Leirdalsboki

Framsida 1001-1800 1801-1900 1901-1950 1951-2000 2001-2050 Ymist


2001–2050

2011


2001

Stabburet som fyrr hadde stade på Johanshaugen, var uppattsett i tunet i Hauglund.

Det var no fem hestar i Leirdalen; tvo i Andersgarden og Hauglund, og ein i Pergarden.

På Haugen fekk dei seg ny traktor, ein New Holland.

Åm friti å litt ao kårt.
Da va nett vårte nye veg åpp i Leirdadl, å ikkje so leinje siao straumen kåm helde. So ein kann gått seia atte aori rundt 1960 va dao ein jikk ifrao gammadle te nye ti. Bilveg å straum ha mykje å seia før trivsedl. Da va vel ikkje so mykje friti å snakka åm pao ditta bel, adle hadde garadn å ta seg ao, å nåken hadde  

9/11.
11. SEPTEMBER 2001 vart det meldt om terroråtak på World Trade Center i New York. Den offisielle fram­stillingi går ut på at fire passasjer­fly vart kapra, og tvo av deim  

2002

Turgåing.
Ein av dei finaste turane var fram den lange flate Tunsbergdalen. Enten fram til vatnet, fram på Vasstølen, eller fram heile dalen. Men det var då, og ikkje no. Og ein kunde ganga etter den fine stigen på burtsida av elvi. Han er ogso øydelagd. So skal ein gå på flata no, blir det stort sett  

2003

Nyevegjen

Vegen upp i Leirdalen vart utvida, og i det brattaste partiet vart det laga ny, flatare veg. I samband med dette vart det ogso laga til parkeringsplassar frå husi på Blokkeberg og heilt heim til Løken, ved at vegen vart utvida.

Det kom ut ei flott bok; Leirdalen - ei perle i Luster. Forfattaren var Kåre Øvregard. I denne boki tok han særskilt for seg korleis dei onna i gamle dagar.

2004

Høyvending

RAS  Det kom eit svært ras rett ved opningen til Røneidstunnelen (mot Marifjøra).

2006

Leirdalen Bre og Juv

Forhausting

2007

Hus.
Her kann du sjå korleis hus hev kome og gått.  

Traktorar Traktorane på Blokkeberg.
Frå vinstre • Nuffield Universal 3 –57 • Leyland 384 –70 • Leyland 262 –76 • Leyland 262 –77
• Leyland 704 –81 • Nuffield 460 –63.
I tillegg tvo restureringsobjekt; Leyland 255 –74 og BMC Mini –67.
Traktorar Traktorar

Stauraløe Stauraløa på Andersgardgjerde.

KRAFTUTBYGGJING  Det var no byrja bli snakk um at sideelvarne frametter Jostedalen skulle leidast inn i Tunsbergdals­magasinet, og at demningen i samband med det skulle hevast tvo meter. I tillegg skulle Vigdalselvi byggjast ut, og leidast inn i ein ny kraftstasjon på Myklemyr. Det var ogso snakk um at Engjadalselvi skulle leggjast i røyrer.
   — Ikkje mykje rennande vatn å sjå etter kvart... men maaange kraft-kr-kr-kr...

Det var no tri gardar som hadde sauder, Andersgarden hadde deim på hitsida, og Blokkeberg og Rasmus­haugen på burtsida.
   Tri av gardarne hadde nautabeist, det var Andersgarden, Pergarden og Hauglund.

2008


Veg via Leirdalen?

LUSTER: Vegnemnda for Veitastrondvegen hadde møte med fylkeskommunen og vegkontoret den 9. september i år. I møtet var dei kommunale representantane oppmoda til å jobba for å få Veitastrondvegen inn i Nasjonal Transportplan, som skal behandlast i 2009. Det vart også prata om eit anna traseval for vegen enn dagens. Tunnel frå Veitastrond over til Leirdalen/Gaupne vart trekt fram, eit alternativ som Sognekraft snusa på då planane for Årøy kraftverk vart utarbeidd for om lag 30 år sidan.

Sogn Avis 6 30/9 2008. 

2011


NORSK TERRORBOMBING OVER LIBYA

Seks norske F16-fly sleppte nesten 600 bomber over Libya. Pilotarne måtte under dei fleste oppdragi plukka ut mål på måfå, og sleppte bomber i tettbygde bystrok. Dette bidrog til enorme lidingar, eit øydelagt land og ein voldsom flyktninge­straum.
   Bombingen vart av politikarane i Noreg framstilt som ein del av kampen for demokrati og menneske­rettar i Midt­austen. Målet var å fjerna oberst Gaddafi frå makti. Men resultatet vart eit land i ein mykje verre forfatning enn fyrr.


22/7.  22. juli 2011 var det terrorangrip i Oslo og på Utøya: I Regjeringskvartalet gjekk det av ei bilbombe, og på Utøya var det skyting. Det var berre éin gjerningsmann, og 77 menneskje omkom, i tillegg var det mange skadde. Men kvifor  


Neddotti løe

Um kvelden 25. og natti til 26. desember var det eit ovseleg uvêr, faktisk det verste i manns minne. Taket yver siloarne på nyefjøsen i Andersgarden bles av, taket bles av fjøsen på Blokkeberg, det vart skader på taket til Erik-Larsgardfjøsen, og løda til Andersgarden (i Myri) bles ned (biletet). Det bles mange tre yver vegen mest heilt frå Leirmoøygarden og upp. Straumen vart vekke i fire dagar, og fasttelefonen kom aldri att.

2012

Sidste sauderne

Klokka seks um morgonen onsdag 7. mars vart siste sauderne i dalen levert.

  Dei fekk sauder att i Pergarden.

2013

Erik-Larsgarden
Erik-Larsgarden.

Natt til 20. november kl 00:41 var det jordskjelv i Tunsbergdalen, litt nordaust for Såta og 5-6 km ned i grunnen. (Ikkje ved Leirmohovden, slik det står i aviserne.) Det hadde styrke tri, og merkast godt heime i dalen.

2014

LÆRDALSØYRI.    I januar gjekk det ein fælsleg eldskade yver Lærdalsøyri. 40 bygningar, derav 17 bustadhus, brann ned til grunnen. Men — so vel var berga alle livet.

Trafikk.
— Leirdalsvegjen er smal, men fin å køyra då asfalten for det meste er i bra stand. Du treffer sjeldan på store køyretøy, bortsett frå mjølketankbilen um morgonane. Og strøbilen når det er glatt. På Leirmo­øygarden må du vera  

2015


Media.
I fylgje media (radio, fjernsyn, internettaviser og aviser) blir verdi ein verre og verre stad, med meir og meir terror, krig, katastrofar og elende. Det er FEIL! Aldri hev det vore so bra på Jordi som i dag. Storparten av folki på Jordi hev det bra (men ikkje ALLE!). Men media prøver med alle midlar å grava fram drit og elende, slik som Dagsrevyen: Hev det ikkje skjedd drap eller voldtekt eller ran innom­lands ein dag — ja, so finn dei garantert noko utomlands, om dei so må heilt til Peru! Men alle dei positive hendingarne i verdi, dei fær dei ikkje med seg (om det då ikkje skulde vera ein kongeleg involvert, med avduking eller liknande). Nyhende­biletet blir voldsomt skeivt: dei få prosenti med elende blir blæse kolossalt opp, og alt det positive blir meir eller mindre forbigått i stilla.
   Det er mest som ein kann lura på om dette blir gjort for å halda folk permanent redde. Me skal gå rundt og vera redde for terror, svine­influensa, flått, innbrot, ebola, atom­bomber og Fandens sviger­mor.

   SO! Lat oss sjå litt på kva media hev fenge deg til å tru (og mediefolki trur på dette sjølve ogso):

∎ VERDI BLIR STENDIG VERRE OG VERRE — FEIL!
∎ DET BLIR STENDIG STØRRE OG STØRRE SKILDNAD MILLOM FATTIG OG RIK — FEIL!
∎ VERDI ER TRUGA AV OVERBEFOLKING — FEIL!
∎ VERDI ER TRUGA AV KLIMAKRISE — FEIL!
∎ DU MÅ GÅ RUNDT OG VERA REDD FOR TERROR — FEIL!

   Men politiet er tydelegvis redde for terror, eller kva dei no er — so dei hev byrja gå rundt med skarpladde våpn — og dei hev byrja skyta folk. Galskap: inkje hev dei sikring på våpni sine og det ligg patron klar i kammeret!
   OG SO kann me 14. oktober lesa i Aftenposten at politifolki heretter skal bera pistol og ammusjon adskilt. Det var på høg tid at dei som bestemmer tok til vit!

2016

«Fra det fordekte til det åpne.»
Det var vandt at laga lenke direkte til dette innlegget, som du finn her. Du må difor leita litt — du finn det eit stykke nedover på sida.

Er Jordi flat?
Naturlegvis trur du ikkje Jordi er flat, slik som logoen til SN (United Nations) viser. Men søker du på "Flat Earth" på YouTube finn du ei mengd med filmar som er svært overtydande i dan leid. So dette må me  

Kriselager.  Tyske myndigheiter bad innbyggjarane sine lagra mat for ti dagar og vatn for fem, samt å lagra kontantar.

Ungkar Stendig nye måtar å nytta rundballar på, her på Alsmo.

2017

KRAFTIG SVEKKING AV BEREDSKAPEN I NORIG. KVIFOR? FORDI DET SNART SKAL RULLA RUSSISKE STRIDSVOGNER INN I FINNMARK?
☛ Kraftig reduksjon av forsvaret. Ta t.d. heren: i 1993 165.000 soldatar, no 6.500 operative soldatar. Og heimevernet: meir enn halvert dei siste 10 år. Me er i praksis vortne forsvarslause. Og hjelp frå NATO i ein krisesituasjon? Du treng ikkje rekna med det.
☛ Sjøheimevernet blir lagdt ned. Ingen fagpersonar forstår noko av dette vedtaket.
☛ 8 radarstasjonar i Nord-Norig blir lagde ned. Ingen forstår kvifor dette blir gjort.
☛ Sentralisering av politiet. Berre i vårt distrikt blir fylgjande lensmannskontor nedlagde: Selje, Balestrand, Gaular, Jølster, Askvoll, Hyllestad, Luster, Aurland, Årdal, Gulen, Solund, Austrheim og Fedje, Ulvik, Vaksdal, Ullensvang og Eidfjord, Jondal og Samnanger.
☛ Sløkking av FM-nettet.
Norig er atter lagt ope for okkupasjon, nøyaktig slik som det vart gjort fyrr Andre verdskrigen.




Forrige side       Til toppen av sida       Neste side

© www.leirdalsboki.no

  Valid XHTML 1.0 Transitional