Leirdalsboki

Framsida 1001-1800 1801-1900 1901-1950 1951-2000 2001-2050 Ymist



Gardarne i 1940.


Sølfesthaugen Sølfesthaugen låg på nedsida av vegjen, med stabburet midt i tunet og fjøsen til vinstre. Alle husi her er i dag vekke. Materialarne i stova vart brukt til ny stove i Hauglund, og løedelen på fjøsen vart uppattsett på gjerdet til Hauglund.
Kjøtneshaugen Kjøtneshaugen låg på uppsida av vegjen. Stova vart rivi, og materialarne nytta til nytt hus i Gaupne.
Her hadde Erik-Larsgarden seinare eit staurahus på same tufti, men det er no vekke.
Vegjen går vidare uppover mot Rasmushaugen.
Rasmushaugen Rasmushaugen. Yverst eldhuset og fjøsen til vinstre. Stova som vart flytta upp frå Hola rundt 1880 nederst, og “Annastova”, som vart flytta upp frå eit stykke innanfyr der fjøsen i Hauglund står no rundt 1900, til høgre.
Som me sér gjekk vegjen upp på ein annan stad enn i dag.
Johanshaugen Johanshaugen. Stabburet sto millom stova og fjøsen, og er i dag uppattsett i tunet i Hauglund. Yverst ei løe. Garden hadde ikkje veg.
Blokkeberg Blokkeberg. Til vinstre smia, yverst gamlefjøsen. I dag er både smia og gamlefjøsen vekke. På tufti til gamlefjøsen er det bygd nytt stovehus.
Pergarden Pergarden. Til vinstre stabburet, og uppe til høgre gamlestova som brann i 1960. Stabburet står i dag millom stova og gamlefjøsen.
Larsgarden Erik-Larsgarden. Midt i tunet stabburet, og uppanfyr eldhuset. Yverst smia. Både stabburet og eldhuset er i dag vekke.
Andersgarden Andersgarden. Yverst ein gamall fjøs, og heilt til vinstre vognhuset/reidskapshuset. Båe er i dag vekke.





© www.leirdalsboki.no

  Valid XHTML 1.0 Transitional