Leirdalsboki

Framsida 1001-1800 1801-1900 1901-1950 1951-2000 2001-2050 Ymist



2. verdskrig

Å UPPLEVA den tyske okkupasjonen var nok ei svært blanda kjensle. Du var aldrig trygg, tyskarne kunde når som helst koma og henta deg og taka deg med til tortur og fangenskap, ja, kanskì vart du likvidert. Elder du kunde bli utsett for flyåtak av dei allierte. Ein forferdeleg situasjon: i tillegg til å vera redd for tyskarne, måtte du ogso gå rundt og vera redd for å få ei bombe i hovudet. Men det var nok verst for deim som budde i tettbygde strok.
For deim som budde på landsbygdi var nok livet mykì som fyrr, men det var jo stor mangel på mat og dei mest naudsynte varer, slik som såpe (såpe måtte folk laga sjølve, av dyrefeitt eller talg, samt kaustisk soda, salmiakk og vatn).
På den andre sida fekk mange arbeid av tyskarne, og tente pengar som dei brukte på svarte­børs, eller dei betalte ned gjeld. For i 30-åri var det mange bønder og fiskarar som var svært gjeldstynga, og i løpet av krigen klarte mange å kvitta seg med mykì av gjeldi.
Motstandskampen hev i ettertid vorte glorifisert, men faktum er at ofte når nokon i mot­stands­rørsla sette kjeppar i hjuli for tyskarne, hevna Gestapo seg grusomt på uskuldige sivile. For i båe leirane fanst det kriminelle element som såg sitt snitt til å utfalda seg, når høvet baud seg. Mot­stands­rørsla burde utelukkande begrensa seg til vera auge og øyre for dei allierte, og i det løynde å rekruttera mannskap, byggja seg upp lager av våpen og utstyr, og trena mannskapi på bruken av dette i påvente av ny krigsinnsats. Samt bu deim på arbeidsuppgåverne som venta etter krigen.

1938


1939


1940

Britarne borda det tyske tankskipet Altmark i Jøssingfjorden 16. februar og befridde 299 engelske krigsfangar.
7. april varsla Aftenposten Admiralstaben um at tyskarne skulde landsetja store troppestyrkar i Norìg. Utanriksdepartementet ba Aftenposten um ikkje å trykka meldingi.
Um morgonen 8. april vart det tyske lasteskipet Rio de Janeiro senka av ein polsk undervassbåt utanfyr Lillesand. Dei overlevande soldatarne sa at dei var på veg mot Bergen for å «forsvara Norìg mot engelskmennerne». Noko som vel på ein måte var korrekt i deira augo, ettersom det vel berre var eit tidsspyrsmål fyr engelsk­mennerne vilde okkupera Norìg. Dei var jo alt byrja angripa tyske sivilfartøy – og leggja ut miner – i norsk farvatn. Og dette fekk dei gjera utan motstand frå dei norske styresmakterne. Dermed var i praksis Norìg allereide med i krigen på alliert side.
At tyskarne var på veg for å okkupera Norìg fekk myndigheiterne i fleire dagar i rein klartekst, og likevel valde dei å ikkje gjeva ordre um mobilisering. Sann­synlegvis fordi dei trudde engelsk­mennerne vilde koma tyskarne i forkjøpet. Ved å ikkje mobilisera vilde då engelsk­mennerne kunna okkupera Norìg på ein lettvindt måte. Men det skulde altso ikkje ganga slik.
Norìg vart for fullt med i krigen 9. april, ved at Tyskland landsette styrkar i Oslo, Kristiansand, Egersund, Bergen, Trondheim og Narvik.
Angrepet på Oslo vart forseinka ettersom den tyske kryssaren »Blücher« vart senka i Drøbak­sundet. Tyskarane var heilt sikre på at dei kunde reisa trygt inn sundet, ettersom dei trudde russland hadde full kontroll på det norske forsvaret. Men kommandanten på festningen var ulydig, og beordra eld. Dermed fekk kongen og den ulovlege regjeringi tid til å røma nordyver. Tyskarne erobra deretter Oslo utan problem med ganske småe styrkar.
I Kristiansand fekk tyskarne derimot hard motstand, men til slutt slapp dei forbi på grunn av ei mistyding.
Narvik vart gjenerobra av dei allierte 28. mai.
7. juni rømde Kong Haakon, Kronprins Olav og den ulovlege regjeringi Nygaards­vold yver til Storbritannia, alle på same båt. Det var berre sovidt det gjekk bra.
8. juni rykka tyskarne inn i Narvik att.
Dei norske styrkarne kapitulerte 10. juni, og dermed var ikkje Norig lenger i krig, men okkupert.
14. juni okkuperte tyskarne Tromsø og Bardufoss.
Det var på dette bel vel tri millionar innbyggjarar i Norìg, pluss rundt 400.000 soldatar frå Tyskland og Austerrike.

«Dette overfall har vært planlagt lenge. Der har vært Forædere blant norske. FY FOR EN Skam.»
Else-Marie Mur, 17 år
1941



1942



1943

Um natti 28. februar sprengde norske sabotørar Norsk Hydro sitt elektrolyse­anlegg fyr tungt­vatn på Vemork ved Rjukan. Men tri månader etterpå var produksjonen i gang att.
1944

Laksevåg ved Bergen fekk ein forferdeleg medfart av dei allierte. Den verste episoden skjedde 4. oktober, då 194 menneskje vart drepne, millom dei 60 skuleborn og tvo lærarar ved Holen skule.
1945

7. april vart Bergen bomba for 12. og siste gong av dei allierte.
8. mai vart Norìg eit fritt land att.
Det var på dette bel truleg millom 40.000 - 50.000 (kanskì so mange som 100.000) sokalla “tyskargjenter” i Norìg: unggjenter som hadde menga seg med dei tyske soldatarne. Ein av grunnane til at dei var so mange, var nok at dei tyska soldatarne hadde ståande ordrar um å handsama lokalbefolkningen på ein venleg måte; dei hadde ikkje lov å drikka seg fulle; dei skulde uppføra seg særs høvisk mot norske kvinder.
Mange av “tyskartøserne” vart skamklipte, og dei fleste mista jobbarne sine. Ein god del av desse vart no internerte i fangeleirar, og fekk dermed straff utan lov og dom.
Dei som hadde gifta seg med tyske soldatar mista sitt norske statsborgarskap, og vart sende til Tyskland saman med dei tyske krigsfangarne. Mange av deim hadde småe ungar, og i Tyskland rådde det hungersnaud og elende.

1946



1947



1948

Stortinget bestemde umsider at det ikkje skulde reisast riksrettiltale mot den ulovlege regjeringi Nygaards­vold eller nokon av enkeltpersonarne i regjeringi.
Dei tri siste daudsdomarne på norsk jord vart fullbyrda denne hausten. I alt vart 25 nordmenner og 12 tyskarar henretta etter krigen.




Engelske soldatar som vart sende til Norìg på slutten av krigen fekk utlevert eit hefte som heitte "Norway". Frå det kann me lesa:

Behaviour.  The Norwegians loathe the sight of German uniforms and the sound of German voices.  But we must not forget that in one respect the German rulers of Norway were extremely cunning.  They left most of the “ terror ” to the Gestapo and the S.S.  Ordinary German soldiers were rarely used against the people.
In addition, the behaviour of soldiers towards Norwegian civilians was strictly laid down in German standing orders.  “ It is forbidden to get drunk ! ” ;  “ It is forbidden to act in an unfriendly manner ! ” ;  “ Soldiers will adopt a gentlemanly manner towards Norwegian women ! ”  That sort of thing.  Penalties for breaking these “ behaviour-orders ” were severe.  Most Norwegians belive the story of the housewife who complained that a German soldier had stolen a pot of jam from her kitchen.  Next morning she was sent for by the man’s C.O. to see him shot !
In spite, therefore, of the continual cold and aloof attitude of the people towards them, and in spite of the unspeakable brutalities committed by other Germans in the Gestapo, the ordinary German soldier behaved very correctly.
This throws a great responsibility on us.  Since German soldiers behave reasonably well the Norwegians will expect us to behave practically like angels.  There is no room for a harp in a haversack.  All the same it is up to us, by our behaviour, to go several better than the enemy.  That will make everything so much easier, both for the Norwegians and yourself.








Kjelder
• Norsk krigsleksikon • Norway • A-magasinet 19/2010




© www.leirdalsboki.no

  Valid XHTML 1.0 Transitional