Leirdalsboki

Framsida 1001-1800 1801-1900 1901-1950 1951-2000 2001-2050 Ymist


1951–2000

1961  1971  1981  1991


1951

NY TERROR I NORD-NORIG?

AP-regjeringen vedtok å brenna ned og tvangs­evakuera Finnmark på same måte som tyskarane hadde gjort, i tilfelle krig med Sovjet­unionen. Men folket fekk naturlegvis ikkje vita um dette, vedtaket vart halde strengt hemmeleg.


EKSPERIMENTET.

Dei fyrste 22 grønlandske borni vart tvangsflytta frå heimarne sine, som eit eksperiment: dei skulde fordanskast! Og kven var det som utførde ugjerningen? Jo, den danske staten og Redd Barna! Og dei fortsette med dette heilt fram til 1976!

1952

Fjøsen i Erik–Larsgarden vart riven, og det vart bygd ny på same tufti.

1953

Pergarden i 1953 Pergarden. Bakum sér me nyefjøsen i Erik–Larsgarden, og restarne av den gamle.

Det vart bygd ny stove på Rasmushaugen attmed hi, litt lenger uppe. I samband med dette vart Annastova rivi.

Kårstova i Erik–Larsgarden vart påbygd og omvølt.

Nr. 872.  Kvam—Leirdal. 4 t. Vardet sti. — Fra Kvam ved bilveien på østsiden av Veitestrandsvatn (se nr. 867) følger man en bratt, men god setersti i slyng opp dalsiden med Grøndalsbekken til h. Senere steingår man bekken og kommer fram til Grøndalsseter. Her begynner vardingen som til dels bratt tar opp til passhøyden, ca. 2 t. fra Kvam. (Den breen som er avsatt på kartet, er forsvunnet.) Strålende utsikt mot Veitestrand med Bokkebreen i v. og mot Skagastølstindan i ø. Videre går ruten i jevnt hellende terreng over en bekk ned til Skarseter (ikke navngitt på kartet, ligger omtrent ved sørspissen av N i navnet Nonhaugsr.), hele tiden med stort utsyn mot Tunsbergdalsbreen og Leirdal. Fra Skarseter tydelig stølsti ned lia og over noen myrpartier langs Leirdøla til bro over den, deretter om Leirdalsseter på nordsiden av elven til Leirdal; man kan gjøre regning med losji hos Lars Leirdal. — Fra Leirdal ca. 3 km kjerrevei gjennom vakker furuskog ned til Jostedalsveien ved Leirdøla Bru, bilrute til Kroken og Marifjøra. — Man kan også gå en rute fra Nes i Veitestrand over Nesdalsseter og ned til Tverrdalsseter i Tunsbergdalen (losji). Bro vil bli bygget over elven i Tunsbergdalen, foreløpig trekkstol. En tur oppover Tunsbergdalen til den interessante Brimkjelen anbefales.

DEN NORSKE TURISTFORENING: TIL FOTS 

1955

Leirdalen i 1955 Leirdalen 1955.
I Pergarden står gamlestova, og nedom Hauglund smia til Pergarden (som i seinare år vart nytta til vaskerom). Til vinstre for fjøsen i Pergarden sér me ein gamall fjøs i Andersgarden.

I Andersgarden fekk dei seg den fyrste traktoren i Leirdalen, ein Allgaier med Porschemotor. Ettersom vegjen frå Leirmoøygarden og upp ikkje akkurat kunne kallast traktorveg, kravde dei traktoren levert i tunet. Og det fekk dei.
   Og dermed vart det skikkeleg tøff-tøff-lyd i Leirdalen, ettersom Allgeiren var ein-sylindra.
   Traktoren er fortsatt å finna på garden.

Smia på Blokkeberg vart riven. Ho stod der saudahuset seinare vart uppsett.

Kårstova i Pergarden vart heilt omvølt.

Stabburet i Pergarden vart flytta ned millom kårstova og fjøsen; det hadde fyrr stande millom vegjen og kår­stova.

Montgomery, USA: Den afro­amerikanske syerska Rosa Parks nekta å gje frå seg setet sitt til ein kvit person på ein buss, noko som gjorde at ho blei arrestert og bøt­lagt. Dette førde til ein 382 dagars lang boikott av busselskapet, og medvirka til at det offisielle rase­skiljet i USA vart oppheva.

1956

Det vart skote bjørn i Leirdalen. Han vart stoppa ut og stilt ut i Fortun Kraftstasjon.

Bjørnejakt i Leirdalen -56.
Det var den 24-5-56. Eg tok ein tur fram til Storhaugknubben so me kalla vesle Storhaugknubben for å sjå um eg såg spor etter bjørnen. Det er ca. 2 km frå Leirdalen. Det var seint om kvelden, og spor var å sjå. Bjørnen hadde kome ned Skarmarkene, ned til Tunsbergdalsvatnet og vidare  

Gamlestova på Rasmushaugen, upphaveleg frå Hola, vart rivi.

Det vart slutt på stølsdrifti i Tverradalen og på Nonhaug.

1957


Dei avsides i Luster skal få elektrisk kraft.

Frå Vigdal, Leirdal, Alsmo og Leirmo har det kome søknad om å få elektrisk kraft. Denne oppgåva bør løysast saman med bygging av kraftline til Jostedal. Årsmøtet i Luster kraftlag vedtok samrøystes å byggja desse kraftlinene. Styret fekk fullmakt til å låna 600.000 kroner til arbeidet. Med dei tidlegare vedtaka om bygging til Kroken og Kilen, skulle dermed dei siste grendene i heradet få elektrisk kraft.

Sogn og Fjordane 3/4 1957. 

1958

Det vart innlagt straum hjå samtlege i Leirdalen, og 16. august vart straumen sett på. Ogso i Vigdalen og i heile Jostedalen fekk dei straum dette året. (I Jostedalen var det sume som ogso fyrr hadde hatt straum; frå lokale småkraftverk.)
   No vart kvardagen mykje enklare, for fyrr måtte ein fyra i omnen ogso um sumaren for at fenga heitt vatn til klesvask og oppvask, og varme til matlaging. Og ein fekk mykje betre ljos at hjelpa seg med um kveldarne, og mange kjekke elektriske hjelpemidlar, som: komfyr, frys, kjøleskåp, symaskin, strukejarn.

I vestenden av stovehuset på Blokkeberg var det vel tvo meter som ikkje var innreidd. Dette var eit påbygg på sjølve timmerhuset. Her vart det no innreidd i fyrste etasje. Dermed fekk dei større og varmare kjøken, og spiskammerset vart flytta frå det som no er bad til rommet attmed kjøken.
   Fyrr denne tid hadde kjøken vore so kald og trekkfull at han ikkje kunne nyttast um veteren. Difor hadde dei då nytta stova vetterstid. Til uppvarming og matlaging brukte dei ein stor kisteomn med tvo lok uppå. I stova vart det ogso lagt inn vatn med utslagsvask og isett inneglas.

Gråsteinspipa i stovehuset i Erik–Larsgarden vart bytt ut med teglsteinspipe.

På høgre sida av banetroppi på Blokkeberg vart det påbygd ei ekstra høyløe.

1959


Leirdalen 1959

Rasmushaugen, Johanshaugen, Erik–Larsgarden og Andersgarden.


Blokkeberg i 1959 Blokkeberg.
Bakum stova sér me gamlefjøsen, og fremst løa til Andersgarden.

I Pergarden fekk dei seg traktor, ein Massey Ferguson TI 20.

TUNNEL  Tunnelen gjenum Haukåsgjelet var ferdig.

Andersgarden sette upp løde i Myri. Men det gjekk ikkje heilt uproblematisk for seg, ettersom ho bles ned då ho var halvferdig. (Ho bles forøvreg ned att i 2011.)

1960

Johanshaugen Johanshaugen.

Dramatisk brannsløkking i Leirdal.

Huset til Edvard Leirdal i Leirdalen i Luster gjekk opp i logar fredag. Mesteparten av innbuet strauk òg med, men etter eit nærast umenneskeleg slit, med god hjelp av grannar, greidde dei å berga eit anna bustad­hus og lø­bygningen. Folk bar vatn i bytter og skvette oppetter veggene på dei to husa, og hindra på den måten elden å få tak. Brann­vernet i Luster fekk meldinga om brannen i Leirdalen, men det er rekna med to timars tid å koma dit. Det var òg nyttelaust å senda brannbilen då det ikkje er veg opp til Leirdalen. Men dei har ei brann­sprøyte ståande i Gaupne, og denne vart send til Leirdalen med hest. Men dette tok tid, så pumpa og folka som kom, kunne berre vera med på etter­sløkkinga.

Sogn og Fjordane 15. februar 1960.

På Blokkeberg fekk dei seg traktor, ein Motorstandard tvohjuling med tilhengjar framme. Og dermed vart siste hesten på garden levert.

Eit gamalt uthus i Andersgarden vart rive. Det stod uppanfyr stabburet, der vegjen gjeng no.

1961

På Blokkeberg fekk dei seg ny traktor, ein brukt Allgeir A111.

På Blokkeberg måtte dei klyppa sauderne på kjøken, ettersom det ikkje var innlagt straum i fjøsen.

Det vart bygd ny kårstove i Pergarden.

Stovehusi.
Alle husi var lafta, med bordkledning på utsida. Inne var vanlegvis veggerne kledde i dei rommi som vart nytta til dagleg. I fyrste etasje var husi stort sett oppdelte i kjøken, kammers, stove og gong. Somme stader var det ogso spiskammers. Dei daglege opphaldsrommi var  

Annonse i avisa Sogn og Fjordane.

1962

Det vart sett upp ny pipe på Blokkeberg.

Fjellstølen

Då dei skulle ha kyrne heim frå Fjell­stølen, gjekk det gale. Kristina (Stina), som hadde vore budeie på Fjell­stølen dette året, gjekk fyre yver brui og kalla på beisti. Kyrne fylde etter, medan Kristen og Søvrina prøvde få ein gjenstridig kalv innpå.    Kristina hadde nett fått yver Brui til Fjellstølen sine eigne beist, då brui brått gav etter, og dei tolv kyrne til Anders­garden hamna i elvi. Det var eit fæla brak, og mykje rauting og roping. Kristina trudde fyrst at Kristen og Søvrina ogso hadde dotte i elvi, men oppdaga so at dei var att på hi sida. Det såg fæla dramatisk ut, men alle kyrne, burtsett frå èi, klarde å koma seg i land på bort­sida. Den siste såg dei ikkje att; ho reiste i elvi, men kom seg merkeleg nok i land på heim­sida nedanfyr fossen, relativt uskada. Men kyri hadde fenge seg eit stygt sjokk, for som Sverre seinare sa det, «ho var heilt løgi».
   Kristina skunda seg heim og fekk sagt frå, og Øystein rodde yver vatnet og henta Kristen og Søvrina som i millom­tida hadde gått fram dit. Dei kunne ikkje gå yver strenga­brui, av di ho låg nede.
   Dagen etter var det attende yver vatnet, og bufora dei elleve kyrne som var att på burtsida ned på Leirmo og upp att Leirdals­vegjen.


Cuban Missile Crisis


Oktober: Den kalde krigen var visstnok på sitt aller verste, og USA og Sovjetunionen var ner atom­krig. So vart me iallfall fortalt.


1963

Jeepen På Blokke­berg fekk dei seg bil, ein brukt Willys Jeep.

Det vart bygd ny fjøs på Blokkeberg, med plass til fire kyr, samt griser og sauder. Den gamle vart so riven. Men siloen vart ståande att ei stund. Gamlefjøsen var låg under taket, og for ikkje å gjera det betre var det sett upp ein svær jarnbjelke langsetter heile taket. Den var fort å stanga borti, og gav ikkje etter ein millimeter!

Det vart bygd bekk uppanfyr Hauglund, og innlagt nytt vatn i Hauglund, Pergarden, Andersgarden og på Blokkeberg. Det var av særs god kvalitet, for ein ingeniør frå NVE som på eit seinare tidspunkt testa vatnet på Blokkeberg vart heilt forundra over kor reint det var.

Nyevegjen frå Leirmoøygarden og upp vart ferdig.

Kommunarne Jostedal, Luster og Hafslo vart slegne saman til Luster kommune, med Gaupne som kommune­senter.

1964

Nonhaug Hauglundselet på Nonhaug.


Bekkjavegen
Slik såg Bekkjavegen ut på dette bel. Heilt til høgre kann me skimta gamlefjøsen i Andersgarden.

Det vart bygd reidskapshus i Erik–Larsgarden på uppsida av vegjen.

På Blokkeberg fekk dei seg ny traktor, ein brukt Porsche 211.

1965

Ein tur til Tunsbergdalen.
Me starta i Myri, eller Blokkeberg, som garden eigentleg heiter. Namnet kjem frå Blokkeberg­haugen. At garden til dagleg blir kalla Myri, skuldast at det fyrr dyrkingi låg ei stor myr her, so dette namnet er altso mykje eldre enn garden. Vegjen utetter mot elvi er  

1966



Elveosen, med Tunsbergdalsvatnet t.h.


Tunsbergdalsvatnet. Heilt til høgre sér du nausti.

SKULE  Skulegangen vart flytta frå Alsmo til Gaupne. I bilen som køyrde ungarne var det trongt, og fleire måtte attpåtil sitja bak-fram. Skule­ungarne i Vig­dalen var òg med.
   Barneskulen i Gaupne var eit stort kvitt tre­hus i tvo etasjar pluss raus­loft. Det var tri klasse­rom. Det eine romma fyrste klassen og andre og tridje klassen anna­kvar dag. Det andre romma fjerde og femte klassen, og det tridje sjette klassen. På raus­loftet var det sløydsal. Men etter kvart fekk fjerde og femte klasse kvart sitt rom, og sjette klassen fekk rommet på raus­loftet. Sløyd­salen vart flytta ut i råd­huset. Det var ogso av og til under­visning i eit rom i eit privat­hus på uppsida av vegjen.
   Skuleplassen var kjedeleg. Ein stor grus­lagd plass med ein strek tvert yver. Fyrste til tridje klasse hadde eine sida, og fjerde til sjette den andre. Nedanfyr låg ute­doarne, éin for gjentom og éin for gutarne. Heldigvis vart det passa på at alle vaska henderne sine fyrr dei åt nista.

Reidskapshuset millom stova og fjøsen på Blokkeberg vart rive.

Prøvesprengingar.
Frankrike byrja med prøve­sprengingar av "atom­bomber" i Stille­havet. Dei som skulde bivåna dette måtte naturleg­vis  

1967

Andersgardselet på Fjellstølen.

Det hadde fjøs under, og inni på­bygget gjekk det ei «bane­tropp» upp i selet.
   Selet stod opprinneleg på vårstølen, tett i den lange muren. Etter det vart flytta, vart det der sett upp ei løe på tufti.
   Etter ut­skiftingi vart selet ståande på Blokke­berg sin grunn, men det stod ikkje i vegjen, helder ikkje etter at det vart dyrka der burte, ettersom det stod på eit sva.
   Diverre bles det ned i 1988. Men det er teke vare på, so kanskje fær me sjå det oppatt­sett ein gong.
Fjellstølen
Fjellstølen


Flaum

Nausti. Når det var flaum frå Brimkjedlen kunde vatnet bli nokso høgt.

Aftenposten 27/1: Kjemperettssak om retten til Jostedals- og Leirdalsfallene.

På Blokkeberg fekk dei seg ny traktor, ein Nuffield 10/42 67-modell.

Fjøsen på Blokkeberg vart påbygd med saudahus.

Rasmushaugen tok yver Leirmokleivi.

Selet i Skardet bles ned. Det vart so flytta eit stykke lenger nedyver og heimetter og sett upp att. Tufterne etter både Leirmoselet og Andersgardselet er fortsatt godt synlege. Attmed tufti til Andersgardselet, som låg lengst uppe, ser me ogso tufti etter det som må ha vore ein liten grisafjøs.

1968

Stabburet og eldhuset i Erik–Larsgarden vart rivne.

Kvernhuset i Andersgarden vart rive.

På dette bel vart vognhuset på Blokkeberg flytta uppåt Grani og der nytta som staurahus.

GAUPNE.  Det vart bygd ny hovudveg gjenom (eller rettare sagt utom) Gaupne, i ein stor sving rundt enden av fjorden. Dette hadde nok sitt å seia for butikkarne i Gaupne, og ikkje minst for bensinstasjonen på Røneid.

ALVORLEG TRUGSMÅL I NORD

I juni stod brått store russiske styrker ved norskegrensa, kanskje 30 til 60 tusen soldatar, og det vart ogso opna eld frå stridsvognerne, men det viste seg å vera lausskot.
   Norske myndigheiter heldt hendingi strengt hemmeleg i over 30 år.


1969

Måneferderna.
Dei fyrste menneski landa på Månen, åtte år etter at  

1970

Det vart bygd ny fjøs på Rasmushaugen. Han vart bygd rett nedanfyr den gamle, som var vel 70 år gamall.

Leirdalen og Tunsbergdalen.
Emnet er valt avdi eg har stor interesse for utviklinga i mi eiga heimbygd gjennom tidene. Under arbeidet vart eg betre kjend med stadnamn, særleg i Tunsbergdalen. Eg ser det også som ein verdi å få skriva ned namn på teigar, stølar og liknande. Desse namna har vore  

Stølen
Vårstølen. Gjerde til Hauglund fremst, og gjerde til Pergarden til vinstre.

1971

Det vart bygd ny veg frå Andersgarden og ut til Blokkeberg. Den gjekk beinare enn den gamle, og Løken vart lagd i røyr under. Gamlevegjen gjekk tett forbi stabburet og nokso bratt ned frå Andersgardfjøsen. Sopass bratt var det at der var vanskeleg å koma upp med bil um veteren. Relativt flatt burt til smia og so brattare att nedyver til Løken. Yver Løken var det ei smal treklopp utan rekkverk. Ut til Blokkeberg gjekk vegjen nokon­lunde beint, med steingjerdingar på båe sider.

1972

Blokkeberg bygde hytte på Fjellstølen. Ho hadde eige soverom med fire køysenger, kjøkenkrok og open yttergang.

Fjøsen i Erik–Larsgarden fekk ny innreiing.

1973

Det vart bygd garasje og vedskåle på uppsida av kårhuset i Pergarden.

Blokkeberg i 1973
Det vart bygd vindfang og støypt ny tropp på hovudhuset på Blokkeberg. Gamletroppi var ei breid steintropp.

1974

Øystelsmyri

Øystelsmyri, gamlebrui. På Fjellstølen sér me selet til Hauglund, og heilt burt i høgre kant selet til Andersgarden.

Anleggsdrifti starta, og anleggsvegjen vart bygd. Vegjen frå Leirmoøygarden og upp vart utvida i svingarne.

Det vart bygd ny bru på Leirmoøygarden.

Løa av rundstokk i Erik–Larsgarden vart rivi.

Det vart sett upp hytte frammi granerne.

1975

På Blokkeberg fekk dei seg ny traktor, ein Leyland 255 75-modell.

På Blokkeberg fekk dei seg ny traktor, ein Leyland 262 76-modell. Den forrige, som var utleigd til anlegget, hadde velta frampå damen, og vorte skada.

1976

Leirdalen ca 1976 Leirdalen ca. 1976.
Til vinstre sér me Hauglundselet på Nonhaug.


Slåtten.

Ein starta med å gjødsla um våren, med kunstgjødsel eller møkabreiing. Kunstgjødsel hivde ein utyver med handamakt, eller ein brukte gjødselspreidar bakpå traktoren. Møki køyrde ein ut med møkasvans eller steinsvans, eller traktorskuffe. Deretter hivde ein møki utyver med møkagreip, og horva med møkahorv.
   Graset slo ein med motorslåmaskin eller slåmaskin bakpå traktoren, kopla til kraftuttaket. På eldre traktorar kunne ogso slåmaskina vera montert på høgre sida av traktoren, millom fram- og bakhjul, slik som på Allgeiren i Andersgarden. Ljåen brukte ein fortsatt litt til kringslått og på tronge plassar.
   Mesteparten av graset vart hesja. Dei sette upp hesjastaurar der dei batt på hesjatråd, ein mjuk men kraftig ståltråd, i 5-6 høgder, heitte golv. Kvart millomrom millom staurarne burtetter kalla dei troer. Graset vart ytt innåt hesjarne med silosvans. Og so måtte dei raka det traktoren ikkje fekk med seg. Hesjing var tungt arbeid, som røynde godt på ryggen. Dei fleste hesja med nevarne, medan nokre brukte høygaffel. Men det var vanskelegare å få til.
   Når hesjarne var turre, tok dei høyet ned og la det i dungar bortetter langsmed hesi, og samla det upp med høysvansen. Dei lyfta ein dunge upp med svansen og la han upp på neste til dei hadde fullt lass. Deretter var det uppi og trakka, og dei på marki hadde uppi meir med høygaffel. Då var det jo om å gjera å ikkje stikka dei som var uppå lasset. Var det lang køyring var det om å gjera å få klemt uppå so mykje som ein makta. Høysvansen var slik tillaga at når ein lyfta honum upp frå marki gjekk tvo store bøylar med ein tverrbøyle bak nedpå lasset og låste det fast. Etter dei hadde sett frå seg lasset på bana, var det til att med høygaffel og hiva høyet ned på løa.
   Siloforet slo dei på same måten, samla det upp med silosvans og raka etter. På bana var det til og hiva det nedi siloen med høygaffel, jamna det utyver nedi og ha på maursyre med jamne millomrom med silokanne, og trø foret godt nedåt. Etter at siloen var full, la dei press uppå, med steinar eller vatn. Siloen seig då so mykje at dei kunne fylla på att med håslåtten (andre slåtten).


BRIMKJELEN — EIN EVENTYRINNSJØ I TUNSBERGDALSBREEN.
Lenge har me gått og snakka om Brimkjelen. Sett på bilete derifrå, høyrt andre fortelja om denne fascinerande natur­opplevinga i breheimen. I fjor vår kom Oddvar Stege­gjerdet nedatt frå ein tur i Brimkjelen. Han hadde vore saman med nokre ingeniørar der oppe i høve utbygginga av Leirdalsvassdraget. Ikkje mange dagane  

1977


Brui til Fjellstølen

Brui til Fjellstølen, delvis ned-dotti.

Det vart innlagt telefon på Haugen.

Hauglundselet på Nonhaug fekk nytt tak og ny innreiing.

Det vart bygd hus framanfyr Øystelsmyri.

Det vart sett upp silo på nedsida av fjøsen i Erik–Larsgarden.

Det vart sett upp enno ei hytte frammi granerne, litt framanfor hi.

Det vart no folketomt i Leirmokleivi.

I Myri vart det teke ny teknikk i bruk for å få graset ned Storebakken. Det vart spent vaier tvers yver øvst, festa i tvo store steinar. So vart det nytta traktor med dobbel vinsj nede, og sleperive.

1978

Leirdalen ca 1978 Leirdalen ca. 1978.
Her står fortsatt staurahuset i Erik-Larsgarden og vognhuset i Andersgarden, og Andersgardløa i Myri. Smia i Andersgarden står på sin gamle plass i Bekkjavegen, og strengjabrui er på plass.

ANLEGGSDRIFTI.
Ingen var vel særleg glade fyr at Tunsbergdalen no skulle raserast, men når fyrst so gale var, nytta sjølvsagt mange i Leirdalen høvet til å skaffa seg arbeid på anlegget. Leirdalsvegjen vart utvida i svingarne fyr å få upp dei svære anleggsmaskinerne, og på Leirmoøygarden vart det etter kvart  

RULLEBRETT.  Den norske (dustemikkel)staten la ned total­forbod mot rulle­brett, av alle ting. Og forbodet varde heilt til 1989!

1979


Leirdalen

Bygningar som ikkje er på plass enno: Nyestova på Rasmushaugen og nyefjøsen i Andersgarden.
Snart vekke: Staurahuset i Erik-Larsgarden, smia og vognhuset i Andersgarden, og straum­leidningarne ut til Blokkeberg.

Det var storflaum i Jostedalen, og dei fleste bruerne vart øydelagde.

Det vart innlagt telefon på Blokkeberg.

Smia til Andersgarden, som stod i Bekkjavegen, vart flytta til Krabbane. Der vart ho uppattsett, og isett dør. Fyrr hadde ho vore opi i fronten.

1980

FJÆRLAND.  Rett før påske var det tvo tyskarar som dreit seg godt ut i Fjærland: dei reiv ned fjordspennet med jagerflyet sitt. Dette førde til at fjærlendingarne vart straumlause i fleire vikor. Pilotarne fekk skote seg ut i aller siste liten, og berga dermed livet.

NORDSJØEN.  Plattformi Alexander Kielland kantra og 123 menneske omkom. Årsaki til havariet var tilsynelatande feil bruk, ettersom ikkje alle ankerfesti vart nytta, noko som førde til at plattformi vart sliti sund.
   Men det kann ogso vera at plattformi vart utsett for sabotasje, ved at eine foten vart sprengt.

Om Tunsbergdalen.
Etter at det var slutt på stølsdrift (1933) i Haugen dyrka Ole J. Leirdal ca. 1 mål der framme og sådde til med gras­frø. Det vart gild avling i fleire år framover. Dette var vel den einaste “nylenda” i Tunsbergdalen. Men me kan berre tenke oss korleis det kunne sett ut om heile dalen hadde vorte  

Stølsdrift i Haugen.
So vidt me veit har det aldri vore fastbuande folk i Tuns­berg­dalen. (Me ser då burt frå segni om Thora Tunsberg.) Men liv og ferdsel var det i dalen alle årstider. Den tid det var stølsdrift i Tunsberghaugen — fram til ca. 1933 — måtte det masse  

Det vart bygd nytt stovehus på Rasmushaugen.

Det vart bygd nytt stovehus i Hauglund.

Fjøsen på Blokkeberg vart påbygd yver traktorgarasjen.

1981

Det vart bygd ny fjøs i Andersgarden eit stykke bortum den gamle. Han var tillaga for mjølkekyr. Reidkaps­huset under gamlefjøsen i Andersgarden vart rive.

1982

Fjellstølen.

Slåttonn på gjerde til Blokkeberg.
Fjellstølen

Garasje

Ny garasje.

Det vart bygd garasje attmed fjøsen på Blokkeberg. I fyrste etasje, med inngang frå nedsida, var det plass til tvo bilar. I andre høgdi, med inngang frå uppsida, vart det tillaga ei smyrjegrav, slik at det skulde vera enkelt å t.d. skifta olje.

Garasjen på Blokkeberg



Støvplage

Leirdalen støvar ned!

Tekst og foto: Helge Leirdal.

Det du ser på bileta er verken dis eller skodde. Det er rett og slett støv! Fint evjestøv som legg seg over alt. På hustak, bilar, blomar og gras, fer inn i husa, tettar til luftfilter, svir i augo, og det verste av alt: Ein må pusta i ho.
   Og kvar kjem så støvet frå? Jo, frå fremst i Tunsbergdalsbassenget, der store flater med evje ligg udekka, av di vatnet blir halde for lågt. Turken gjer så at vinden frå breen sopar med seg oppturka evje langsetter heile Tunsbergdalen og legg att store mengder i Leirdalen og vidare nedover.
   Ja, ja... Ein får vel berre vona på regn (kven gjer vel ikkje det). Å be om at NVE let vatnet stiga nokre meter er vel kanskje litt mykje forlanga?

   Støvplage    Taket på denne nye fjøsen skal egentleg vera svart.

Sogningen / Sogns Avis 5/8 1982.

1983

Vinter 1983 Veter.

På Blokkeberg fekk dei seg ein traktor til, ein Fiat 315 67-modell.

Ny hytte på Nonhaug
Rasmushaugen bygde seg hytte på Nonhaug. Materialarne vart flogne upp med helikopter.


Seljegjelet.

Inni Seljegjelet gjekk det ras rett som det var, og som me sér her kunde det koma nokso store steinar.

Steinar


Forhausting.

Forhaustaren gjorde siloslåtten mykje enklare. No fekk ein både slege, blanda i maursyre og hivt graset uppi karmen i ei vende. Og ikkje trong ein raka heller.
   Den som køyrde traktoren måtte passa på at graset for uppi tilhengaren og få det fordelt jamnt utyver, ved å vri på toppen av for­haustaren med ein arm som var festa til tuten. Seinare kom det hydraulisk regulering. Maursyre­dunken var festa frampå for­haustaren, og doseringi skjedde ved at ein slags gaffel skrapa nedi graset medan ein slo. Var det mykje gras vart gaffelen klemt heilt inn og ein fekk maksimal dosering. På denne måten fekk ein blanda i høveleg med maursyre heile tida. Ein brukte vanleg tilhengar der det var isett ekstra høge karmar oppå dei vanlege karmarne, og på toppen var det spent ein vaier yver for å hindra at karmarne vart sprengde utyver av det tunge lasset. Bakkarmen var hengsla heilt uppe, slik at ein slapp å ta honum av når lasset skulle tippast.
   I Erik–Larsgarden brukte dei Vossakasse, ein kasse som hang bakpå traktoren, då det høvde betre på dei bratte markerne der. Ein til­hengar ville lett kunna velta.
   For å avlessa på bana var det ikkje nok berre å tippa lasset. I botnen på tilhengaren låg det plankar festa med vaier, som vart forankra til bana. Når ein so køyrde fram, vart lasset drege utor karmen. Det dundra tungt i bana når lasset brått sleppte, og framkanten av tilhengaren spratt opp. So var det berre å hugsa på å ha i att det andre settet med plankar, og fortsetja å slå.
   Dei som jobba på bana hadde tyngste jobben. Dei måtte få lasset nedi siloen, til det brukte dei høygaflar. Og so var det nedi og jamna det utyver.
   Seinare fekk ein avlessar­vogner som hadde graset utor sjølve, og dersom ein kunne rygga seg bakpå siloen, fekk ein slåtten rett nedi. Desse vognerne brukte ein ogso til møkabreiing.



Станисла́в Евгра́фович Летро́в.

26. september trudde russarane at fem rakettar med kjernefysiske stridshovud var på veg mot landet deira. Men, takka vera at éin mann (Stanislav Yevgrafovich Petrov) heldt hovudet kaldt, unngjekk verdi ragnarok. Hadde russarane svart på det dei trudde var eit angrep, hadde halv­parten av USA's befolkning vorte utsletta i fyrste angreps­bylgja. Alt liv hadde etter kvart vorte ende, og Jordi hadde vorte til ei ørken. Blir me fortalt. Skal me tru på det? Me kann leggja merke til at hovud­personen oppførte seg på nøyaktig same måten som han som liksom var fyrste mann på Månen. Tverr og vrang, og svært lite interessert i å snakka med media. Ein blir gjerne slik når ein blir tvinga (av staten) til å fortelja ei slik lygn, og måtta halda fast på denne lygni livet ut.


1984

Påbygget på gamlefjøsen i Pergarden vart rive, og der vart uppsett ny fjøs rett innafor den gamle.

1985

KGB starta bedragerioperasjonen “menneskeskapte klimaendringar”, og SN hev sidan bidrege med sitt.

1986


Чорнобиль.

26. april skjedde det ein alvorleg eksplosjon i atom­kraftverket Tjernobyl i Ukraina. Den påfyljande branden sende store mengder radio­aktive partiklar upp i lufti, og desse vart spreidde yver store deler av Europa.
   Ogso i Leirdalen, noko som førde til at sauderne måtte ned­forast i åresvis etterpå, ettersom dei vart radio­aktive når dei gjekk på beite. Det var spesielt soppen dei åt som var ekstra radio­aktiv.
   Men so er spørsmålet: er radio­aktiv stråling so farleg som dei vil ha oss til å tru? Mykje tyder på at litt stråling berre er bra, då det skjerpar immun­forsvaret. Mykje stråling er naturleg­vis ikkje bra, då blir ein brend. Det er som med sol­skin, litt er bra, for mykje kann drepa deg.


Det vart bygd hytte eit stykke nedanfyr damen, på bortsida.

Det vart uppsett gateljos frå Hauglund til Blokkeberg.

Anleggsvegjen vart asfaltert.

Stovehuset i Pergarden vart heilt omvølt.

Vårstølen

Vårstølen.

Her sér me fortsatt ein del av den gamle muren, samt selet og løa til Erik-Lars­garden, og løa til Anders­garden.

1987


Stølen
Stølen og Fjellstølen.



Leirdalen
Leirdalen frå nord.

Alle dyri i Erik–Larsgarden vart leverte, ogso hesten.

Hytta på Haugengjerdet vart flytta lenger inn på marki, då det var fare for at ho skulle gli ut.

1988

10. april kom det uventa yver ein halvmeter nysnø på ein gong.

Lynet slo ned i ei furu yvst i Rustane og øydela telefonarne på Blokkeberg, på Rasmushaugen og frammi nausti. På Blokkeberg gjekk òg straumen.

Uppi skrederne gjekk det steinsprang som drap tvo av sauderne til Hauglund.

Andersgardselet på Fjellstølen bles ned.

1989

I januar var det mykje hardt vêr, og svært mildt. I Hauglund blés taket på fjøsen av; på Blokkeberg toppen av pipa. Det vart òg skader på tak i Pergarden; staurahuset i Erik–Larsgarden blés ned; og mange graner vart knekte.

Det vart bygd nytt stovehus på Blokkeberg.

I Andersgarden støypte dei golv på løa i gamlefjøsen, fyr å nytta henne til garasje.

1990

Leirmoøygarden.
Leirmoøygarden er knytepunktet millom hovudvegjen og Leirdalsvegjen. Det er vel heller uvisst kva namnet kjem frå, men kann det ein gong ha vore ein gard her, som so er vorte liggjande aude? Og visserleg finn me tufter heilt nedmed storelvi. Det som er  

1991

Dei installerte høyturke i Hauglund.

1993

Det vart uppsett leikehus i tunet i Hauglund.

På Blokkeberg fekk dei seg ein traktor til, ein Leyland 262 77-modell.

Dei installerte høyturke på Haugen.

Det vart uppsett ein del autovern frå Øygarden og upp til Kleivi.

1994

På Blokkeberg fekk dei seg ein traktor til, ein Leyland 255 74-modell.

Det vart bygd skogsveg frå Reselltomti til eit stykke nedum Nonhaug.

Dei installerte høyturke på Blokkeberg. Sjølve vifta stod i veggen millom løa og loftet på saudahuset, slik at ho skulde suga inn oppvarma luft frå saudahusloftet. Lufti vart so blæsi inn til tvo turkeavdelingar på løa.

Ferja Estonia på veg frå Tallinn til Stockholm vart sabotert, nokot son førde til at ho gjekk ned og 841 menneske mista livet. Den offisielle forklaringen var at baugporten hadde svikta.

1995

Black Brant scare

25. januar vart ein forskningsrakett sendt opp frå Andøya, russarane trudde det kunde vera angrep med atomvåpn, og verdi var atter ner atomkrig. Eller?


Pergarden sette upp hytte nedanfyr Nonhaug.

Larsgardselet i Tverradalen vart nedteke.

Det var nytt lynnedslag uti Rustane. Telefonarne på Blokkeberg vart øydelagde.

Grunneigarane byrja selja fiskekort, og gjorde um anleggsvegjen til bomveg.

På Blokkeberg fekk dei seg ein traktor til, ein Nuffield 3DL 57-modell.

I Andersgarden fekk dei seg ny hest.

1996

Yverlaupstunnelen vart utvida, og det vart bygd terskel eit stykke nedanfyr. Steinarne frå over­laups­tunnelen vart òg nytta til å setja upp ein svær mur inni Seljegjelet. Den skulle verna mot ras.

På Blokkeberg fekk dei seg tvo traktorar til, ein Nuffield 63-modell traktorgravar, og ein BMC Mini 66-modell.

Det vart lagd nytt bærelag på vegen frå Løken til Andersgarden.

1997

Løa utpå Andersgardstølen bles ned um veteren.

Inni Seljegjelet, nesten innfor løa til Rasmushaugen, gjekk det eit stort jord- og steinras som sperra vegen i eit halvt døger. Der vart det etterpå sett upp ein kraftig steinmur som skulle hindra nye ras.

Prinsesse Diana omkom i ei trafikkulukke i Paris, eitt år etter skilsmissa frå prins Charles. Dette vekte stor sorg over heile verdi, då ho var svært godt likt av alle.

1998

Leirdalen 1998
Leirdalen. Til høgre ser me Solsete, og i kløfti nedanfyr (der det fæle kraftspennet går gjennom) Dueskardet. Til vinstre Leirmohovden. I bakgrunnen til høgre den særprega fjellryggen Hest, og heilt til vinstre Asbjørnsnåsi. Klikk her fyr å sjå nærbilete.

Nedanfyr Nevjesbakken byrja vegen å rasa ut. Han vart difor forsterka, og det vart med det same laga til møteplass.


Me gav BIRSKEN namnet.

Sommaren 1977 var Sigve Sæverud, saman med ein gjeng andre frå Norges Kristelige Skule og ungdomslag, i Leirdalen for å rydde skog.
   Etter dei var ferdige sette dei opp eit skilt med førbokstaven til dei som hadde vore med på arbeidet. Og gav plassen namnet Birsken.
   - Det var Brita, Ivar, Rolf, Sigve og Kjetil som var namna, -en sette me berre på til slutt, for at det skulle verte eit skikkeleg namn, fortel Sigve.
   Han var nyleg på gjennomreise og tok turen attende til Leirdalen for å sjå på plassen.
   - Eg vart overraska over at skiltet ikkje berre stod der enno, 20 år etter at me sette det opp, men at det i tillegg var pynta opp og måla, fortel han.

Avisa Sogndal 18 21/8 1998. 

Skiltet TIL BIRSKEN heng på grindi i enden av damen. Det er nok ikkje mange som hev skyna kva det betyr.

Friluftsgudsteneste i Leirdalen søndag.

Søndag føremiddag er det på ny Leirdalen sin tur til å ha friluftsgudsteneste. Den vert også i år ved hytta til Andrias Leirdal, og ein tek då til venstre når ein kjem opp først i Leirdalen. Sist me var samla vart ikkje vêret så bra, men det er god plass i hytta, så ver ikkje redd for det! Lokalt vil dei syte for kaffi og brus, men ver snill å ta med kopp og mat! Det kan gjerne komme vel med å ha med ein campingstol e.l., slik at ein kan få sitje godt. Så vel møtt frå Leirdalen og bygdene elles!
Kyrkjelyden.
Sogn Avis 3 8/8 1998.

1999


Såg merkeleg lys over Hest.

– DET VAR MERKELEGE greier, seier ein mann frå Luster, og fortel om eit mystisk lys han såg på himmelen her om dagen. Men det rare er at nett dette lyset har han sett før, over fjellet Hest og nesten på dagen for eitt år sidan.
   – Det var ei brå og skarp lyskjelde som rørde seg eit stykke for deretter å falla og til slutt bli heilt borte. Mystiske greier, er det fleire som har sett det same, spør han.

Sogn Avis 3 26/1 1999. 

Den skumle Leirdøla.
Eg vil i denne julehelsinga fokusere på ein del av den historiske samferdsla gjennom Jostedalen. Den einaste kommunen og prestegjeldet i Sogn som ikkje grensar til sjøen. Det var berre eit samband og det var over fjell, gjennom tronge juv og over elvar. Stiane og vegane var det so som so med, men dei vart etterkvart  

Leirdølerne fekk nytt postnummer. Det gamle var 5820 Gaupne, det nye 6868 Gaupne.

2000

Hardhausane frå Leirdalen.
— «Me laga treningsbakkar i Leirdalen. Elles laga me bakkar i alle fjell, til og med høgt oppe i Solsete over 800 meter over havet. Me bar skia på ryggen, og lagde bakkar i fjell­sida. Som regel hoppa me ein 33-34 meter i bakkane.» Dei som fortel dette er  

Andersgarden, Pergarden og Hauglund kjøpte seg flåte til å frakta nautabeist til Tverradalen. Flåta var av glasfiberkledd isopor, 16m² stor, og kunne frakta 12 tonn.




Forrige side       Til toppen av sida       Neste side

© www.leirdalsboki.no

  Valid XHTML 1.0 Transitional