Leirdalsboki



1901–1950

1911  1921  1931  1941


1901



Frå «Norges Land og Folk».

Jostedalsbræen sender en af sine mægtigste jøkler, Tunsbergdalsbræen (140 m.o.h.), ned i Tuns­berg­dalen. Bræen har en længde af over 14 km. og ligger som en ganske flad rende mellem de steile fjeldsider; den har gjennem Tunsbergdalen og Leirdalen afløb til Jostedalen.

I høiden saavel paa vestre som østre skraaning ligger mægtig is.

Over den vestlige dalside langs Hafslo grændse ligger fra nord mod syd Austerdalsfjeld, Røisedalsfjeld og den 1603 m. høie Kvitekol, der paa sydsiden begrændses af Tverdalen, hvilken gaar op mellem Kvitekol og den nedenfor omtalte Tverdalsbræ.

Paa østsiden ligger Berset­bræen, Grønne­skred­bræen og Vetle­nibben indover Joste­dalens grændse; de skilles ved den steile Røike­dal (i Joste­dalen) fra de søndenfor liggende bræer, Røike­dals­bræen og Vasdals­bræen, hvilken langs Joste­dalens grændse smalner betydelig af sydover mod den 1470 m. høie Hompedals­kulen; syd for den ligger den lavere Solset­naase, som falder steilt af saavel vestover mod Tunsberg­dalen som sydover mod Leir­dalen og østover imod Joste­dalen; mellem Tunsberg­dalsvatn og den øvre del af Leir­dalen gaar fjeldet over i en mere flad, aaben og tildels myrlændt dal­sænkning, i hvilken Leir­dalens gaard­klynge ligger.

Leirdalen er en sidedal til Joste­dalen; straks nordenfor Leirmo gaard og plads gaar den fra Joste­dalen østover til Tuns­berg­dalsvatn, bøier omkring dette under navn af Tuns­berg­dal nord­over; den er bred, aaben og myr­lændt lige op under Tuns­berg­dalsbræens moræner; denne bræ ligger i dalen.

Medens en del af Leir­dalen paa nordsiden er forholds­vis endog godt bebygget, er dalføret forøvrigt ubeboet: fjeldene, der falder steilt af paa begge sider af Tuns­berg­dalsvatn og beholder sine steile skraaninger nordefter dalen, trækker sig fornæmmelig paa dalens øst­side noget tilbage, saa dalen bliver mere aaben, end tilfeldet pleier at være i disse fjeld­dale.

Oppe under bræen gaar fra Tuns­berg­dalens vest­side en side­dal, Tver­dalen, i nord­vestlig retning op mod bræen sønden­om Kvite­kol; denne dal og den i modsat retning (i Hafslo) opgaaende Kvams­dal er kun skilt ved et skar; sønden­for dette skar ligger langs grændsen først Tver­dals­bræen og derefter Hest­bræen; den deles ved en tvers paa bræen gaaende smal fjeld­kam, som kaldes Hesten, i to dele; den søndre del er meget smal og kort.

Lidt længre syd udvider ryggen sig atter om det 1606 m. høie tr. p. Asbjørn­naase, men smalner saa atter af.

Asbjørn­nase falder af nord- og nordøst­over mellem Leir­dalen, Joste­dalen og Fonn­dalen; nord­over er faldet jevnere, mod øst steilere; her ligger Leirmo­hovden, 561 m., der begrændses af Leir­dalens nederste del, Joste­dalen og Grønneli­grovi.

Norges Land og Folk.
Kort 1901

Som me ser gjekk vegen til Nystølen frå Leirdalen.

1902

Alfsmo
Fra Alfsmo Skjydsstation i Gaupne

1903

Lars og Anna Marie.

Erik–Larsgarden.

Anna Marie Christopher­dotter frå Rønnei (28/12-1830—31/12-1924) og Lars Erikson Leirdal (19/3-1833—13/1-1912).

Det var ny storflaum frå Brimkjedlen.

1905

Gaupne gamle kyrkje
Gaupne kyrkje.

Alsmo
Alsmo.

1906

På Leirmoøygarden.

Kvelvingsbrui på Øygarden     «Leirdøla bro i Lyster (i veien til Jostedal) 1906. Sporvidde: 16,0m. Fil: 4,8m. Kjørebredde: 2,6m.»
Kvelvingsbrui på Leirmo­øy­garden vart bygd. Ho stod rett uppan­for fag­verks­brui; det er enno lett å sjå restarne etter funda­mentet på heimsida.

Gaupne.

Her hev dei teke til å byggja gamle­brui i Gaupne. Bakum sér me den fyrste som vart bygd (i 1880). Ho vart skada av elve­is (i 1905), og det kann sjå ut som midt­partiet er provi­sorisk repa­rert.

1907

Nyekyrkja i Gaupne vart bygd.

Bru Gaupne

Byggjing av gamlebrui i Gaupne.

Heilt til vinstre sér me gamle­skulen, og til vinstre for Engja­dals­elvi skimtar me vegen upp i Engja­dalen.

1908

Øllegaard på Blokkeberg gifta seg med Hermund Johannesson Leirdal (1887-1942). Han kom frå Gardshaugen (Nedreli) i Jostedalen, der han hadde vokse upp hjå foreldri Synnive Gardshaug (Synnive Kristoffersdotter Halveg) og Johannes Gardshaug (Johannes Hermundson Mosevold). Han hadde ei tid vore dreng i Erik–Larsgarden.

1909

Stovehuset på Sølfesthaugen vart rive, og det vart uppsett nytt.

1910


Erik–Larsgarden. (Årstalet er litt uvisst.) Lars, fru Vigdal(?), Anna Marie (gift Svangstu, syster til Lars), Kristoffer og Ingeborg Marie, Erik. På kårstova sér me eit tilbygg som i dag er vekke.

Vegen Nes - Røneid vart ferdig.

1912

Lars Leirdahl

Lars Leirdahl.       

Då Lars var berre tvo år gamall omkom faren ved at han havna under høy­vogni som velta. Mori flytta til Mykle­myr og gifta seg på nytt. Lars vart verande i Gruvle­bakken og blei der fostra upp av faster Britha og beste­foreldri. Han sa seinare at det hadde vore ein hard upp­vekst men at han treivst.
   Dette året ut­vandra han til Amerika. Der gifta han seg i 1922 med Esther Mathilda Engquist (svensk upphav), og dei fekk borni Lloyd Andrew og Laila Elaine.
English

1914

Verneplikti vart utvida frå eit halvt til eitt år, grunna den ustabile situasjonen i Europa. Alle menner laut gjera tenest.

1916

Bussrute.

Turbil
Alsmo
Det vart sett upp buss­rute millom Sogn­dal og Joste­dalen. Bilen var ein Chand­ler med sju sitje­plassar. Ruta gjekk 3 – 4 gonger i veka i sumar­halv­året. Farts­grensa var 30 km/t.




Elvi kunde då, som no, gå upp i vegen nedan­fyr Alsmo.

1917

Vegen millom Gaupne og Nes vart ferdig.

Fallrettarne i Leirdøla vart selde.

Båe stabburi i Erik–Larsgarden bles ned. Det som høyrde til garden vart sett upp att, medan kårstabburet vart sett upp att som eldhus.

Det vart bygd nytt stovehus i Anders­garden. Det gamle vart so nytta som kår­stove.

På dette bel gjekk det ei svært skrede på burtsida av Tunsbergdalsvatnet. Ho for gjennum isen og laga ei flod­bylgje som braut seg upp-att på hitsida og sopa nausti langt upp på Naustmyrane.

PAA JOSTEDALSBRÆEN VED VINTER­TID.

Av Ferdinand Schjelderup.

. . . Men vinden blev for sur tilslut, og vi maate si tak for os. Skiene blev snudd østover og utfor bar det paa strykende føre i slake heldinger, utover og altid utover i retning av Tunsbergdalsbræen. Og saa nedover denne, kilometer efter kilometer, avvekslende med susende og jevnere fart, til vi efter en god mils løipe stanset tvers av Røikjedalsskar. Her var bræen som en bred islagt fjord, som fløt endnu ¾ mil videre mot syd.
   Ved at holde os mest til vestsiden undgik vi helt de faa sprukne partier, som findes i denne praktfulde bræen, Norges længste bræarm. Morsomst var de nederste isfaldene, hvor vi stod lange stunder mellem svære iskoss. Helt nede ved bræfoten som var sprængt til hele smaa tinderækker av blaais, tok nedstigningen adskillig tid, men vi krydset os da frem paa ski hele tiden. Efter en rast nedenfor morænene fulgte vi Tunsberg- og Leirdalen ned til hoveddalføret og naadde Alsmo ved halv­ni­tiden om kvelden. Da hadde vi tilbakelagt temmelig mange mil.

Den Norske Turistforenings Aarbok 1922.

VESTLANDET, SOGN.

Ved Oberstløitnant K. G. Gleditsch.

Fra gården Kvam på østsiden, ca. 5 km. fra bunnen, bratt overgang til Tunsbergdalen: Forbi Grøn­dals­seteren op i et skar, på sydsiden av Hestebreen med storartet utsikt opover Tunsbergdalen med Tunsbergvatnet dypt nedenunder og den vakre 14 km. lange og forholdsvis flate Tunsbergdalsbre om­gitt av bratte fjellhamrer i øst og vest. I vest sees Hestebreen og i øst Vassdalsbreen. Der fort­settes med østlig retning oppe i høiden, så mot nord på en fotsti langs en bekk, forbi en seter og på klopp over Leiråa (Tunsbergdalselva) til Leirdalsgårdene ved nordbredden, ca. 10 km.
   (Leiråa forårsaker ofte flomskade. I 1900 rev den således med sig kloppen og stengte hovedveien i Jostedalen med svære leirmasser.)
   Fra Leirdal ridevei mot øst langs elven til hovedveien gjennem Jostedalen (automobilrute 958), ca. 3 km.

Reisehåndbok over Norge 1925.

1919

På Johanshaugen På Rasmushaugen På Rasmushaugen

Biletet til vinstre: På Johanshaugen. Framme Johannes og Kari, bakum far til Johannes og dotteri deira Gunnhild.
Biletet i midten: På Rasmushaugen. Martha.
Biletet til høgre: På Rasmushaugen. Framme Rasmus med _ på fanget og Martha. Bakum Henrik el. Nils, _, _, _ og Anna (faster til Ragnvald). (Rasmus fekk seg eit langt og gildt skjegg på sine eldre dagar.)

1920

Britha Leirdal

Britha Leirdal.

Britha i Gruvle­bakken var sy­lærarinne og heldt kurs i sy­arbeid rundt um i bygderne, gjerne i Gaupne og Mari­fjøra.
English

1923

NAMNELOVI kom, slik at alle no fekk faste etternamn. Fyrr denne tid tok ein namnet etter fa'ren, t.d. Larsson, og i tillegg garden ein budde på: t.d. Leirdal.
   Oppdikta døme: Fa'ren Per Hermundson Vigdal bur i Vigdalen og sonen Ola Person Alsmo bur på Alsmo. So flytter sonen til Sperle, og blir so heitande Ola Person Sperle.

1926

Jostedal kyrkje
Jostedal kyrkje.

Fotograf: Anders Beer Wilse / Norsk Folkemuseum.

Storflaum frå Brimkjedlen.
Laurdag 14. august var det ein ofseleg flaum frå Brimkjedlen. Tvo av kvernhusi, millom anna Pergarden sitt, som stod frampå stølen, vart tekne av dei ovstore vass­mengderne. På Blokkeberg mysste dei ein ny­slakta gris som stod i saltekar i det eine kvern­huset. Sameleis gjekk det med fire slipe­steinar, og brui, som stod nett nedanfyr gjerde til Haug­lund. Det vart vekke ein del jord og skog, og øydelagt mykje turrhøy i Tunsberg­dalen. Frammi der gjekk det ogso mange beist på beite, (70—80 nautabeist og 50 hestar) men dei redda seg alle som ein. Den flaum­sikre stein­kvelvings­brui på Leirmoøygarden gjekk med. Rett etterpå skifta elvi løp og byrja renna beint fram­etter mot Alsmo. Og so etter ei stund laga ho nytt løp mot den andre kanten, og byrja saman med Jostedals­elvi å laga demning til heile Alsmo stod under vatn. På Leirmo­øygarden vart det straks oppsett ei provisorisk timmer­bru. Leirmo fekk øydelagt mykje dyrka­mark, og eindel skog.
Sjå kva aviserne skreiv.  

LEIRDALEN.
Med umsyn til namnet kann visast til det som er sagt um Leirmo. Det er nok elvenamnet Leira som er upphavet til gardsnamnet her og, og Leira maa daa vera det gamle namnet paa elvi. Heller ikkje Leirdalen er nemnd fyrr ikring 1600, og han er daa kalla “øydegard” ei tid frametter. Det er anten ein gard som nyleg er  

1927

Husmannsplassen i Gruvlebakken vart nedlagd, og jordi gjekk attende til Andersgarden. Husi vart rivne i 40-åri.

English

Flommen fra Brimkjelen.
Fiskeskøytene hadde lenge drevet efter silden i fjord­buktene inne i Sogn. Hvor Jostedalselven munner ut i Luster­fjorden, var der satt et stort steng, som lovet godt. Men ut i uken tok elven til å bli mistenkelig. Vannet ble mørkere, og der kom busker og småtrær flytende. Mot lørdagen brøt det løs for alvor. I tylftevis kom  

1928

Brita Ormberg og Martha (?) på Haugen. Brita Ormberg og Martha (?) på Haugen.

1930

Turkestova i Erik–Larsgarden brann ned.

På Johanshaugen
Sverre, Ole med Kari på fanget, Gudrun, Maria med Inger på fanget, og Johannes.
Arbeidslaget som bygde brui
Jarnbrui på Leirmo­øygarden vart bygd. Det var ei stål­fagverks­bru med spenn­vidde på 37 meter og 2,8 meter køyre­breidde.
   På biletet ser me arbeidslaget som bygde brui. Dei gjorde eit frami­frå arbeid. Tak deg ein tur under brui og studer funda­mentet. Slikt flott stein­arbeid er det ingen som får til i dag, same kor mykje maskiner og dingel­dangel dei måtte hava.

1932

Annonse i Sogns Tidend:
Jostedalsbræens turisthotel
er no opna. Der synte seg at det
var stort krav etter eit hotel her.
Straks det var kjent at hotellet var
opna, kom det reisande. Dei kappast
um aa vera den fyrste som sette sitt
mamn i framandboki.
Mange ynskjer aa faa bilen um-
fremturar til Jostedalen, daa dei yn-
skjer aa sjaa denne storfelte staden.

1935

Turkestova i Erik–Larsgarden brann ned.

Selet på Nonhaug vart ombygd på dette bel.

På Leirmoøygarden.

På Øygarden
I bilen står Elsa Børresen og Else Leirdal. På støyt­fangaren sit Thore Børresen (han vart gift med Elsa året etter). På fanget sit Henrik L. Leirdal (han var son til Lars H. Leirdal som tok biletet). Bilen til­høyrde Thore Børresen.

1936

WM. CECIL SLINGS­BY OG JOSTE­DALS­BREEN.

Av Biørn Lyche.

Wm. Cecil Slingsby hadde avtalt å møte Johannes Vigdal i Skjolden den 14. august 1881. De reiste så med båt inn til Rønnei i Gaupne og med skys op Joste­dalen. Fra Leirmo tok de op Leir­dalen og videre op Tuns­berg­dalen til Tverr­dals­setrene, hvor de lå om natten. Den følgende dag bar det avsted klokken fire, det var strålende vær og fra sætrene var det ikke mer enn et kvarters gange bort til bre­fallet på Tuns­berg­dals­breen. Ingen hadde tid­ligere vært opp­over denne, og det var derfor med en viss spenning de gav seg i kast med breen. Slings­bys plan var først og fremst å utforske Tuns­berg­dals­breen — og der­fra komme op på hoved­breen. De holdt seg på vest­siden inn­over, isen var lett å gå, og efter et par timers tid tok de over breen og klatret op fjellet på nord­siden. Klokken halv ni var de oppe på ryggen som fra Vetle­nibba strekker sig inn mot Joste­dals­breen og de kunde se ned mot Krun­dalen. De fort­satte, efter en halv­times hvil, mot breens høieste punkt. “At 12, noon, we felt we were actually on the top, but it is he most top­less mountain I have ever been on, I longed for a peak,” sier Slingsby. Men han er betatt av det stor­slagne sceneri, de veldige sne­marker og fjellene han ser i det fjerne.

DNT-årboki 1936.

1937

Landet og folket

«Bygdi kring Gaupnefjorden og gardane upp etter Jostedøla og i sidedalane Leirdal mot vest og Vigdal mot aust høyrer til Luster. Der hev elvi Leirdøla, som kjem ned frå Tunsbergdalen undan breden der, gjenom år og tider ved flaum eller uppdemning av is og snjo- og jordskridor gjort ovleg mykje skade på åker og mark, på veg og bruer. Når sumarhiten lagar flaum av isvatn frå bredane, hender det at vatnet stig og legg seg yver åker og flatemarker radt fram til garden Alvs­mo, og gras og kornstrå vert gråe av stein­mjølet som legg seg på, so både høy og korn vert ubrukande.»
   «Framande festar seg gjerne ved at sogningane hev eit ljost og lett lynde, at dei lær og talar høgt og kvikt, og mange tykkjer det er underleg at folk som bur i tronge dalar, på vanskelege strender, og hev sitt harde arbeid for livemåte og utkoma i bratte heimemarker og endå brattare utmarker, at desse folki kann vera både tankekåte og ord­kvate. — No er det tvibotn i sogningane òg. Og under­botnen er både djupare og tyngre enn dei framande legg merke til. Dei er kjenslevare, utan at ein kann segja dei er kjenslestore. Difor likar dei ikkje å syna kjenslone sine til andre. Dette gjeld både elsk og sorg. Det kann endå vera at dei syner ei sorg når ho er stor eller djup, men elsken døyver dei helst ned so han ikkje ter.
   Sogningane hugsar lenge. Det gjer alle bønder; sume hugsar helst det vonde dei hev lide, og kann ikkje få ro i seg fyrr dei på ein eller annan måte hev fenge såra den som var skuld i det; det kann gå lang tid fyrr hemnarhøvet er der. Soleis er ikkje sogningen. Han vil helst gjera det vonde upp med det same. Difor kann det koma til eit utbrot, liksom det fossar upp or eit gjuv, men so er det òg gjort med det. — Man det gode kann han gøyma på merkeleg lenge. Det kann vera ein liten ting og det kann vera lenge sidan det hende, so ein god dag når det lagelege høvet er der, då kjem det: Hugsar du den gongen, då gjorde du meg ei beina, og no vil eg gjerne få takka deg for det, og so kjem det både gode ord og gjestnad.
   Sogningen er i det heile lett å vinna med eit godt ord eller ei godgjerd som han trur er meint og ekte. Han hev både trong og vilje til å tru det gode um folk, særleg då um folk som han ikkje kjenner til noko anna um frå fyrr. Framande hev lagt merke til det, og hev sværande ofte mis­bruka det. “Ein kann då ikkje tru um ein slik kar at han vil narra eller snyta meg for noko”, er eit ord ein ofte høyrer i Sogn. Å tvila på nokon som ein ikkje kjenner, det fell ikkje lett for ein sogning. — Men grannen sin kann han tvila på. Tvilen og mistanken, ja misunningi òg, til grannen, det er lyte som det ikkje finst lite av.»

1940

K R I G E N .


9. april kom krigen til Norig.
   På Blokkeberg gøymde dei byrsa uppi Languri, medan radioen vart ståande i stova under heile krigen. Han vart flittig nytta ogso av dei andre bebuarane i dalen. Hermund hadde fenge han frå Norges Blindeforbund, då han etter kvart hadde vorte nokso svaksynt.
   I fjøsen i Andersgarden budde det ei tid ein flyktning, han fordreiv tidi m.a. med å laga soplar. Men so reiste han brått att.
   Det overnatta ogso tolv engelskmenn og ein russar i Andersgarden og Erik–Larsgarden 17. mai. Dei hadde fylgt ruta Dalsdalen – Vigdalen og for vidare yver fjellet til Kvam nattestid.
   Under heile krigen var det visstnok ikkje ein einaste tyskar å sjå uppi Leirdalen.

2. VERDSKRIG.
Å UPPLEVA den tyske okkupasjonen var nok ei svært blanda kjensle. Du var aldrig trygg, tyskarne kunde når som helst koma og henta deg og taka deg med til tortur og fangenskap, ja, kanskì vart du likvidert. Elder du kunde bli utsett for flyåtak av dei allierte. Ein forferdeleg situasjon: i tillegg til å vera redd fyr  

På Nonhaug

På Nonhaug 14. juli 1940.

Til vinstre (bøygjer seg ned) står Ola, bakarst står Maria, Gudrun, Sverre, Johan, Anders og Johannes. Framfyr dei står Inger, Kari og Lars. Fremst står Gunnar, Olga, Erik og Bjarne.

?

???

Nokon som veit kvar, kven og når? (Klikk på biletet for å få det større.)

?

???

Nokon som veit kvar, kven og når? (Klikk på biletet for å få det større.)

På dette bel vart fjøsen i Andersgarden nyinnreidd og det vart støypt betonggolv.

Gardarne i 1940.
Sølfesthaugen låg på nedsida av vegen, med stabburet midt i tunet og fjøsen til vinstre. Alle husi her er i dag vekke. Materialarne i stova vart brukt til ny stove i Hauglund, og løedelen på fjøsen vart uppattsett på  

Peder Melchiorson Leirmo (1909-1964) frå Leirmo tok yver Pergarden. Han flytta til Åretun i Fortun i 1941.

1941

Tyskarane kravde at alle radioar skulde innleverast, men det brydde dei seg ikkje um i Leirdalen.

Edvard frå Austre Toten; uppvaksen i Pergarden, og Torborg Kristensdotter Ormbergstøl (1888-1982) frå Stølen, Ormberg i Jostedal, fekk odelsskøyte på Pergarden.
   Dei hadde fire born:
   Peder (1917). Han vart buande på Toten.
   Kristen (1922).
   Erik (1924-1946). Han vart buande på Toten.
   Johanne (1926).


1942

Frå adressebok
Henta frå S.M.Bryde: Adressebok for Sogn og Fjordane fylke og Bergen 1942.
Gunnhildastova

Gunnhildastova.

Gunnhildastova, omtrent som ho såg ut.
(Ho låg eit stykke uppanfyr nyestova i Hauglund.)
Linje 1

Hermund Johannesson Leirdal.
10.08.1887—1942.

Hermund Leirdal vart fødd i 1887. Han vaks upp i Gardshaugen, Jostedalen, hjå foreldri Synnive og Johannes Gardshaug. Han var ei tid dreng i Erik-Larsgarden, og gifta seg so med Øllegaard på Blokke­berg­haugen (Blokkeberg) i 1908. Dei fekk ikkje born. Dei tok yver garden, som var utskilt frå Erik-Larsgarden, i 1912. Øllegaard døydde i 1932.
        I 1933 gifta han seg att, med Kristina frå Kjøtneshaugen. Ho hadde tvo born, Signe og Magnus. Dei fekk sonen Øystein i 1934, og dotteri Svanhild Johanna i 1939.
        Av di Hermund var svaksynt, fekk han radio frå Norges Blindeforbund, og dette var fyrste radioen i Leirdalen.
        Han fekk koldbrand i ein fot etter å ha forfrose seg då han var på vedaskogen, og døydde deretter av lungebetennelse på sjukehuset i Lærdal. Hermund vart 55 år gamall.

Linje 2

Edvard og Torborg kom frå Skattum på Toten og tok yver Pergarden. Dei hadde med seg sonen Kristen.

Susanna på Kjøtneshaugen flytta inn hjå dotteri Kristina (Stina) på Blokkeberg, og husmannsplassen Kjøtnes­haugen vart lagd ned. Jordi gjekk attende til Andersgarden.

1943

Storegrandhytta til Andersgarden.

På skitur i Tunsbergdalen 8. april.

Storegrandhytta til Andersgarden.
   Fremst sit Erik og Lars, bak sit Øystein, __, Bjarne, Gunnar, __, Olga og Inger.


Pergarden og Erik–Larsgarden i 1943
Gamlestova i Pergarden, og Erik–Larsgarden med gamlefjøsen. Me sér her at vegen låg uppå, og difor var brattare enn i dag. Tidlegare gjekk det ogso ein stikkveg upp millom stova og fjøsen i Erik-Larsgarden. Fjøsen vart bygd i tri vender, den av stein i midten er den eldste.
Biletet er måla av Hallvard Hesjevoll i 1943 og heng i Erik–Larsgarden.

Johanne kom til Pergarden frå Toten.

Ein manndomsprøve i ung alder — ei natt med dramatikk i Tverradalen.
Ein slik påstand kan vel vera ei lett overdriving, men sikkert er det at eg på det aktuelle tidspunktet opplevde det slik. Og det eg vil fortelja hende på fjellstølen vår i Tverradalen sommaren 1943. På nabogarden (Inni­garden/­Pergarden) fekk me nye  

1944

Erik–Larsgarden
Erik–Larsgarden. Lars og Brita, med borni Kristoffer, Maria, Anna, Erik, Jon og Lars.

Slåttonn
Slåttonn i Andersgarden. Maria står uppå lasset, og framfyr står Sølfest, Solveig Jakobsen og Haukås; som var dreng i Andersgarden. Bakum ser me stova og gamlefjøsen (legg merke til kor lang han er; startar ved flaggstongi) i Erik–Larsgarden, og uppe til høgre Johanshaugen.


SOGN.


Av Olav Hoprekstad.

Før det kom køyreveg gjenom det tronge elvagjelet var det uråd å fara der; ferdsla til Jostedal gjekk frå Dale i Luster til garden Kilen og over fjellet til Vigdal. Ingen bisp våga seg til å fara der før Johan Nordal Brun tok seg for tak. Og det var ei so stor hending for Jostedalsfolket at dei sette upp ein minnestein på høgdereset, og dei talar um denne fyrste bispeferdi til dalen den dag i dag. Garden Kilen var kvilestad for bispen, for andre folk med, og hadde eit godt ord for hjelpsemd og gjestmilda.

Den vidgjetne Tunsbergdalsbreen gjeng langt ned mot Leirdalsvatnet. Der vert det ofte um vårane ei uppdemming, og når då vatnet bryt seg fram, lagar det flaum som legg mykje av flatmarki i den nedste luten av Jostedal under vatn. Serleg illa er det um denne flaumen kjem i slåtten. Då vert høyet so fullt av steinmjøl at fenaden vert sårtente og lite vinn eta det.

DNT-årboki 1944.

Johanshaugen og Sølfesthaugen vart formelt slegne saman til eitt bruk. Båe var eigde av Ole (Ola) og Ingeborg Marie (Maria) på Sølfesthaugen.

Ragnvald Martin Henrikson Leirdal (1923-2009) frå Haugen på Nes tok yver Rasmushaugen etter bestefaren Rasmus.

1945

Leirdalen rundt 1945 Leirdalen rundt 1945. Pergarden, Erik–Larsgarden og Johanshaugen.

7. mai var krigen i Europa slutt. Men Norig var i praksis okkupert av dei allierte fram til 13. desember, og i denne perioden vart landet styrt av allierte propagandaekspertar, dei fleste av jødisk herkomst.
   I Leirdalen hadde dei ikkje merka so mykje til krigen og den påfylgjande okkupasjonen, men det hadde sjølvsagt rådd stor uvisse, og vore mykje snakk um tyskarane. Og dei hadde sett flyktningar på veg gjenom dalen. I tillegg hadde det vore rasjonering og knappheit på varer, noko som forsette ei god stund framyver enno. Mjølet var til dømes ikkje brukande til brødbakst, so ein steikte i staden helle­kaker av det.
   Og — me skal hugsa på at krigen var slett ikkje slutt for alle. Mange av deim som tok del i krigs­handlingarne vart øydelagde som menneskje, sjølv um dei ikkje vart fysisk skadde, og dette stridde dei ofte med livet ut.
   Og so skulde altso Norig byggjast upp att — eller? Nei, det vart heller det motsette. Rettnok vart det satsa på industri­arbeids­plassar, men vegar, jarn­bane og telefon vart totalt neglisjert under AP-styret heilt fram til 1960. Folk fekk ikkje eingong lov til å kjøpa seg bil! Dei fekk ikkje telefon! For dette meinte Arbeidar­partiet var luksus! Dei skrøpelege vegarne som var, vart meir og meir øydelagde av tung­transporten, og svært lite vart sett av til veg­byggjing og vedlikehald.

Smia og turkestova i Andersgarden vart rivne. Turkestova vart so uppattsett som smie omlag der gamlesmia hadde stende, nede i Bekkjavegen.

Johanshaugen.

På Johans­haugen, i brud­laupet til Nils og Gunn­hild (Hilda).
   Kristina (Stina), Gudrun, Søl­fest, Maria og Anna. Og hunden i Myri, heitte Passop (alle hundarne i Myri heitte Passop).

På Johanshaugen
Gunnhildastova

Gamlefjøsen på Blokkeberg.

Legg ogso merke til den lange muren utpå vårstølen.

1946

Begravelse på Sølfesthaugen

På Sølfesthaugen.    

Gravferdi etter Johannes A. Leirdal.
   Biletet til vinstre: Inger sit på troppi, og i høgre dyropningen står Sverre og Anna R.
   Biletet under: På høgre sida sér me i stova på Kjøtneshaugen.

Begravelse på Sølfesthaugen
Sølfesthaugen

Sølfesthaugen.

Inger, Margit, Maria, Gudrun, Johanna og Kari nedom stabburet og stova.

På Blokkeberg

Blokkeberg.  

På troppi på Blokke­berg.
   På fremste rekkja sér me Tor­borg, Anna, Gun­nar, Svan­hild, Mel­chior, Lars, Ed­vard og (knapt synleg) Johan Kleivi. Bak står Nils, Gunn­hild, Maria, Brita (baki), Siri Lunna, Maria Bel­gen (?) frå Alsmo, Su­sanna, Siri Alsmo og Kris­tina.

I Andersgarden

Andersgarden.

Maria, Anders, Ragnar Svend­sen og Mar­git i Anders­gard­tunet.

Turkestova i Pergarden vart rivi, og smia vart flytta inn til Ottegrovi. Der vart ho ei tid nytta som vaskerom.

Øystein fekk skøyte på Blokkeberg (Myri), men då han var berre 12 år gamall, heldt mori Kristina (Stina) fram med styringi ei tid.

Leirmokleivi.

Nils Rasmusson Leirdal gifta seg med Gunnhild (Hilda) Johannes­dotter Leirdal, og dei tok yver Leirmokleivi.
   Nils byrja som fyrste landpostbod i Leirdalen, og det heldt han fram med til 1966. Han bar posten frå Alsmo annakvar dag.

Nils og Gunnhild

1947

I Tverradalen
I Tverradalen.

Det var utskifting i Leirdalen.

Andersgarden slutta med stølsdrift i Skardet.

Alle husi på Sølfesthaugen vart rivne, og ein del av materialarne vart nytta til å setja upp stovehus og fjøs i Hauglund. Løedelen på fjøsen sette dei upp att utpå Hauglundgjerdet, som løe.

1948

Ved skulestova i Pergarden Ved skulestova i Pergarden. Olga, Svanhild, Gunnar, Øystein og Magnus.

Frå eit skirenn
Frå eit skirenn. Framfor Kjøtnesstova, på utsida. Fremst ser me Sverre og Gunnar (framom Olga), og bak står __, Kristen, Jon, Johannes, Kåre Gardshaug, Kåre Nedreli, __, Ragnvald Nedreli, Olga, Ola og Jon Bakkane.

Stølen

Sverre på Sølfesthaugen og Margit frå Andersgarden gifta seg.

1949

I Tverradalen

I Tverradalen.

Til vinstre står Torborg og Brita; dei tvo i midten veit me ikkje kven er, og til høgre Jon og Maria.

Kristoffer i Erik–Larsgarden gifta seg med Borghild Melchiorsdotter Leirmo (1917-1970) frå Leirmo.

Maria i Andersgarden gifta seg med Kristen Edvardson Leirdal (1922) frå Toten.

1950

Sølfest reiv stova som stod att på Kjøtneshaugen, og nytta timmeret i stova han sette upp på Vonheim i Sandviki.

Det vart slutt med stølsdrifti i Kleivi.

Leirmoselet i Skardet vart brote ned av snø.

Maria og Kristen i Andersgarden fekk sonen Anders.

Margit og Sverre i Hauglund fekk sonen Oddvar. Han flytta til Sandnes i _ og sidan til Bryne på Jæren.

Johannes frå Johanshaugen gifta seg med Johanne i Pergarden.

Ragnvald på Rasmushaugen gifta seg med Gudrun frå Sølfesthaugen.




Forrige side       Til toppen av sida       Neste side

© www.leirdalsboki.no