Leirdalsboki

Framsida 1001-1800 1801-1900 1901-1950 1951-2000 2001-2050 Ymist




Leirdalen. Ho Thora Tunsberg.

Av Olav Sande.

Naar du vil til Jostra­dalen og fer frami­gjenum fraa Runnøy, kjem du til ein gard, som heiter Leirmo. Der kjem det ned ei elv, som heiter Leirdøla. Ho kjem fraa Leirdalen. Denne dalen er bratt paa baae sidur, til dess det ber fram aat gardarne; daa vert han litt flaa-are og flatare. Han er upp til 30 kilometer lang. Fyrst gjeng han mot nordvest, sidan mot nord framanfyr Leirdals­vatnet og hev ein heil deil buskog  — mest bjørk —, men inkje fureskog. Der er 4-5 gardar og nokre husmanns­plassar. Folki bur heimanfyr vatnet. Det er ein halv fjordung langt paa lag og lika breidt. Baade i det og i den vesla tjørni, som ligg trast framan­fyre, er der fisk. Paa nordre sida aat vatnet er der eit høgt berg, som heiter Rabna­berget. Framanfyr vatnet kallast dalen Tunsberg­dalen etter eit berg paa austre kanten, som heiter Tunsberg. Ein arm af den store Jostradals­breden skyt seg paa lag 20 kilom. heim igjenum dalen og kallast Tunsberg­breden. Han er ikkje litet tjukk og høg, daa dalen er djup der framme.

I fyrre tider skulde der ogso bu folk der i Tunsberg­dalen. Millum andre skulde der bu ei, som het Thora Tunsberg.  Men det var visst fyrr den tid den aalmenne, vesle, nyttuge boki, me kallar almanakken var komi i kvar manns hus; var vel det og fyrr den tidi, daa folk tok til aa verta boklærde kring avkrokarne. Nog er det: folk der framme vitste ikkje skile «aarsens lidelse». Det leid nog alt til jola­helgi, og henne vilde dei natturlegvis ikkje sleppa framum seg utan bryggjing og baking, gjestabod og gaman. Skulde so ho Thora heim i dalen aa spyrja, kor langt det leid. Det var is på vatnet. Daa ho var komi heim på det, det vil segja væl midt­veges, ropad det ned fraa berget og spurde, kvar ho vilde av. «Eg vil heim i dalen aa spyrja, korlenge det er til joli,» svarade ho. Daa ropad det nedatt ovan berget:

«Snu framattr, LabbaThora! d`er nætadn tri og dagadn tvo til jolo.»

Trolli vitste tidi, dei, og stundad vel til jola­ferderna sina. Og so tykte dei vel, ho Thora gjekk labbutt og seint, dei, som stødt tek slike lange stig.



1892.

Segner Fraa Sogn. II.



© www.leirdalsboki.no

  Valid XHTML 1.0 Transitional