Leirdalsboki



1951–2000

1961  1971  1981  1991


1951

Kristoffer og Borghild i Erik–Larsgarden tok yver garden.

1952

Fjøsen i Erik–Larsgarden vart riven, og det vart bygd ny på same tufti.

Borghild og Kristoffer i Erik–Larsgarden fekk dotteri Brita. Ho flytta til Sandal i Gloppen i __.

Øystein tok yver Blokkeberg.

1953

Aprilsnarr.

Aprilsnarr.

Med hest og sluff nedom Hauglund 1. april. Øystein styrer hesten, og baki sit Olga, Odd og Maria.
På troppi i Erik–Larsgarden
Lars og Brita på troppi i Erik-Larsgarden, med barnebarnet Brita på fanget.

Pergarden i 1953 Pergarden. Bakum sér me nyefjøsen i Erik–Larsgarden, og restarne av den gamle.

Johanne og Johannes i Pergarden fekk sonen Erik.

Kristen og Maria tok yver Andersgarden.

Det vart bygd ny stove på Rasmushaugen attmed hi, litt lenger uppe. I samband med dette vart Annastova rivi.

Kårstova i Erik–Larsgarden vart påbygd og omvølt.

Nr. 872.  Kvam—Leirdal. 4 t. Vardet sti. — Fra Kvam ved bilveien på østsiden av Veitestrandsvatn (se nr. 867) følger man en bratt, men god setersti i slyng opp dalsiden med Grøndalsbekken til h. Senere steingår man bekken og kommer fram til Grøndalsseter. Her begynner vardingen som til dels bratt tar opp til passhøyden, ca. 2 t. fra Kvam. (Den breen som er avsatt på kartet, er forsvunnet.) Strålende utsikt mot Veitestrand med Bokkebreen i v. og mot Skagastølstindan i ø. Videre går ruten i jevnt hellende terreng over en bekk ned til Skarseter (ikke navngitt på kartet, ligger omtrent ved sørspissen av N i navnet Nonhaugsr.), hele tiden med stort utsyn mot Tunsbergdalsbreen og Leirdal. Fra Skarseter tydelig stølsti ned lia og over noen myrpartier langs Leirdøla til bro over den, deretter om Leirdalsseter på nordsiden av elven til Leirdal; man kan gjøre regning med losji hos Lars Leirdal. — Fra Leirdal ca. 3 km kjerrevei gjennom vakker furuskog ned til Jostedalsveien ved Leirdøla Bru, bilrute til Kroken og Marifjøra. — Man kan også gå en rute fra Nes i Veitestrand over Nesdalsseter og ned til Tverrdalsseter i Tunsbergdalen (losji). Bro vil bli bygget over elven i Tunsbergdalen, foreløpig trekkstol. En tur oppover Tunsbergdalen til den interessante Brimkjelen anbefales.

DEN NORSKE TURISTFORENING: TIL FOTS 

1954

Maria og Kristen i Andersgarden fekk sonen Edvard og dotteri Brita Torlaug. Han flytta til Hagebø i Kalhagen i __, og ho flytta til Flikki i __.

1955

Leirdalen i 1955 Leirdalen 1955.
I Pergarden står gamlestova, og nedom Hauglund smia til Pergarden (som i seinare år vart nytta til vaskerom). Til vinstre for fjøsen i Pergarden sér me ein gamall fjøs i Andersgarden.

I Andersgarden fekk dei seg den fyrste traktoren i Leirdalen, ein Allgaier med Porschemotor. Ettersom vegen frå Leirmoøygarden og upp ikkje akkurat kunde kallast traktorveg, kravde dei traktoren levert i tunet. Og det fekk dei.
   Og dermed vart det skikkeleg tøff-tøff-lyd i Leirdalen, ettersom Allgeiren var ein-sylindra.
   Traktoren er fortsatt å finna på garden.

Smia på Blokkeberg vart riven. Ho stod der saudahuset seinare vart uppsett.

Kårstova i Pergarden vart heilt omvølt.

Stabburet i Pergarden vart flytta ned millom kårstova og fjøsen; det hadde fyrr stande millom vegen og kår­stova.

Gudrun og Ragnvald på Rasmushaugen fekk dotteri Inger Marie.

Margit og Sverre i Hauglund fekk dotteri Borgny. Ho flytta til Solvorn i __.

1956

Det vart skote bjørn i Leirdalen. Han vart stoppa ut og stilt ut i Fortun Kraftstasjon.

Bjørnejakt i Leirdalen -56.
Det var den 24-5-56. Eg tok ein tur fram til Storhaugknubben so me kalla vesle Storhaugknubben for å sjå um eg såg spor etter bjørnen. Det er ca. 2 km frå Leirdalen. Det var seint om kvelden, og spor var å sjå. Bjørnen hadde kome ned Skarmarkene, ned til Tunsbergdalsvatnet og vidare  

Gamlestova på Rasmushaugen, upphaveleg frå Hola, vart rivi.

Det vart slutt på stølsdrifti i Tverradalen og på Nonhaug.

Margit og Sverre i Hauglund fekk sonen Arne.

Johannes og Johanne tok yver Pergarden.

1957


Dei avsides i Luster skal få elektrisk kraft.

Frå Vigdal, Leirdal, Alsmo og Leirmo har det kome søknad om å få elektrisk kraft. Denne oppgåva bør løysast saman med bygging av kraftline til Jostedal. Årsmøtet i Luster kraftlag vedtok samrøystes å byggja desse kraftlinene. Styret fekk fullmakt til å låna 600.000 kroner til arbeidet. Med dei tidlegare vedtaka om bygging til Kroken og Kilen, skulle dermed dei siste grendene i heradet få elektrisk kraft.

Sogn og Fjordane 3/4 1957. 

Gudrun og Ragnvald på Rasmushaugen fekk sonen Harald. Han flytta til Nes i __.

Sverre og Margit tok yver Hauglund.

1958

Det vart innlagt straum hjå samtlege i Leirdalen, og 16. august vart straumen sett på. Ogso i Vigdalen og i heile Jostedalen fekk dei straum dette året. (I Jostedalen var det sume som ogso fyrr hadde hatt straum; frå lokale småkraftverk.)
   No vart kvardagen mykje enklare, for fyrr måtte ein fyra i omnen ogso um sumaren for at fenga heitt vatn til klesvask og oppvask, og varme til matlaging. Og ein fekk mykje betre ljos at hjelpa seg med um kveldarne, og mange kjekke elektriske hjelpemidlar, som: komfyr, frys, kjøleskåp, symaskin, strukejarn.

I vestenden av stovehuset på Blokkeberg var det vel tvo meter som ikkje var innreidd. Dette var eit påbygg på sjølve timmerhuset. Her vart det no innreidd i fyrste etasje. Dermed fekk dei større og varmare kjøken, og spiskammerset vart flytta frå det som no er bad til rommet attmed kjøken.
   Fyrr denne tid hadde kjøken vore so kald og trekkfull at han ikkje kunde nyttast um veteren. Difor hadde dei då nytta stova vetterstid. Til uppvarming og matlaging brukte dei ein stor kisteomn med tvo lok uppå. I stova vart det ogso lagt inn vatn med utslagsvask og isett inneglas.

Øystein på Blokkeberg gifta seg med Sofia Neset (1936) frå Neset i Jostedalen. Ho var utdanna som syerske. Ho vaks upp hjå foreldri Anne og Andrias Neset, saman med syskeni Lars og Torleiv.
        Mori var frå Luster, foreldri hennar heitte Anne og Thomas Høyheim.
        Faren hadde vokse upp på garden på Neset. Han dreiv mykje med jordbær og kål, i tillegg til den vanlege gardsdrifti. Foreldri hans heitte Sofia og Lars Neset.

Gråsteinspipa i stovehuset i Erik–Larsgarden vart bytt ut med tigelsteinspipe.

På høgre sida av banetroppi på Blokkeberg vart det påbygd ei ekstra høyløe.

1959


Leirdalen 1959

Rasmushaugen, Johanshaugen, Erik–Larsgarden og Andersgarden.


Blokkeberg i 1959 Blokkeberg.
Bakum stova sér me gamle­fjøsen, og fremst løa til Anders­garden.

Blokkeberg Sofia med sonen Helge på fanget.
Bakum sér me stova og gamle­fjøsen på Blokke­berg.

Sofia og Øystein på Blokkeberg fekk sonen Helge. Han flytta til Sogndal i 1980.

Johanne og Johannes i Pergarden fekk sonen Ole Magne. Han flytta til Sandviki i Gaupne i __.

I Pergarden fekk dei seg traktor, ein Massey Ferguson TI 20.

TUNNEL  Tunnelen gjenum Haukåsgjelet var ferdig.

Andersgarden sette upp løde i Myri. Men det gjekk ikkje heilt uproblematisk for seg, ettersom ho bles ned då ho var halvferdig. (Ho bles forøvreg ned att i 2011.)

1960

Eld­skade i Per­garden.

Tidleg på veteren dette året brann hovud­bygningen i Per­garden ned. Det byrja brenna i andre høgdi, i rommet yver kjøken, der det hadde fata gjenom eit ope røyrhol i pipa. Det var Brita Torlaug, Edvard og Erik som opp­daga brannen. Dei dreiv og skreidde på krubba ned frå Bakken, som den gongen låg høgare uppe, då dei såg at det kom røyk ut gjenom glasi i andre høgdi. Dei fekk snøgt varsla, men huset kunde ikkje bergast, då det var lite å hjelpa seg med til sløkking.
        Men — dei sprang på alt dei kunde med vass­bytterne sine, og greidde på den måten å berga fjøsen og kår­stova. Men det var so vidt det gjekk, for fjøsen fekk so mykje varme at det var byrja renna tjøre frå stokkarne oppmed taket. Sofia hadde jobben med å fylla upp att bytterne uppi Erik-Larsgard­fjøsen, og so stod dei på lang rekke ned til Per­garden. Det kom ogso folk frå Alsmo og Leirmo og hjelpte til.
        Brita var på skulen på Alsmo den dagen, og ho hugsar at ho og resten av ungarne lo, for dei såg Kaspar Ruud sykla avgarde for harde livet. Dei forstod ikkje kvi­for, men han skulde til Leir­dalen!
        Den påfylgjande natti hadde Johannes og Øystein eldvake.
        Kår­stova vart teki i bruk som stove­hus.
        Og so vart det skipa til eit gildt gjesta­bod for alle dei gode hjelparane.


Dramatisk brann­sløkking i Leir­dal.

Huset til Edvard Leirdal i Leirdalen i Luster gjekk opp i logar fredag. Meste­parten av innbuet strauk òg med, men etter eit nærast umenneskeleg slit, med god hjelp av grannar, greidde dei å berga eit anna bustad­hus og lø­bygningen. Folk bar vatn i bytter og skvette opp­etter veggene på dei to husa, og hindra på den måten elden å få tak. Brann­vernet i Luster fekk meldinga om bran­nen i Leirdalen, men det er rekna med to timars tid å koma dit. Det var òg nytte­laust å senda brann­bilen då det ikkje er veg opp til Leir­dalen. Men dei har ei brann­sprøyte ståande i Gaupne, og denne vart send til Leir­dalen med hest. Men dette tok tid, så pumpa og folka som kom, kunne berre vera med på etter­sløkkinga.

Sogn og Fjordane 15. februar 1960.
Johanshaugen
Johanshaugen.

Gudrun og Ragnvald på Rasmushaugen fekk dotteri Oddlaug. Ho flytta til Sandviki i Gaupne i 19__.

På Blokkeberg fekk dei seg traktor, ein Motorstandard tvohjuling med tilhengjar framme. Og dermed vart siste hesten på garden levert.

Eit gamalt uthus i Andersgarden vart rive. Det stod uppanfyr stabburet, der vegen gjeng no.

1961

Gruppe

Framfyr står Ole Magne, Oddny, Borgny, Inger Marie, Erik Bruflat og Erik. Bakum dei står Øygunn og Reidun. Bakarst står Johannes R., Margit, Nils, Synnøve, Gunhild, Maria og Oddlaug, Kari, Ola, Johannes, Gudrun, Johanne, Sverre og Olga.

På Blokkeberg fekk dei seg ny traktor, ein brukt Allgeir A111.

På Blokkeberg måtte dei klyppa sauderne på kjøken, ettersom det ikkje var innlagt straum i fjøsen. Det var Sverre som klypte med elektrisk saudesoks.

Det vart bygd ny kårstove i Pergarden.

ISKRATERET På TUNSBERGDALSBREEN.
En dag i juli 1926 oppdaget beboerne på de seks ensomme fjellgårdene i Leirdalen i en sidedal til Jostedalen, at Leirdøla, som kommer fra Tunsbergdalsbreen, steg hurtig, og snart gikk den over de gamle merker. Folkene begynte å bli  

AV BREVANDRINGENS SAGA.
Den lengste av alle Jostedals­breens armer er Tuns­berg­dals­breen med sine 14 kilomtre. Den er særlig kjent fordi den i sitt utløp danner en stor demning av grus, breslam og is; fra tid til annen bryter denne demning sammen med den følge at kolossale  

Stovehusi.
Alle husi var lafta, med bordkledning på utsida. Inne var vanlegvis veggerne kledde med huntonittplater i dei rommi som vart nytta til dagleg. I fyrste etasje var husi stort sett oppdelte i kjøken, kammers, stove og gong. Somme stader var det ogso spiskammers. Dei daglege opphaldsrommi var  

Annonse i avisa Sogn og Fjordane.

1962

Det vart sett upp ny pipe på Blokkeberg.

Fjellstølen


Då dei skulde ha kyrne heim frå Fjell­stølen, gjekk det gale. Kristina (Stina), som hadde vore budeie på Fjell­stølen dette året, gjekk fyre yver brui og kalla på beisti. Kyrne fylde etter, medan Kristen og Søvrina prøvde få ein gjenstridig kalv innpå.
Brui til Fjellstølen
   Kristina hadde nett fått yver sine eigne beist, då brui brått gav etter, og dei tolv kyrne til Anders­garden hamna i elvi. Det var eit fæla brak, og mykje rauting og roping. Kristina trudde fyrst at Kristen og Søvrina ogso hadde dotte i elvi, men oppdaga so at dei var att på hi sida. Det såg fæla dramatisk ut, men alle kyrne, burtsett frå èi, klarde å koma seg i land på bort­sida. Den siste såg dei ikkje att; ho reiste i elvi, men kom seg merkeleg nok i land på heim­sida nedanfyr fossen, relativt uskada. Men kyri hadde fenge seg eit stygt sjokk, for som Sverre seinare sa det, «ho var heilt løgi».
   Kristina skunda seg heim og fekk sagt frå, og Øystein rodde yver vatnet og henta Kristen og Søvrina som i millom­tida hadde gått fram dit. Dei kunde ikkje gå yver strenga­brui, av di ho låg nede.
   Dagen etter var det attende yver vatnet, og bufora dei elleve kyrne som var att på burtsida ned på Leirmo og upp att Leirdals­vegen.

1963

Willys Jeep
På Blokke­berg fekk dei seg bil, ein brukt Willys Jeep, i sameige med Lars Neset frå Joste­dalen. Det eine stempelet grov hol på sylindaren, men Lars visste råd. Han tok vekk stempelet og slo i ein tre­plugg. Og dermed gjekk jeepen på tri sylindrar. Men det vart jo ikkje noko drag i honom lenger.

Det vart bygd ny fjøs på Blokkeberg, med plass til fire kyr, samt griser og sauder. Den gamle vart so riven. Men siloen vart ståande att ei stund. Gamlefjøsen var låg under taket, og for ikkje å gjera det betre var det sett upp ein svær jarnbjelke langsetter heile taket. Den var fort å stanga borti, og gav ikkje etter ein millimeter!

Sofia og Øystein på Blokkeberg fekk sonen Andrias.

Det vart bygd bekk uppanfyr Hauglund, og innlagt nytt vatn i Hauglund, Pergarden, Andersgarden og på Blokkeberg. Det var av særs god kvalitet, for ein ingeniør frå NVE som på eit seinare tidspunkt testa vatnet på Blokkeberg vart heilt forundra over kor reint det var.


Klikk på symbolet oppe t.h. på kartet for å få det i fullskjerm, og for å sjå kvar gamlevegen gjekk. Her kann du ogso velja um du vil sjå terrenget som bilete eller kart.

Nyevegen frå Leirmoøygarden og upp vart ferdig.

Kommunarne Jostedal, Luster og Hafslo vart slegne saman til Luster kommune, med Gaupne som kommune­senter.

1964

Nonhaug
Hauglundselet på Nonhaug.


Bekkjavegen
Slik såg Bekkjavegen ut på dette bel. Heilt til høgre kann me skimta gamlefjøsen i Andersgarden.

Det vart bygd reidskapshus i Erik–Larsgarden på uppsida av vegen.

På Blokkeberg fekk dei seg ny traktor, ein brukt Porsche 211.

1965

I Kleivi
I Pergarden.
I juleselskap hjå Torborg. Gunnhild (Hilda) og Kristina (Stina), og Ole Magne og Helge.

Ein tur til Tunsbergdalen.
Me starta i Myri, eller Blokkeberg, som garden eigentleg heiter. Namnet kjem frå Blokkeberg­haugen. At garden til dagleg blir kalla Myri, skuldast at det fyrr dyrkingi låg ei stor myr her, so dette namnet er altso mykje eldre enn garden. Vegen utetter mot elvi er  

1966



Elveosen, med Tunsbergdalsvatnet t.h.


Tunsbergdalsvatnet. Heilt til høgre sér du nausti.

SKULE  Skulegangen vart flytta frå Alsmo til Gaupne. I bilen som køyrde ungarne var det trongt, og fleire måtte attpåtil sitja bak-fram. Skule­ungarne i Vig­dalen var òg med.
   Barneskulen i Gaupne var eit stort kvitt tre­hus i tvo etasjar pluss raus­loft. Det var tri klasse­rom. Det eine romma fyrste klassen og andre og tridje klassen anna­kvar dag. Det andre romma fjerde og femte klassen, og det tridje sjette klassen. På raus­loftet var det sløydsal. Men etter kvart fekk fjerde og femte klasse kvart sitt rom, og sjette klassen fekk rommet på raus­loftet. Sløyd­salen vart flytta ut i råd­huset. Det var ogso av og til under­visning i eit rom i eit privat­hus på uppsida av vegen.
   Skuleplassen var kjedeleg. Ein stor grus­lagd plass med ein strek tvert yver. Fyrste til tridje klasse hadde eine sida, og fjerde til sjette den andre. Nedanfyr låg ute­doarne, éin for gjentom og éin for gutarne. Heldigvis vart det passa på at alle vaska henderne sine fyrr dei åt nista.

Reidskapshuset millom stova og fjøsen på Blokkeberg vart rive.

1967

I tunet i Andersgarden
I Anders­gard­tunet.
Nilsen (NVE), Edvard, Kristen og Maria.
Fjellstølen
Fjellstølen

Anders­gard­selet på Fjell­stølen.

Det hadde fjøs under, og inni på­bygget gjekk det ei «bane­tropp» upp i selet.
   Selet stod opprinneleg på vårstølen, tett i den lange muren. Etter det vart flytta, vart det der sett upp ei løe på tufti.
   Etter ut­skiftingi vart selet ståande på Blokke­berg sin grunn, men det stod ikkje i vegen, helder ikkje etter at det vart dyrka der burte, etter­som det stod på eit sva.
   Diverre bles det ned i 1988. Men det er teke vare på, so kanskje fær me sjå det oppatt­sett ein gong.

Nausti.

Når det var flaum frå Brimkjedlen kunde vatnet bli nokso høgt.
Flaum.

Aftenposten 27/1: Kjemperettssak om retten til Jostedals- og Leirdalsfallene.

På Blokkeberg fekk dei seg ny traktor, ein Nuffield 10/42 67-modell.

Fjøsen på Blokkeberg vart påbygd med saudahus.

Ragnvald og Gudrun på Rasmus­haugen tok yver Leirmo­kleivi.

Selet i Skardet bles ned. Det vart so flytta eit stykke lenger nedyver og heimetter og sett upp att. Tufterne etter både Leirmoselet og Andersgardselet er fortsatt godt synlege. Attmed tufti til Andersgardselet, som låg lengst uppe, ser me ogso tufti etter det som må ha vore ein liten grisafjøs.

Øystelsmyri Øystelsmyri

Vegahytta vart ståande lenge etter vegen var ferdig. Nett nedom vegen her låg ei løa. Og sameleis ei heilt nedmed elvi.

1968

Stabburet og eldhuset i Erik–Larsgarden vart rivne.

Kvernhuset i Andersgarden vart rive.

På dette bel vart vognhuset på Blokkeberg flytta uppåt Grani og der nytta som staurahus.

GAUPNE.  Det vart bygd ny hovud­veg gjenom (eller rettare sagt utom) Gaupne, i ein stor sving rundt enden av fjorden. Dette hadde nok sitt å seia for butikkarne i Gaupne, og ikkje minst for bensinstasjonen på Røneid.

1970

Bygging av ny fjøs
Rasmushaugen.
Det vart bygd ny fjøs på Rasmushaugen. Han vart oppsett rett nedanfyr den gamle, som var vel 70 år gamall. Her ser me Sverre, Ragnvald og Johannes i arbeid.

Leirdalen og Tunsbergdalen.
Emnet er valt avdi eg har stor interesse for utviklinga i mi eiga heimbygd gjennom tidene. Under arbeidet vart eg betre kjend med stadnamn, særleg i Tunsbergdalen. Eg ser det også som ein verdi å få skriva ned namn på teigar, stølar og liknande. Desse namna har vore  

Stølen
Vårstølen. Gjerde til Hauglund fremst, og gjerde til Pergarden til vinstre.

1971

Det vart bygd ny veg frå Andersgarden og ut til Blokkeberg. Den gjekk beinare enn den gamle, og Løken vart lagd i røyr under. Gamlevegen gjekk tett forbi stabburet og nokso bratt ned frå Andersgardfjøsen. Sopass bratt var det at der var vanskeleg å koma upp med bil um veteren. Relativt flatt burt til smia og so brattare att nedyver til Løken. Yver Løken var det ei smal treklopp utan rekkverk. Ut til Blokkeberg gjekk vegen nokon­lunde beint, med steingjerdingar på båe sider.

1972

Linje 1

Kristina Andreasdotter Leirdal.
17.07.1901—14.01.1972.

Kristina Leirdal, til dagleg kalla Stina, kom til Leirdalen tri år gamall. Mori, Susanna Nilsdotter Flattun, gifta seg då med Peder på Kjøtneshaugen.
   Kristina vaks upp saman med dei yngre syskeni Kristi, Nils, Sølfest Peder, Ingel og Brita Marie.
   Då ho var 20 år fekk ho dotteri Signe, og 31 år gamall fekk ho sonen Magnus.
   I 1933 gifta ho seg med Hermund på Blokkeberg. Året etter fekk ho sonen Øystein, og då ho var 38 fekk ho dotteri Svanhild Johanna.
   Hermund dauda i 1942, og ho hadde dermed ansvaret fyr garden til Øystein var stor nok til å ta yver.
   På sine eldre dagar budde ho nokre år på Hesjabakken på Røneid, der ho stelte fyr barnebarnet Otto, son til Signe, medan han gjekk på skule i Sogndal.
   Kristina vart 71 år gamall.

Linje 2

Blokkeberg bygde hytte på Fjellstølen. Ho hadde eige soverom med fire køysenger, kjøkenkrok og open yttergang.

Fjøsen i Erik–Larsgarden fekk ny innreiing.

1973

Det vart bygd garasje og vedskåle på uppsida av kårhuset i Pergarden.

Blokkeberg i 1973
Det vart bygd vindfang (kalla «Skuret») og støypt ny tropp på hovudhuset på Blokkeberg. Gamletroppi var ei breid steintropp.

1974

Øystelsmyri

Øystelsmyri, gamlebrui. På Fjellstølen sér me selet til Hauglund, og heilt burt i høgre kant selet til Andersgarden.

Anleggsdrifti starta, og anleggsvegen vart bygd. Vegen frå Leirmoøygarden og upp vart utvida i svingarne.

Det vart bygd ny bru på Leirmoøygarden.

Løa av rundstokk i Erik–Larsgarden vart rivi.

Kristen Bakken frå Jostedalen sette seg upp hytte frammi granerne.

1975

På Blokkeberg fekk dei seg ny traktor, ein Leyland 255 75-modell.

På Blokkeberg fekk dei seg ny traktor, ein Leyland 262 76-modell. Den forrige, som var utleigd til anlegget, hadde velta frampå damen, og vorte skada.

1976

Leirdalen ca 1976 Leirdalen ca. 1976.
Til vinstre sér me Hauglundselet på Nonhaug.


Slåtten.

Ein starta med å gjødsla um våren, med kunstgjødsel eller møkabreiing. Kunstgjødsel hivde ein utyver med handamakt, eller ein brukte gjødselspreidar bakpå traktoren. Møki køyrde ein ut med møkasvans eller steinsvans, eller traktorskuffe. Deretter hivde ein møki utyver med møkagreip, og horva med møkahorv.
   Graset slo ein med motorslåmaskin eller slåmaskin bakpå traktoren, kopla til kraftuttaket. På eldre traktorar kunde ogso slåmaskina vera montert på høgre sida av traktoren, millom fram- og bakhjul, slik som på Allgeiren i Andersgarden. Ljåen brukte ein fortsatt litt til kringslått og på tronge plassar.
   Mesteparten av graset vart hesja. Dei sette upp hesjastaurar der dei batt på hesjatråd, ein mjuk men kraftig ståltråd, i 5-6 høgder, heitte golv. Kvart millomrom millom staurarne burtetter kalla dei troer. Graset vart ytt innåt hesjarne med silosvans. Og so måtte dei raka det traktoren ikkje fekk med seg. Hesjing var tungt arbeid, som røynde godt på ryggen. Dei fleste hesja med nevarne, medan nokre brukte høygaffel. Men det var vanskelegare å få til.
   Når hesjarne var turre, tok dei høyet ned og la det i dungar bortetter langsmed hesi, og samla det upp med høysvansen. Dei lyfta ein dunge upp med svansen og la han upp på neste til dei hadde fullt lass. Deretter var det uppi og trakka, og dei på marki hadde uppi meir med høygaffel. Då var det jo om å gjera å ikkje stikka dei som var uppå lasset. Var det lang køyring var det om å gjera å få klemt uppå so mykje som ein makta. Høysvansen var slik tillaga at når ein lyfta honum upp frå marki gjekk tvo store bøylar med ein tverrbøyle bak nedpå lasset og låste det fast. Etter dei hadde sett frå seg lasset på bana, var det til att med høygaffel og hiva høyet ned på løa.
   Siloforet slo dei på same måten, samla det upp med silosvans og raka etter. På bana var det til og hiva det nedi siloen med høygaffel, jamna det utyver nedi og ha på maursyre med jamne millomrom med silokanne, og trø foret godt nedåt. Etter at siloen var full, la dei press uppå, med steinar eller vatn. Siloen seig då so mykje at dei kunde fylla på att med håslåtten (andre slåtten).



Mikkel Rev stornøgd med utbyggjinga i Leirdalen.

Mikkel Rev er i storform for tida. Medan han før måtte springa i urer og ulende for å skaffa seg det daglege brød, kan han no spasera etter den fine anleggsvegen og forsyna seg av lammekjøt det meste han orkar.
   Dei sauene som går oppe på fjellet verdar han ikkje eit blikk. Dei kom heim att i god behald i haust.
   Verre gjekk det med dei som held seg "i strøket". Heile 31 stykker greidde han å ta knekken på. Så han må ha eit heilt lager liggjande ein stad. Men det må han ha gøymt godt, for dei stakkars saueeigarane har gått dag etter dag og leita etter dei bortkomne sauene sine utan å finna att så mykje som ein ulldott.

   Med helsing frå «Saueeigar».

Sogningen / Sogns Avis 18/11 1976. 

Inger Marie på Rasmushaugen gifta seg med Jon Evjestad (1954) frå Rønnei. Han vaks upp hjå foreldri Anna og Herman på Evjestad, saman med syskeni Andrias, Alf Henning, Peder, Gudny og Albert. Inger Marie bytte etternamn til Evjestad.

Gunnar fekk seg tomt nedanfyr Øystelsmyri.

BRIMKJELEN — EIN EVENTYRINNSJØ I TUNSBERGDALSBREEN.
Lenge har me gått og snakka om Brimkjelen. Sett på bilete derifrå, høyrt andre fortelja om denne fascinerande natur­opplevinga i breheimen. I fjor vår kom Oddvar Stege­gjerdet nedatt frå ein tur i Brimkjelen. Han hadde vore saman med nokre ingeniørar der oppe i høve utbygginga av Leirdalsvassdraget. Ikkje mange dagane  

1977


Brui til Fjellstølen

Brui til Fjellstølen, delvis ned-dotti.

Det vart innlagt telefon på Haugen.

Hauglundselet på Nonhaug fekk nytt tak og ny innreiing.

Gunnar bygde seg hus framanfyr Øystelsmyri.

Det vart sett upp silo på nedsida av fjøsen i Erik–Larsgarden.

Det vart sett upp enno ei hytte frammi granerne, litt framanfor hi. Den tilhøyrde Odd og Olga Listou.

Etter at Nils fall frå, vart det no folketomt i Leirmokleivi.

I Myri vart det teke ny teknikk i bruk for å få graset ned Storebakken. Det vart spent vaier tvers yver øvst, festa i tvo store steinar. So vart det nytta traktor med dobbel vinsj nede, og sleperive.

1978

Leirdalen ca 1978 Leirdalen ca. 1978.
Her står fortsatt staurahuset i Erik-Larsgarden og vognhuset i Andersgarden, og Andersgardløa i Myri. Smia i Andersgarden står på sin gamle plass i Bekkjavegen, og strengjabrui er på plass.

ANLEGGSDRIFTI.
Ingen var vel særleg glade fyr at Tunsbergdalen no skulde raserast, men når fyrst so gale var, nytta sjølvsagt mange i Leirdalen høvet til å skaffa seg arbeid på anlegget. Leirdalsvegen vart utvida i svingarne for å få upp dei svære anleggsmaskinerne, og på Leirmoøygarden vart det etter kvart  

Arne i Hauglund gifta seg med Berit Karin Wangelsten (1956) frå Kinsedal. Ho vaks opp på Haugen hjå foreldri Bergljot og Leidulf Wangelsten, saman med syskeni Bjarne, Kåre og Jan.

1979


Leirdalen

Bygningar som ikkje er på plass enno: Nyestova på Rasmushaugen og nyefjøsen i Andersgarden.
Snart vekke: Staurahuset i Erik-Larsgarden, smia og vognhuset i Andersgarden, og straum­leidningarne ut til Blokkeberg.

Det var storflaum i Jostedalen, og dei fleste bruerne vart øydelagde.

Det vart innlagt telefon på Blokkeberg.

Berit Karin og Arne i Hauglund fekk dotteri Beate (–1997).

Erik i Pergarden gifta seg med Turid Stegegjerdet (1960) frå Stegegjerdet. Der vaks ho upp hjå foreldri Aslaug og Oddvar, saman med syskeni Odd Atle, Geir Olav og Kjell Arne.

Gunnar bygde seg eit mindre uthus for ved og reidskap.

Smia til Andersgarden, som stod i Bekkjavegen, vart flytta til Krabbane. Der vart ho uppattsett, og isett dør. Fyrr hadde ho vore opi i fronten.

1980

Turid og Erik i Pergarden fekk dotteri Tone Elisabeth.

Om Tunsbergdalen.
Etter at det var slutt på stølsdrift (1933) i Haugen dyrka Ole J. Leirdal ca. 1 mål der framme og sådde til med gras­frø. Det vart gild avling i fleire år framover. Dette var vel den einaste “nylenda” i Tunsbergdalen. Men me kan berre tenke oss korleis det kunne sett ut om heile dalen hadde vorte  

Stølsdrift i Haugen.
So vidt me veit har det aldri vore fastbuande folk i Tuns­berg­dalen. (Me ser då burt frå segni om Thora Tunsberg.) Men liv og ferdsel var det i dalen alle årstider. Den tid det var stølsdrift i Tunsberghaugen — fram til ca. 1933 — måtte det masse  

Jon og Inger Marie tok yver Rasmushaugen og bygde nytt stovehus nett bortanfyr den andre stova.

Inger Marie og Jon på Rasmushaugen fekk dotteri Reidun.

Arne og Berit Karin bygde nytt stovehus i Hauglund.

Fjøsen på Blokkeberg vart påbygd yver traktorgarasjen.

1981

Arne og Berit Karin tok yver Hauglund.

Det vart bygd ny fjøs i Andersgarden eit stykke bortum den gamle. Han var tillaga for mjølkekyr. Reidskaps­huset under gamlefjøsen i Andersgarden vart rive.

1982

Berit Karin og Arne i Hauglund fekk sonen Geir.

Fjellstølen

Fjellstølen.

Slåttonn på gjerde til Blokkeberg. Som me sér var dette fyrr der vart bygd terskel.


Garasje

Ny garasje.

Det vart bygd garasje attmed fjøsen på Blokkeberg. I fyrste etasje, med inngang frå nedsida, var det plass til tvo bilar. I andre høgdi, med inngang frå uppsida, vart det tillaga ei smyrjegrav, slik at det skulde vera enkelt å t.d. skifta olje.
Garasjen på Blokkeberg

Støvplage

Leirdalen støvar ned!

Tekst og foto: Helge Leirdal.

Det du ser på bileta er verken dis eller skodde. Det er rett og slett støv! Fint evjestøv som legg seg over alt. På hustak, bilar, blomar og gras, fer inn i husa, tettar til luftfilter, svir i augo, og det verste av alt: Ein må pusta i ho.
   Og kvar kjem så støvet frå? Jo, frå fremst i Tunsbergdalsbassenget, der store flater med evje ligg udekka, av di vatnet blir halde for lågt. Turken gjer så at vinden frå breen sopar med seg oppturka evje langsetter heile Tunsbergdalen og legg att store mengder i Leirdalen og vidare nedover.
   Ja, ja... Ein får vel berre vona på regn (kven gjer vel ikkje det). Å be om at NVE let vatnet stiga nokre meter er vel kanskje litt mykje forlanga?

   Støv på fjøstak    Taket på denne nye fjøsen skal egentleg vera svart.

Sogningen / Sogns Avis 5/8 1982.

1983

Vinter 1983 Veter.

Turid og Erik i Pergarden fekk dotteri Anne Judith.

På Blokkeberg fekk dei seg ein traktor til, ein Fiat 315 67-modell.

Ny hytte på Nonhaug

Rasmushaugen bygde seg hytte på Nonhaug. Materialarne vart flogne upp med helikopter.
Steinar

Seljegjelet.

Inni Seljegjelet gjekk det ras rett som det var, og som me sér her kunde det koma nokso store steinar.

Forhausting.

Forhaustaren gjorde siloslåtten mykje enklare. No fekk ein både slege, blanda i maursyre og hivt graset uppi karmen i ei vende. Og ikkje trong ein raka heller.
Kristen driv med forhausting
   Den som køyrde traktoren måtte passa på at graset for uppi tilhengaren og få det fordelt jamnt utyver, ved å vri på toppen av for­haustaren med ein arm som var festa til tuten. Seinare kom det hydraulisk regulering. Maursyre­dunken var festa frampå for­haustaren, og doseringi skjedde ved at ein slags gaffel skrapa nedi graset medan ein slo. Var det mykje gras vart gaffelen klemt heilt inn og ein fekk maksimal dosering. På denne måten fekk ein blanda i høveleg med maursyre heile tida. Ein brukte vanleg tilhengar der det var isett ekstra høge karmar oppå dei vanlege karmarne, og på toppen var det spent ein vaier yver for å hindra at karmarne vart sprengde utyver av det tunge lasset. Bakkarmen var hengsla heilt uppe, slik at ein slapp å ta honum av når lasset skulde tippast.
   I Erik–Larsgarden brukte dei Vossakasse, ein kasse som hang bakpå traktoren, då det høvde betre på dei bratte markerne der. Ein til­hengar ville lett kunna velta.
   For å avlessa på bana var det ikkje nok berre å tippa lasset. I botnen på tilhengaren låg det plankar festa med vaier, som vart forankra til bana. Når ein so køyrde fram, vart lasset drege utor karmen. Det dundra tungt i bana når lasset brått sleppte, og framkanten av tilhengaren spratt opp. So var det berre å hugsa på å ha i att det andre settet med plankar, og fortsetja å slå.
   Dei som jobba på bana hadde tyngste jobben. Dei måtte få lasset nedi siloen, til det brukte dei høygaflar. Og so var det nedi og jamna det utyver.
   Seinare fekk ein avlessar­vogner som hadde graset utor sjølve, og dersom ein kunde rygga seg bakpå siloen, fekk ein slåtten rett nedi. Desse vognerne brukte ein ogso til møkabreiing.

1984

Linje 1

Øystein Leirdal.
1934—1984.

Øystein Leirdal vart fødd i 1934, og vaks upp hjå foreldri Kristina og Hermund på Blokkeberg. Han hadde tvo halvsysken, Signe og Magnus, og den yngre systeri Svanhild Johanna.
        Faren døydde då Øystein var 8 år gamall, og tolv år gamall fekk han skøyte på garden.
        I 1958 gifta Øystein seg med Sofia Neset frå Jostedalen. Året etter fekk dei sonen Helge, og i 1963 sonen Andrias.
        I tillegg til gardsdrifti dreiv han med vegarbeid, og ymse arbeidsuppgåver for NVE. Samt mjølke­køyring og brøyting.
        Øystein døydde brått under saudaleiting hausten 1984. Han vart 50 år gamall.

Linje 2

Inger Marie og Jon på Rasmushaugen fekk sonen Håvard.

Påbygget på gamlefjøsen i Pergarden vart rive, og der vart uppsett ny fjøs rett innafor den gamle.

1985

Turid og Erik i Pergarden fekk dotteri Oddny Julie.

Andrias tok yver Blokkeberg.

1986


Чорнобиль.

26. april skjedde det ein alvorleg eksplosjon i atom­kraftverket Tjernobyl i Ukraina. Den påfyljande branden sende store mengder radio­aktive partiklar upp i lufti, og desse vart spreidde yver store deler av Europa.
   Ogso i Leirdalen, noko som førde til at sauerne måtte ned­forast i åresvis etterpå, ettersom dei vart radio­aktive når dei gjekk på beite. Det var spesielt soppen dei åt som var ekstra radio­aktiv.
   Men so er spørsmålet: er radio­aktiv stråling so farleg som dei vil ha oss til å tru? Mykje tyder på at litt stråling berre er bra, då det skjerpar immun­forsvaret. Mykje stråling er naturleg­vis ikkje bra, då blir ein brend. Det er som med sol­skin, litt er bra, for mykje kann drepa deg.


Det vart bygd hytte eit stykke nedanfyr damen, på bortsida. Ho tilhøyrde Oddlaug og Arne Tuften.

Andrias på Blokkeberg vart sambuar med Marit Teigen (1967) frå Alsmo. Ho hadde med seg dotteri Janne (1985). Marit voks upp hjå foreldri Gerd og Norvald Teigen på garden Elvheim, saman med syskeni Sveinung, Unni og Bjørn.

Det vart uppsett gateljos frå Hauglund til Blokkeberg.

Anleggsvegen vart asfaltert.

Stovehuset i Pergarden vart heilt omvølt.

Vårstølen

Vårstølen.

Her sér me fortsatt ein del av den gamle muren, samt selet og løa til Erik-Lars­garden, og løa til Anders­garden.

1987


Stølen
Stølen og Fjellstølen.



Leirdalen
Helge kleiv upp på høgre sida av Kyrajukelen.

Kristoffer vart pensjonist. Alle dyri i Erik–Larsgarden vart leverte, ogso hesten.

Hytta på Haugengjerdet vart flytta lenger inn på marki, då det var fare for at ho skulde gli ut.

1988

Erik og Turid tok yver Pergarden.

10. april kom det uventa yver ein halvmeter nysnø på ein gong.

Lynet slo ned i ei furu yvst i Rustane og øydela telefonarne på Blokkeberg, på Rasmushaugen og frammi nausti. På Blokkeberg gjekk òg straumen.

Uppi skrederne gjekk det steinsprang som drap tvo av sauderne til Hauglund.

Andersgardselet på Fjellstølen bles ned.

1989

I januar var det mykje hardt vêr, og svært mildt. I Hauglund blés taket på fjøsen av; på Blokkeberg toppen av pipa. Det vart òg skader på tak i Pergarden; staurahuset i Erik–Larsgarden blés ned; og mange graner vart knekte.

Andrias og Marit på Blokkeberg bygde seg nytt stovehus rett attmed det gamle, på hi sida av tunet. Det var med full kjellar og fyrste høgd, og skråtak i andre høgdi.

I Andersgarden støypte dei golv på løa i gamlefjøsen, fyr å nytta henne til garasje.

1990

Berit Karin og Arne i Hauglund fekk dotteri Anja.

Anders i Andersgarden tok yver garden.

Marit og Andrias på Blokkeberg gifta seg. Dei fekk dotteri Øygunn.

Leirmoøygarden.
Leirmoøygarden er knytepunktet millom hovudvegen og Leirdalsvegen. Det er vel heller uvisst kva namnet kjem frå, men kann det ein gong ha vore ein gard her, som so er vorte liggjande aude? Og visserleg finn me tufter heilt nedmed storelvi. Det som er  

1991

Dei installerte høyturke i Hauglund.

1993

Det vart uppsett leikehus i tunet i Hauglund.

På Blokkeberg fekk dei seg ein traktor til, ein Leyland 262 77-modell.

Dei installerte høyturke på Haugen.

Det vart uppsett ein del autovern frå Øygarden og upp til Kleivi.

1994

På Blokkeberg fekk dei seg ein traktor til, ein Leyland 255 74-modell.

Det vart bygd skogsveg frå Reselltomti til eit stykke nedum Nonhaug. Det var Erik, Arne og Andrias som stod for arbeidet.

Dei installerte høyturke på Blokkeberg. Sjølve vifta stod i veggen millom løa og loftet på saudahuset, slik at ho skulde suga inn oppvarma luft frå saudahusloftet. Lufti vart so blæsi inn til tvo turkeavdelingar på løa.

1995

Pergarden sette upp hytte nedanfyr Nonhaug.

Larsgardselet i Tverradalen vart nedteke.

Det var nytt lynnedslag uti Rustane. Telefonarne på Blokkeberg vart øydelagde.

Grunneigarane byrja selja fiskekort, og gjorde um anleggsvegen til bomveg.

På Blokkeberg fekk dei seg ein traktor til, ein Nuffield 3DL 57-modell.

I Andersgarden fekk dei seg ny hest. (I sameige med Ole Ødegård i Luster.)

1996

Marit og Andrias på Blokkeberg fekk sonen Sigbjørn.

Yverlaupstunnelen vart utvida, og det vart bygd terskel eit stykke nedanfyr. Steinarne frå over­laups­tunnelen vart òg nytta til å setja upp ein svær mur inni Seljegjelet. Den skulde verna mot ras.

På Blokkeberg fekk dei seg tvo traktorar til, ein Nuffield 63-modell traktorgravar, og ein BMC Mini 66-modell.

Det vart lagd nytt bærelag på vegen frå Løken til Andersgarden.

1997

Linje 1

Beate Leirdal.
1979—1997.

Beate Leirdal vart fødd i 1979. Ho vaks upp hjå foreldri Berit Karin og Arne i Hauglund, saman med sine tvo yngre sysken, Geir og Anja.
   Beate omkom i ei trafikkulukke i Sogndal 17. august. Ho vart 18 år gamall.

Linje 2

Til minne om Beate – og som takk for all hjelp og støtte.
Det skjedde ein tragedie natt til 17. august.  

Løa utpå Andersgardstølen bles ned um veteren.

Inni Seljegjelet, nesten innfor løa til Rasmushaugen, gjekk det eit stort jord- og steinras som sperra vegen i eit halvt døger. Der vart det etterpå sett upp ein kraftig steinmur som skulde hindra nye ras.

1998

Leirdalen 1998
Leirdalen. Til høgre ser me Solsete, og i kløfti nedanfor (der det fæle kraftspennet går gjenom) Dueskardet. Til vinstre Leirmohovden. I bakgrunnen til høgre den særprega fjellryggen Hest, og heilt til vinstre Asbjørnsnåsi.

Beate.
Ja, nå er det blitt 17. august, en dato vi husker fra i fjor. Da hendte  

Nedanfyr Nevjesbakken byrja vegen å rasa ut. Han vart difor forsterka, og det vart med det same laga til møteplass.


Me gav BIRSKEN namnet.

Sommaren 1977 var Sigve Sæverud, saman med ein gjeng andre frå Norges Kristelige Skule og ungdomslag, i Leirdalen for å rydde skog.
   Etter dei var ferdige sette dei opp eit skilt med førbokstaven til dei som hadde vore med på arbeidet. Og gav plassen namnet Birsken.
   - Det var Brita, Ivar, Rolf, Sigve og Kjetil som var namna, -en sette me berre på til slutt, for at det skulle verte eit skikkeleg namn, fortel Sigve.
   Han var nyleg på gjennomreise og tok turen attende til Leirdalen for å sjå på plassen.
   - Eg vart overraska over at skiltet ikkje berre stod der enno, 20 år etter at me sette det opp, men at det i tillegg var pynta opp og måla, fortel han.

Avisa Sogndal 18 21/8 1998. 

Skiltet TIL BIRSKEN heng på grindi i enden av damen. Det er nok ikkje mange som hev skyna kva det betyr.

Friluftsgudsteneste
Sokneprest Audun Systad
Frilufts­gudsteneste i Leirdalen søndag.
Søndag føremiddag er det på ny Leirdalen sin tur til å ha friluftsgudsteneste. Den vert også i år ved hytta til Andrias Leirdal, og ein tek då til venstre når ein kjem opp først i Leirdalen. Sist me var samla vart ikkje vêret så bra, men det er god plass i hytta, så ver ikkje redd for det! Lokalt vil dei syte for kaffi og brus, men ver snill å ta med kopp og mat! Det kan gjerne komme vel med å ha med ein campingstol e.l., slik at ein kan få sitje godt. Så vel møtt frå Leirdalen og bygdene elles!
Kyrkjelyden.
Sogn Avis 3 8/8 1998.

1999


Såg merkeleg lys over Hest.

– DET VAR MERKELEGE greier, seier ein mann frå Luster, og fortel om eit mystisk lys han såg på himmelen her om dagen. Men det rare er at nett dette lyset har han sett før, over fjellet Hest og nesten på dagen for eitt år sidan.
   – Det var ei brå og skarp lyskjelde som rørde seg eit stykke for deretter å falla og til slutt bli heilt borte. Mystiske greier, er det fleire som har sett det same, spør han.

Sogn Avis 3 26/1 1999. 

Den skumle Leirdøla.
Eg vil i denne julehelsinga fokusere på ein del av den historiske samferdsla gjennom Jostedalen. Den einaste kommunen og prestegjeldet i Sogn som ikkje grensar til sjøen. Det var berre eit samband og det var over fjell, gjennom tronge juv og over elvar. Stiane og vegane var det so som so med, men dei vart etterkvart  

Leirdølerne fekk nytt postnummer. Det gamle var 5820 Gaupne, det nye 6868 Gaupne.

2000

Kjem ikkje heim utan firehjulstrekk.
LEIRDAL: Dei har gjeve frå seg store vasskraftressursar til stor­samfunnet, men har fått lite i retur. Ikkje ein gong ein skikkeleg veg sat dei att med etter utbygginga av Leirdøla. For å bu i Leirdalen er bil med firehjuls­trekk eit absolutt krav. Men heller ikkje med  

Hardhausane frå Leirdalen.
— «Me laga treningsbakkar i Leirdalen. Elles laga me bakkar i alle fjell, til og med høgt oppe i Solsete over 800 meter over havet. Me bar skia på ryggen, og lagde bakkar i fjell­sida. Som regel hoppa me ein 33-34 meter i bakkane.» Dei som fortel dette er  

Marit og Andrias på Blokkeberg fekk sonen Vidar.

Andersgarden, Pergarden og Hauglund kjøpte seg flåte til å frakta nautabeist til Tverradalen. Flåta var av glasfiberkledd isopor, 16m² stor, og kunde frakta 12 tonn.




Forrige side       Til toppen av sida       Neste side

© www.leirdalsboki.no