Leirdalsboki

Framsida 1001-1800 1801-1900 1901-1950 1951-2000 2001-2050 Ymist



Omtrent som det såg ut på vårstølen rundt år 1900.

Vårstølen rundt 1900
  1. Selet til Pergarden.
  2. Fjøsen til Pergarden.
  3. Selet til Larsgarden.
  4. Fjøsen til Larsgarden.
  5. Selet til Blokkeberg, kalla ølgårdselet, eller Myraselet. Det var fjøs under.
  6. Selet til Johanshaugen, kalla Johansselet. Det hadde ikkje fjøs. Selet vart seinare flytta heim i Jellbakken, der det vart brukt som røvahytte. Åtlet hadde dei på hi sida av elvi.
  7. Selet til Andersgarden, med fjøs under. Det vart seinare flytta bort på Fjellstølen. Etter kvart vart det bygd ei løe på same tufti. Ho bles ned i 19__.
  8. Stauraløe, Andersgarden.
  9. Selet til Sølfesthaugen. Det hadde fjøs på framsida, og etter kvart vart det påbygt enno ein fjøs.
  10. Selet til Rasmushaugen. Det hadde fjøs mot elvi.
  11. Kvednhuset til Andersgarden.
  12. Kvednhuset til Pergarden.
  13. Kvednhuset til Erik-Larsgarden.
  14. Brui. Ho for i flaumen i 1926, og skulde til då ha stade i hundrad år.






© www.leirdalsboki.no

  Valid XHTML 1.0 Transitional