Leirdalsboki





Gardarne i 1940.


Sølfesthaugen
Sølfesthaugen
låg på nedsida av vegen, med stabburet midt i tunet og fjøsen til vinstre. Alle husi her er i dag vekke. Materialarne i stova vart brukt til ny stove i Haug­lund, og løe­delen på fjøsen vart upp­att­sett på gjerdet til Haug­lund.
Kjøtneshaugen
Kjøtneshaugen
låg på uppsida av vegen. Stova vart rivi, og materialarne nytta til nytt hus i Gaupne.
Erik-Lars­garden hadde seinare eit staurahus på same tufti, men det er no vekke.
Vegen går vidare upp­over mot Rasmus­haugen.
Rasmushaugen
Rasmushaugen.
Yverst eld­huset og fjøsen til vinstre. Stova som vart flytta upp frå Hola rundt 1880 nederst, og “Anna­stova”, som vart flytta upp frå eit stykke innanfyr der fjøsen i Haug­lund står no rundt 1900, til høgre.
Som me sér gjekk vegen upp på ein annan stad enn i dag.
Johanshaugen
Johanshaugen.
Stabburet sto millom stova og fjøsen, og er i dag uppattsett i tunet i Haug­lund. Yverst ei løe. Garden hadde ikkje veg.
Blokkeberg
Blokkeberg.
Til vinstre smia, yverst gamle­fjøsen. I dag er både smia og gamle­fjøsen vekke. På tufti til gamle­fjøsen er det bygd nytt stove­hus.
Pergarden
Pergarden.
Til vinstre stabburet, og uppe til høgre gamle­stova som brann i 1960. Stabburet står i dag millom stova og gamle­fjøsen.
Larsgarden
Erik-Larsgarden.
Midt i tunet stabburet, og uppanfyr eld­huset. Yverst smia. Både stabburet og eld­huset er i dag vekke.
Andersgarden
Andersgarden.
Yverst ein gamall fjøs, og heilt til vinstre vogn­huset/reidskaps­huset. Båe er i dag vekke.





© www.leirdalsboki.no

  Valid XHTML 1.0 Transitional