Tunsbergdalen, for å få tak i filtermasse og ein del morene. På Vasstølen sprengde dei ut hammaren og la storelvi gjennum, for at ho ikkje skulle grava seg ned då dei tappa ned vatnet. Dèt gjorde dei ved å sprengja ut ein tunnel under demningen og sleppa ut vatnet der, slik at dei kunde arbeida turrskodd.

Stein fekk dei tak i frå steinbrot framanfor nausti, på burtsida av elveoset og nedanfor brui. Samt frå tunnelarne og yverlaupet.

Yverlaupet vart bygd ekstra breitt, fyr å kunna ta i mot flaum frå Brimkjedlen. Tunnelen ut frå yverlaupet derimot var underdimensjonert, og det måtte seinare rettast på.

Demningen vart liggjande som eit stygt kvitt sår frammi, det hadde vorte mykje penare um dei hadde hatt på jord og sådd i skog og lyng. Men det vilde dei ikkje, av di eventuelle lekkasjar då ikkje ville synt. Og det ville sjølvsagt ha kosta dei ekstra.

Dei spanderte ikkje for mykje jord då dei skulle rydda upp att etter seg heldr, men dèt vart etter kvart retta på so nokon-lunde.

Det vart etter kvart bygd tersklar nedyver i elvi, eller i det som var att av henne, for å segja det slik.

Er so damen trygg?

Den vanlegaste årsaki til dambrot er overtopping under flaum.

Og flaum kann det bli um det byggjer seg upp ein stor innsjø i Brimkjedlen, og han so tappar seg ned ganske fort. Det kann ogso bli ei flodbylgje um det går eit stort ras eller skrede i ei fjellside.

Men med ekstra breitt yverlaup fær me tru at det går bra.

I Statkraft: Jostedalen kann me lesa fylgjande um Leirdøla kraftverk:

  • Nedbørsfeltet dekker 154 km².
  • Totalt magasinvolum: 173 millionar m³.
  • Høgaste/lågaste vasstand: 478/440 m. over havet.
  • Aggregatet har ei effekt på 110 MW.
  • Normalproduksjonen er 465 GWh/år.
  • Ved full drift blir det brukt 28.000 liter vatn i sekundet.
Vatnet hev byrja stiga...
Her hev vatnet byrja stiga...






© www.leirdalsboki.no

  Valid XHTML 1.0 Transitional