Leirdalsboki



2001–2050

2011


2001

Tone Elisabeth i Pergarden og Ronny Holen i Gaupne fekk dotteri Marita.

Stabburet som fyrr hadde stade på Johanshaugen, var uppattsett i tunet i Hauglund.

Det var no fem hestar i Leirdalen; tvo i Andersgarden og Hauglund, og ein i Pergarden.

På Haugen fekk dei seg ny traktor, ein New Holland.

Åm friti å litt ao kårt.
Da va nett vårte nye veg åpp i Leirdadl, å ikkje so leinje siao straumen kåm helde. So ein kann gått seia atte aori rundt 1960 va dao ein jikk ifrao gammadle te nye ti. Bilveg å straum ha mykje å seia før trivsedl. Da va vel ikkje so mykje friti å snakka åm pao ditta bel, adle hadde garadn å ta seg ao, å nåken hadde  

2002

Turgåing.
Ein av dei finaste turane var fram den lange flate Tunsbergdalen. Enten fram til vatnet, fram på Vasstølen, eller fram heile dalen. Men det var då, og ikkje no. Og ein kunde ganga etter den fine stigen på burtsida av elvi. Han er ogso øydelagd. So skal ein gå på flata no, blir det stort sett  

2003

Nyevegen
Solsete

Vegen upp i Leirdalen vart utvida, og i det brattaste partiet vart det laga ny, flatare veg. I samband med dette vart det ogso laga til parkeringsplassar frå husi på Blokkeberg og heilt heim til Løken, ved at vegen vart utvida.

Det kom ut ei flott bok; Leirdalen - ei perle i Luster. Forfattaren var Kåre Øvregard. I denne boki tek han særskilt for seg korleis dei onna i gamle dagar. Det er ogso mykje om kraft­utbyggjingi.

2004

Høyvending

RAS  Det kom eit svært ras rett ved opningen til Røneidstunnelen (mot Marifjøra).

2006

Leirdalen Bre og Juv

Forhausting

2007

Hus.
Her kann du sjå korleis hus hev kome og gått.  

Traktorar Traktorane på Blokkeberg.
Frå vinstre • Nuffield Universal 3 –57 • Leyland 384 –70 • Leyland 262 –76 • Leyland 262 –77
• Leyland 704 –81 • Nuffield 460 –63.
I tillegg tvo restureringsobjekt; Leyland 255 –74 og BMC Mini –67.
Traktorar Traktorar

Stauraløe Stauraløa på Andersgardgjerde.

KRAFTUTBYGGJING  Det var no byrja bli snakk um at sideelvarne frametter Jostedalen skulle leidast inn i Tunsbergdals­magasinet, og at demningen i samband med det skulde hevast tvo meter. I tillegg skulde Vigdalselvi byggjast ut, og leidast inn i ein ny kraftstasjon på Myklemyr. Det var ogso snakk um at Engjadalselvi skulde leggjast i røyrer.
   — Ikkje mykje rennande vatn å sjå etter kvart... men maaange kraft-kr-kr-kr...

Det var no tri gardar som hadde sauder, Andersgarden hadde deim på hitsida, og Blokkeberg og Rasmus­haugen på burtsida.
   Tri av gardarne hadde nautabeist, det var Andersgarden, Pergarden og Hauglund.

2008


Veg via Leirdalen?

LUSTER: Vegnemnda for Veitastrondvegen hadde møte med fylkeskommunen og vegkontoret den 9. september i år. I møtet var dei kommunale representantane oppmoda til å jobba for å få Veitastrondvegen inn i Nasjonal Transportplan, som skal behandlast i 2009. Det vart også prata om eit anna traseval for vegen enn dagens. Tunnel frå Veitastrond over til Leirdalen/Gaupne vart trekt fram, eit alternativ som Sognekraft snusa på då planane for Årøy kraftverk vart utarbeidd for om lag 30 år sidan.

Sogn Avis 6 30/9 2008. 

Satsar på sporty turisme.
—Kva tilbod kan Bre og Juv tilby turistane? —Det er blant anna mogeleg å bli med på fisketur i Tunsbergdals­vatnet med båt, som er ein av mine favorittar, samt brevandring på Tunsbergdalsbreen og juvvandring i Leirdøla. Det er eit nytt  

2011


Eit etterminne om Gudrun Leirdal.

Bodstikka fortel at Gudrun er gått bort. Dermed har eit heilstøypt og arbeidsdugeleg omsorgsmenneske sagt oss farvel.
   Gudrun var nummer to i ein syskenflokk på åtte, og slik det var vanleg på den tida, måtte ho tidleg i barne­åra gå foreldra til hande. Knapt vaksen byrja ho som tenestejente hos gardfolk nede i bygda. Etter kvart vart det mange som ville ha tak i henne, fordi ho var påliteleg og godt likt, arbeidsam og dugande.
   I 1950 gifte ho seg med Ragnvald på nabogarden, og dei fekk etter kvart tre born. Gudrun og Ragnvald hadde trygg forankring i den nære fortid, men dei var begge opne for den nye tida, og oppsedinga av borna var rettlina, men kjærleg, slik eg har forstått det.
   Gudrun var aktiv i foreiningsarbeidet i dalen. Under utbyggingsperioden vart ho kokke “på anlegget”, og der var det mange munnar å mette. Men aller best minnest eg Gudrun frå tida som heimehjelp for mor. I tillegg til å utføre det førefallande arbeidet med m.a. vasking og matlaging, sette dei opp handleliste, som oftast blei effektuert dagen etter. Og, ikkje å forgløyme, både medan arbeidet blei utført og sidan under kaffipausen, fekk mor spurt nytt frå skuldfolk, og elles nytt i bygda. I tillegg til mor sine ynskemål, hadde Gudrun sjølv syn for det som var mest nødvendig, og så blei dagsorden fastlagt. Dei hadde ein lett og livleg tone seg imellom, og mykje løgleg fekk latteren fram. På mange måtar blei Gudrun eit særleg ankerpunkt for mor, og eg er glad for at Gudrun fekk visse for dette, og at hennar hjelp og støtte blei høgt verdsett.
   På kort tid er både Ragnvald og Gudrun gått bort. Eg sender varme tankar, og gode ynske til dei etterlatne, som visseleg er mykje tyngde av sakn og sorg. Ulla har òg bede meg om å helse.

Erik Leirdal.
Skreia.

Sogn Avis 64 31/3 2011. 




Neddotti løe

Um kvelden 25. og natti til 26. desember var det eit ovseleg uvêr, faktisk det verste i manns minne. Taket yver siloarne på nyefjøsen i Andersgarden bles av, taket bles av fjøsen på Blokkeberg, det vart skader på taket til Erik-Larsgardfjøsen, og løda til Andersgarden (i Myri) bles ned (biletet). Det bles mange tre yver vegen mest heilt frå Leirmoøygarden og upp. Straumen vart vekke i fire dagar, og fasttelefonen kom aldri att.

2012

Siste sauerne

Klokka seks um morgonen onsdag 7. mars vart siste sauerne i dalen levert.

  Dei fekk sauer att i Pergarden.

2013

Erik-Larsgarden
Erik-Larsgarden.

Natt til 20. november kl 00:41 var det jordskjelv i Tunsbergdalen, litt nordaust for Såta og 5-6 km ned i grunnen. (Ikkje ved Leirmohovden, slik det står i aviserne.) Det hadde styrke tri, og merkast godt heime i dalen.

2014

LÆRDALSØYRI.  I januar gjekk det ein fælsleg eldskade yver Lærdalsøyri. 40 bygningar, derav 17 bustadhus, brann ned til grunnen. Men — so vel var berga alle livet.

Trafikk.
— Leirdalsvegen er smal, men fin å køyra då asfalten for det meste er i bra stand. Du treffer sjeldan på store køyretøy, bortsett frå mjølketankbilen um morgonane. Og strøbilen når det er glatt. På Leirmo­øygarden må du vera  

2015


2016

Ungkar Stendig nye måtar å nytta rundballar på, her på Alsmo.

2018

Leirdalen
Det er lett å sjå kvar Soli tek mest um våren. Biletet er teke den 10de mai.

Hjortar
Nedover mot Leirmo­øygarden kann ein ofte støyta på hjort.



Forrige side       Til toppen av sida       Neste side

© www.leirdalsboki.no

  Valid XHTML 1.0 Transitional