Leirdalsboki

Framsida 1001-1800 1801-1900 1901-1950 1951-2000 2001-2050 Ymist


1901–1950

1911  1921  1931  1941


1901



Frå «Norges Land og Folk».

Jostedalsbræen sender en af sine mægtigste jøkler, Tunsbergdalsbræen (140 m.o.h.), ned i Tuns­berg­dalen. Bræen har en længde af over 14 km. og ligger som en ganske flad rende mellem de steile fjeldsider; den har gjennem Tunsbergdalen og Leirdalen afløb til Jostedalen.

I høiden saavel paa vestre som østre skraaning ligger mægtig is.

Over den vestlige dalside langs Hafslo grændse ligger fra nord mod syd Austerdalsfjeld, Røisedalsfjeld og den 1603 m. høie Kvitekol, der paa sydsiden begrændses af Tverdalen, hvilken gaar op mellem Kvitekol og den nedenfor omtalte Tverdalsbræ.

Paa østsiden ligger Berset­bræen, Grønne­skred­bræen og Vetle­nibben indover Joste­dalens grændse; de skilles ved den steile Røike­dal (i Joste­dalen) fra de søndenfor liggende bræer, Røike­dals­bræen og Vasdals­bræen, hvilken langs Joste­dalens grændse smalner betydelig af sydover mod den 1470 m. høie Hompedals­kulen; syd for den ligger den lavere Solset­naase, som falder steilt af saavel vestover mod Tunsberg­dalen som sydover mod Leir­dalen og østover imod Joste­dalen; mellem Tunsberg­dalsvatn og den øvre del af Leir­dalen gaar fjeldet over i en mere flad, aaben og tildels myrlændt dal­sænkning, i hvilken Leir­dalens gaard­klynge ligger.

Leirdalen er en sidedal til Joste­dalen; straks nordenfor Leirmo gaard og plads gaar den fra Joste­dalen østover til Tuns­berg­dalsvatn, bøier omkring dette under navn af Tuns­berg­dal nord­over; den er bred, aaben og myr­lændt lige op under Tuns­berg­dalsbræens moræner; denne bræ ligger i dalen.

Medens en del af Leir­dalen paa nordsiden er forholds­vis endog godt bebygget, er dalføret forøvrigt ubeboet: fjeldene, der falder steilt af paa begge sider af Tuns­berg­dalsvatn og beholder sine steile skraaninger nordefter dalen, trækker sig fornæmmelig paa dalens øst­side noget tilbage, saa dalen bliver mere aaben, end tilfeldet pleier at være i disse fjeld­dale.

Oppe under bræen gaar fra Tuns­berg­dalens vest­side en side­dal, Tver­dalen, i nord­vestlig retning op mod bræen sønden­om Kvite­kol; denne dal og den i modsat retning (i Hafslo) opgaaende Kvams­dal er kun skilt ved et skar; sønden­for dette skar ligger langs grændsen først Tver­dals­bræen og derefter Hest­bræen; den deles ved en tvers paa bræen gaaende smal fjeld­kam, som kaldes Hesten, i to dele; den søndre del er meget smal og kort.

Lidt længre syd udvider ryggen sig atter om det 1606 m. høie tr. p. Asbjørn­naase, men smalner saa atter af.

Asbjørn­nase falder af nord- og nordøst­over mellem Leir­dalen, Joste­dalen og Fonn­dalen; nord­over er faldet jevnere, mod øst steilere; her ligger Leirmo­hovden, 561 m., der begrændses af Leir­dalens nederste del, Joste­dalen og Grønneli­grovi.

Norges Land og Folk.

1902

Alfsmo
Fra Alfsmo Skjydsstation i Gaupne

1903

Det var ny storflaum frå Brimkjedlen.

1905

Gaupne gamle kyrkje
Gaupne kyrkje.

1906

Kvelvingsbrui på Leirmoøygarden vart bygd. Ho stod rett uppanfyr fagverksbrui; det er enno lett å sjå restar etter fundamentet.
Kvelvingsbrui på Øygarden
    «Leirdøla bro i Lyster (i veien til Jostedal) 1906. Sporvidde: 16,0m. Fil: 4,8m. Kjørebredde: 2,6m.»

Bru Gaupne







Her hev dei teke til å byggja gamle­brui i Gaupne. Bakum sér me den fyrste som vart bygd (i 1880). Ho vart skada av elve­is (i 1905), og det kann sjå ut som midt­partiet er provi­sorisk reparert.







1907

Nyekyrkja i Gaupne vart bygd.

Bru Gaupne







Byggjing av gamlebrui i Gaupne.
   Heilt til vinstre sér me gamle­skulen, og til vinstre fyr Engja­dals­elvi skimtar me vegjen upp i Engja­dalen.









1909

Stovehuset på Sølfesthaugen vart rive, og det vart uppsett nytt.

1910

Vegjen Nes - Røneid vart ferdig.

1914

Verneplikti vart utvida frå eit halvt til eitt år, grunna den ustabile situasjonen i Europa. Alle menner laut gjera tenest.

1916

Alsmo

Bussrute.

Det vart sett upp bussrute millom Sogndal og Jostedalen. Bilen var ein Chandler med sju sitjeplassar. Ruta gjekk 3 – 4 gonger i veka i sumar­halvåret. Fartsgrensa var 30 km/t.
Turbil







Elvi kunde då, som no, gå upp i vegjen nedanfyr Alsmo.

1917

Vegjen millom Gaupne og Nes vart ferdig.

Fallrettarne i Leirdøla vart selde.

Båe stabburi i Erik–Larsgarden bles ned. Det som høyrde til garden vart sett upp att, medan kårstabburet vart sett upp att som eldhus.

Det vart bygd nytt stovehus i Andersgarden. Det gamle vart so nytta som kårstove.

På dette bel gjekk det ei svært skrede på burtsida av Tunsbergdalsvatnet. Ho for gjennum isen og laga ei flod­bylgje som braut seg upp-att på hitsida og sopa nausti langt upp på Naustmyrane.

PAA JOSTEDALSBRÆEN VED VINTERTID.
Av Ferdinand Schjelderup.

. . . Men vinden blev for sur tilslut, og vi maate si tak for os. Skiene blev snudd østover og utfor bar det paa strykende føre i slake heldinger, utover og altid utover i retning av Tunsbergdalsbræen. Og saa nedover denne, kilometer efter kilometer, avvekslende med susende og jevnere fart, til vi efter en god mils løipe stanset tvers av Røikjedalsskar. Her var bræen som en bred islagt fjord, som fløt endnu ¾ mil videre mot syd.
   Ved at holde os mest til vestsiden undgik vi helt de faa sprukne partier, som findes i denne praktfulde bræen, Norges længste bræarm. Morsomst var de nederste isfaldene, hvor vi stod lange stunder mellem svære iskoss. Helt nede ved bræfoten som var sprængt til hele smaa tinderækker av blaais, tok nedstigningen adskillig tid, men vi krydset os da frem paa ski hele tiden. Efter en rast nedenfor morænene fulgte vi Tunsberg- og Leirdalen ned til hoveddalføret og naadde Alsmo ved halv­ni­tiden om kvelden. Da hadde vi tilbakelagt temmelig mange mil.
Den Norske Turistforenings Aarbok 1922.

VESTLANDET, SOGN.
Ved Oberstløitnant K. G. Gleditsch.

Fra gården Kvam på østsiden, ca. 5 km. fra bunnen, bratt overgang til Tunsbergdalen: Forbi Grøn­dals­seteren op i et skar, på sydsiden av Hestebreen med storartet utsikt opover Tunsbergdalen med Tunsbergvatnet dypt nedenunder og den vakre 14 km. lange og forholdsvis flate Tunsbergdalsbre om­gitt av bratte fjellhamrer i øst og vest. I vest sees Hestebreen og i øst Vassdalsbreen. Der fort­settes med østlig retning oppe i høiden, så mot nord på en fotsti langs en bekk, forbi en seter og på klopp over Leiråa (Tunsbergdalselva) til Leirdalsgårdene ved nordbredden, ca. 10 km.
   (Leiråa forårsaker ofte flomskade. I 1900 rev den således med sig kloppen og stengte hovedveien i Jostedalen med svære leirmasser.)
   Fra Leirdal ridevei mot øst langs elven til hovedveien gjennem Jostedalen (automobilrute 958), ca. 3 km.
Reisehåndbok over Norge 1925.

1923

NAMNELOVI kom, slik at alle no fekk faste etternamn. Fyrr denne tid tok ein namnet etter fa'ren, t.d. Larsson, og i tillegg garden ein budde på: t.d. Leirdal.
   Oppdikta døme: Fa'ren Per Hermundson Vigdal bur i Vigdalen og sonen Ola Person Alsmo bur på Alsmo. So flytter sonen til Sperle, og blir so heitande Ola Person Sperle.

1926


Jostedal kyrkje

Jostedal kyrkje.

Fotograf: Anders Beer Wilse / Norsk Folkemuseum.

Laurdag 14. august var det ein ofseleg flaum frå Brimkjedlen. Tvo av kvernhusi, millom anna Pergarden sitt, som stod frampå stølen, vart teke av dei ovstore vatsmengderne. På Blokkeberg mysste dei ein nyslakta gris som stod i saltekar i det eine kvernhuset. Sameleis gjekk det med fire slipesteinar, og brui, som stod nett nedanfyr gjerde til Hauglund. Det vart vekke ein del jord og skog, og øydelagt mykje turrhøy i Tunsbergdalen. Frammi der gjekk det ogso mange beist, (70—80 nautabeist og 50 hestar) men dei redda seg alle som ein. Den flaumsikre steinkvelvingsbrui på Leirmoøygarden gjekk med. Der vart det seinare bygd ei provisorisk timmerbru. Leirmo fekk øydelagt mykje dyrkamark, og eindel skog.
Sjå kva aviserne skreiv.  

1927

Husmannsplassen i Gruvlebakken vart nedlagd, og jordi gjekk attende til Andersgarden. Husi vart rivne i 40-åri.

English

1930

Turkestova i Erik–Larsgarden brann ned.

Jarnbrui på Leirmo­øygarden vart bygd. Det var ei stål­fagverks­bru med spenn­vidde på 37 meter og 2,8 meter køyre­breidde.
   Arbeidslaget som bygde brui gjorde eit frami­frå arbeid. Tak deg ein tur under brui og studer funda­mentet. Slikt flott stein­arbeid er det ingen som får til i dag, same kor mykje maskiner og dingel­dangel dei måtte hava.

1932

Annonse i Sogns Tidend:

Jostedalsbræens turisthotel
er no opna. Der synte seg at det
var stort krav etter eit hotel her.
Straks det var kjent at hotellet var
opna, kom det reisande. Dei kappast
um aa vera den fyrste som sette sitt
mamn i framandboki.
Mange ynskjer aa faa bilen um-
fremturar til Jostedalen, daa dei yn-
skjer aa sjaa denne storfelte staden.

1935

Selet på Nonhaug vart ombygd på dette bel.

1936

WM. CECIL SLINGSBY OG JOSTEDALSBREEN.
Av Biørn Lyche.

Wm. Cecil Slingsby hadde avtalt å møte Johannes Vigdal i Skjolden den 14. august 1881. De reiste så med båt inn til Rønnei i Gaupne og med skys op Jostedalen. Fra Leirmo tok de op Leirdalen og videre op Tunsbergdalen til Tverrdalssetrene, hvor de lå om natten. Den følgende dag bar det avsted klokken fire, det var strålende vær og fra sætrene var det ikke mer enn et kvarters gange bort til brefallet på Tunsbergdalsbreen. Ingen hadde tidligere vært oppover denne, og det var derfor med en viss spenning de gav seg i kast med breen. Slingsbys plan var først og fremst å utforske Tuns­berg­dals­breen — og derfra komme op på hovedbreen. De holdt seg på vestsiden innover, isen var lett å gå, og efter et par timers tid tok de over breen og klatret op fjellet på nordsiden. Klokken halv ni var de oppe på ryggen som fra Vetlenibba strekker sig inn mot Jostedalsbreen og de kunde se ned mot Krundalen. De fortsatte, efter en halvtimes hvil, mot breens høieste punkt. “At 12, noon, we felt we were actually on the top, but it is he most topless mountain I have ever been on, I longed for a peak,” sier Slingsby. Men han er betatt av det storslagne sceneri, de veldige snemarker og fjellene han ser i det fjerne.
DNT-årboki 1936.

1937


«Bygdi kring Gaupnefjorden og gardane upp etter Jostedøla og i sidedalane Leirdal mot vest og Vigdal mot aust høyrer til Luster. Der hev elvi Leirdøla, som kjem ned frå Tunsbergdalen undan breden der, gjenom år og tider ved flaum eller uppdemning av is og snjo- og jordskridor gjort ovleg mykje skade på åker og mark, på veg og bruer. Når sumarhiten lagar flaum av isvatn frå bredane, hender det at vatnet stig og legg seg yver åker og flatemarker radt fram til garden Alvs­mo, og gras og kornstrå vert gråe av stein­mjølet som legg seg på, so både høy og korn vert ubrukande.»
   «Framande festar seg gjerne ved at sogningane hev eit ljost og lett lynde, at dei lær og talar høgt og kvikt, og mange tykkjer det er underleg at folk som bur i tronge dalar, på vanskelege strender, og hev sitt harde arbeid for livemåte og utkoma i bratte heimemarker og endå brattare utmarker, at desse folki kann vera både tankekåte og ord­kvate. — No er det tvibotn i sogningane òg. Og under­botnen er både djupare og tyngre enn dei framande legg merke til. Dei er kjenslevare, utan at ein kann segja dei er kjenslestore. Difor likar dei ikkje å syna kjenslone sine til andre. Dette gjeld både elsk og sorg. Det kann endå vera at dei syner ei sorg når ho er stor eller djup, men elsken døyver dei helst ned so han ikkje ter.

   Sogningane hugsar lenge. Det gjer alle bønder; sume hugsar helst det vonde dei hev lide, og kann ikkje få ro i seg fyrr dei på ein eller annan måte hev fenge såra den som var skuld i det; det kann gå lang tid fyrr hemnarhøvet er der. Soleis er ikkje sogningen. Han vil helst gjera det vonde upp med det same. Difor kann det koma til eit utbrot, liksom det fossar upp or eit gjuv, men so er det òg gjort med det. — Man det gode kann han gøyma på merkeleg lenge. Det kann vera ein liten ting og det kann vera lenge sidan det hende, so ein god dag når det lagelege høvet er der, då kjem det: Hugsar du den gongen, då gjorde du meg ei beina, og no vil eg gjerne få takka deg for det, og so kjem det både gode ord og gjestnad.
   Sogningen er i det heile lett å vinna med eit godt ord eller ei godgjerd som han trur er meint og ekte. Han hev både trong og vilje til å tru det gode um folk, særleg då um folk som han ikkje kjenner til noko anna um frå fyrr. Framande hev lagt merke til det, og hev sværande ofte mis­bruka det. “Ein kann då ikkje tru um ein slik kar at han vil narra eller snyta meg for noko”, er eit ord ein ofte høyrer i Sogn. Å tvila på nokon som ein ikkje kjenner, det fell ikkje lett for ein sogning. — Men grannen sin kann han tvila på. Tvilen og mistanken, ja misunningi òg, til grannen, det er lyte som det ikkje finst lite av.»
Norske Bygder; Sogn: Landet og folket av Olav Hoprekstad 1937.

1940

K R I G E N .


9. april kom krigen til Norig.
   På Blokkeberg gøymde dei byrsa uppi Languri, medan radioen vart ståande i stova under heile krigen. Han vart flittig nytta ogso av dei andre bebuarane i dalen. Hermund hadde fenge han frå Norges Blindeforbund, då han etter kvart hadde vorte nokso svaksynt.
   I fjøsen i Andersgarden budde det ei tid ein flyktning, han fordreiv tidi m.a. med å laga soplar. Men so reiste han brått att.
   Det overnatta ogso tolv engelskmenn og ein russar i Andersgarden og Erik–Larsgarden 17. mai. Dei hadde fylgt ruta Dalsdalen – Vigdalen og for vidare yver fjellet til Kvam nattestid.
   Under heile krigen var det visstnok ikkje ein einaste tyskar å sjå uppi Leirdalen.

2. VERDSKRIG.
Å UPPLEVA den tyske okkupasjonen var nok ei svært blanda kjensle. Du var aldrig trygg, tyskarne kunde når som helst koma og henta deg og taka deg med til tortur og fangenskap, ja, kanskì vart du likvidert. Elder du kunde bli utsett for flyåtak av dei allierte. Ein forferdeleg situasjon: i tillegg til å vera redd fyr  

På dette bel vart fjøsen i Andersgarden nyinnreidd og det vart støypt betonggolv.

Gardarne i 1940.
Sølfesthaugen låg på nedsida av vegjen, med stabburet midt i tunet og fjøsen til vinstre. Alle husi her er i dag vekke. Materialarne i stova vart brukt til ny stove i Hauglund, og løedelen på fjøsen vart uppattsett på  

1941

Tyskarane kravde at alle radioar skulde innleverast, men det brydde dei seg ikkje um i Leirdalen.


1942

Gunnhildastova

Gunnhildastova.

Gunnhildastova, omtrent som ho såg ut.
   (Ho låg eit stykke uppanfyr nyestova i Hauglund.)

1943

Pergarden og Erik–Larsgarden i 1943
Gamlestova i Pergarden, og Erik–Larsgarden med gamlefjøsen. Me sér her at vegen låg uppå, og difor var brattare enn i dag. Tidlegare gjekk det ogso ein stikkveg upp millom stova og fjøsen i Erik-Larsgarden. Fjøsen vart bygd i tri vender, den av stein i midten er den eldste.
   Biletet er måla av Hallvard Hesjevoll i 1943 og heng i Erik–Larsgarden.

Ein manndomsprøve i ung alder — ei natt med dramatikk i Tverradalen.
Ein slik påstand kan vel vera ei lett overdriving, men sikkert er det at eg på det aktuelle tidspunktet opplevde det slik. Og det eg vil fortelja hende på fjellstølen vår i Tverradalen sommaren 1943. På nabogarden (Inni­garden/­Pergarden) fekk me nye  

1944

SOGN.
Av Olav Hoprekstad.

Før det kom køyreveg gjenom det tronge elvagjelet var det uråd å fara der; ferdsla til Jostedal gjekk frå Dale i Luster til garden Kilen og over fjellet til Vigdal. Ingen bisp våga seg til å fara der før Johan Nordal Brun tok seg for tak. Og det var ei so stor hending for Jostedalsfolket at dei sette upp ein minnestein på høgdereset, og dei talar um denne fyrste bispeferdi til dalen den dag i dag. Garden Kilen var kvilestad for bispen, for andre folk med, og hadde eit godt ord for hjelpsemd og gjestmilda.

Den vidgjetne Tunsbergdalsbreen gjeng langt ned mot Leirdalsvatnet. Der vert det ofte um vårane ei uppdemming, og når då vatnet bryt seg fram, lagar det flaum som legg mykje av flatmarki i den nedste luten av Jostedal under vatn. Serleg illa er det um denne flaumen kjem i slåtten. Då vert høyet so fullt av steinmjøl at fenaden vert sårtente og lite vinn eta det.
DNT-årboki 1944.

Johanshaugen og Sølfesthaugen vart formelt slegne saman til eitt bruk.

1945

Leirdalen rundt 1945. Pergarden, Erik–Larsgarden og Johanshaugen.

7. mai var krigen i Europa slutt. Men Norig var i praksis okkupert av dei allierte fram til 13. desember, og i denne perioden vart landet styrt av allierte propagandaekspertar, dei fleste av jødisk herkomst.
   I Leirdalen hadde dei ikkje merka so mykje til krigen og den påfylgjande okkupasjonen, men det hadde sjølvsagt rådd stor uvisse, og vore mykje snakk um tyskarane. Og dei hadde sett flyktningar på veg gjenom dalen. I tillegg hadde det vore rasjonering og knappheit på varer, noko som forsette ei god stund framyver enno. Mjølet var til dømes ikkje brukande til brødbakst, so ein steikte i staden helle­kaker av det.
   Og — me skal hugsa på at krigen var slett ikkje slutt for alle. Mange av deim som tok del i krigs­handlingarne vart øydelagde som menneskje, sjølv um dei ikkje vart fysisk skadde, og dette stridde dei ofte med livet ut.
   Og so skulde altso Norig byggjast upp att — eller? Nei, det vart heller det motsette. Rettnok vart det satsa på industri­arbeids­plassar, men vegar, jarn­bane og telefon vart totalt neglisjert under AP-styret heilt fram til 1960. Folk fekk ikkje eingong lov til å kjøpa seg bil! Dei fekk ikkje telefon! For dette meinte Arbeidar­partiet var luksus! Dei skrøpelege vegarne som var, vart meir og meir øydelagde av tung­transporten, og svært lite vart sett av til veg­byggjing og vedlikehald.

Smia og turkestova i Andersgarden vart rivne. Turkestova vart so uppattsett som smie omlag der gamlesmia hadde stende, nede i Bekkjavegen.

Gamlefjøsen på Blokkeberg


Gamlefjøsen på Blokkeberg.

Legg ogso merke til den lange muren utpå vårstølen.











(Årstalet er litt uvisst.)

1946

Turkestova i Pergarden vart rivi, og smia vart flytta inn til Ottegrovi. Der vart ho ei tid nytta som vaskerom.

1947

Det var utskifting i Leirdalen.

Andersgarden slutta med stølsdrift i Skardet.

Alle husi på Sølfesthaugen vart rivne, og ein del av materialarne vart nytta til å setja upp stovehus og fjøs i Hauglund. Løedelen på fjøsen sette dei upp att utpå Hauglundgjerdet, som løe.

1948

Stølen

1950

Det vart slutt med stølsdrifti i Kleivi.

Leirmoselet i Skardet vart brote ned av snø.




Forrige side       Til toppen av sida       Neste side

© www.leirdalsboki.no

  Valid XHTML 1.0 Transitional