Jostedalen.
Der er ikke foraarsaget Skade paa Indmark eller Bufe, men paa en Del Furuskov tilhørende Gaarden Leirmo.
![]() 1801–19001811 1821 1831 1841 1851 1861 1871 1881 1891 1823Jostedølerne hadde bispevisitas, og biskopen skreiv ned sine upplevingar frå reisa. Han reiste til Jostedalen frå Dale (via Dalsdalen og Vigdalen), og so attende via Røneid. 1830Midtpartiet på gamlefjøsen i Erik–Larsgarden vart bygd, av gråstein. Her var det plass til sauder i heile tri høgder. Til Gaupne Sogn hører ogsaa fjelddalen, Leerdal, der fra Justedals-Dalen, en Miil fra Søen, skjærer sig op i N. V. til Bræen og har nogle faa Gaarde. Jens Kraft: Topografisk-Statistisk Beskrivelse over Kongeriget Norge: Det Vestenfjeldske Norge. 1838
Luster kommune vart skipa.
1842Banden og Sværgen kan derimot umulig drives videre end her; de frygteligste Eder, som noget Menneske kunde optænke, ere her fuldkommen gjængse og bruges uafladelig, ikke blot i Hidsighed men endog i den venligste Samtale. Ivar Aasen i Lærdal. 1848Det vart laga til køyreveg millom Marifjøra og Sogndal. Fram til no hadde det berre vore rideveg med bruer der det trengdest. Kårstova i Erik–Larsgarden vart flytta upp frå Alsmo. Der ho vart uppsett hev ho sidan stade, og er vel i dag den stova som hev halde seg lengst i ro på same staden i Leirdalen. Andre bygningar som hev stade enno lenger i ro er smia i Erik-Larsgarden og kanskje ogso stabburet i Andersgarden. På dette bel vart husmannsplassen Halvorsplassen lagd ned. Jordi gjekk attende til Erik-Larsgarden, og stova, kalla Gunnildastova, vart flytta inn i Røysi. 1856
91. Leirdal. Udt. lei`rdalen. -Lerdall 1611. 1666. Leerdahl 1723.
O. Rygh: Norske Gaardnavne b 12 s 25. 1858Det vart sett inn eimskip for frakt av passasjerar og gods i fast rute millom Marifjøra og Bergen. Når det var is på fjorden, gjekk båten so langt han kom, og so fekk passasjerarne ganga på isen resten av vegjen, eller dei vart sette av på næraste isfrie stoppestad. 1860På dette bel flytta dei fleste bruki sumarstølen sin til Tverradalen. Husmannsplassen Holåkerlege vart lagd ned, og jordi gjekk attende til Pergarden. Legg merke til at bredarne dekker eit større umråde enn i dag.Vegjen på Leirmo fylgjer den gamle traséen langsetter elvi. Ein del av av denne vegstrekningen vart vaska burt i 1926. Du kann taka deg ein spasertur og fylgja gamlevegjen eit stykkje burtetter rett ved bruerne, for so å uppleva at han forsvinn i lause lufti (rett på elvi!). (Klikk på kortet fyr å få det større.) 1862Ottebakken vart nedlagd. Jordi gjekk attende til Pergarden. 1865Lyster Sparebank vart skipa. 1867Dette året byrja detaljmålingarne av Jostedalsbreden. Premierløitnant H. L. Lund arbeidde på sudaustsida av breden, millom anna i Leirdalen, kartla Tunsbergdalsbreden og arbeidde seg nordyver til Krundalen. 1869
1870Andersgarden og Leirmo flytta sumarstølarne sine frå Tverradalen til Skardet. Fjøsen i Erik–Larsgarden vart påbygd i vestenden. Det var på dette bel utskifting i Leirdalen. ![]() Andersgarden og Pergarden.
Husi i Pergarden vart flytta vel 100 meter nordaustyver i samband med utskiftingi.
Stovehuset, frå byrjingi av 1800-talet, stod omtrent der kårstova i Andersgarden stend
no, og vart uppattsett innanfor det noverande stovehuset i Pergarden. Stabburet vart
uppattsett millom det noverande stovehuset og vegen.
Det vart sett upp ei stova på det som vart husmannsplassen Kjøtneshaugen (Haugen 5). Tomti høyrde til Andersgarden. Løypestrengen kom no i handelen, og gjorde arbeidet mykje lettare på mange brattlendte gardsbruk, ved at dei kunde strengja ned høy og lauvkjervar frå utmarksslåtten. Men i Leirdalen, der det var bra flatt, vart vel løypestrengen mest nytta til vedbører frå hogstteigane på burtsida av elvi, og då på eit langt seinare tidspunkt. 1871
Gardarne i 1871.
På dette bel vart stovehuset i Andersgarden flytta upp frå der gamlefjøsen no stend til der stovehuset i Pergarden fyrr hadde vore. «KART over en Del af GAARDEN LEIRDALS Indmark.Løbe No 1, 2a, 2b, og 3 af Skyld tilsammen 6 Db. 2 Ort 21 Ski. i Gaupne Annex, Lysters Herred, Sogns Fogderi, Nordre Bergenhus Amt. Optaget i 1871 af Opmaalingsassistent L. Flugum.» (Klikk på kortet for å få det større.) 1872![]()
På Leirmo.
Fotograf gamalt bilete: Knud Knudsen. ![]() Røneid.
Fotograf: Knud Knudsen. 1874Husmannsplassen Hola vart lagd ned. 1875Brukarane på Rasmushaugen (Bnr. 5, Leirdal (Haugen)) vart sjølveigarar, ved at dei kjøpte ut plassen sin frå Andersgarden. Dei tok ogso yver Perhaugen, som dermed vart ein del av Rasmushaugen. Husmannsplassen Krabbehaugen 1 vart lagd ned. Jordi gjekk attende til Andersgarden. 1877
Norges Land og Folk. Dette året kunde ein for fyrste gong køyra millom Røneid og Alsmo. Husmannsplassen Krabbehaugen 2 vart lagd ned. Jordi gjekk attende til Andersgarden. 1878Dei gamle uthusi i Pergarden vart rivne, og det vart uppattsett ein ny stor fjøs. 1880
Vegen gjennum Røneidsberget vart ferdig. Det vart sett upp bru millom Røneid og Gaupne. Fyrr den tid var det ein som rodde folk yver. Stovehuset i Erik–Larsgarden vart flytta nokre meter uppyver, omvølt og snudd med brystet frametter dalen. Fjøsen i Erik–Larsgarden vart påbygd i austenden.
Opfindelser i Amerika.
Norsk Familjeblad s. 63.
En ny Motor til Smaabedrift.
![]() ![]()
Man har længe følt Savnet af en liden,
sikker og let haandterlig Motor, indrettet til husbrug og skikket til at drive
smaa Maskiner af forskjellig Beskaffenhed, og vi kan idag efter Jnd. & P. T.
bringe vore Læsere Tegningen af en saadan, som nu er temmelig
udbredt. Tyson Motor har adskillige nye Egenskaber, som vel er værd
at lægge Mærke til. Det er en Dampmaskine med
en Dampudvikler, som ikke kan eksplodere, og uden Dampmaaler, Vandmaaler
eller Sikkerhedsventil, og dens kjedel eller dampudvikler
har kun ⅟50 Del af det Rumfang, som en almindelig Kjedel til samme
Maskine vilde indtage. Til de mindre af disse Maskiner kan
som Brændsel benyttes enten Gas, Petroleum eller Gasolin, til de større
maa anvendes Kul og Ved. Den Omstændighed, at denne
maskine er fuldstændig farefri, selv i den uerfarnes Haand, taler yderligere
til dens Fordel. Den kan benytter af enhver Dame, som forstaar
at bruge en Symaskine. Den er vakkert udstyret og kan stilles overalt,
i Dagligstue, Sovekammer, Sal eller Kjøkken, og anvendes
til at drive Symaskiner, Strikkemaskiner, kort sagt enhver lettere
Maskine, som bruges i Huset; ligesom den ogsaa kan bruges til at drive
Kaffekværner, Bogtrykpresser, Drejerbænk, eller enhver
anden Maskine, som bevæges ved Haand- eller Fodkraft. Den
ene af vore Tegninger viser en saadan ny Motor i sin almindelige Skikkelse, den
anden dens Anvendelse til at drive en Symaskine. Den her
viste Motor er af de mindre, men der vil snart blive gjort nogle af større
Dimensioner, som kan tjene til at drive større Maskinerier.
Norsk Familjeblad s. 109. ![]() ![]() ![]() ![]() 1881Det vart bygd ny fjøs på Rasmushaugen på dette bel. William Cecil Slingsby og Johannes Vigdal gjekk upp mesteparten av Tunsbergdalsbreden og upp til Høgste Breakulen. Vidare ned den stupbratte og uppsprukne Kjenndalsbreden til Nesdal i Loen. På dette bel vart stovehuset på Rasmushaugen flytta ned i Pergarden, der det vart kårstove, og i dag stovehus. Den gamle husmannsstova i Hola vart so flytta upp på Rasmushaugen og sett upp att på same tufti, i nedkant av der vegjen i dag svingar upp i tunet. 1886Det var storflaum frå Brimkjedlen omtrent dette året. (Ut frå det som stod i Bergens Tidende 11/9 1926, sagt av Leirmobonden: «Det er 40 aar siden nogen la merke til slik unaturlig flom her i Leirdøla.») 1890Det vart fortalt ei segn i Leirdalen um at det skulde ha budd folk i Tunsbergdalen i gamal tid. Olav Sande var uppi Leirdalen ein tur på dette bel, og skreiv det ned. 1891Vegjen gjennum Haukåsgjelet vart ferdig. Fyrr denne tid hadde han gange mykje høgare uppe. 1892Avisa Sogns Tidende, Lærdal, kom ut tvo gonger i veka og kosta kr. 1,50 for halvåret. 1893Det vart skote bjørn i Leirdalen. 1894Gardarne på Alsmo slutta å støla på Solsete, medan husmennerne på Leirmo fortsette. 1895Det vart skipa sparebank i Jostedalen. Erik–Larsgarden fekk utskilt Blokkeberg frå Erik–Larsgarden. Stovehuset vart bygd, samt fjøs og smie. Fjøsen stod rett attmed hovudhuset, på hi sida av tunet; og smia stod omtrent der saudahuset på nyefjøsen stend no.
1896Dette året kom den fyrste større flaumen me kjenner til frå Brimkjedlen. 1900
Det var storflaum frå Brimkjedlen. Elvi skifta fár og braut ned brui nedpå Leirmoøygarden. Den låg nedanfyr dei tvo som stend i dag. Brui i Leirdalen, som til då hadde stande i 100 år, gjekk òg med. Ho gjekk yver elvi der Andersgarden no hev gjerdet sitt. ![]() Det vart bygd ei ny provisorisk bru på Leirmoøygarden; ho vart berre ståande i tri år. Jostedalen.
Lørdag den 6te August fidsileden har der atter fundet en Naturbegivenhed Sted i
Jostedalen og forvoldt skade. Denne Gang er det en Tverelv, der kommer fra Tunsbergdalen,
Leirdalselven, som pludselig er voret op til en usædvanlig Størrelse, har brudt sig
et nyt Leie, skaaret sig tvers igennem hovedveien nedenfor Broen over det gamle Løb
og ødelagt Veien paa en Strækning af flere Hundrede Meter. Stedet, hvor dette fandt
Sted, ligger omtrent en Mil ovenfor Marifjæren i den del af Jostedalen, der hører
til Lysters Prestegjeld. Hele Jostedals Prestegjeld er imidlertid blevet ganske
afspærret fra Forbindelse med Udenverdenen.
Postmanden
har maattet gaa fra Røneid
paa den anden Side af Hovedelven, hvor der forøvrigt ikke er nogen Slags Vei, og
har paa denne Maade bragt Posten frem og tilbage.
Amtsingeniøren og Lensmanden kom fort efter paa Stedet og har iværksat det
fornødne til Opførelse af en midlertidig Bro og Oparbeidelse af Vei, saa
Forbindelsen formentlig i Løbet af en 44 Dages Tid vil være istandbragt.
Der er ikke foraarsaget Skade paa Indmark eller Bufe, men paa en Del Furuskov tilhørende Gaarden Leirmo.
Sogningen 17/8 1900.
Norges Land og Folk. Annastova vart på dette bel flytta frå Johanshaugen til Rasmushaugen, til omtrent der kårstova no stend. Ho vart påbygd og ogso nytta til vedskåle og reidskapshus. Det vart sett upp ny fjøs i Andersgarden.
Omtrent som det såg ut på vårstølen rundt år 1900.
Norges Land og Folk. |